Sjur Skeie
Husband Sjur Skeie
Born: Christened: Died: - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Johannes Sjurson Skeie
Born: 1740 - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Christened: 20. mar 1740 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway Died: 1740 - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Buried: 26. may 1740 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
2 F Siri Sjursdotter
Born: 1741 - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Christened: 11. may 1741 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway Died: Buried:
Sondre Olsson Skeie
Husband Sondre Olsson Skeie
Born: Cir 1695 - Skeie, Tinn, Telemark, Norway Christened: Died: - Skeie, Tinn, Telemark, Norway Buried:
Father: Ole Olson Skeie Mother: Ragnhild Svendsdotter
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 F Ragnild Sondresdotter 24571
AKA: Ragnil Born: 1714 - Skeie, Tinn, Telemark, Norway 36244 Christened: Died: 1799 - Skeie, Tinn, Telemark, Norway Buried: 28. oct 1799 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687Spouse: Sigur Asbjørnson Skeie Marr: Cir 1750 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway
2 F Lisbet Sondresdotter 24571
Born: 1715 - Skeie, Tinn, Telemark, Norway 36244 Christened: Died: - Gjeiskeli, Tinn, Telemark, Norway Buried:Spouse: Herbjørn Torgerson Gjeiskli Marr: Cir 1733 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway
Stian Olson Skeie and Ingeborg Ånensdotter
Husband Stian Olson Skeie
Born: 1779 Christened: Died: - Skeie nordre, Eiken, Vest-Agder, Norway Buried:Marriage: 26. dec 1800 - Eiken kyrkje, Eiken, Vest-Agder, NorwayEvents
• Censuses: 1801, Skeie nordre, Eiken, Vest-Agder, Norway.
Wife Ingeborg Ånensdotter
Born: 1764 - Eiken nedre, Eiken, Vest-Agder, Norway Christened: 6. may 1764 - Eiken kyrkje, Eiken, Vest-Agder, Norway Died: - Skeie nordre, Eiken, Vest-Agder, Norway Buried:
Other Spouse: Ole Olson Skeie - 29. dec 1786 - Eiken kyrkje, Eiken, Vest-Agder, NorwayEvents
• Censuses: 1801, Skeie nordre, Eiken, Vest-Agder, Norway.
Children
Svend Andersson Skeie and Gunhild Tolleivsdotter
Husband Svend Andersson Skeie 5744
AKA: Sven Born: Cir 1715 - Ødegården, Sirdal, Vest-Agder, Norway Christened: Died: 1760 - Skeie, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22397 Buried: 22. mar 1760 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway
Father: Anders Madsson Ødegården 5746 Mother: Ingeborg Svendsdotter 5747
Marriage: 11. oct 1755 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22397
Wife Gunhild Tolleivsdotter 19767
Born: 1725 - Hompland, Sirdal, Vest-Agder, Norway 33273 Christened: Died: 1805 - Skeie, Sirdal, Vest-Agder, Norway Buried: 29. dec 1805 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22397
Father: Tolleiv Mauritsson Hompland 14819 Mother: Siri Madsdotter 5746
Other Spouse: Halvard Bjørnson Skeie - 14. oct 1742 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22397
Other Spouse: Gunnar Tarjeson Skeie 14772 - 17. oct 1762 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22398
Children
1 M Halvard Svendson Malmeim 39515
AKA: Hadvar Born: 1758 - Skeie, Sirdal, Vest-Agder, Norway Christened: 13. aug 1758 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway 22397 Died: 1803 - Malmeim, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried: 12. aug 1803 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 39516Spouse: Siri Mauritsdotter 11137 Marr: 21. jun 1791 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20795,39516
Svend Olson Skeie and Siri Tormodsdotter
Husband Svend Olson Skeie 2962
Born: 1616 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1695 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Endreson Hiim 4028 Mother: Helga Hiim
Marriage: Cir 1646 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2960Events
• Censuses: 1664, Skeie, Sand, Rogaland, Norway.
