Sam Highland and Elsie Lugland
Husband Sam Highland
AKA: Syvert Jakobsen Høyland Born: 26. mar 1856 - Høyland, Årdal, Rogaland, Norway 2873 Christened: Died: 21. jan 1925 - Pontiac, Livingston, Illinois, USA Buried: 24. jan 1925 - Rowe Cemetery, Livingston, Illinois, USA
Father: Jacob Sjurson Høyland 42086 Mother: Anna Knudsdotter
Marriage: 25. sep 1879 - Pontiac, Livingston, Illinois, USAEvents
• Christening confirmation (in church): 13. apr 1856, Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway.
• Censuses: 1865, Høyland, Årdal, Rogaland, Norway.
Wife Elsie Lugland
AKA: Aasa Jonasdotter Born: 27. nov 1859 - Laugaland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3139 Christened: 8. jan 1860 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3139 Died: 17. feb 1948 - Ottawa, La Salle, Illinois, USA Buried:
Father: Jonas Olson Laugaland 18687 Mother: Anna Olsdotter d.e. 13774,42087
Events
• Alt. Birth: 4. dec 1857, Laugaland, Hjelmeland, Rogaland, Norway.
Children
1 F Elsie Highland
Born: 28. jun 1900 - Cornell, Livingston, Illinois, USA Christened: 1. aug 1900 - Rooks Creek Churh, Livingston, Illinois, USA Died: 22. may 1984 - Pontiac, Livingston, Illinois, USA Buried:Spouse: Ralph Nickolas Shepherd Marr: 6. sep 1918 - Pontiac, Livingston, Illinois, USA
Albret Danielson Hiim and Marta Ormsdotter
Husband Albret Danielson Hiim 2739
Born: 1786 - Helland, Sand, Rogaland, Norway 26576 Christened: 12. mar 1786 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 37017 Died: 7. jun 1827 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2930 Buried: 15. jun 1827 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2930
Father: Daniel Pederson Helland Mother: Martha Svendsdotter 24365
Marriage: 24. jun 1810 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2737
Wife Marta Ormsdotter 2740
AKA: Martha, Marthe Born: 1792 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2737 Christened: Died: 13. mar 1881 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 8287 Buried: 23. mar 1881 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 8287
Father: Orm Jonson Hiim 6688 Mother: Ragnele Hadlesdotter 5682
Other Spouse: Lars Olson Hiim 2916 - 30. oct 1830 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1251,2737
Children
1 F Marta Albertsdotter 2736
Born: 1810 - Grov, Sand, Rogaland, Norway 2737 Christened: Died: - Høyvik ytre, Jelsa, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ole Olson Høyvik d.e. 2916 Marr: 1834 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2917,2921
2 M Orm Albertson Hiim 2736
Born: 1814 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2737 Christened: Died: 1901 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2737 Buried:Spouse: Kjersti Larsdotter 9327 Marr: 30. jun 1850 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1251,2737
3 F Berthe Ragnilla Albertsdotter 2736
AKA: Berta Ragnilla, Bertha Ragnhilda Born: 1818 - Grov, Sand, Rogaland, Norway 2737 Christened: Died: 31. dec 1854 - Marvik, Jelsa, Rogaland, Norway 2738 Cause of Death: Død i barselseng. Buried: 9. jan 1855 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 2738Spouse: Ole Johannesson Marvik 307 Marr: 8. oct 1843 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1251,2732
4 M Daniel Albertson Hiim 2736
Born: 1821 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2737 Christened: Died: 1822 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2737 Buried:
Andres Svendson Hiim and Anna Nilsdotter
Husband Andres Svendson Hiim 24382
Born: 1775 - Ørland, Sand, Rogaland, Norway 38495 Christened: 9. apr 1775 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1241 Died: 4. jul 1854 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 4485 Buried: 8. jul 1854 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 4485
Father: Svend Larsson Hauge 2964 Mother: Ragna Nilsdotter 884,1477
Marriage: 1804 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 34009
Other Spouse: Anna Samuelsdotter 34636 - 1835 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 34009
Wife Anna Nilsdotter 2506
Born: 1770 - Mo, Sand, Rogaland, Norway 2505 Christened: Died: 1834 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 34009 Buried:
Father: Niels Johannesson Mo Mother: Kari Torbjørnsdotter 2506
Children
1 M Nils Andersson Sandslandet 21583
Born: 1806 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 34009 Christened: Died: 1869 - Sandslandet, Sand, Rogaland, Norway 7397 Buried:Spouse: Marta Tolleivsdotter 42088 Marr: 1830 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 7397Spouse: Ingeborg Villumsdotter 18377 Marr: 1863 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 7397
Andres Svendson Hiim and Anna Samuelsdotter
Husband Andres Svendson Hiim 24382
Born: 1775 - Ørland, Sand, Rogaland, Norway 38495 Christened: 9. apr 1775 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1241 Died: 4. jul 1854 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 4485 Buried: 8. jul 1854 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 4485
Father: Svend Larsson Hauge 2964 Mother: Ragna Nilsdotter 884,1477
Marriage: 1835 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 34009
Other Spouse: Anna Nilsdotter 2506 - 1804 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 34009
Wife Anna Samuelsdotter 34636
Born: 1798 - Foss, Suldal, Rogaland, Norway 34009 Christened: Died: - Hiim, Sand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Samuel Jonson Foss 34633 Mother: Anna Toresdotter d.e. 16388
Children
Endre Olson Hiim and Anna Tormodsdotter
Husband Endre Olson Hiim 2962
Born: 1624 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: 1700 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried:
Father: Ole Endreson Hiim 4028 Mother: Helga Hiim
Marriage: Cir 1657 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 6094
Other Spouse: Siri Jonsdotter 3339 - Cir 1678 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 6094
Wife Anna Tormodsdotter 2644
Born: Cir 1635 - Guggedal, Suldal, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1676 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried:
Father: Tormod Osmundson Guggedal 2644 Mother: Valborg Olsdotter 5052
Children
1 M Tormod Endreson Tjentland 2740
Born: 1659 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: - Tjentland, Årdal, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Kari Danielsdotter 5201 Marr: Cir 1700 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 7019
2 F Marit Endresdotter 2740
Born: Cir 1661 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: 1732 - Grov, Sand, Rogaland, Norway 19717 Buried:Spouse: Svend Ingemundson Grov 3185 Marr: Cir 1682 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 19717
3 M Ole Endreson Herheim 2740
Born: 1662 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: Cir 1704 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 22192 Buried:Spouse: Ragnhild Bjørnsdotter 8870 Marr: 1696 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4463Spouse: Eli Johannesdotter 1602 Marr: 1699 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 4463
General Notes: Husband - Endre Olson Hiim
Det var dei to yngste sønene til Helga og Ola - Endre og Jon - som overtok på Hiim. Det var dei som vart verande att heime. Alderskilnaden mellom dei var på 8 år. Vi finn at dei to brørne gav
landskyld til klosteret i 1657. Truleg var det i 1656 dei gav sin førstebygsel.
Etter Endre og Jon har garden Hiim vore delt i to like store bruk - i generasjon etter generasjon - like fram til i dag. Delinga vart sjølvsagt godkjend av kloster-administrasjonen. Dei to bruka var gjennom alle år rekna for like gode og like store. Folka på Hiim budde i over 200 år i eit stort fellestun, nemleg fram til kring 1880. Men i rett linje gjekk den gamle Hiim-slekta gjekk ut alt med Endre Hiim, som døydde sist av brørne, kring 1700. Både hans barn og Jon sine barn budde på gode gardar andre stader. Gjennom ei av døtrene til Endre, ho som vart gift over Elvå til Grov, skulle elles slekta sidan koma attende til garden.
