Torgersen

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen


Her er familien Ane Malena og Torger S. Jåtten på "Solheim", Hinna.
Frå venstre ser ein Thea Inga Laura Ingeborg, Sigurd Karlonie og Edvard.
Sitjande framme med hunden er Torger (Sigveson) Jåtten med kona Ane Malena (Hansdotter) ved sida si. Sonen Hans var ikkje med på biletet.
(
Dei to små barna heilt fremst høyrer ikkje til familien - dei kan vere Endre og Henrik Aarrestad).

Det var farfar til mor mi som heitte Torger S. (Sigveson) Jåtten. Sonen hans kalla seg for Sigurd Torgersen

Morfar min Sigurd Torgersen budde på Jåttå: Jåttå - Vodl.jpg (4938791 byte)

Kvar kom så namnet "Torger" Frå? 

Torger Sigveson var son til Ingeborg Torgersdotter og Sigve Svendson. 

Ingeborg var dotter til Torger (d.y.) Torgerson "Storøen" i Imsland og kona hans Ingeborg Markusdotter.

Torger (d.y.) var son til Torger Torgerson "Storøen" i Imsland og kona hans Helga Jakobsdotter. Dette ekteparet kom frå Jondal/Strandebarm og første barnet er døypt i Strandebarm i 1791 og døydde i Imsland i 1792.

Torger var son til Torger Helgeson frå Eide (Tørvikbygd) i Jondal og kona Syneve Larsdotter frå Tørvik i Jondal. Dei budde på Berge (Tørvikbygd) i Jondal 

Torger var son til Helge Endreson Eide (Tørvikbygd) i Jondal og kona Sigrid Torgersdotter frå Åse (Tørvikbygd) i Jondal.

Sigrid var dotter til Torger Sjovatson Åse (Tørvikbygd) i Jondal og kona Marta Tormodsdotter Drage i Jondal.

Torger var son til Sjovat Torgerson Åse (Tørvikbygd) i Jondal og kona Ågot Olsdotter frå Lyså i Jondal.

Sjovat var son til Torger Vigleikson Åse (Tørvikbygd) i Jondal.

Garden Åse i Tørvikbygd ligg på eit åsdrag 157 meter over havet på nordsida av Eidesvatnet. Namnet er eintal dativ av gamalnorsk Áss. Namnet vert i 1338 skrive Aase, i 1394 Asse, i 1614 Aasse og i 1667 Aase. Den eldste eigaren ein kjenner til er riddaren Ivar Slede på Oma som i 1338 bytta 5 månadsmatbol i Åse i Jondal saman med andre gardar med biskop Håkon mot nokre tufter i Bjørgvin (DN. X, 23). I eit brev som var gjort på Håbrekke i 1394, selde Åsa Håvardsdotter (på Finne i Voss) 1 pund bol i Åse i Jondal til Olav Oddson (DN. VIII, 220). Det ser ut til at garden lenge låg øyde. Den vert først nemnt att i 1603. Då bur Torbjørn Vigleikson der (her er det vel feilskriving for Torger Vigleikson er den som vert ført på garden frå 1603 til 1645). Torbjørn Vigleikson vert i eit rettsdokument frå 1720-åra kalla "fyrste odelsmann" på garden. I 1615 åtte han som odelsmann 1 pund smør 1 geiteskinn og som pantegods 9 merker smør 1 geiteskinn, Lars Tufto åtte 1 1/2 skippund smør 1 geiteskinn, Sjur Svåsand åtte 5 1/2 merker smør. Den gamle landskylda var 2 1/4 laupar smør. i 1647 åtte sønene til Torbjørn omlag halvparten som odelsgods og hadde bygsleretten (desse sønene er Sjovat Torgerson Åse, Torbjørn Torgerson Åse og Endre Torgerson Haugen, så faren må vere Torger Vigleikson og ikkje Torbjørn). Resten åtte Torstein Måkestad, Øyvind Trå, Gjermund Baggegard og Nils Berge. Dei vart med kvart utløyste av brukarane. I 1657 skatta brukarane for 2 hestar, 18 storfe, 6 geiter og 16 sauer. Torger Vigleikson var kan hende frå Ljones står det i bygdeboka for Jondal, men i bygdeboka for Strandebarm står det at faren kan vere Vigleik på Kolltveit i Strandebarm. I 1620 må ei Birgit Åse svara bot på 6 dalar for legermål med "Jon Skotte som tjente hende". I 1606 vart "gården avbrendt". Torger åtte småpartar i Valland og Selleseter i 1615. Han skifta Åse mellom sønene Sjovat og Torbjørn. Den tredje sonen Endre kom til Haugen i Herand. Torger vert ført som brukar på Åse i Tørvikbygd i tida 1603 til han døydde 1645.

Torger vert i bygdeboka for Strandebarm og Varaldsøy ført som mogleg son til Vigleik på Kolltveit i Strandebarm.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.