Jordbær
Me har nokre jordbær i hagen. Hausten 2002 byrja nokre av plantene å blomstra på nytt.
Jordbær
Av Nils Eldar Linge, Indre Sunnmøre forsøksring.
Innanfor området frukt og bær er jordbær utan samanlikning den største kulturen i Noreg i dag. Dette gjeld både med omsyn til areal, avling og omsetning. På Vestlandet har dei fleste bygder område med gode vilkår for jordbærdyrking.
Jordbær blir dyrka både til friskkonsum og som råstoff til industrien. Økonomien i produksjonen er svært avhengig av avlingsnivået, og mykje av grunnlaget for eit godt avlingsresultat vert lagt før planting.
Dyrkingsvilkår
Jord og lokalisering
Jordbærplanten stiller ikkje spesielle krav til jordsmonnet, men både skarp sandjord og tung leirjord bør unngåast. Ei lett, godt drenert moldjord er best. Svakt hallande terreng er ein fordel, då jordbærplanten er utsett for isbrann eller drukning om vinteren.
Vinterdekking
Jordbær er utsett for overvintringsskadar. Er det fare for berrfrost, kan det vera ein god hjelp å dekke åkrane med fiberduk gjennom vinteren. Det beste vinterdekket er likevel eit stabilt snødekke.
Pollinering
Jordbæret er ei falsk frukt der alle frøa ligg som nøttefrukter på utsida. For å få fint forma og velutvikla bær, må frøa pollinerast. Bikuber i nærleiken av åkrane betrar ofte resultatet.
Vekstskifte
Jordbærplanta er utsett for jordtrøyttleik. Det bør ikkje plantast jordbær på same stykke utan minst 3–4 års opphald. Rotnematodar og andre skadelege organismar kan gjera mykje skade.
Val av kulturmåte
Jordbær kan dyrkast på fleire måtar, og metoden må tilpassast lokale tilhøve. Ved dyrking til friskkonsum er det krav om store bær med jamn form. Til industrien kan det vera meir aktuelt med andre omløp og plantekonsentrasjonar.
Normalt vil talet på planter per dekar variere mellom 2500 og 4300. Enkeltrader er ofte mest tilråddeleg i fuktige klima, medan dobbeltrader kan vera aktuelt i meir gunstige område.
Plastdekking
- ugrasreinhaldet vert enklare
- jordtemperaturen går opp og modning kjem tidlegare
- bæra kjem i mindre grad i kontakt med jord og held seg reinare
Det finst også ulemper, særleg når plasten hemmar sjølvfornyinga i feltet og gjev gode tilhøve for rotsnutebiller.
Tiltak før planting
Jordarbeiding
Av planteverngrunnar bør jordbær ikkje plantast etter ompløying av gammal eng. Eitt eller helst fleire år med åkerkultur før planting er ein fordel.
Ugraskamp
Grunnlaget for eit godt økonomisk resultat blir lagt før planting. Særleg gjeld dette ugraskampen. Rotugras må tynast i god tid før planting, gjerne med bruk av fenoksysyrer i tillegg til glyfosat.
Plantetid og plantetypar
Jordbær kan plantast i heile vekstsesongen, men planting i juli er det minst gunstige. Sein planting vil ikkje gje full avling året etter, men kan sjåast som ei overvintring i feltet av planter som elles kunne plantast tidleg neste vår.
Jordbærplanter vert leverte som barrotplanter eller pluggplanter. Ver merksam på at pluggplanter som har stått for lenge i pluggen kan få problem med etablering på friland.