Endre Hiim henta kona si frå Guggedal i Suldal. Det var Anna Tormodsdotter. Med henne fekk han med ½ laup og 9 merker smør jordegods i Bråtveit, som dei hadde og tok landskyld av frametter. 1 1672 fekk Endre kjøpebrev på heile 1 ½ laup smør i Bråtveit medrekna dei 15 merker smør "hans quindes arff der samme stedtz" . I 1678 ser vi at Endre Hiim kausjonerte for noko skuld Ølmar Bergjord i Suldal hadde til Jørgen Cortsen. I 1697 bygsla han 1 pund 6 merker smør i Indre Ramsfjell til ein Torstein Isakson, og har altså sete med eigedomsrett i Ramsfjell òg.
På 1660-talet vart det fødd mange barn i begge husa på Hiim. Både store og små vart nok avskremde då tunet vart råka av brann i høyslåtten 1665. Endre Hiim kom for retten nærmare jul same året. Han græt og klaga over at alle husa hadde brunne ned for både han og broren, bortsett frå ei smia. Og alt dei hadde hausta inn av høy gjekk tapt. Dei to fekk skattefridom nokre år, så dei fekk byggja seg opp att. Tømmer og trevyrke var det nok å ta av på garden.
Dei to brørne ser ut til å ha levd i fred både med kvarandre og med grannane kringom. Dei vert begge nytta som lagrettemenn nokre gonger, men er ikkje mellom dei som vert mest nytta til slike verv. Manntala midt på 1660-talet fortel at dei begge heldt seg med kvar sin dreng, somme år med to drenger. Jon hadde i 1664 drengene Ola Helgeson på 16 og Bård Bårdson på 15 år.
Om klostergodset tidleg på 1680-talet heiter det at det "følger Enckedronningen". Det var altså enkjedronninga i København som fekk godt av landskylda til fleire av bøndene på Flåtasiå i Sandsbygdå på denne tida. Leiglendingane Endre og Jon hadde elles sjølv begge sine dei tok avgifter og landskyld av. Det er nemnt at Endre åtte part i Bråtveit. Jon kjøpte i 1674 30 merker smør i Austarå i Suldal av Jacob Tjøstheim og Levar Austarå. Og same året kjøpte han odelsretten til ½ laup smør i Austarå av ei Anna Pedersdotter Austarå vart løyst inn først i 1720 av Nils Sveinson Austarå, og då av arvingane til Jon Hiim. I 1672 hadde Jon Hiim lånt pengar til Osmund Hedland.
Det var den yngste av brørne, Jon, som døydde først, kring 1682. Kort tid etter gifta enkja Lisbet seg opp att med ein kar frå Høyland i Strand. Tormod Jonson heitte han. Han finn vi mellom anna som medeigar i Ås-sagjå kring 1685. Tormod hadde elles ikkje vore lenge på garden då dei i 1683 vart skremde av eit landstrykarfylgje som gjekk til åtak på Svein Grov. Han var i slåtten heime hos kona sitt folk på Hiim.
Anna Tormodsdotter, kona til Endre Olsen Hiim, døydde kring 1676. Endre fekk seg då ei ny kona frå Foss, men ikkje frå grannegarden Foss i Suldal. Ho var frå Foss i Hjelmeland og heitte Siri Jonsdotter. Dei fekk ein son som dei kalla opp etter den avdøde bror til Endre, Jon Hiim. Endre levde sjølv til han var kring 75 år. Han døydde i 1700. Av ei sak i 1697 kan det sjå ut som at han var noko på sidelinja siste åra. Ola Herheim i Sauda, Endre sin son i første ekteskapet, hadde nemleg sett ut ord om at han, når faren var død, ville søka og tiltala stemora for arv han meinte seg å ha etter mor si (som det var skifta etter 21 år før). Dommen i saka vart at Ola Herheim måtte tiltala faren medan han levde, og seinast til neste tingsete, om han meinte seg å resta morsarv. Elles skulle Siri, hennar barn og arvingar vera heilt "fri och angerløsse" for arv Ola Herheim meinte å måtta ha og fordra etter mor si. I buet etter Endre Hiim i 1700 var det jordegods i Bråtveit (2 pund smør), i Ramsfjell (½ laup og 4 merker smør), Vestvoll i Vats (18 merker) og Kalsheim (11 merker smør). Godset i Bråtveit vart selt frå familien først i 1726, nemleg av Svein Grov, Anna Hauga (Hjelmeland) og Jone Silgjerd. 42089
Endre Olson Hiim and Siri Jonsdotter
Husband Endre Olson Hiim 2962
Born: 1624 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: 1700 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried:
Father: Ole Endreson Hiim 4028 Mother: Helga Hiim
Marriage: Cir 1678 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 6094
Other Spouse: Anna Tormodsdotter 2644 - Cir 1657 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 6094
Wife Siri Jonsdotter 3339
Born: 1655 - Foss, Hjelmeland, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: 1722 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried: 15. nov 1722 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
Father: Jon Pederson Foss 3663 Mother: Kari Jonsdotter 13070
Other Spouse: Lars Larsson Hiim 6096 - 1701 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6094
Other Spouse: Ole Danielson Hiim 14908 - 8. jul 1714 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6094
Children
1 M Jon Endreson Silgjerd 2740
AKA: Jone Born: 1683 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: Cir 1744 - Silgjerd, Nedstrand, Rogaland, Norway 20202 Buried:Spouse: Kari Knudsdotter 6427 Marr: Cir 1708 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 20202
2 F Anna Endresdotter 2740
Born: 1689 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: 1765 - Hauge nedre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22025 Buried:Spouse: Odd Jonson Hauge 2757 Marr: Cir 1715 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 22025Spouse: Niels Larsson Hauge 13515 Marr: Cir 1726 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22025
3 M Ole Endreson Hiim 2740
Born: 1698 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Christened: Died: Bef 1701 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried:
General Notes: Husband - Endre Olson Hiim
Det var dei to yngste sønene til Helga og Ola - Endre og Jon - som overtok på Hiim. Det var dei som vart verande att heime. Alderskilnaden mellom dei var på 8 år. Vi finn at dei to brørne gav
landskyld til klosteret i 1657. Truleg var det i 1656 dei gav sin førstebygsel.
Etter Endre og Jon har garden Hiim vore delt i to like store bruk - i generasjon etter generasjon - like fram til i dag. Delinga vart sjølvsagt godkjend av kloster-administrasjonen. Dei to bruka var gjennom alle år rekna for like gode og like store. Folka på Hiim budde i over 200 år i eit stort fellestun, nemleg fram til kring 1880. Men i rett linje gjekk den gamle Hiim-slekta gjekk ut alt med Endre Hiim, som døydde sist av brørne, kring 1700. Både hans barn og Jon sine barn budde på gode gardar andre stader. Gjennom ei av døtrene til Endre, ho som vart gift over Elvå til Grov, skulle elles slekta sidan koma attende til garden.
