Kolstø

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

 

Kolstø

Gard nummer 57 i gamle Erfjord kommune, gard nummer 156 i Suldal kommune.


Bilete av heimehuset på Kolstø (klikk på biletet for å sjå det i større format)

 

I Erfjord. Gardar og folk band 1 (Suldal kommune 2004) skriv Ernst Berge Drange innleiingsvis om garden Kolstø i Erfjord (side 529):

Heimejorda på Kolstø ligg i eit lite dalføre på høgdedraget mellom botnen av Tyssefjorden og Lovravatnet. Garden ligg såleis òg midt mellom to bygdelag, Lovradalen og Tyssebotnen. Men historisk sett høyrer han mest til Tyssebotnen.
Dei gjekk til sjøen begge vegar. Frå Kolstøtunet er det etter måten kort veg ned til Lovravatnet (Lenningjå) og så derifrå inn til Lovraeie (Hamraeie) og Lovrafjorden. Men dei kunne òg koma til sjøen i Tyssefjorden. Dei hadde likevel ingen rettar ved fjordbotnen der.
«Kolstøgardane er naturvene der dei ligg på høgda av dalføret mellom Tysse og Lovravatnet. Lauvskog og barskog kransar gardane», skriv Magnus Våge i den gamle Erfjordboka. Dagleguttalen av namnet er frå gamalt av «Kållste». Gamle skrivemåtar er Kolstenn (1567), Koellstad (1602), Kolstad 1610, Colstøe (ca. 1620), Koldstøe (1668), Kolstøe (1723), Kaalstøe (1802) og Kaalstø (1866).
Kolstø er ein gamal tobruksgard. Husa til dei to bruka låg i eit langstrakt tun, på omlag 120 meter over havet. Det er etter måten lang veg til nærmaste grannegard. Rød ligg nærmast, i nordaust. Grannegarden Hamra ligg på andre sidan av Lovravatnet, men Kolstø og Hamra kunne ikkje sjå over til kvarandre.
«En field Jord», heitte det om Kolstø i 1668, altså ein fjellgard. Men det var noko overdrive, for både Rød - grannegarden i nord - og fjellgardane låg høgare.

(Attgjeve etter avtale med forfattaren)

Morfar til Jofrid, Georg Kolstø var fødd på denne garden, men kjøpte seg gard på Hauske i Finnøy.
 Hauske på Finnøy
Bilete av Hauskje på Finnøy (klikk på biletet for å sjå det i større format)

 

 

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.