Wife Siri Tormodsdotter 2644
Born: Cir 1625 - Guggedal, Suldal, Rogaland, Norway Christened: Died: - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Tormod Osmundson Guggedal 2644 Mother: Valborg Olsdotter 5052
Other Spouse: Rasmus Jensson 2959 - Cir 1645 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 2960
Children
1 F Valborg Svendsdotter 2959
Born: Cir 1646 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Breiland, Hjelmeland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Reiar Ellingson Breiland 20947 Marr: Cir 1664 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 7467Spouse: Torbjørn Albertson Breiland 2647 Marr: Cir 1686 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 7467
2 M Jørgen Svendson Fladhetland 2959
Born: 1650 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 2960 Christened: Died: 1727 - Flat-Hetland, Fister, Rogaland, Norway 28250 Buried:Spouse: Anna Olsdotter Marr: Cir 1688 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 28250
3 M Rasmus Svendson Hauge 2959
Born: 1652 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 2960 Christened: Died: 1686 - Hauge, Sand, Rogaland, Norway 31227 Buried:Spouse: Larsdotter 2648 Marr: Cir 1675 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 31227Spouse: Mari Torkelsdotter 2947 Marr: Cir 1685 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 31227
4 M Ole Svendson Fuglestein 2959
Born: 1658 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 2960 Christened: Died: 1729 - Fuglestein, Jelsa, Rogaland, Norway 21305 Buried: 8. dec 1729 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 576Spouse: Torborg Olsdotter 21304 Marr: Cir 1680 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 21305Spouse: Kari Ormsdotter 5436 Marr: Cir 1700 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 21305
5 F Helga Svendsdotter 2959
Born: Cir 1660 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: 1696 - Vinja, Etne, Hordaland, Norway 32033 Buried:Spouse: Erich Nilsson Vinja 3523 Marr: Cir 1689 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 32033
6 M Tormod Svendson Vanvik 2959
Born: 1662 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 2960 Christened: Died: Cir 1722 - Vanvik ytre, Sand, Rogaland, Norway 2961 Buried:Spouse: Siri Albertsdotter 2647 Marr: Cir 1684 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 2961
7 F Anna Svendsdotter 2959
Born: Cir 1665 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: 1733 - Fattland, Sand, Rogaland, Norway 33501 Buried:Spouse: Niels Torkelson Fatland 2947 Marr: Cir 1690 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 33501
8 M Svend Svendson Fister 2959
Born: 1666 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 2960 Christened: Died: 1737 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 6678 Buried:Spouse: Siri Eriksdotter 6679 Marr: Cir 1691 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 6678Spouse: Eli Andersdotter 6680 Marr: Cir 1705 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 6678
General Notes: Husband - Svend Olson Skeie
I det første kjende manntalet, frå 1519, finn vi "Torkiil p Saxstæ" som granne til Odd på Haua
og Tord på Berge. Denne Torkel gav sin straffe-skatt i sølv, kopar og i pengar. Sjølvsagt er "Saxstæ" ei forvansking av Fakstad. Og neste gong denne grannebustaden til Berge og Haua vert nemnd, i 1563, heiter han "Skee" (altså Skeie). Eit namneskifte har funne stad, på same måten som Vindeid skifta namn til Ropeid og Førre skifta namn til Kuvikjå i den lange øydetida i seinmellomalderen.
Vi må kunne tru at namneskiftet Fakstad-Skeie hadde same bakgrunn. Fakstad kom til å liggja øyde i seinmellomalderen. For den del kan Torkel - i 1519 - anten ha vore ein eldre mann eller ein ung mann som dreiv Fakstad-jorda utan å ha vanleg bygsel, og t.d. leigde hus på Haua eller Berge. Så har dei henta fram or minnet det gamle mellomaldernamnet på garden når skatte-innkrevjarane var rundt. Garden er ikkje nemnd i 1521 saman med dei andre gardane i Sandsbygdå, korkje i form av Fakstad eller Skeie. Kan det eventuelt vera Torkel på Sand (nemnd 1519-1521) som hadde Fakstad til beiteland? (Vi har gjerne ein parallell til stoda i 1519 då Svein Skeie i 1664 hadde den 13 år gamle son sin som brukar på den eine garden på Haua). Dei andre to gardane på Flåtå vert nemnde både i 1519 og i 1521. Skeie og Haua skulle sidan ha eit særs tett tunfellesskap der Skeie sine hus vart sett opp noko sør og sør-vest for husa på Halla. Berre eit folgehus står att der i dag.
Den klassiske tydinga av namnet Skeie (skeiò.) er "bane til kapplaup eller kappriding". Skeie-gardane ligg ofte sentralt til, med store flater som frå gamalt av kan ha vore nytta til samlingsstader og kappriding. Det kan vi sjølvsagt og tenkja oss her. Det er flatt og vidt på Flåtå. Men ei anna tyding kan vera like rett, nemleg "køyreveg mellom åkrar" (Aasen). Denne tydinga kan særleg vera på tale i yngre gardsnamn og i lokalnamn som "Skeiet". Om Skeie på Flåtå veit vi at den gamle ferdselsvegen oppetter til Suldal gjekk framom her. Ei sak i 1311 skildrar jamvel to åkrar på kvar si side av ein veg som samstundes var skifte mel-lom klosterjorda og korsbrørne i Stavanger si jord. Dette var likevel truleg ute på Largong. Fram til nyare tid har ferdselsvegen til Suldal i de-lar av traseen gått i skiftet mellom Haua og Skeie.
Dersom Fakstad kom til å liggja øyde i sein-mellomalderen, er det ikkje usannsynleg at Haua nytta seg av åkrar på Skeie sitt gamle gardsvald, med lett og god åkerjord og enkel tilgang langs vegar oppe på Flåtå. Kring 1660 var det på den andre sida som nemnt ein bonde på Skeie som hadde Haua som underbruk. Og i 1889 (eller i praksis eit par år seinare) vart eine bruket på Skeie tilleggsjord til Osmundsgarden på Berge. Alt var så tett og nært på Flåtå.
