Nåden

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

Slektsnamnet Nåden.

Gard nr. 1 Nådå i Finnøy kommune i Ryfylke.

Eldre namneformer: Natwn (Natun) 1519, Nathan 1563, Naatten, Notten 1606, Noden 1626, Naaden 1723.
Etter dei eldste namneformene er namnet samansett med ordet tun, derimot er det usikkert kva som er grunntydinga til første lekken i namnet. Stadnamngranskaren Magnus Olsen har prøvd å finna ei forklåring ved å dra inn grannegarden Nærland, eldre form Njardarland eller guden Njårds land. Bustaden til guden Njård var etter den norrøne mytologien Noatun, og den eldste namneforma vi kjenner (Natun), er ei naturleg utvikling ut frå dette ordet. Dersom denne forklåringa held, må vi tenkja oss at vi her har å gjera med eit gamalt religiøst senter, og namnet peikar ut Nådå som opphavsgarden i dette området. Frå denne opphavsgarden har grannegardane Kvame, Nærland og Vigjå vorte utskilde. Garden Nærland har eit namn som tyder på at den kan ha vorte rydda i vikingtida (800-1050), og Nådå må då vera eldre. Det har sikkert vore bufaste folk her i den såkalla folkevandringstida (400-600 e.Kr.), kanskje endå tidlegare.
Nådå grensar i sør til sjøen, i sørvest og vest til Nærland, Kvame og Prestegarden, i nord til Hauskje og i aust til Haga, Få og Vigjå.
I tillegg til dette samanhangande gardsvaldet med innmark, buhage og hei har to øyar høyrt inn under garden, Nådøynå eller Storøynå og Longøynå.
Innanfor grensene til Nådå ligg øydegarden Dalen, som høyrde inn under Prestegarden, men vart brukt av Nådå og Vigjå.
På Nådøynå er tydelege restar etter bygdeborg frå folkevandringstida, Slottet.

STRID OM NÅDØYNÅ

I 1634 vart det ført sak for retten mellom Nådå og Nærland om kven som hadde hevd på Nådøynå og Longøynå.
Under provføringa kom det fram at Nådå og Nærland hadde brukt Nådøynå i lag, slik at Nådå hadde brukt 2/3, Nærland 1/3 av øya. Frå Nådå si side vart det protestert mot dette, og det vart konstatert at vitnemåla sprikte så mykje at saka måtte inn for lagmannen.
Som ein lekk i provføringa vart det 12. september 1634 kalla inn til ny sak, og no får vi dokumentert at det var sterke interesser som stod bak. Initiativtakar var kongens høgste representant i distriktet, lensherren i Stavanger, og det han tok sikte på å få vist, var at Nådøynå "ikke å skulle ligge under Nærland med nogen part, men under Ko. Ma's gård Nåden". Medan Nådå var kongseigedom, var Nærland delt mellom ei av dei framståande adelsættene på den tid, Billeætta, Finnøy prestebol og Finnøy kyrkje.
Mykje fint folk var til stades under forhandlingane. For lensherren møtte hans personlege tenar Anders Nilsen, Mads Nilsen møtte som ombodsmann for Billegodset, medan stiftskrivar Godske Pedersen og soknepresten Samuel Lauritsson Lind skulle ta seg av interessene til Finnøy kyrkje og prestebol.
I stemninga frå lensherren vart det peika på at «dybet», dvs. djupna i sundet mellom dei to gardane og øya, måtte leggjast til grunn når eigedomsretten til Nådøynå skulle avgjerast. Det vart no føreteke oppmåling og bokført følgjande:
«Først befindis emellom Nehrland og omstefnde ø at werre i dybeste wand 10½ fafne og ellers 10 fafne og sommesteds 7½ fafne.
Dernest befindis emellom Naaden og øen i dybeste wand at werre 6 fafne og ellers nehrmist begge landene 3 fafne og 3 fafne.
»
Slik lensherren tolka det, skulle dette klårt tala for at Nådøynå frå naturens side høyrde til Nådå.
Endskapen vart at Nådå vann, og både Nådøynå og Longøynå har seinare høyrt inn under Nådå og vorte brukte til beite, vesentleg for sau. På Nådøynå var også torvtak. Beitet var felles, men i seinare tid var grunnen delt, og det vart sett opp gjerde. Torvmyra var delt særskilt. På Nådøynå var fleire husmannsplassar.

