Ramsfjell

Startside Opp Kolstø Hamra Nåden Torgersen Kaltveit Helgeland Ramsfjell Moen Njærheim Hagen

INDRE RAMSFJELL (gard nr. 25 i Hjelmeland)

indre ramsfjell 1992.jpg (380684 byte) indre ramsfjell 1992 - grunnmurar.jpg (461958 byte)

Den eldste av mine fedrar i rein mannslinje er nemnt på Indre Ramsfjell.

Ramsfjellsgardane ligg på nordsida av Jøsen­fjorden mellom Indre Εiane og Dale. Dei ligg høgt over havet, tunet på Ytre Ramsfjell på 420 meter over havet og Indre Ramsfjell er den indre garden oppe på Ramsfjell, vel 400 meter over havet. Dermed er gardane mellom dei høgastliggande i Hjelmeland. Berre Ritland ligg litt høgare. Det er styggbratt frå sjøen og opp til gards. Ι 1950-åra vart gardane fråflytte. Då hadde det budd folk samanhengande her ikring 350 år. Før den tid hadde garden lege øyde i meir enn 200 år etter Svartedauden 1350. Men før 1350, i mellomalderen, budde det folk her, utan at vi veit kven dei var.

Ramsfjell var ei heil lita grend. Ι 1865 til dømes budde det 57 personar innanfor gardsgrensene på Indre og Ytre Ramsfjell - oppe på gards­bruka og på husmannsplassane på Ramsliå nede ved sjøen.

 

GARDSNAMN OG ELDRE HISTORIE

Skrivemåten av gardsnamnet har variert ein del - Raffnnefield i 1567, Raffnfieldt 1602, Rambs­field 1606, Ramsfield 1610, Raffnsfield 1661 og Rafnsfeld 1723. Uttalen er Ramsjed'l. Siste­leddet -fjell må vera ei feilskriving som dei danske embetsmennene har gjort seg skuld i.

Det skal nok vera -hjell, som tyder hylle. Slik garden ligg på ei hylle i terrenget høgt over havet passar det godt. Gardsnamnet skulle difor «eigentleg« ha vore skrive Ramshjell.

Førsteleddet kan vera to ord, anten fuglen ramn eller planta rams. Dei eldste skrivemåtane utan s tyder på det første, det faktum at det finst ein del rams på garden peikar mot det andre.

Garden er første gong nemnd i dei skriftlege kjeldene i 1567. Ι leidangslista frå det året står det «aff Raffnnfield øtt j giedskinnd». Det tyder at garden låg øyde då. Likevel var det nokon som åtte garden, og eigaren skulle betala eitt geiteskinn årleg i leidangsskatt.

Ι skattelistene frå kring 1520 er Ramsfjell ikkje nemnd. Garden må ha blitt rydda og folke­sett i mellomalderen ein gong før 1350. Men etter Svartedauden 1349-1350 vart garden lig­gande øyde. Her var folketomt i over to hundre år. Ein gong mellom 1567 og 1603 må garden på ny ha fått fast busetnad. Skattelistene tek til i 1603, og frå då av er det oppført brukarar på garden.

Vi er ikkje sikre på kor gamal todelinga i ein ytre og ein indre gard er. Truleg skjedde ho då garden blei nyrydda i slutten av 1500-talet. Ι 1567 står det berre «Raffnnfield», femti år sei­nare i 1617 er det ført opp Indre og Ytre Rams­fjell. Skattelistene i lensrekneskapa opererer med to brukarar på Ramsfjell frå starten i 1603.

 

BRATTLEND FJELLGARD

Indre Ramsfjell ligg noko høgare oppe enn den ytre garden. Her er det brattast og tyngst og lengst sjoarveg. På hålkeføre vintersdag var det vanskeleg å ta seg fram både ned og opp. Nils Ramsfjell (f. 1852) på bnr. 1 fortalde til Johan­nes Arneson at han og eldste sonen brukte å gå med skarpe broddar under føtene, piggstav i hand og tau bunde mellom seg.