Osmund budde "poo Skee" i 1563, då han gav den ordinære landsskatten. Same året gav han dessutan 2 mark og 4 skilling skatt av jordeige. Leiglendingen under Domkapitlet åtte altså jordegods andre stader. Han gav like mykje skatt av jordegods som til dømes Agate i Fattnes. Osmund kan godt ha vore den første reelle brukaren på Fakstad/Skeie etter øydetida i seinmellomalderen.
Det går lang tid fram til det neste namnet på Skeie dukkar opp, då det etter måten framande namnet Ludvig, og nemleg i 1603. Namnet er så å seia ukjent elles i Ryfylke. Ludvig Skeie skatta som einebrukar på Skeie åra 1603-1618, og var mellom anna i 1611 med grannane på Flåtå og skreiv ut soldaten Knut Bergeson. Det kan ha vore same Knut som skatta som medbrukar til Ludvig i 1612. Vi kan elles og merka oss at det i 1624 vart omtala ein Knut Gauteson "med sine halvsøsken" som åtte 1 pund og 6 merker smør i Drarvikjå. Dette kan og ha vore Knut Skeie. Ludvig Skeie selde bord og bandstakar til framande skipperar 1611 og 1615, Knut Skeie selde bord i 1611.
Ein noko uroleg sjølvstyring kan ha vakse opp på Skeie kring 1600. Jens Rasmusson heitte han. Vi veit at han var steson til Steffen sagmeister på Eide, ein byborgar. Det kan ha vore slik at mora var gift første gong med ein Rasmus Skeie og så med Steffen sagmeister. Korleis Ludvig då var i slekt med desse folka, er ukjent. Han kan for den del ha vore ein eldre bror til Jens.
I 1610/11 finn vi at Jens på Skeie, gamal kan han ikkje ha vore, måtte bøta 5 dalar for trussel mot Søren Jensson sin tenar Gilbert, i hans eiga bu på Sand, "dog ingen skade skjedde". Søren Jensson var ein av dei mange Stavanger-borgarane som dreiv med trelasthandel i Sands- og Sauda-fjorden. Same året finn vi at Jens Skeie måtte betala 5 dalar for å ha lege med festarmøya si før bryllaupet.
Festarmøya sitt namn er ukjent, men ho var dotter til Tormod Saksbjørnson på Steinbru i Kvilldal. Og mor hennar gifta seg sidan opp att til Eide, med Navar Eide. Jens Skeie og familien budde ei tid på Steinbru, nemleg åra 1617-19. Så var det han flytta (heim att?) til Skeie.
Jens Skeie vart tidleg involvert i trelasthandel og sagbruksdrift. I 1611 finn vi at "Stephans Stigssøn" - som vil seia Steffen sagmeister sin steson - selde 2½ tylft bord i Horborsvikjå (Ås) til ein utanlandsk skipper. Både Jens, stefaren Steffen og stebror til kona, Torjus Eide, var involvert på eigarsida og med drift av Indre Tysselands sagbruk kring 1620. Johannes Mo var òg involvert i denne sagjå.
I 1621 vart Jens Skeie stemna av Hadle Vanvik og svogeren Nils Pederson, prest i Setesdalen, for gods i Steine og Tveitane i Suldal, som dei i lang tid hadde tvista om. Saka hadde vore oppe i lagtinget, men vist attende til heimtinget. Dei to svograne meinte Jens Skeie, på svigermora Asgjer sine vegner, heldt seg ulovleg til ein systerpart i dette godset. Etter den gamle lova meinte dei svigerfar deira, Torkel Torgerson (på Fattland), hadde åleine retten til dette godset etter brorbarna sine på Steine. Asgjer var syster til den nemnde Torkel og såleis faster til konene til dei to svograne. Orm Torgerson Steine var bror deira, men barna hans døydde unge i pesten (truleg 1601). Mora Guri Steine levde derimot framleis.
Det vart ei lang og omstendeleg sak dette, som enda med at Asgjer Skeie, med svigerson Jens Skeie, fekk behalda ein systerpart i Steine- og Tveitane-godset.
Hallvard Trulsson på Fattland i Hylsfjorden, som var stefar til konene til Hadle Vanvik og Hr. Nils Pederson i Setesdalen, la i første delen av 1600-talet ned mykje pengar i å få teke opp att øydegarden Tveitane i Hylsfjorden. I 1623 stem-na han medeigarane til å betala sin del av desse utlegga. Det var då Jens Skeie "takkede hannem fanden for all hans umage". Han meinte Hallvard Trulsson ikkje hadde vorte gjeven fullmakt til det han hadde fått gjort på Tveitane. Og han for sin del ville ikkje betala. Det enda med Jens og med-eigarane måtte betala litt av kostnadene.
