I O. Rygh «Norske Gaardnavne» bind 10 side 229 finn ein dette om gardsnamnet:
«61. Maanen. Udt. må:1nen. -- Moenn 1602. Monn St. S. 36. Moen 1661. 1723.
Best. Form (opr. Dat., jfr. GN. 18) af m&bmaapeno;n f., Manke (paa Heste), som ofte findes brugt som Navn paa smale, langstrakte Høider, og derigjennem er gaaet over til Gaardnavn. Det findes som saadant, i Formen Maana, ogsaa i Frogn, i Lille-Elvedalen, i Ø. Rendalen og i Volden. Se Bd. XIII S. 73.»
Gardsnamnet er skrive på fleire måtar opp gjennom tidene:
I Manntall 1663-66 Stavanger amt II og i Strand prestegjeld og «StrandHylle»
sokn finn ein garden Mon som då vert nemt som «Ødegaard».
I Manntallet 1701 for Stavanger amt i Høle sokn finn ein garden Måen.
I 1801-tellinga for Strand og i «Hølle» sokn finn ein
garden Maan.
I 1865-telling for Høgsfjord og i Fossand sokn finn ein garden Mon.
I 1900-telling for Fossan finn ein garden Moen.
Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt: Sist endra: 15.01.2015
Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.