Kaltveit

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

Gard nr. 5: KALTVEIT i Jelsa.

Kaltveit ligg på Omboheia vest av Seltveit gard nr. 3. Garden var bondegods, men eigaren budde ikkje på garden før 1829. Det var leiglendingar eller lotbrukarar som budde på Kaltveit før den tid.

Den gamle matrikkelskylda på Kaltveit var 1 laup 18 merker smør. Futen klagar på tinget i 1672 over at 18 merker smør i Kaltveit ikkje er skatta av i mange år. Det er nok rett, både i 1649 og 1668 er skylda ført opp med 1 laup smør. Men frå 1672 er skylda oppgjeven til 1 laup 18 merker smør. 

Etter gamalt var Kaltveit einmannsbruk. Først i 1839 vart det utskift eit nytt bruk (bruk nr. 2). I 1891 vart det av hovudbruket bruk nr. 1, utskift eit mindre bruk kalla Kaltveitbøen som fekk bruk nr. 3.

Etter matrikkelen for 1668: Matrikkel nr. 64 Kaltveit 1 laup smør. Er odelsgods. Dei sår 3 tønner korn, før 16 naut og hest. Der er brenneskog til husbruk. Er ein høgfjellsgard. Vart sett i landskyld 1 laup smør, leidang 2 geitskinn, tiend 3 spann korn, småreisla 8 skilling.

Etter matrikkel utkastet for 1723: Kaltveit 1 laup 18 merker smør. Sjølegd. Ei bekkekvern. Tung å vinna. Bjørn sår 5 tønner og haustar 26 tønner korn. Før 1 hest, 12 naut og 24 sauer.

Etter matrikkelen for 1838: Kaltveit nytt matrikkel nr. 70, løpenummer 168. Ny skyldeining 3 daler 2 ort 13 skilling. Ein brukar.

Etter matrikkelen for 1851: Kaltveit nytt matrikkel nr. 50, løpenummer 107 og 108. To brukarar.

Etter matrikkelen for 1886: Kaltveit gard nr. 5, bruk nr. 1 og 2. Ny skyldeining 3 mark 57 øre. Bruk nr. 1 - Jonas Jonasson - 2 mark 69 øre, bruk nr. 2 - Siri Henriksdotter - 88 øre.

Av bruk nr. 1 vart i 1891 utskift eit bruk nr. 3, Kaltveitbøen, av skyld 45 øre. Bruk nr. 1 har då ei skyld på 2 mark 24 øre, bruk nr. 2: 88 øre og bruk nr. 3: 45 øre.

Nokon husmannsplass var det ikkje frå gamal tid på Kaltveit. Den første husmannen var truleg Jon Henrikson som i 1829 fekk bygsla ein plass kalla Vestbø. Truleg den same plass som i 1891 vart utskift frå Kaltveit og kalla Kaltveitbøen.

Farmor mi, Anna Karina Kaltveit var dotter til Rasmus Larsson Kaltveit frå Innbjoa og kona hans Kristine Østensdotter Espeland frå Hjelmeland. Dei er ikkje nemnde i bygdeboka for Jelsa av di dei kom til Kaltveit etter 1900.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.