For Jens Skeie fekk elles saka om Tveitane eit anna etterspel. Ikkje berre banna han til Hallvard Trulsson, som vi har sett. Han hadde i tillegg slege handa i lovboka, som låg på tingbordet, og sagt at det måtte fara ein djevel i sorenskrivaren. Soren-skrivaren Mikkel Lauritsen svarte då: "Du skal få skam for slike trussels ord". Men Jens Skeie gav seg ikkje: "Følg den saa skjer meg ingen urett (!), du har alltid forfulgt meg, så kanst du endnu gjø-re". Dei to hadde såleis vore i tottane på kvarandre før. Då denne saka kom opp som ei eiga sak på det ordinære tinget, orsaka Jens seg med at han hadde vore drukken, og han kunne ikkje leg-gja fram noko prov på at sorenskrivaren hadde vore etter han. Sorenskrivaren baud Jens Skeie personleg forlik, og det enda med at Jens til førstkomande vår (1624) skulle gje sorenskrivaren 100 gode kjøpmannsbord. Men saka var ikkje ute av verda med dette, for det var alvorleg det Jens hadde gjort, både truga sorenskrivaren og uroa tingfreden. Futen påstod 20 dalar i bot etter sitt "goede behagh". Og om det skjedde oftare, skulle Jens Skeie straffast på sin hals, altså lata livet.
Hovudet til Jens Skeie skulle elles koma til å sitja lausare enn som så. Året etter - i 1624 - skulle han, meir og mindre ved eit uhell, koma til å ta livet av grannen Svein Haua. Det var inne på Eide dette hende, i huset til Steffen sagmeister, stefar til Jens. Det kan sjå ut som at Jens kom seg unna med både livet og freden i behald, til sist. Han hadde først hatt kongeleg leidebrev så lenge rettssaka pågjekk. Men då han såg kva veg det bar på bygdetinget, reiste han derfrå. På bygdetinget vart han då dømd fredlaus. Men dommen opna for ei benådning. Såleis heitte det at kongen - kan hende - med gode menns forbøn ville benå-da han "for hans fatige Elendige quinde och Mange Smaa Børns schyld".
Då det vart kravd grunnleiga av Indre Tysse-landssagjå for 1625-1626, heitte det at han som brukte mest i sagjå hadde vorte dømd fredlaus, "saa saadan grundeleye inted ehr At bekomme". Det var Jens Skeie. I alt skulda Jens og medeiga-rane då 30 dalar i grunnleiga. På den andre sida var Jens sjølv på tinget i 1625, og den Johannes Skeie som var kyrkjeverja åra 1626-1628, var sannsynlegvis identisk med Jens Skeie. Såleis har han då vorte benåda. Men han har nok ikkje sloppe unna utan å betala erstatning til Svein Haua sine slekt-ningar. Omlag 20 år seinare måtte Ola Hiim betala 80 dalar for drapet på grannen Pål Foss.
Han var nok ein velstandsmann, Jens Skeie, i sine velmakts dagar. Såleis hadde han i si tid bygd eit "tho Lofft høyt huuss" på Skeie, som truleg var eit hus liknande Guggedals-loftet på Kolbeinstveit i dag. Det kom fram då buet hans vart registrert i samband med drapet på Svein Haua 1624, og loftet var nok som eit status-symbol. Det var elles knapt eit normalt bu som vart lagd fram i 1624, for året før hadde Jens som nemnt vorte dømd til å betala både 20 dalar i bot og 100 kjøpmannsbord i forlik med sorenskrivaren. Men buet åtte mellom anna ei "nye seng med hoffuid-dyne", som tyder dyne og pute, taksert til heile 4 dalar og såleis større verdi enn ei god ku. Der var anna sengetøy, åkle og kvitlar, gryter, reiskap og verktøy, mellom anna enden av eit sagblad med 4 tenner, der var tinnfat, skåler, tretallerknar, ei lita måla kanne, ei sølvskei, "1 Muschæte med geheng ocg Bandeler Baand", 4 kyr, 1 stut, 9 sausmaler og 1 geitsmale.
Jordegodseiga til Jens Skeie vart ikkje registrert i 1624. Vi finn nemleg at han i 1617 åtte både 1 laup smør i Steinbru og like mykje i Vårvik i Sul-dal, samt ½ pund smør i Refsvold (Øystad i Suldal). Steinbru åtte Jens Skeie ved lagtingsdom av 1611. Det var gods han "forlods" (altså før skifte) hadde fått utlagd til eigedom av Saksbjørn Bakka sitt gods, og då som gift med sonadotter til Saksbjørn. Svigerfaren Tormod Saksbjørnson (Steinbru) var død før far sin, Saksbjørn, og lenge før Jens Skeie kom inn i biletet.
