Helgeland

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

Gard nr. 11: Helgeland i Hjelmeland.

Skisse av Helgeland på Ombo.jpg (153534 byte)
(Copyright © Peder Eike) 
Teikninga er laga av dotterson til Salomon Helgeland (oldefar min): Peder Eike frå Halsnøy. 

Helgeland ligg på nordaustsida av Ombo, ovanfor Buer. Garden ligg så høgt at han vel må kallast fjellgard. Gardstunet ligg 285 meter over havet. Plassen Brakeholå låg noko lågare, på 232 meter over havet. Bakken opp frå sjøen er bratt, men når ein kjem oppå, flatar og vidar terrenget seg ut. Gardsnamnet Helgeland skriv seg truleg frå adjektivet heilag, og det må då tyda at staden har stått i eitt eller anna forhold til den gamle gudsdyrkinga. For garden er eldre enn kristendommen her til lands. Det er vanleg å rekna med at dei fleste -landgardane vart rydda i folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Det einaste vitnemålet vi i dag har om den eldste tida på garden, er ei rundrøys på åtte meter i diameter. I denne må det ha blitt gravlagt ein person frå garden. Sannsynlegvis har det vore jamn busetjing på garden ut gjennom vikingtida og høgmellomalderen. Men i tida etter Svartedauden, 1349-1350, må det ha blitt folketomt på Helgeland. Anten har brukarfamilien døydd ut, eller så har dei flytt til betre gardar som vart ledige.

Det skulle gå ikring 250 år før det igjen trakka folk over tunet. Ikring 1600 kom ein Torbjørn og kona hans til gards og tok fatt på å nyrydda garden av øyde. Dei åtte ikkje garden. Det var det brørne Ola Aukland og Jon Tøtland som gjorde. Deira heimel til garden vart gjenstand for fleire nettsaker. Ola Aukland og broren Jon Skår, seinare Tøtland, kjøpte Helgeland i 1605. Det var ein Baltser Gunnarson som selde på vegne av to mindreårige brorsøner som han var formyndar for. Barna heitte Assar og Gunnar og var søner av ein Ola Gunnarson. Truleg hadde denne Ola vore eigar av garden utan å ha budd på han.

Assar Gunnarson hadde ei dotter som heitte Liva. Ho la tre rettsakar mot Ola og Bjørn Aukland om heimelen til Helgeland. Den første saka vart førd for lagtinget i Stavanger i 1641. Då stemnde Hallvard Håkonson (Halduor Haagensen paa Helleland paa Omboe), som Liva var gift med, inn Ola Aukland for retten fordi han meinte at det hadde gått ulovleg for eg då Ola Aukland og Jon Tøtland hadde kjøpt av far og farfar til kona til Hallvard. Han nådde ikkje fram, og det enda med at det vart inngått semje mellom Hallvard og Bjørn Aukland fem år seinare. I 1655 stemnde Lars Larsson på Jelsa, som var andre mannen til Liva og sidan budde på Buer, Bjørn Olson Aukland for retten. Framleis var det heimelen til Helgeland det galdt. Lars meinte at kona Liva var nærare enn Bjørn til å løysa på odelen og eiga Helgeland. Men heller ikkje han nådde fram, heimelen til Bjørn vart funnen i orden. Liva gav likevel ikkje opp. Fjorten år seinare, i 1669, la ho sak igjen mot Bjørn Aukland om Helgeland. No var det eit makeskifte mellom Ola Aukland og foreldra hennar om Helgeland og Eide på Ombo ho ville ha omgjort. Etter ein lang prosess enda det med tap for Liva. Domen gjekk ut på at Bjørn Aukland var i sin gode rett som eigar til Helgeland og han og arvingane kunne rolig «njude och beholde» garden. Heile denne tida vart garden brukt under Aukland, slik mange andre gardar på Ombo også vart. Aukland var på den tida ein stor gard med velståande folk. Gjennom mesteparten av 1600-talet dreiv dei Tjeltveit, Helgeland, Indre Skår og Haug så vel som Nårstad, Vatland og Buer som underbruk under hovudgarden. I matrikkelen frå 1668 heiter det om Tjeltveit og Helgeland at dei er «bebiugt och besiddes aff Thuennde huusmend, bruges dog under hoffued Jorden». 

 

I Matrikkelutkastet av 1950 finn ein for Rogaland og i Hjelmeland herad gard nr. 11: Helgeland

11 Helgeland  
1 Helgeland 2 mark 01 øre  Levin Helgeland  
2 Helgeland 0 mark 41 øre  Andreas Salemonsen  
3 Helgeland ytre 2 mark 00 øre  Nils Helgeland  

Dei som var eigarar i 1950 er tre brør til farfaren min.

Slektsnamnet mitt, Helgeland, kjem frå denne garden, der oldefar, tippoldefar og tipptippoldefar alle tre døydde som "Salomon Helgeland". 
Men dei kom frå Indre Ramsfjell der slektslista mi i rein mannslinje endar med Salomon Salomonson fødd ikring 1705 og som budde på Ramsfjell frå 1744 til han døydde i 1776.

Kjenner du noko meir til denne Salomon og slekta hans, så er eg glad om du tek kontakt med meg.

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.