Kristen vandring

Startside Opp Jesus - Ordet Ny himmel og ny jord Nattverden Dåp Dåpssyn Rett dåp? Dåpen - splitting Lev verdig det hellige kall Magi - trolldom Jesus - morgonstjerna Jesus er Lyset Hebrearbrevet 12:1-4 Morgenkamp Skjønnhet Guds vev Guds vilje Kristen vandring Stå nær Herren Formaning til ydmykhet og tillit Salme 40 Bibelsitater

Kristen vandring i skodde.

Leid milde Ljos, i gjennom skoddeeim, Leid Du meg fram.
Eg gjeng i mørkre natt, langt frå min heim, Leid Du meg fram.
Før Du min fot, eg treng ei sjå min veg,
så langt og vidt, eit steg er nok åt meg.

Når menneske skal uttrykkje seg om sitt kristenliv vert det ofte nytta bilete. Jesus nytta og ofte bilete frå kvardagslivet til å fortelje om løyndomar om Himmelens rike. Paulus, Peter og andre forfattarar i Bibelen gjer det same.
I songen som er sitert ovanfor, er kristenlivet samanlikna med ei vandring skodde. Men ein vandrar ikkje utan ein førar. Jesus som er Ljoset, leider oss på vår vandring. Me skal halda oss til dette bilete litt.
Tenk deg at du går i skodde mørkret. Du ser ikkje kvar du går. Det einaste du ser er eit ljos framfor deg. «Ordren» du har fått er å følgja etter ljoset. Då nyttar det ikkje å gå og sjå ned på marka. Korleis kan ein følgja ljoset når ein rettar blikket ned, - nei -, ein må sjå framover - sjå på ljoset, og følgja det.
Ein kan føla seg utrygg for kvar ein går når ein ikkje ser kvar ein set foten. Kjem ein ut i ei myr? Fell ein utfor ein fjellknaus? Tankane kan vere mange. Er ein på sikker grunnvoll? Eit ord frå Bibelen (1. Kor. 3:10-17):

Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.

Alle menneske byggjer livet sitt på noko. Me må ha ei meining med livet, eller så gjev me opp. Nokre byggjer på familien (ektemake/born) og andre på arbeid/idealisme. Felles for desse er at dersom grunnvollen slår sprekker og raknar, så har dei ikkje noko å leva for. Det er nok av døme på dei som har teke livet av seg i samanheng med skilsmisse og oppseiing frå arbeid. Me bør ikkje vere så forundra over dette. Dersom me står på ei plattform som fell saman, så vil me og falla.
I fallet kan ein vere heldig og koma nokså uskadd frå situasjonen. Ein kan få fast grunn under føtene. Men i dei fleste tilfelle, så vil ein verte skada, ja, endå mista livet. Slik er det også dersom grunnvollen som ein byggjer livet på fell i grus. Arbeidsplassen er ikkje så sikker at ein er garantert å ikkje mista arbeidet. Det er ikkje forsikringar mot oppløyste familiar. Idealistiske organisasjonar kan «kollapsa».
Kva skjer då, dersom livet mitt er basert på ein slik grunnvoll? Det gjeld å byggje livet på ein grunnvoll som ikkje kan øyde leggast av noko eller nokon. Bibelen gjev oss ein grunnvoll å byggje livet på. Det er ein grunnvoll som allereie er ferdig, Jesus Kristus. Det går ikkje å leggja ein annan grunnvoll som held gjennom liv og død. Byggverket (korleis me lever livet vårt) oppå grunnvollen kan vere dårleg, men sjølv då vil ikkje grunnvollen verte rikka, om så byggverket fell saman eller brenn opp.
«Leid milde Ljos» - Ljoset veit kvar vegen går. Jesus veit kvar det er trygt å vandra. Følgjer me Ljoset, så kjem me fram til slutt, men i 1. Pet. 1,6-7 står det:

Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må g trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.

Medan me lever her på jord, så har aldri Gud lova oss berre lette dagar. Bibelen fortel oss at me kan gleda oss om me må ha det vondt i mange slag prøvingar. Trua vår vert samanlikna med «testen» som gullet vert utsett for. Skal me kjøpa ein gullring e.l., så vil me ha ekte saker. Me kjøper ikkje ein ring som inneheld gull saman med alslags «slagg», nei, gullet må vere reinsa og stempla med kvalitetsstemplet som fortel oss at det er «ekte gull».
Det skal sterk varme til for å reinsa gullet. Papir brenn fort opp, det treng ikkje så sterk varme. Slik er det også med halm og strå. Men gullet tåler sterk varme. Det smeltar, og slagget brenn opp, men det som vert att er «ekte gull», som har tålt «testen».
Me kan oppleve mykje som verkar meiningslaust her på denne jord. Og mykje er meiningslaust, Gud ville ikkje at synd og død skulle koma inn i verda. Syndefallet førte med seg mykje meiningslaust. Sjukdom, svolt, krig, naud, fiendskap, - alt dette negative som me både kan sjå, høyre og oppleve, kom inn i skaparverket som var «såre godt» frå skaparen si side.
Men midt oppi dette vonde og meiningslause, så kan me gleda oss, for Ljoset leider oss ut av dette. Vår siste fiende - døden - kan ikkje ta «knekken» på oss. Jesu død og oppstoda er vår garanti på at døden ikkje er sigerherre. Han som sigra har gjeve oss meir enn siger.
«Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.»
(Galatarane 2:20)

Han som har gått gjennom døden, veit korleis «vegen» er. Han har oversikt og kan føra oss på den rette veg. Har er den rette grunnvollen. Mistar me «balansen» og fell, så vil me «landa» på grunnvollen, og kan få sjå grunnvollen endå klårare. Ligg me på ei grasmatte, så ser me graset nærare enn når me står. Når me så reiser oss opp att, så veit me att me står på graset, sjølv om skodda er så tjukk at me ikkje kan sjå marka. Slik og når vårt eige byggverk fell i grus og me «fell ned på grunnvollen», då ser me Jesus klårare, og etter å ha reist oss opp att, så veit me at me «står på Jesus», sjølv om me ikkje ser meir enn «nokre ljostråler av han» avdi «skodda er så tjukk».

 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. Ver de og levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. For det heiter i Skrifta: Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal ikkje verta til skammar. Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei, det var dei og etla til. Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
(1. Peter 2:4-10)

Dei som ikkje byggjer på den eine sikre grunnvoll, Jesus Kristus, kjem til å støyta seg på han. For dei er han ein støytestein. Dersom ein er ute og går tur, og så fell og støyter seg på ein stein, så gjer det vondt. Det er forskjell å byggje på ein stein, og å støyta seg på steinen. Byggjer ein på ein stein som står urikkande fast, så vil og byggverket vere på sikker grunn.
Fell ein på ein stein som står urikkande fast, kan ein skamslå seg. For dei som trur på Jesus Kristus har funne miskunn.

Eg las ein gong om ordet «miskunn» at det på hebraisk (eller gresk) var utleia av same grunnord som «livmor». Dette vart eit godt bilde for meg. Me har funne den sikre staden for eit barn - i «mors liv». Som eit barn i mors liv er totalt omslutta av livmora, slik er me omslutta av Guds kjærleik - «så høy - du kan ei gå over den, så bred - du kan ei gå ut av den, så dyp - du kan ei gå under den, kjærlihet så underbar».

 

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 29.08.2013