Varetransporten til gards vart letta då det vart sett opp taubane i 1937. indre ramsfjell 1992 - loypestreng.jpg (340515 byte)

Nils brukte å setja opp grindar mellom huset og løa på skaresnøen om vinteren, så ungane skulle stogga i dei om dei kom på glid. Men ein gong hadde han drygt for lenge med å setja opp grindane. Eldste guten på sju-åtte år kom då på trilt. Han rende mot ein bjørkestuv og berga livet, men braut beinet. Å fara dei tre mila ut til dokteren på Finnøy var ikkje å tenkja på. Nils laut sjølv spjelka beinet. Det gjekk godt, foten vart like god att.

Ein annan gong hadde ei kone frå grannegar­den Indre Eiane streva seg opp bakkane med graut i ein ambar, sengmat til kona på garden. Då gjekk det ikkje likare enn at lokapinnen smatt ut, ambaren datt ned og trilla som eit gale nøste ned den bratte bakken. Nede på brotet gjorde han eit byks ut i lufta og vart borte. Kona stod att med berre loket i handa. Å, no får då verda noko å le åt, sa ho og gret. Men barnseng­kona, som vart snytt for grauten, ho lo seg nesten sjuk, då ho høyrde om tilburden. Ein gjætargut fann ein grautklatt høgt oppe i ei bjørk. Den sleikte han i seg, og han var den einaste som fekk smake.

Johannes Arneson, som fortel denne historia i boka År eg minnest, menn eg møtte, under­strekar at dette er «er reine, beine sanninga. Han Olaus Øvra-Ηaua, som visste alt om folk og ætter i heile Hjelmeland og endå lenger, han for­talde meg så seint som i 1937 både kva kjerrin­gane og guten heitte, og kvar dei kom frå. No har eg gløymt det og kan difor ikkje tidfeste hendinga».

 

NATURGRUNNLAG OG PRODUKSJON

Indre Ramsfjell var lågare skyldsett enn Ytre Ramsfjell. Etter den gamle skylda frå 1600-talet var skylda på Indre Ramsfjell 5/8 av skylda på Ytre - 2 ½ pund mot 4 pund. Var naturgrunn­laget også tilsvarande veikare?

Jamt over har husdyrtala på Indre Ramsfjell vore 60-70 % av det Ytre Ramsfjell hadde av husdyr, rekna i kueiningar. Det er det same forholdstalet som det var mel­lom gardane etter landskylda. Elles er tendensen den same som på nabogarden, og elles i byg­da, at den sterke auken i husdyrtala kjem på 1800-talet, for så å gå noko tilbake fram til kri­gen. Dyra beitte både i utmarka kring garden og på Ramsfjellstølen. På den var det stølsdrift til 1880-åra.

Åkrane på Ytre Ramsfjell var ikkje stort fleire og større enn på Indre Ramsfjell. Dei dyrka nesten like mykje korn og etter kvart også pote­ter som på nabogarden.

Skogen var ringare på Indre Ramsfjell. I 1668 er det berre tale om vedaskog (brenndeschoug), i 1803 vart det sagt at garden berre hadde halv­parten av den veden dei trong, og i 1865 meinte matrikkelkommisjonen at garden ikkje kunne selja noko or skogen, korkje ved eller tømmer.

Karakteren av fjellgard vert og sterkare under­streka i matriklane for Indre Ramsfjell sitt ved komande. «Høyeste vanschelig field Jord», heitte det i 1668. Ved jordavgifta i 1803 vart det anført at «Gaarden angives at ligge under et høit Field hvorfra nedscrider Fieldstycher der ofte giøre betydelig Skade paa Huse, Ager og Eng».

Matrikkelkommisjonen målte opp mindre areal her enn på nabogarden i 1865. Her var 16 mål åker og dyrka eng og 89 mål natureng, mot 21 mål og 178,5 mål på Ytre Ramsfjell. Elles var her like vanskeleg terreng: «bakket og meget uført, samt tildels meget belagt med stene». Indre Ramsfjell hadde utslåttar på Ramsliå, som kunne leigast ut for 12 spesidalar årleg.

Korleis var sjølvforsyningsgraden på Indre Ramsfjell? Produserte dei nok mat til å brødfø seg sjølve? Vi skal sjå på dette for året 1865. Det garden gav av kjøt, mjølk, korn og poteter det året reknar vi om til kaloriar for å få dei ulike matslaga på ein felles målestokk. Så deler vi dette på antal personar for å sjå kor mykje det vart pr. person pr. dag.