I odelsjordeboka 1624 vert Jens Skeie nemnd med 1 laup smør jordegods i Vårvik (altså som i 1617), samt 18 merker smør og 3 spann korn i gard Leirdal (Vikadal?) og 2½ pund 6 merker smør i Steine. "Paa sin Værmoders Vegne" gav Jens Skeie i 1624 skatt av Tveitane (16 merker smør) og Refsvold (½ pund smør).
Det kan sjå ut som at Jens Skeie ikkje berre berga hals og hovud, men berga seg òg bra økonomisk etter dei tunge åra 1623-24. I 1624 ser vi at han pantsette 1 laup smør jordegods i Steinbru til Stein Sjurson på Jelsa, nemleg for 37 dalar Det skulle gje pengar nok til å betala for kjeften på tinget i Vanvik i 1623. I desember 1625 finn vi at Jens Skeie var sjølv på tinget for Sauda og Suldal - altså over eit år etter at han vart dømd fredlaus - og vedgjekk å ha pantsett 1 pund smør i Nedre Tveitane til Hadle Torbjørnson i Vanvik, nemleg for 24 dalar Då må han ha fått benådning. Det er likevel uklart kva som heilt eigentleg skjedde med Jens Skeie. I 1629 finn vi enkja på Skeie og i fleire år vert det gjeve skatt av Skeie utan at noko særskilt namn vert nemnd. Så kom Rasmus inn i listene i 1633, som må ha vore Jens sin son.
Mon det kan ha vore Jens Skeie som hadde gjæser i Gåsavikjå? Å halda gjæser var eit byfenomen, og nærmare ein bymann på garden Skeie finn vi ikkje. Vi kan elles merka oss at Jens hadde husmannen Israel, som sannsynlegvis budde på Fiskeberget (og sidan på Israelsneset). I 1622 hadde Jens ein dreng med same namn som seg sjølv. Det kan ha vore den Jens som året etter var dreng i Erøynå. Så kan Jens Skeie ha hatt ein dreng frå byen som heitte Roal Ellingson. Fiskeberget var ått i hopehav mellom Haua og Skeie. Det var Roal som hadde eit vondt og fandens rykte i Stavanger både for horeri og tjuveri.
Ut frå eit dokument frå 1652 som ligg på Roalkvam i Vikadal (Bakka-gods frå Suldal), veit vi namna på dei dålevande arvingane etter Jens Rasmusson på Skeie. Det var Sebjørn (som nett på denne tida flytta litt inn på Flåtå, til eit bruk på Berge), det var dottera Anna, som var gift med ein Ulrik Mikkelsen (bymann), det var Kari (gift med Hallvard Skeie), det var Eli (gift med Gaute Pederson) og det var Asgjer Jensdotter. Om Eli veit vi at ho var enkja på Steinbru i Suldal før 1658. Då var ho nemleg ei av dei fire kvinnene lausgjenga-ren Johannes Helgeson hadde avla barn med. Han vart forresten dømd til halshogging.
Vi kan trygt rekna med at Jens Skeie og kona - Tormodsdottera frå Steinbru - hadde hatt fleire barn. Såleis finn vi oppsitjaren Rasmus på Skeie frå 1633, som i 1645 budde i lag med ein bror og ei syster, eit noko uvanleg hushald. Han burde ha vore gift for lenge sidan. Samstundes kan han godt ha vore enkjemann. Like eins finn vi åra 1637-1641 ein medbrukar til Rasmus nemnd Gunnar, som like eins kan ha vore ein son av Jens Rasmusson. Gunnar var ein av dei som var med å vitna i samband at Ola Vela vart funnen død i ut- marka i 1640. Begge desse sønene har døydd før 1652, utan livsarvingar. Sonen Sebjørn Berge vart heller ikkje svært gamal.
Rasmus Skeie vart i 1641 stemna av sin sokneprest, Hr. Markus, for ikkje å ha vore i kyrkja ein juladag. Det var brot på ei kyrkjeleg forordning, og då Rasmus ikkje hadde lovleg grunn, vart han dømd til å bøta 1 dalar til dei fattige. Det var mykje ståk og turbulens med denne presten, og det er grunn til å tru at det var ei bevisst handling frå Rasmus si sida å ikkje møta opp. Det kan vi lesa mellom linjene når saka kom fram att noko sei-nare av di Rasmus ikkje ville betala. For det første vart han då dømd til å bøta for ikkje å ha vilja bøta. Det vart då meir enn ei dobbel bot. I tillegg heiter det (noko normalisert): "Belangende hans bedrift i andre måder, da så fremt hand anstiller sig utilbørligen og med fortred her efter enten imod sin sjelesørger eller imod sin øvrighed, så det med billighed kan vore hannem lovlig overbevist, da bør hand straks at rømme her av prestegjeldet uden hand kand have det i minde med øvrigheden og samvolderen". Ettermannen til Rasmus Skeie, Svein Hiim, skulle sidan vitna i saker som gjekk på ufreden Hr. Markus hadde med bror sin Per Sand, nemleg vitnemål både i 1653 (bryllaupet på Hiim) og i 1656.