Endre Hiim henta kona si frå Guggedal i Suldal. Det var Anna Tormodsdotter. Med henne fekk han med ½ laup og 9 merker smør jordegods i Bråtveit, som dei hadde og tok landskyld av frametter. 1 1672 fekk Endre kjøpebrev på heile 1 ½ laup smør i Bråtveit medrekna dei 15 merker smør "hans quindes arff der samme stedtz" . I 1678 ser vi at Endre Hiim kausjonerte for noko skuld Ølmar Bergjord i Suldal hadde til Jørgen Cortsen. I 1697 bygsla han 1 pund 6 merker smør i Indre Ramsfjell til ein Torstein Isakson, og har altså sete med eigedomsrett i Ramsfjell òg.
På 1660-talet vart det fødd mange barn i begge husa på Hiim. Både store og små vart nok avskremde då tunet vart råka av brann i høyslåtten 1665. Endre Hiim kom for retten nærmare jul same året. Han græt og klaga over at alle husa hadde brunne ned for både han og broren, bortsett frå ei smia. Og alt dei hadde hausta inn av høy gjekk tapt. Dei to fekk skattefridom nokre år, så dei fekk byggja seg opp att. Tømmer og trevyrke var det nok å ta av på garden.
Dei to brørne ser ut til å ha levd i fred både med kvarandre og med grannane kringom. Dei vert begge nytta som lagrettemenn nokre gonger, men er ikkje mellom dei som vert mest nytta til slike verv. Manntala midt på 1660-talet fortel at dei begge heldt seg med kvar sin dreng, somme år med to drenger. Jon hadde i 1664 drengene Ola Helgeson på 16 og Bård Bårdson på 15 år.
Om klostergodset tidleg på 1680-talet heiter det at det "følger Enckedronningen". Det var altså enkjedronninga i København som fekk godt av landskylda til fleire av bøndene på Flåtasiå i Sandsbygdå på denne tida. Leiglendingane Endre og Jon hadde elles sjølv begge sine dei tok avgifter og landskyld av. Det er nemnt at Endre åtte part i Bråtveit. Jon kjøpte i 1674 30 merker smør i Austarå i Suldal av Jacob Tjøstheim og Levar Austarå. Og same året kjøpte han odelsretten til ½ laup smør i Austarå av ei Anna Pedersdotter Austarå vart løyst inn først i 1720 av Nils Sveinson Austarå, og då av arvingane til Jon Hiim. I 1672 hadde Jon Hiim lånt pengar til Osmund Hedland.
Det var den yngste av brørne, Jon, som døydde først, kring 1682. Kort tid etter gifta enkja Lisbet seg opp att med ein kar frå Høyland i Strand. Tormod Jonson heitte han. Han finn vi mellom anna som medeigar i Ås-sagjå kring 1685. Tormod hadde elles ikkje vore lenge på garden då dei i 1683 vart skremde av eit landstrykarfylgje som gjekk til åtak på Svein Grov. Han var i slåtten heime hos kona sitt folk på Hiim.
Anna Tormodsdotter, kona til Endre Olsen Hiim, døydde kring 1676. Endre fekk seg då ei ny kona frå Foss, men ikkje frå grannegarden Foss i Suldal. Ho var frå Foss i Hjelmeland og heitte Siri Jonsdotter. Dei fekk ein son som dei kalla opp etter den avdøde bror til Endre, Jon Hiim. Endre levde sjølv til han var kring 75 år. Han døydde i 1700. Av ei sak i 1697 kan det sjå ut som at han var noko på sidelinja siste åra. Ola Herheim i Sauda, Endre sin son i første ekteskapet, hadde nemleg sett ut ord om at han, når faren var død, ville søka og tiltala stemora for arv han meinte seg å ha etter mor si (som det var skifta etter 21 år før). Dommen i saka vart at Ola Herheim måtte tiltala faren medan han levde, og seinast til neste tingsete, om han meinte seg å resta morsarv. Elles skulle Siri, hennar barn og arvingar vera heilt "fri och angerløsse" for arv Ola Herheim meinte å måtta ha og fordra etter mor si. I buet etter Endre Hiim i 1700 var det jordegods i Bråtveit (2 pund smør), i Ramsfjell (½ laup og 4 merker smør), Vestvoll i Vats (18 merker) og Kalsheim (11 merker smør). Godset i Bråtveit vart selt frå familien først i 1726, nemleg av Svein Grov, Anna Hauga (Hjelmeland) og Jone Silgjerd. 42089
General Notes: Wife - Siri Jonsdotter
Siri Jonsdotter gifta seg opp att 1701 med Lars Larsen frå Fuglastein i Jelsa. Dei selde godset i Kalsheim i Leiranger (Nedstrand) i 1709 til Nils Pederson, borgar i Stavanger og busett på Nedstrand.
I neste omgang er det at dei nye mennene til dei to Hiims-enkjene døyr, Tormod i 1705 etter over 20 år ekteskap og Lars i 1712 etter berre 11 år ekteskap. Siri og Lars hadde fått ein son i 1702, nemleg Endre Larsen, som sidan budde som strandsitjar på Sandslandet. Siri nærma seg dei 50 då ho fekk denne sonen.
Dei to enkjene på Hiim var elles ikkje for gamle til å gifta seg opp att for tredje gongen. Og no var det dei to brørne frå Herabakka nytta sjansen. Orm Danielsen, kring 36 år gamal, gifta seg 1706 med den over 30 år eldre Lisbet Pålsdotter. Ola Danielsen, noko over 30 år gamal, gifta seg i 1714 med Siri Jonsdotter. Ho nærma seg 60 år.
Giftarmåla mellom dei to brørne frå Herabakka og gamle enkjer på Hiim 1706 og 1714 var klart strategiske giftarmål, der karane kalkulerte med eit lengre liv enn konene. Slik må dei nok forresten ha tenkt både Tormod Strand og Lars Fuglastein og. Men der slo det feil.
Gardenkjer var ettertrakta, jamvel om dei sat på leiglendingsgardar og såleis ikkje rådde fritt over ressursane på garden. Med omsyn til skogen var det slik at ein leiglending ikkje kunne gjera med gardsskogen som han ville. Forutan husvøla og ved til eige bruk kunne han berre hogga til betaling av halve landskylda. Men i tillegg kunne nok ein leiglending ordna seg med gode avtalar med eigarane for å ta ut meir skog.
Økonomien på Hiim var god. Det går fram av ein rapport om klostergardane i 1702. "Bondens tilstand god", heiter det, kort og godt. Husa var i lovleg stand og alle avgifter og landskyld var betalt. Men dei to bøndene på Hiim skulda "sine kiøbmend i Stavanger for en og anden udborget vahre", nemleg Lars for 7 dalar og Tormod for 5 dalar.
Ti år seinare, i 1712, var stoda noko ringare. Truleg var det krigstida som etter kvart virka inn på økonomien. Den store nordiske krigen førde mellom anna til eit aukande problem med å få drenger på gardane. Vi ser likevel av skoskatten 1711 at det framleis var dreng og taus på begge bruka på Hiim. Orm Hiim (den første av brørne frå Herabakka) hadde dessutan i tillegg "Et lider giædebarn", som fekk klede, men ikkje pengar i løn.
Siri Hiim var enkja i 1712, då klosteret ettersåg garden. Ho åtte sin buskap sjølv, bortsett frå ei leigeku, 2 kviger og 5 sauer "som hendis stifdatter tilhører". Så hadde begge oppsitjarane skuld. Orm Hiim skulda 14 dalar i tenesteløn og 4 dalar som han hadde lånt til betaling av skattar. Dessutan skulda han ei tønne salt for 2 ½ dalar Enkja Siri skulda i alt 30 dalar lånte pengar, nemleg til tenesteløn og "til skatters afklarering". To år seinare fekk ho Ola Herabakka til ny mann, og dei to brørne og familiane hjelpte truleg på kvarandre.