GARDSDRIFTA PÅ 1600-TALET

Nokre år på 1600-talet vart Nådå brukt av soknepresten for å bøta på at Prestegarden var for liten til å gje fullnøyande utkome (brukar nr. 6). I 1640 klaga soknepresten over den høge landskylda, og det vart oppnemnt ein komité med lensmannen og 6 lagrettesmenn som medlemer til å vurdera garden. Måten dette vart gjort på, er opplysande, og utdrag frå saka blir difor i modernisert språkdrakt sitert etter tingboka (14. august 1640):
«Herr Samuel beklager seg, at landskylden og ledingen her av gården er alt for høy, av årsak den årlige misvekst, slik at tredjeparten av veksten forvandles til gress og mest til skarn og legger seg før det kommer mat i aksene, for det kjørnes ille på grunn av den store hete som faller mellom de berg og bakker som jorden er innelukket med. Det skal også være svært ring utmark til gården, så dersom det ikke hadde vært for ødegården Dalen, som brukes under gården og tilhører prestebolet, så ville det ikke ha vært utmark til mer enn en halv gård. Det er også stor motgang med feet, slik at det dør hvert tredje år. Vår gunstige lensherre har befalt oss nøye å vurdere denne gårds aker, eng og utmark og etterpå taksere den på rett måte .... og ikke ta hensyn til at han handler på vegne av kongen, og at herr Samuel er vår sogneprest, men gjøre det som er rett.»

Komiteen fann «etter flittig ransakning ... at det står til med åkeren slik herr Samuel har klaget over. Engen er for størstedelen myrer og ondt gress, og når en ser bort fra Dalen, som blir brukt til febeite, er utmarken såre ringe med tanke på den landskyld og leding som blir betalt. Vi har avkortet landskylden 3 vetter korn og av ledingen 3 bukkeskinn og i stedet lagt til 2 kalvskinn, likeså avkortet 2 skill. penge. Så heretter skal det svares 9 vetter korn i landskyld og 1 hud 2 kalvskinn og 8 skill. penge i leding, årlig til kongl. majestet
I tillegg til den nye gardskylda på 9 vetter korn kom landskylda av øydegarden Dalen, 1 vett, slik at samla skyld vart 10 vetter eller 2½ skippund korn.

ØYDEGARDEN DALEN

1567: Aff Dall øtt leidang 1 kalvskinn.
1661: Dahlen øde under Noeden til Findøe prestebol 1 vett korn.
Dalen må vera ein eigen gard frå mellomalderen, som vart lagd øyde som resultat av agrarkrisa etter den store mannedauden 1349.
Garden høyrde til Finnøy prestebol, og presten kravde avgift - landskyld - for bruk av garden. Frå først av var avgifta årleg 2 kalvskinn og nokre skilling, seinare endra til 1 vett korn. I tillegg vart det betalt leidangskatt til kongen, 1 kalvskinn.
Det var Nådå og Vigjå som brukte Dalen, Nådå hadde bruksrett til 2/3 av øydegarden, Vigjå 1/3. Korleis brukstilhøvet vart ordna, er ikkje kjent, men dei årlege avgiftene vart regulerte i samsvar med bruksrettane, det vil seie at Nådå måtte betala 4 spann i landskyld og leidangsavgifta i 2 år, Vigjå 2 spann og leidang i eitt år.
Frå slutten av 1600-åra fall Vigjå ut, slik at heile Dalen kom til å høyra inn under Nådå. I tillegg til den landskylda brukarane frå Nådå betalte for bruk av sin eigen gard (9 vetter korn), betalte dei 1 vett korn til Finnøy prestebol for bruk av øydegarden.
Som det går fram av saka frå 1640 (ovanfor), var Dalen eit godt supplement til den utmarka Nådå hadde.