Det budde 27 personar på Indre Ramsfjell i 1865 - 15 i dei to gardbrukarfamiliane, 12 i tre husmannsfamiliar. Reknestykket syner at kvar av desse dagleg fekk 1.430 kilokaloriar (kkal.) frå den maten som vart produsert på garden. Dette var for lite; dagsbehovet pr. person er kring 2.000 kkal. Fiskemåltida er ikkje med­rekna, og sjølv om dei nok åt ikkje så lite fisk også på fjellgarden Ramsfjell, var dei nok av­hengige av å kjøpa mat. Særleg galdt det nok husmannsfolket på Ramsliå. For i røynda var ikkje maten så likeleg fordelt mellom alle innan­for gardsgrensene som vårt gjennomsnittlege reknestykke syner. Truleg hadde gardbrukarane nok, men husmennene måtte skaffa seg kontan­tar ute på arbeid slik at dei kunne kjøpa nødven­dig mat som mjøl οg liknande.

 

Konklusjonen på samanlikninga av natur­grunnlaget på dei to Ramsfjellgardane vert at den indre garden hadde ein del mindre husdyr, berre litt mindre korn og poteter, og kunne gje nesten like mange kaloriar til sine folk. Derimot var skogen ringare, og dette var den viktigaste grunnen til at skylda på Indre Ramsfjell var lågare enn på Ytre Ramsfjell.

Som Ytre Ramsfjell vart og Indre Ramsfjell vurdert høgare som gard i den eldste tida enn han vart seinare. Skyldsettinga på garden vart relativt sett lågare. Mellom alle gardane i Hjel­meland og Fister fall garden frå ein 78. plass ved matrikkelen frå 1668 til 84. plass i 1838 og 88. plass i 1889.

 

BRUKSDELING

Soga om bruksutviklinga på garden er fort for­tald. Her har vore to bruk frå kring 1640. Truleg låg dei to bruka skilde frå kvarandre med noko­lunde greie grenser. Her har iallfall ikkje vore noko utskiftingsforretning seinare. Dei tre bru­karane vi kjenner til før den tid, reknar vi med brukte heile garden. Dei to bruka har vore jam­store.

Medan dei fleste andre gardar vart delte i flei­re bruk i andre halvdel av 1800-talet, gjekk ut­viklinga andre vegen på Indre Ramsfjell. I 1883 fekk Nils Osmundson skøyte på begge bruka, og dei vart då slegne saman.

 

HUSMANNSPLASSAR

Nede ved sjøen, langt unna sjølve gardsbruka vel 400 meter over havet, sette det seg til hus­menn. Grensa mellom Ytre og Indre Ramsfjell går her, og nokre plassar låg på Ytre Ramsfjell sin. Ramsliå og Tuftå låg under Indre Ramsfjell.

Det er nemnde tre husmenn på garden på 1660-talet, ein i 1701, to i 1706 og ein att i 1711. Vi veit ikkje sikkert kvar desse budde, men sannsynlegvis var det på Ramsliå. Det er også usikkert om desse var «vanlege» husmenn, eller om dei var folgefolk eller andre som budde her og ikkje var brukarar. Det at Tore Pederson er kalla husmann i 1711, kan tyda på det. Han hadde vore brukar på Ytre Ramsfjell før, og var gjerne folgemann då i 1711.

Med Helga og Ola som er nemnde som hus­menn på garden i 1762, reknar vi med at vi har å gjera med «vanlege» husmenn, som budde på eit leigd jordstykke og betalte for seg med arbeid og/eller kontantar. Etter den tid budde det fem huslydar på Ramsliå fram til kring 1870, då dei siste flytte over fjorden til plassen Oksebåsliå under Vormeland. På Tuftå har det budd to huslydar. Dei første kom hit først i 1850-åra etter å ha budd nokre år i Fundingsland.

Husmannshyttene ved strendene på Ramsliå hyste ikkje velstandsfolk. Her var svært liten jordveg på plassane, helst var det berre hustufta og nokre grasstrå rundt ikring. Levemåten var ofte skral for dei som budde der.

(Henta frå Hjelmeland Gardar og folk 1 av Trygve Brandal)

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 15.01.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.