Siri Hiim døydde i 1722, nærmare 70 år gamal. Gamle Lisbet Hiim døydde i 1725, godt over 80 år gamal. Det gjekk ikkje lenge før dei to brørne - enkjemennene - hadde nye koner på plass. Ola Danielson gifta seg i 1724 med ei dotter av Åge Hedland. Ho heitte Torborg og var berre 15 år gamal. Ola var noko over 40. Far til Torborg - Åge Hedland - døydde dette året, og dei arva noko jordegods i Hedland etter han. Torborg var oldebarn til Endre Olsen Hiim. Ho vart altså gift med ein mann som hadde vore gift med "ste-oldemor" hennar. Med Torborg var den gamle Hiims-ætta inne i biletet att, og det er klart at dette ikkje var tilfeldig. 42090
Ole Endreson Hiim and Helga Hiim
Husband Ole Endreson Hiim 4028
Born: - Hauge, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1656 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Buried:
Father: Endre Olson Hauge Mother:
Marriage: Cir 1610 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 20457
Wife Helga Hiim
Born: - Førland, Suldal, Rogaland, Norway Christened: Died: After 1658 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway Buried:
Children
1 F Ingeborg Olsdotter 2962
Born: 1611 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: - Ås, Sand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Halvard Andersson Ås 5840 Marr: Cir 1640 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 15739
2 M Ole Olson Eide 2962
Born: 1613 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1680 - Eide, Sand, Rogaland, Norway 2326 Buried:Spouse: Marta Halvardsdotter Marr: Cir 1643 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2326
3 F Olsdotter 2962
Born: Cir 1614 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1678 - Kolbeinstveit, Suldal, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Kolben Josefson Kolbeinstveit 11867 Marr: Cir 1630 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 35688Spouse: Johannes Helgeson Veka Marr: Cir 1661 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 13563
4 M Svend Olson Skeie 2962
Born: 1616 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1695 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Siri Tormodsdotter 2644 Marr: Cir 1646 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2960
5 F Olsdotter 2962
Born: 1620 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: - Bjerga indre, Sand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Torkel Hadleson Bjerga 4227 Marr: Cir 1645 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 20456
6 M Johannes Olson Underbakke 2962
Born: 1622 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1678 - Underbakka, Suldal, Rogaland, Norway 9876 Buried:Spouse: Larsdotter 2648 Marr: Cir 1652 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 9876
7 M Endre Olson Hiim 2962
Born: 1624 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: 1700 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094 Buried:Spouse: Anna Tormodsdotter 2644 Marr: Cir 1657 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 6094Spouse: Siri Jonsdotter 3339 Marr: Cir 1678 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 6094
8 M Jon Olson Hiim 2962
Born: 1632 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1682 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Buried:Spouse: Elisabet Pålsdotter Marr: Cir 1660 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 15737
General Notes: Husband - Ole Endreson Hiim
Folkeoppfatninga har vore at Hiim er den eldste garden i Sandsbygdå, og at busetnaden har breidd seg vidare utetter frå dette elveneset. Det vert mellom anna peika på at Hiim frå gamalt av var med i to grannlag (belag), nemleg på begge sider av Elvå. Salveson skriv såleis: "Legg ein merke til bidlagi i Sandsbygdi, tyder alt på, at Him er den eldste garden i bygdi". Grannelagskipnaden er nok gamal, men å nytta han som prov på at Hiim er eldste garden i bygdå, er nok for skjematisk.
Meir å lita på i så måte er at Hiim har dei eldste førhistoriske lausfunna som er kjende i Sandsbygdå, nemleg to øksar. Den eine er ei flintøks og den andre ei skaftholsøks, altså ei steinøks med skafthol. Arkeologen Arnvid Lillehammer skriv at flintøksa kan ha vore brukt til å rydda skog til åkerland med. Desse øksane er frå steinalderen, altså frå minst 1500 år før vår tidsrekning byrja.
Rett søraust for driftsbygningen på Larsagarden låg det minst fire rundrøysar og ei langrøys før det vart dyrka der noko ut på 1900-talet. Det skal då ha vorte teke vekk 4 gravhaugar med gravkammer og krukker. Krukkene vart kasta, då dei var i stykker. Ved pløying og jordarbeid på heimebøen, aust for gardshusa, støytte dei ofte på omlag halvmetervide pakningar av skjørbrend stein med trekol i, mest som små gruver (eller kokegroper). Skaftholsøksa vart funnen av Olav Hiim under fjerning av ein grushaug i 1923. Den andre øksa fann gamle Lars Hiim i åkeren omlag på same tida.
Oppe på Hiimsmoen er det registrert 4 rundrøysar, ei langrøys og 2 steinlegningar. Det var eit felt som vart registrert i 1967 i samband med planar om oppdyrking. Den gamle ferdselsvegen frå Sand til Suldal gjekk tvers gjennom dette feltet. Det hadde vore grave i haugane tidlegare, truleg av den svenske (urmakaren) Pettersen, som ei tid budde på Sand. Ved gravhaugane på Hiimsmoen stod ein "kvit stein". Denne hamna anten i grunnmuren til nybygget til sanatoriet eller som fyllmasse i kaien utanfor sjøhuset til Jon Hiim på Sand. Arkeologisk museum har elles registrert tufter både på Vasstøl og Hedlestølen, to av dei gamle stølane til garden Hiim.
Gardsnamnet Hiim er eit usamansett kulturnamn, og desse namna vert rekna mellom dei aller eldste av gardsnamna våre. Namnet tyder rett og slett heim (bustad), ein stad der folk bur. Det finst elles berre ein annan gard i landet med "heim" i usamansett form. Det er i Hemne i Sør-Trøndelag. Som samansett gardsnamn var "heim" derimot mykje nytta. Også dei samansette "heim"-namna er gamle. Stadnamngranskarane reknar at både "vin"-gardane og "heim"-gardane vart rydda før "land"- og "stad"-gardane, nemleg før folkevandringstida (400-600 e. Kr.).
Dersom det var slik at Hiim var den første busette garden, i alle høve i øvre delen av Sandsbygdå, og det var slik at andre gardar vart busette ved at folk flytta ut herfrå, skal vi ikkje sjå bort frå at dei som flytta ut lenge etter på ville sjå på denne garden som "heimen". Skjematisk sett kjem vi heller ikkje nærmare ein opphavsgard i (øvre) Sandsbygdå enn Hiim. Men faktisk kan det like gjerne ha vore slik at fleire bustader vart tekne opp omlag på same tida. Bakgrunnen for det usamansette gardsnamnet Hiim kan då ha vore at huskrøllen midt ute på denne særmerkte elvesletta retteleg tedde seg som ein "heim" sett frå alle kantar, kvar ein kom frå eller såg ifrå.
Garden Hiim har nok vore kontinuerleg busett i over 3000 år. Busetnaden vart til dømes halden oppe i den kriseramma seinmellomalderen. Men det eldste personnamnet finn vi først i 1519.