Etter at Gunnar kom ut av skattelistene i 1641/1642, var Rasmus igjen einebrukar på Skeie nokre år. Men sannsynlegvis var det Gunnar sitt bruk Hallvard Drarvikjå overtok kring 1644/1645, i lag med kona Kari, dotter til Jens Skeie og då truleg syster til Rasmus og Gunnar. Hallvard og Kari sitt bruk var noko mindre enn Rasmus (sidan Svein) sitt bruk. Og slik vart det verande to ulikt store bruk på Skeie frametter like til godt ut på 1800-talet. Grannegardane Haua og Berge var delt heilt likt i to like store bruk.
Hallvard Drarvikjå hadde i unge år tent hos storkaksen på Hylsstronnå, Hadle Vanvik. Han skulle koma til leva og virka på Skeie til han var godt over 80 år. I 1652 finn vi at han kom til forlik med Anna i Ottøynå om 3 dalar han skulda henne.
Rasmus Jensson Skeie må ha gifta seg (opp att) etter 1645. Som faren har han då fått ei Tor-modsdotter frå Suldal, nemleg frå Guggedal. Truleg heitte ho Siri. Dei hadde ikkje barn, og Rasmus må ha døydd før 1652. Året etter er første gong vi finn Svein Hiim på Skeie. Det går fram at han må ha gifta seg med enkja til Rasmus, mellom anna av di ein av dei eldste sønene vert døypt Rasmus. I alle høve er det sikkert at Svein var gift med Tormodsdottera frå Guggedal. Svein hadde i unge år - på 1640-talet - tent i 4½ år hos Gunnilla Ropeid, enkja etter Johannes Ropeid, då ho dreiv halve garden der.
Svein og Hallvard Skeie, og konene deira, skulle vera grannar på Skeie i kring førti år. Det var lenge på denne tida. Særleg fram mot 1700 var det mykje uro og skifte i brukarrekkjene i Sandsbygdå. Svein var den største av dei to på Skeie, både i økonomi og dei verva han hadde. Han var i det heile ein av dei få store i Sandsbyg-då i si tid, på same måten som Jens Skeie noko tidlegare på 1600-talet. I tillegg til garden på Skeie hadde han i mange år eitt av bruka på Haua som underbruk. I 1664 finn vi den 12-13 år gamle son hans innført som brukar der, venteleg mest som ein formalitet.
Både Svein og Hallvard Skeie var elles leiglendingar og gav si landskyld og sine bygselavgifter til prestar i Stavanger. "Giestligheden (d.v.s. geistligheten) eiger och bøxsler gaarden", heitte det såleis i 1649, men i 1661: "Till Capelanen i Staw(anger) med byxell". Frå kring 1650 var Skeie benefisert den residerande kapellan i Stavanger, altså til ein underordna prest i Domkyrkja.
Svein Skeie var kyrkjeverja i to periodar (1652-1655 og 1659-1660), og han står fram som prestemedhjelpar i ei sak 1656. Så var han noko nytta som lagrettemann, medan Hallvard ikkje vert registrert med eit slikt verv. I den vanskelege tida kring 1660 - med skattepress og naud - var Svein Skeie ein av dei som greidde seg særs godt i Jelsa skipreide. I 1661 fekk han det tunge vervet, mellom anna i lag med Anders Hanakam, å vera mellom dei 6 som skulle gå i Jelsa skipreida å krevja inn skatterestan-sar. Det er ingen ting som tyder på at dei tykte det-te var kjekt.
Hallvard Skeie og Hallvard Berge stemna i 1661 og 1662 Sjur Bakka i Suldal, kona hans As-gjer og sonen Nils for garden Vårvik i Suldal, som skulda 1 laup smør. Då vart det og vist til ein lagmannsdom av 1611, som Sjur Bakka meinte "var ulovlig gjort". Dei to Hallvard'ane meinte på si sida at Sjur Bakka heldt seg ulovleg til Vårvik. Dei meinte det var Jens Skeie sine arvingar som med rette skulle eige Vårvik. Hallvard Skeie var då gift med dotter til Jens medan Hallvard Berge var gift med enkja til son til Jens og må ha repre-sentert stebarna. Denne saka førte til eit kardinal-oppgjer om godset etter Saksbjørn Bakka i Suldal, ein kar som døydde alt før 1603 og som var farfar til kona til Jens Skeie. Det heitte seg i dommen 1662 at Jens Skeie sine arvingar skulle fylgja Steinbru, medan Saksbjørn sitt gods elles skulle skiftast alle "hans børn och arffuinger imellom epter landzlougen" (landslova). Hallvard Skeie stemna saka for lagtinget 1667, men der vart underretten sin dom stadfesta. Og, som det heitte, for at ein skulle få ende på denne striden ein gong for alle, skulle alle som vedkom saka stemnast til åstaden, der sorenskrivaren skulle vera til stades for å hjelpa dei til rette. Det var mange dette ved-kom, alle ættlingane etter Saksbjørn Bakka.
