Kjeldetilvisingar

Har du korreksjon eller noko anna du vil dele med meg?

Du kan kontakte meg her: Geir-Arne Helgeland.

Kjelder og manglande kjelder i filer frå meg

Då eg starta med å samle informasjon om slekta til kona mi og meg sjølv i 1990, hadde eg eit gamalt “DOS”-program (DOS: disk operating system).

Den 12. juli 2001 kjøpte eg meg nytt program. All informasjon eg hadde samla, eksporterte eg difor til ei GEDCOM-fil.

Denne fila importerte eg så til Legacy Family Tree 3.0 Deluxe Edition som var det nye.

Kjeldetilvisingar eg hadde registrert, vart i denne prosessen lagra som notat i det nye programmet.

Nå (i september 2022) har eg versjon 9. av Legacy, og ennå er det mange kjeldetilvisingar som er lagra som notat (som eg rettar når eg kjem over dei).

Personar som ikkje har kjeldetilvisingar

For Vikedal/Imsland/Sandeid er det framleis ikkje bygdebøker (14. mai 2012).

Nils Dybdal-Holte skreiv av kyrkjebøker frå dette området, og eg har nytta meg av desse:

Eg registrerte det meste av det eg fann fram mot 1801. Alt etter den tid vart det mest slektene våre eg leita etter.

Alle desse kjeldetilvisingane vart lagra som notat. Etter kvart som eg kjem over dei, prøver eg å slå opp i kyrkjebøkene og kontrollere om eg har registrert informasjonen rett. Men bøkene med avskrift er ikkje registrerte som kjelder.

Det vil difor vere mange personar frå dette området som ikkje har kjeldetilvisingar.

Nettstaden «Familysearch» har eg ikkje registrert som kjelde, og informasjon eg finn her prøver eg å dokumentere med kyrkjebøker eller annan dokumentasjon.

Skifteregisteret har eg heller ikkje registrert som ei kjelde, men her lagrar eg informasjonen som notat. I notata prøver eg å syne til kvar eg har funne informasjonen.

Så har du heile «verdsveven» med informasjon. I dei tilfella eg finn sider med relevant informasjon, prøver eg å dokumentere informasjonen i kyrkjebøker eller skifteregister. Klarer eg ikkje dette, men finn den same informasjonen fleire stader, kan det hende eg legg inn personar utan kjeldetilvisingar.