Om vi ikkje kjenner namna på oppsitjarane før 1519, veit vi at dei var leiglendingar under Halsnøy kloster. Denne klostersamlinga åtte både Hiim, Berge og Haua, altså dei tre øvste gardane på sørsida av Sandselvå, for den del og litt av garden Hanakam. Så åtte klosteret laksefisket nedst i Sandselvå. Halsnøy kloster vart oppretta i 1164, visst nok etter initiativ frå Erling Skakke. Men korleis gardane i Sandsbygdå og laksefisket faktisk kom under klosteret, det får vi aldri veta. At det var ein del av ei godssamling som Erling Skakke gav frå seg ved dette høvet, er såleis berre spekulasjon. At klosteret hadde så mykje jord samla på ein plass i Sandsbygdå, skulle likevel kunne støtta teorien om at dette jordegodset høyrde til klosteret frå byrjinga av.
Gunnar Hiim og familien hans budde på garden i 1519 og i 1521. Det einaste vi elles veit om han er at han, som alle andre i Sandsbygdå, måtte ut med straffeskatt i 1519. Han betalte då i
kopar (1½ pund) og i pengar (7 mark). I 1521 betalte han delar av (den ordinære) skatten i sølv. Vi kan merka oss at det var ein Gunnar på Eide i 1563, men det er knapt nok same mannen.
Påskeaftan 1556 - på Hanakam - vart det skrive eit heimelsbrev på 4 laupar smør i Vanvik og 2 laupar smør i Kvestad. Seljaren var ein Svein Torjusson. Kjøpar var Torjus Osmundson og kona Gunnilla Navarsdotter. Det var hennar odelsgods. Det er ukjent kvar dette ekteparet budde.
Men i heimelsbrevet vert det nytta ei formulering som kan peika på Hiim. Fem namngjevne menn vitna at dei "hørdom handarband oc ord theira Swein Torgeirss' oc Torgyls Asmunds's om kaup oc handforlig att forne(vnte) Swein baud oc solde forne(vnte) Torgyls heim igien til lausnar syn hustrus odal" etc. "Heim" her tyder anten at Torjus budde på Heim (Hiim) eller det viser til at godset vart selt "heim" att, altså attende til den gamle ætta. Kan hende var det denne Torjus (Torgyls) som tok opp Torgålstølen, den nedste av dei fire stølane på Hiim.
Det er nemnt under Vanvik eit ættleggsbrev frå 1555 som må ha lista opp kven som hadde odelen til Vanvik/Kvestad-godset og det er nemnt at dette brevet vart fornya i Bergen i 1591. Når Bergen var staden, kan det ha samanheng med at Halsnøy klostergods var ein eigen jurisdiksjon med Gulating lagmann i Bergen som første appellinstans. Dette kan såleis vera med å styrka teorien om at Torjus budde på Hiim, altså på Halsnøy klostergods.
Dersom Gunnilla og Torjus budde på Hiim, var dei vekke før 1563. Då finn vi nemleg at ein "Ousull po Hiem" gav 2 lott sølv for sin 1-dalars skatt. Drengen Gaute gav halvparten. Den same "Oussull" Hiim gav 5 orter skatt av jordeiga. Han åtte altså jord som han fekk landskyld av. Mannsnamnet på Hiim i 1563 må truleg tolkast som Åsolv, jamvel om det mest er ukjent sidan i Sand sokn. Men Hallvard Gunnarsrød i Sauda hadde ein son Åsolv (fødd omkring 1605). Og eldste son til Trond Berge i Sandsbygdå vart døypt Åsolv kring 1630. Hiim i Sandsoknå gav 4 spann korntiende (kongetiende) i 1567. I Grov gav dei 1 spann meir.
I 1592 var det ei større sak om laksefisket i Elvå mellom kannikane i Stavanger og Halsnøy kloster på den eine sida og 21 bønder i Suldal på den andre sida. Mellom Suldalsbøndene finn vi oppsitjarane på dei tre øvste gardane i Sandsbygdå, Sjur Osmundson i Grov, Torger på Brommeland og "Oluff Roalsen paa Heim". Då hadde altså ein Ola Roalson overteke garden Hiim. Året 1592 er einaste gongen han vert nemnd. Men det er særs truleg at enkja hans ein gong heilt i byrjinga av 1600-talet vart gift opp att med Ola Endreson.
Oppsitjarane på Hiim var leiglendingar under Halsnøy kloster. Etter reformasjonen (1536) vart denne godssamlinga halden intakt og gjeven i len til kongstenarar, gjerne adelsmenn frå Danmark. (Eit "len" var eit territorium eller ei jordegodssamling som kongen stilte til disposisjon som vederlag for militære eller andre tenester, i Noreg i hovudsak administrative tenesteytingar). Først i 1746 vart Halsnøy klostergardane selde, men ennå ikkje til oppsitjarane.
Med Ola Endreson Hiim og kona Helga får vi det første heilt sikre, kjende brukarekteparet på Hiim. Ola skatta på Hiim frå 1603 og frametter. Han gav tredjetake til klosteret 1606, 1609, 1612 og så vidare, 3 dalar kvar gong. Det er elles mogeleg at Helga var andre kona til Ola Hiim. Ei av dei få gongene vi finn namnet hennar, er så seint som i 1657. barna til Ola Endreson vert fødde først frå kring 1605-10, det siste tidleg på 1630-talet. Det er særs truleg at Ola var gift første gong med enkja til Ola Roalson Hiim, nemnd 1592. Difor er det òg han kallar eldstesonen Ola, altså ikkje etter seg sjølv, men etter første mannen til enkja han gifta seg med, slik skikken var. Ola Roalson kan ha døydd så seint som kring 1602 og unge Ola kome til garden i 1603.
På same måte som Åsolv Hiim i 1563 åtte Ola Endreson Hiim jordegods andre stader. Han var altså ein leiglending som sat med jordegodsinnkomer av andre leiglendingar. Det var ikkje ein uvanleg kombinasjon. Såleis åtte Ola i 1617 ½ laup smør i Bergjord i Suldal og 6 merker smør i Nedretveit i Suldal (Nedre Tveitane). Ola Vela åtte omlag det same. Det er ikkje umogeleg at dei to Ola'ne var syskenborn, og anten dottersøner eller sonasøner av ein hypotetisk Ola attende på 1500-talet. Ola Hiim kan for sin del ha vore son til Endre Haua.
I 1624 var Ola Hiim sitt gods i Bergjord redusert frå 36 til 27 merker og i Nedretveit til 3 merker smør. Hallvard Trulsson (Fattland) åtte og i Nedretveit. I 1624 finn vi at Ola åtte 1 pund smør i Teig i Sauda, der Osmund Jørgenson Førland (Suldal) hadde like mykje i ombod for stebarna sine. Ola skatta ikkje av dette i 1624 og 1626, men det har vore same pundet sonen Svein Skeie kjøpte i 1662 "aff en dell hans broedere", altså av nokre av brørne. I 1628 lånte Ola 40 dalar til Engel Gautun, og fekk pant i garden Fisketjønn på det. I 1638 hadde han pengar å låna til Ragnild Bleskjestad i Suldal, med pant i ½ laup smør i Nordmork. Då Ola Hiim døydde kring 1655/56, var det og jordegods i buet i Espeland i Sauda. Det ser vi av eit pantebrev 1683 der syskenlaget på Hiim gjev pant i gods i Espeland til svoger (og medeigar) Torkel Vanvik. I 1644 skatta Ola Hiim av eit jordegods på 2 laupar og 27 merker smør. Året etter måtte han nok ut med store summar for drapet på Pål Foss. Det som gjekk i buet til Ola Hiim kring 1655/56, var berre 1 laup smør jordegods.