Svein Skeie fekk samla seg ein god del jordegods, særleg i Suldal. Såleis skaffa han seg part i Steinbru gjennom kona, altså gamalt Skeie-gods. 1 mark smør fekk han med kona. I 1676 fekk han skøyte på 19 merker smør av Eli Jensdotter Steinbru og sonen Peder Gauteson, samt 3½ mark smør av Hallvard Ormson på Skeie, gran-nen, på vegner av kona. Grannekona og Eli Steinbru var systrer, døtrer av gamle Jens Skeie. I 1680 fekk Svein skøyte på 1 pund smør i Steinbru av Jens Marvik.
I 1672 og 1674 fekk han pantebrev på 1 laup og ½ laup smør i Roalkvam i Suldal av oppsitjarar der og kjøpebrev på 15 merker smør i Kvestad (av Gabriel Havrevold). Same året kjøpte han Ersdalen i Sand. I 1682 kjøpte han 2 pund smør i Ritland i Suldal av president Christen Gram i Stavanger. Året etter selde han 4½ spann korn i Kvestad til svogeren Torkel Vanvik.
I 1662 fekk Svein pantebrev på 1 laup smør i Vanvik (tinglyst 1665), og han kjøpte 1 pund smør i Teig i Sauda av "en dell hans broedere". Han hadde og anna jordegods i Sauda. I 1688 vart han såleis stemna til ei åstadsak mellom Høl-land og Fløgstad som luteigar i Fløgstad saman med Lars Haua og Knut Saua. Det var altså ikkje lite gods han bygde seg opp med.
Det er tydeleg at Svein Skeie var særleg aktiv i skogbruksnæringa, og det er klart at det var det som gav han store innkomer. På eigen gard var han leiglending, men nytta seg av skogen på gardar han åtte sjølv andre stader. I 1675 var det oppe ei sak på tinget mot (svogeren) Torkel Vanvik, nemleg for at han hadde kjøpt opp tømmer ulovleg - mot privilegia til Stavanger by. To bønder frå Roalkvam møtte då og sa at Svein Skeie var deira husbond, og at han fekk deira tømmer, bortsett frå nokre få tylfter som Jørgen Cortsen hadde fått. Også Ola Steinbru gav opp Svein Skeie som husbond. Svein Skeie sa seg sjølv i ei liknande sak same året å ha fått 14 tylfter tømmer frå Roalkvam førre året, samt 2 tylfter frå Steinbru. Det inneverande året hadde han selt og lete hogge nokre bjelkar, men ikkje sagtømmer.
I første delen av 1680-talet finn vi at Svein Skeie saman med sonen Rasmus Haua hadde eine Blankenborg-sagjå på Hustveit.
Svein Skeie var elles i det heile mykje framme i tingbøkene. Han møtte både som vitne, som innklagar og som sjølv innstemnd. I 1675 var han ute etter Klaus Åbø og Guri Hovland for 5 dalar dei hadde skulda han i heile 6 år. I 1676 stemna Svein Skeie ein sambygding, Kittel (Kjell) Hanakam, for ei kyrkjeku. Dette forholdet kan såleis gå attende til 1650-talet, då Svein var kyrkjeverja. I 1682 vart Svein stemna av presten Hr. Søren for førstebygsla til Vanvik. Prestebolet åtte gods i Ytre Vanvik. Same året var han på nytt i sak med Guri Hovland, meinte ho på skifte etter broren Ola Eide hadde teke ei sølvnål. Ho sa sjølv at ho hadde ei fordring hos Ola Eide på ½ dalar, som arvingane ikkje gjekk med på. Guri vart dømd til å gje att nåla, og elles gå retten sin veg om ho meinte seg å ha krav i buet.
1682 var eit travelt år for Svein Skeie i juridisk forstand. Dette året vart han nemleg òg stemna av Ola Sanderson på Vik i Nedstrand som hadde fått låna 20 dalar av han. Som forsikring i lånetida hadde Svein fått eit skøyte. No hadde Ola betalt attende pengane, men sakna heimelsbrevet. Rasmus Haua møtte for far sin, men visste ikkje noko å seia om skøytebrevet. I 1685 vart Svein stemna av Peder og Tore Hanakam for eit ulovleg byte. Hans "medbyttesmann" var Rasmus Tjelmeland, men det går ikkje klart fram kva denne saka eigentleg gjekk på. Pengar som mor til Kittel Hanakam let etter seg var innblanda.
Svein Skeie var stor mann i Sandsbygdå i siste halvpart av 1600-talet. Grannen Hallvard høyrer vi som nemnt mindre til, men han heldt det gåande lenge han òg, trass i nedgangstider og harde år generelt.