EIGARAR

Skyld fram til 1640 3 skippund korn, dette året redusert til 9 vetter, med tillegg for øydegarden Dalen 10 vetter eller 2½ skippund
Nådå var krongods, medan Finnøy prestebol åtte øydegarden Dalen.
Alt krongodset på Finnøy (med unnatak av futegarden Hesby) vart etter innføringa av eineveldet i Danmark/Noreg i 1660 selt for å skaffa pengar i ei slunken statskasse. Oberst Gersdorf fekk hand om godset, og dei fleste gardane, mellom anna Nådå, vart seinare overtekne av lagmann i Stavanger Nils Kristensen Sandborg. Hans son Kristen Nilsen Sandborg, som var kjøpmann i Stavanger, arva jordegodet då faren døydde i 1708.
Kristen Nilsen hadde likviditetsproblem og måtte mellom anna låna 220 riksdalar av Nils Jonasson Nesse i Årdal. Som trygd for lånet vart garden Nådå pantsett, og pantet vart ikkje seinare innløyst. Dottera til Nils Jonasson, Elisabet, og mannen hennar tok over som brukarar på Nådå i 1741, og ved skøyte tinglest 23. juni 1746 selde Nils Jonasson garden med underliggjande Nådøynå til versonen Gudmund Kristenson for 300 riksdalar.
Eigedomen i Dalen, 1 vett korn, vart lagt til Stavanger domkyrkje, seinare Kristiansand domkyrkje, og vart først løyst inn ikring midten av 1800-talet.

HUSMANNSPLASSAR

På Nådå var det frå gamalt fleire husmannsplassar, nokre var i bruk samanhangande i lengre tid, andre berre for ein generasjon eller kortare. I tillegg til husmenn budde det også innlosjerte - inderstar - på desse plassane, og så lite dekkjande som kjeldematerialet er, kan det by på problem å få tak på alle.
Talet på husmannsplassar i dei offisielle kjeldene: 1664, 2; 1701, 1; 1707, 2; 1711, 2, dessutan 4 huskvinner; 1758, 2; 1801, 5; 1865, 3; 1875, 3; 1900, 1; 1910, 2.
Vi kjenner desse plassane: Fognbustøå i grenseområdet mellom Nådå og Vigjå. Til tider - særleg på 1700-talet - var det her ein heil koloni med husmenn, strandsitjarar og inderstar, dels på Nådågrunn, dels på Vigjågrunn (Habn). Slik kjeldene er førde, særleg i den eldste tida, er det uråd å skilja mellom Nådå og Vigjå, så det blir vist frå den eine garden til den andre. Fognbustøå er den eldste plassen vi kjenner til under Nådå.
På Nådøynå kjenner vi til at det budde husmenn frå byrjinga av 1700-talet, og dei siste flytte frå øya på slutten av 1800-talet. Det var to plassar her, ein av dei var Kjelastykkje, som låg nordaust på øya. Den andre plassen låg der bruk nr. 11 Skogheim ligg i dag. Men det budde også familiar og einskildpersonar utan jord, så det kunne til tider vera folksamt på øya.
Andre plassar som var i bruk i kortare eller lengre tid, var Nådebøen, Nådeberget eller Smedaberget, Svinehagen, Tongjen og Tre. Det er uvisst kvar Nådebøen låg, men truleg er det eit namn som blir nytta om Nådeberget/Smedaberget. Både Nådeberget/Smedaberget, Svinehagen og Tongjen låg ned mot Nådesundet - Nådeberget/Smedaberget ved det nye fjordsenteret, Svinehagen ved Ladberget og Tongjen mot grensa til Nærland. Tre låg ovanfor husa på Nådå, opp mot Dalen.

Farfar til svigerfar min (oldefar til kona mi), Syvert Kristian Sørenson var i 1900 registrert som sjømann og fiskar på plassen Ladbjerget som då var ført under gard nr. 1 Nådå.
Sivert og kona Anna hadde då barna Søren, Daniel og Kristoffer hjå seg. Svigermor til Sivert, Daarthe, budde også hos dei då.
I 1910 er han så registrert som husmann på Tongjen under Nådå. Han var den siste husmannen som budde på Tongjen. Sivert og Anna Serina vart buande på Tongjen til opp i 1920-åra. Anna Serina døydde på Tongjen under Nådå i 1918.

Namnet Naaden og Nåden er nytta av etterkomarar til Syvert Kristian og Anna Serina.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.