Ola Hiim hadde "halv" dreng Peder i 1606, og ein halv dreng Henrik i 1621. "Halv" er her ein skatteteknisk term, der heile drenger skatta det dobbelte av halve. Hiim var ein gard med stort
potensiale, og jo meir mannskap ein hadde å setja inn, jo større utteljing kunne det gje. Henrik Rasmusson "paa Heimb" vart stemna for skatterestanse i 1623. Det må ha vore drengen. Same året måtte han bøta for leiermål. I alt vart han dømd til å bøta 4 dalar, men etter å ha betalt ½ dalar heiter det at det "neppelig faais miere", der var altså neppe meir å få.
I skottetida, tidleg på 1600-talet, finn vi Ola Hiim berre med ein leveranse, nemleg 1 tylft lindetre i 1618-19. Derimot finn vi at Ola Hiim var kyrkjeverja i mange år frametter til 1625, i alle høve frå 1612. Johannes Mo var kyrkjeverja i lag med han fram til 1617. I 1617 fekk Ola Hiim utbetalt 9 dalar som kyrkja skulda han. Kring 1632 fekk han òg pengar att som kyrkja skulda han. Så var Ola Hiim lagrettemann i mange år, siste gong i 1641. I 1622 var han mellom dei sju karane som vart stemna for prestevalet i Jelsa nyleg, der dei hadde valt Markus Pedersen til sokneprest. Peder Hanakam var ein annan av dei sju.
Det er uvisst kven gardkona Helga Hiim var. Dersom vi prøver å tolka bakgrunnen for det godset Ola Hiim hadde i Teig i Sauda, så kan han og Osmund Førland ha vore gifte med kvar si syster. Helga kan i så fall ha vore ei Hallvardsdotter frå Førland. (Hallvard Førland var forresten ikkje ein Trulsson, som det står i Suldalsoga). Det var elles ingen Hallvard mellom barna til Helga og Ola. Ein son Hallvard kan likevel ha døydd ung. Spørsmålet om kven Helga Hiim var, kan like gjerne ha sitt svar i noko av det andre jordegodset Ola Hiim sat med om ein går inn i ei tolking av det.
Ola Hiim fekk mange barn, både søner og døtrer. Dei vart sitjande i velmakt på gardar i Suldal og i Sand. To av sønene, som ikkje var dei eldste, overtok kvar sine halvpartar i garden Hiim. Dei eldste fann seg gardar andre stader. Hiim var ikkje ein odelsgard. I 1645 finn vi at Ola Hiim, forutan for seg sjølv og kona, betalte såkalla koppsskatt for 2 søner, 1 dotter og 1 tenestejente. Det var såleis bra med vakse mannskap på garden.
Det er ikkje så ofte Ola Hiim er framme i tingbøkene for Ryfylke. Det kan ha samanheng med at klostergodset hadde sin eigen jurisdiksjon med eigne tingbøker. Samstundes finn vi stemnemål mot Ola i tingbøkene for Ryfylke både i 1617 og i 1653.
I 1616 finn vi at Ola Hiim var vitne i saka der Håkon Hedland vart dømd for å ha knivstukke Gilbert Black (på Sandslandet). I 1617 vart Ola Hiim og Johannes Mo dømde av lagmannen å børa 8 "ørtuger" og 13 mark sølv i stemnefall. I alt var det snakk om 13½ dalar Det hadde truleg med funksjonen dei hadde som kyrkjeverjer. I 1623 borga Ola Hiim og Sebjørn Åbø for at Jens Skeie skulle betala eit hundre gode kjøpmannsbord i forlik til sorenskrivaren Mikkel Lauritsson, etter at Jens hadde banna til sorenskrivaren og slått handa i lovboka under eit tingsete i Vanvik. I 1628 møtte Ola som vitne i ei sak mot Henrik Sand om ulovleg fiske i "Suldals Elff".
Så er det at Ola Hiim kjem til å ta livet av grannen Pål Foss. Vi kjenner ikkje bakgrunnen for drapet. Tingbøkene vantar for desse åra. Men i sakefallslistene (bøtelistene) 1645/46 finn vi at "Oluff heimb haffde begangit drab paa Pouell Foess". Og det heiter vidare at Ola "bleff frjkiendt och landsuist, haffuer hand bekommit". Han fekk altså "landsvist", eller landsvistbrev. Det var ein type gridsbrev som gav ein drapsmann høve til å kjøpa seg fri mot å betala bøter til kongen og erstatning til arvingane til den drepne. Av sakefallslista går det fram at kongen si kasse ved dette høvet fekk fredningsbot og fredkjøp av 10 merker sølv, nemleg 5 vanlege dalarar og 10 (15?) kurantdalarar. 10 merker sølv er det same som 160 lodd sølv og skulle utgjera i alt 80 dalar Det kan ha vore det Ola Hiim måtte betala til dei på Foss for å sleppa vidare tiltale eller landsforvising. I 1653 finn vi at Ola Hiim saman med Kleng Løland er prestemedhjelparar, så då har han vore restituert heilt etter drapet.
Det kan elles ikkje ha vore snakk om rått drap. Det kan jamvel ha vore slik at det var tilfeldig kven det var av dei to som vart drepne. Særleg i bryllaupa kunne det gå hardt føre seg på denne tida. Dei var raske med å dra kniven av slira. Berre ti år tidlegare var det eit drap i eit bryllaup på Kvestad. Tjue år tidlegare var det eit drap i Eidssjøen. I 1652 gjekk det noko hardt føre seg i eit bryllaup på Hiim. Truleg var det eit av barna til Helga og Ola som gifta seg. Frå dette bryllaupet var det Torkel Fattland vitna at han ikkje visste kva som hadde passert, "effter som hand wahr Meget druchen". No var det elles ingen som vart drepne på Hiim. Men son til Ånon Marvik vart slegen blodig av Johannes Sand. Denne saka går elles inn i konfliktane presten Hr. Markus hadde med broren og brorsønene på Sand. Og slagsmålet mellom son til Ånon Marvik og Johannes Sand kjem heilt i bakgrunnen. Hr. Markus hadde sjølv vore i bryllaupet og hadde bede kjøkemeisteren "kiøre slige aff dørenn som ey vill holde fred". Johannes påstod sidan at presten - farbroren - hadde slege han i bryllaupet på Hiim. Lars Kvestad hadde på si sida kome over Johannes Sand der han sto i vedhuset på Hiim og græt. Lars meinte Johannes skulle snakka godt om farbror sin, men Johannes sa at "fanden" skulle be han om noko, for "hand forfølger Mig og mine". Robert sagmeister vitna at han såg Hr. Markus tok Johannes bak i akslene. Men det var visst det nærmaste dei kom at Hr. Markus hadde lagd hand på brorson sin.
Det kan ha vore noko slektskap mellom Hiim og Marvik. Same året saka frå bryllaupet var oppe til forhøyr, stemna Ånon Marvik Ola Hiim for eit naust han hadde flytta vekk frå Marvik. Ånon meinte det var urett, og ville ha naustet att. Jon Hiim, son til Ola, møtte og sa at faren hadde lova naustet til Ola Håland på vilkår av han sjølv forsvarte dette, truleg då i høve til dei i Marvik. Saka enda med at Ola Hiim skulle "werre i Aannonn Mahruigs Minde", kva no det kan tyda. Naustet kan til dømes vera ein arv Ola Hiim hadde i Marvik.
Etter at Ola Hiim døydde, let enkja Helga dei to sønene ta over kvar sine halvpartar. Helga levde så seint som 1658.