Siste gong vi høyrer om Svein er i 1691, då han møtte som vitne i ei åstadsak på Ropeid, og i 1692, då han tinglyste eit skøyte (datert 1676) på gods i Steinbru. Siste gong vi finn Hallvard Skeie er i 1694, då han saman med Ola Sand vart stemna for landskyld av den felles husbonden deira, Hr. Hartvig Godtzen, residerande kapellan i Stavanger. Hallvard skulda to års landskyld av 1 laup smør i Skeie, i alt noko over 5 dalar Han vart dømd til å betala innan 14 dagar. Kan hende var det då han gav opp drifta. I alle høve finn vi to nye brukarar på Skeie frå midt på 1690-talet.
Svein Skeie hadde mange barn, men Skeie var ikkje sjølveige, og barna etablerte seg på andre gardar kringom i Ryfylke. Dei skulle alle koma til å leva i god velstand. 51365
Tjerand Tjerandson Skeie and Guro Ånensdotter
Husband Tjerand Tjerandson Skeie
Born: 1843 - , Etne, Hordaland, Norway Christened: Died: - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Buried:Marriage: - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, NorwayEvents
• Censuses: 1900, Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway.
Wife Guro Ånensdotter 18852
AKA: Guraa Born: 1849 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 18851 Christened: Died: - Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway Buried:
Father: Aanen Ingebretson Østebø 18853 Mother: Anna Halvorsdotter
Events
• Censuses: 1865, Østabø, Sandeid, Rogaland, Norway.
• Censuses: 1875, Østabø, Sandeid, Rogaland, Norway.
• Censuses: 1900, Skeie, Sandeid, Rogaland, Norway.
Children
Tore Skeie and Mallin Skår
Husband Tore Skeie
Born: 12. feb 1916 - Skeie, Hetland, Rogaland, Norway 46044 Christened: 20. apr 1916 - Hundvåg kapell, Hetland, Rogaland, Norway 46044 Died: 29. mar 1990 - Hundvåg, Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 2. apr 1990 - Hundvåg gravlund, Stavanger, Rogaland, Norway
Father: Peder Toreson Skeie Mother: Larsine Jæktevik
Marriage: Cir 1940 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway
Wife Mallin Skår 42576
Born: 16. sep 1916 - Talgje (nord), Sjernarøy, Rogaland, Norway 42951 Christened: Died: 3. jun 2016 - Hundvåg, Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 9. jun 2016 - Hundvåg gravlund, Stavanger, Rogaland, Norway
Father: Søren Skår 5261 Mother: Mallin Karoline Tjeltveit 37722
Children
Torgils Trondson Skeie
Husband Torgils Trondson Skeie
Born: - Skeie, Hetland, Rogaland, Norway Christened: Died: Bef 1371 Buried:
Father: Hirdmand Trond Torgilsson Skeie Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Viking Torgilsson Nordbø
Born: Christened: Died: After 1379 - Nordbø, Rennesøy, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Olov Eriksdotter Marr: Hausken kyrkje, Rennesøy, Rogaland, Norway
General Notes: Husband - Torgils Trondson Skeie
Sjå: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1967 side 156
Hirdmand Trond Torgilsson Skeie
Husband Hirdmand Trond Torgilsson Skeie
Born: Christened: Died: After 1321 - Skeie, Hetland, Rogaland, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Torgils Trondson Skeie
Born: - Skeie, Hetland, Rogaland, Norway Christened: Died: Bef 1371 Buried:
General Notes: Husband - Hirdmand Trond Torgilsson Skeie
Trond Torgilsson Hundvåg er antakeleg den same som Trond Torgilsson som var med å forsegla eit brev for baron og riksråd Sæbjørn Helgeson i 1321 (D.N. II nr 143). Han var hirdmann i 1300.
Sjå: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1967 side 156
Torger Tolleivson Skeipstad and Berta? Skeipstad
Husband Torger Tolleivson Skeipstad 18349
Born: Cir 1626 - Ramsland, Helleland, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1690 - Skeipstad, Helleland, Rogaland, Norway 25740 Buried:
Father: Tolleiv Torsteinson Ramsland 29591 Mother: Siri Torgersdotter
Marriage: Cir 1683 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway 25740Events
• Censuses: 1665, Ramsland, Helleland, Rogaland, Norway.
Wife Berta? Skeipstad
Born: Christened: Died: - Skeipstad, Helleland, Rogaland, Norway Buried:
Other Spouse: Ole Knudson Skeipstad d.e. 25739 - Cir 1692 - Helleland kyrkje, Helleland, Rogaland, Norway
Children
1 F Eli Torgersdotter 14806
Born: Cir 1685 - Skeipstad, Helleland, Rogaland, Norway Christened: Died: - Stavanger, Stavanger, Rogaland, Norway Buried:
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)