Det var dei to yngste sønene til Helga og Ola - Endre og Jon - som overtok på Hiim. Det var dei som vart verande att heime. Aldersskilnaden mellom dei var på 8 år. Vi finn at dei to brørne gav
landskyld til klosteret i 1657. Truleg var det i 1656 dei gav sin førstebygsel. 42091
Jon Olson Hiim and Elisabet Pålsdotter
Husband Jon Olson Hiim 2962
Born: 1632 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 20457 Christened: Died: Cir 1682 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Buried:
Father: Ole Endreson Hiim 4028 Mother: Helga Hiim
Marriage: Cir 1660 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 15737
Wife Elisabet Pålsdotter
AKA: Lisbet Born: Cir 1640 Christened: Died: 1725 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Buried:
Other Spouse: Tormod Jonson Hiim 3644 - Cir 1682 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
Other Spouse: Orm Danielson Hiim 14908 - 2. jul 1706 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 15737
Children
1 F Helga Jonsdotter 1501
Born: 1660 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 2326 Christened: Died: 1741 - Eide, Sand, Rogaland, Norway 2326 Buried:Spouse: Gunnar Gunnarson Eide 28592 Marr: Cir 1679 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2326Spouse: Haldor Størkerson Eide Marr: 1681 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2326Spouse: Anders Kjetilson Eide 17997 Marr: 1700 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 28591
2 F Ingeborg Jonsdotter 1501
AKA: Ingebor Born: 1661 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Christened: Died: Bef 1748 - Helland, Sand, Rogaland, Norway 17995 Buried:Spouse: Østen Kjetilson Helland 17997 Marr: 6. jan 1701 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 24392
3 M Pål Jonson Søndenå 1501
Born: 1663 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Christened: Died: - Søndenå, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Guro Torgersdotter 6323 Marr: Cir 1690 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 37810
4 M Ole Jonson Underbakke 1501
Born: 1668 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Christened: Died: - Underbakka, Suldal, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingrid Torgersdotter 6323 Marr: Cir 1690 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 2752
5 M Nils Jonson Vidvei 1501
Born: 1670 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Christened: Died: 1748 - Vidvei, Suldal, Rogaland, Norway 4258 Buried:Spouse: Torgersdotter 6323 Marr: Cir 1700 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 4258
6 F Anna Jonsdotter 1501
Born: Cir 1675 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1711 - Hauge, Sand, Rogaland, Norway 2846 Buried:Spouse: Michel Toreson Hauge Marr: 1703 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 2846
General Notes: Husband - Jon Olson Hiim
Det var dei to yngste sønene til Helga og Ola - Endre og Jon - som overtok på Hiim. Det var dei som vart verande att heime. Alderskilnaden mellom dei var på 8 år. Vi finn at dei to brørne gav
landskyld til klosteret i 1657. Truleg var det i 1656 dei gav sin førstebygsel.
Etter Endre og Jon har garden Hiim vore delt i to like store bruk - i generasjon etter generasjon - like fram til i dag. Delinga vart sjølvsagt godkjend av kloster-administrasjonen. Dei to bruka var gjennom alle år rekna for like gode og like store. Folka på Hiim budde i over 200 år i eit stort fellestun, nemleg fram til kring 1880. Men i rett linje gjekk den gamle Hiim-slekta gjekk ut alt med Endre Hiim, som døydde sist av brørne, kring 1700. Både hans barn og Jon sine barn budde på gode gardar andre stader. Gjennom ei av døtrene til Endre, ho som vart gift over Elvå til Grov, skulle elles slekta sidan koma attende til garden.
Jon si kone var Lisbet Pålsdotter. Opphavet hennar er ukjent. Ho kan for den del ha vore dotter av Pål Foss. I så fall vart Lisbet gift med son til han som drap far hennar. Ting tyder som nemnt på at dette ikkje var eit vondsinna drap, og vi veit at det vart oppretta forlik mellom familiane.
På 1660-talet vart det fødd mange barn i begge husa på Hiim. Både store og små vart nok avskremde då tunet vart råka av brann i høyslåtten 1665. Endre Hiim kom for retten nærmare jul same året. Han græt og klaga over at alle husa hadde brunne ned for både han og broren, bortsett frå ei smia. Og alt dei hadde hausta inn av høy gjekk tapt. Dei to fekk skattefridom nokre år, så dei fekk byggja seg opp att. Tømmer og trevyrke var det nok å ta av på garden.
Lisbet og Jon Hiim fekk 3 søner og 3 døtrer. Dei tre sønene vart gifte med systrer frå Vidvei i Suldal, døtrer til Torger Vidvei. Anna og Endre sine to søner vart gifte til Årdal og til Sauda, medan dottera berre flytta over Elvå til Grov.
Dei to brørne ser ut til å ha levd i fred både med kvarandre og med grannane kringom. Dei vert begge nytta som lagrettemenn nokre gonger, men er ikkje mellom dei som vert mest nytta til slike verv. Manntala midt på 1660-talet fortel at dei begge heldt seg med kvar sin dreng, somme år med to drenger. Jon hadde i 1664 drengene Ola Helgeson på 16 og Bård Bårdson på 15 år.
Om klostergodset tidleg på 1680-talet heiter det at det "følger Enckedronningen". Det var altså enkjedronninga i København som fekk godt av landskylda til fleire av bøndene på Flåtasiå i Sandsbygdå på denne tida. Leiglendingane Endre og Jon hadde elles sjølv begge sine dei tok avgifter og landskyld av. Det er nemnt at Endre åtte part i Bråtveit. Jon kjøpte i 1674 30 merker smør i Austarå i Suldal av Jacob Tjøstheim og Levar Austarå. Og same året kjøpte han odelsretten til ½ laup smør i Austarå av ei Anna Pedersdotter Austarå vart løyst inn først i 1720 av Nils Sveinson Austarå, og då av arvingane til Jon Hiim. I 1672 hadde Jon Hiim lånt pengar til Osmund Hedland.
Det var den yngste av brørne, Jon, som døydde først, kring 1682. Kort tid etter gifta enkja Lisbet seg opp att med ein kar frå Høyland i Strand. Tormod Jonson heitte han. Han finn vi mellom anna som medeigar i Ås-sagjå kring 1685. Tormod hadde elles ikkje vore lenge på garden då dei i 1683 vart skremde av eit landstrykarfylgje som gjekk til åtak på Svein Grov. Han var i slåtten heime hos kona sitt folk på Hiim. 42089
General Notes: Wife - Elisabet Pålsdotter
I neste omgang er det at dei nye mennene til dei to Hiims-enkjene døyr, Tormod i 1705 etter over 20 år ekteskap og Lars i 1712 etter berre 11 år ekteskap. Siri og Lars hadde fått ein son i 1702, nemleg Endre Larsen, som sidan budde som strandsitjar på Sandslandet. Siri nærma seg dei 50 då ho fekk denne sonen. Tormod hadde derimot ikkje barn etter seg. Kona var for gamal. Etter at Tormod Hiim døydde i 1705, hadde brørne hans, Ola Alsvik og Jon Kvam i Strand, sak mot svogeren Lars Barkeland i Jelsa for noko pengar dei meinte broren Tormod Hiim hadde hatt inneståande hos han. Lars Barkeland gjorde nøye greie for dei 12 dalar det var snakk om, og dei kom til semje med kvarandre for retten.
Dei to enkjene på Hiim var elles ikkje for gamle til å gifta seg opp att for tredje gongen. Og no var det dei to brørne frå Herabakka nytta sjansen. Orm Danielsen, kring 36 år gamal, gifta seg 1706 med den over 30 år eldre Lisbet Pålsdotter. Ola Danielsen, noko over 30 år gamal, gifta seg i 1714 med Siri Jonsdotter. Ho nærma seg 60 år.
Giftarmåla mellom dei to brørne frå Herabakka og gamle enkjer på Hiim 1706 og 1714 var klart strategiske giftarmål, der karane kalkulerte med eit lengre liv enn konene. Slik må dei nok forresten ha tenkt både Tormod Strand og Lars Fuglastein og. Men der slo det feil.
Gardenkjer var ettertrakta, jamvel om dei sat på leiglendingsgardar og såleis ikkje rådde fritt over ressursane på garden. Med omsyn til skogen var det slik at ein leiglending ikkje kunne gjera med gardsskogen som han ville. Forutan husvøla og ved til eige bruk kunne han berre hogga til betaling av halve landskylda. Men i tillegg kunne nok ein leiglending ordna seg med gode avtalar med eigarane for å ta ut meir skog.
Økonomien på Hiim var god. Det går fram av ein rapport om klostergardane i 1702. "Bondens tilstand god", heiter det, kort og godt. Husa var i lovleg stand og alle avgifter og landskyld var betalt. Men dei to bøndene på Hiim skulda "sine kiøbmend i Stavanger for en og anden udborget vahre", nemleg Lars for 7 dalar og Tormod for 5 dalar.
Ti år seinare, i 1712, var stoda noko ringare. Truleg var det krigstida som etter kvart virka inn på økonomien. Den store nordiske krigen førde mellom anna til eit aukande problem med å få drenger på gardane. Vi ser likevel av skoskatten 1711 at det framleis var dreng og taus på begge bruka på Hiim. Orm Hiim (den første av brørne frå Herabakka) hadde dessutan i tillegg "Et lider giædebarn", som fekk klede, men ikkje pengar i løn.
Jamvel om tilstanden på Hiim generelt vart karakterisert som god i 1712, hadde dei sleppt husa noko ned det siste tiåret. På det eine bruket var det trong for ei husavøla som ville kosta 5 ½ dalar og på det andre bruket ei husvøla for nesten 5 dalar Og medan oppsitjarane i 1702 åtte all buskapen sjølv, hadde Orm Hiim 3 leigekyr. Det var truleg kyr som stebarna hans hadde fått utlagd i farsarv. I arveoppgjeret etter Lisbet i 1725, altså kona til Orm, meinte hennar barn i første ekteskapet at det måtte ha vore pengar i buet. Dei meinte nemleg at stefaren hadde selt jordegods og anna gods for nokre år sidan. Orm sa då han hadde vore nøydd til å bruka pengane til å betala skuld og gjeld med, og såleis var det ikkje reide pengar i buet. Han måtte selja det nemnde godset og be~ halda "andet hans Boehave, som hand til hands jordebrug behøvede". 1 1725 vart det teke ut av buet pengar til å kosta husvøla og uteståande tenarløn med meir, nemleg i alt for 12 dalar og 1 mark. Husvøla kom på i alt 8 dalar, men Orm hadde liggjande 6 vetter never til taktekking til ein verdi av 3 dalar.
Siri Hiim var enkja i 1712, då klosteret ettersåg garden. Ho åtte sin buskap sjølv, bortsett frå ei leigeku, 2 kviger og 5 sauer "som hendis stifdatter tilhører". Så hadde begge oppsitjarane skuld. Orm Hiim skulda 14 dalar i tenesteløn og 4 dalar som han hadde lånt til betaling av skattar. Dessutan skulda han ei tønne salt for 2½ dalar Enkja Siri skulda i alt 30 dalar lånte pengar, nemleg til tenesteløn og "til skatters afklarering". To år seinare fekk ho Ola Herabakka til ny mann, og dei to brørne og familiane hjelpte truleg på kvarandre.
Orm var ein god del nytta som lagrettemann frå 1712 og frametter mot kring 1730. Broren var mindre nytta i så måte. På den andre sida var det han som i 1720, saman med fleire andre, vart stemna til å forklara seg i samband med ein klage på futen Tønder. Og i 1736 var Ola Hiim på same måten framme i ei sak bøndene i fogderiet hadde mot futen Hundt.
Siri Hiim døydde i 1722, nærmare 70 år gamal. Gamle Lisbet Hiim døydde i 1725, godt over 80 år gamal. Det gjekk ikkje lenge før dei to brørne - enkjemennene - hadde nye koner på plass. Orm Danielsen Hiim gifta seg 1725 med ei kring 19 år gamal kvinne frå Kråkedal i Imsland, Marta Samuelsdotter. Orm var då kring 55 år. 42090
Jørgen Bjørnson Hiim and Marthe Samuelsdotter
Husband Jørgen Bjørnson Hiim
Born: 1705 - Eikeland, Vikedal, Rogaland, Norway 1498 Christened: Died: Cir 1763 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Buried:
Father: Biørn Johannesson Eikeland Mother: Sophi Larsdotter 21345
Marriage: Cir 1743 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 1498Events
• Censuses: 1758, Hiim, Sand, Rogaland, Norway.
Wife Marthe Samuelsdotter
Born: 1706 - Kråkedal, Imsland, Rogaland, Norway 15737 Christened: Died: Cir 1763 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 15737 Buried:
Father: Samuel Jakobson Kråkedal Mother: Gurie Olsdotter 1279
Other Spouse: Orm Danielson Hiim 14908 - Cir 1727 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 15737Events
• Censuses: 1758, Hiim, Sand, Rogaland, Norway.
Children
1 M Orm Jørgenson Hiim 1497
Born: 1745 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Christened: Died: Cir 1762 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Buried:
2 M Biørn Jørgenson Eikeland 1497
Born: 1746 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Christened: Died: 1779 - Eikeland, Vikedal, Rogaland, Norway 5328 Buried: 17. oct 1779 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 17Spouse: Siri Bjørnsdotter 3805 Marr: Cir 1770 - Vats kyrkje, Vats, Rogaland, Norway 5328
3 M Samuel Jørgenson Støle 1497
Born: 1747 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Christened: Died: 1784 - Støla, Nedstrand, Rogaland, Norway 7807 Buried:Spouse: Malena Trulsdotter 4677 Marr: 1777 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 7807
4 M Jørgen Jørgenson Hiim 1497
Born: 1750 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Christened: Died: 1761 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 1498 Buried:
Lars Johannesson Hiim d.y. and Ingrid Jakobsdotter
Husband Lars Johannesson Hiim d.y. 19011
Born: 1709 - Fjellberg, Suldal, Rogaland, Norway 520 Christened: Died: 1776 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 34009 Buried:
Father: Johannes Larsson Fjellberg 17876 Mother: Barbro Larsdotter 19011
Marriage: Cir 1742 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 520
Other Spouse: Eli Haldorsdotter 2221 - 1734 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 26578
Other Partner: Gunilla Samsonsdotter 519 - (Unmarried)Events
• Censuses: 1758, Skeie, Sand, Rogaland, Norway.
Wife Ingrid Jakobsdotter
Born: 1698 19717 Christened: Died: 1769 - Skeie, Sand, Rogaland, Norway 6100 Buried:
Other Spouse: Svend Ingemundson Grov 3185 - 30. nov 1732 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 19717Events
• Censuses: 1758, Skeie, Sand, Rogaland, Norway.
Children
Had no children
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)