Omund Jonson Tjessem and Guri Pedersdotter
Husband Omund Jonson Tjessem 7200
Born: 1631 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway 7201 Christened: Died: 1675 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway 7201 Buried:
Father: Jon Ommundson Tjessem 7202 Mother: Gunhild Eriksdotter
Marriage: Cir 1655 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 7201
Other Spouse: Herbor Andersdotter 7057 - Cir 1674 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 7203Events
• Censuses: 1663, Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway.
• Probate: 6. oct 1675, Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway.
Wife Guri Pedersdotter
Born: Cir 1635 Christened: Died: 1674 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Buried:Events
• Probate: 8. oct 1674, Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway.
Children
1 M Erich Ommundson
Born: Cir 1657 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
2 M Jon Ommundson
Born: Cir 1660 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
3 F Ingeri Ommundsdotter
Born: Cir 1663 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
4 F Karen Ommundsdotter 7205
Born: Cir 1667 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: - Hetland, Høyland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Asbiørn Gunnarson Hana 1547 Marr: 1691 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 7205
5 F Kirsten Ommundsdotter
Born: Cir 1672 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
General Notes: Husband - Omund Jonson Tjessem
Det var skifte den 8. oktober 1674 etter Gurj Pedersdotter Tiessem. Enkemannen var Omund og barna var Erik, Joen, Inger, Karj og Kirsten.
Det var skifte etter Odmund Tiessem den 6. oktober 1675 mellom enka Herbor Andersdotter og barna hans: Erich, Joen, Inger, Karen og Kristen. Farfar til barna, Joen Tiessem var til stades.
Omund Halvorson Storesund and Guri Pedersdotter
Husband Omund Halvorson Storesund 17717
AKA: Osmund, Aamund Born: 1743 - Vestbø, Sandeid, Rogaland, Norway Christened: 15. dec 1743 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 18 Died: - Storesund, Torvastad, Rogaland, Norway Buried:
Father: Halvor Halvorson Øverland Mother: Cari Jakobsdotter
Marriage: 1772 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 3948
Wife Guri Pedersdotter 4001
AKA: Gurj Born: 1747 - Prestegarden Hinderå, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: 22. jan 1747 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 3948 Died: - Storesund, Torvastad, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Pederson Maurland 4001 Mother: Ragnhild Jensdotter 1299
Events
• Censuses: 1758, Maurland, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Children
General Notes: Husband - Omund Halvorson Storesund
Ingebret Trulsson and Guri Pedersdotter
Husband Ingebret Trulsson
Born: Cir 1670 Christened: Died: - Bråset, Røyken, Buskerud, Norway Buried:Marriage: Cir 1696 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway
Other Spouse: Anne Brynildsdotter - 9. oct 1707 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 437
Wife Guri Pedersdotter
Born: 1657 Christened: Died: 1707 - Bråset, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 3. apr 1707 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 437
Other Spouse: Ouden Larsson - Cir 1680 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, NorwayEvents
• Probate: 21. sep 1707, Bråset, Røyken, Buskerud, Norway.
Children
1 F Marthe Ingebretsdotter
Born: 1697 - Bråset, Røyken, Buskerud, Norway Christened: Died: Buried:
2 M Hans Ingebretson
Born: 1699 - Bråset, Røyken, Buskerud, Norway Christened: Died: Buried:
Lars Vigleikson Torsteinbø and Guri Pedersdotter
Husband Lars Vigleikson Torsteinbø 1489
AKA: Lauritz Born: 1710 - Selland indre, Sand, Rogaland, Norway 14130 Christened: 16. feb 1710 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 576 Died: 1793 - Torsteinbu (Torsteinbø), Imsland, Rogaland, Norway 32970 Buried: 21. apr 1793 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 17
Father: Vigleik Nilsson Selland Mother: Ragna Svendsdotter 10204
Marriage: 16. jan 1734 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 576,30987
Other Spouse: Lisbeth Sjursdotter 10718 - 5. nov 1742 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 18,10720Events
• Censuses: 1758, Torsteinbu (Torsteinbø), Imsland, Rogaland, Norway.
Wife Guri Pedersdotter 8311
AKA: Guro Born: 1698 - Vela, Sand, Rogaland, Norway 17125 Christened: Died: Cir 1742 - Nevøynå, Sand, Rogaland, Norway 32970 Buried:
Father: Peder Torbjørnson Vela 2506 Mother: Guri Knudsdotter 4041
Other Spouse: Elling Hermannson Ersdalen 7045 - 14. jun 1716 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 30987
Children
1 M Elling Larsson Ersdalen 7045
Born: 1734 - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway 30987 Christened: 2. jul 1734 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway Died: - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway Buried: Status: Twin - dead as child
2 F Karen Larsdotter 7045
Born: 1734 - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway 30987 Christened: 2. jul 1734 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway Died: 1734 - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway 30987 Buried: Status: Twin
3 F Ellen Larsdotter 7045
Born: 1736 - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway 30987 Christened: 10. aug 1736 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway Died: - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway Buried: Status: Dead as a child
4 F Ragna Larsdotter 7045
Born: 1740 - Ersdalen, Sand, Rogaland, Norway 30987 Christened: Died: 1783 - Mykje, Avaldsnes, Rogaland, Norway 33405 Buried:Spouse: Povel Reiarson Falkeid Marr: 24. jun 1770 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 33405
General Notes: Husband - Lars Vigleikson Torsteinbø
I skifte etter Elling (Guri Pedersdotter sin første mann) finn vi nemnd enkja sin "tilkom(ende) festem(and) Knud Pedersen". Vi finn ikkje giftarmålet deira, og det må ha vore han som døydde som Knut Ersdalen i 1732. Han vart gjerne råka av same sjukdommen han òg. I staden vart Guri gift opp att 1734 med ein ung mann frå fjellgarden Selland i Hylsfjorden, Lars Villeikson. Han hadde elles ein bror som gifta seg til Vela året før, Nils Villeikson. Nils sine etterkomarar bur framleis på Vela.
Elling og Guri Ersdalen sin son Hermann vart fødd i 1717. Han gifta seg kring 1741 med ei syster av dei to nemnde brørne frå Selland (altså syster til stefar sin). Ho heitte Ingeborg Villeiksdotter. Dei overtok i Ersdalen medan mor hans Guri og stefaren Lars, som altså var bror hennar, flytta ut til eit plass på Nevøynå. Guri døydde forresten straks etter. Bustaden dei budde på var ikkje lenge i bruk - på det meste berre to år - og det er ukjent kvar den var. Det heiter seg berre "Pladset under Neføen" då det vart skifta der i 1742 etter Guri Pedersdotter.
Lars gifta seg så opp att same året i Imsland med Lisbet Sjursdotter Torsteinbu. I ei sak i 1769 heitte det at Lars hadde budd på Torsteinbu i 27 år då, altså frå 1742.
I kyrkjeboa er det for 21. juli 1743 ført døypt ein gut, Siur, av foreldre Lars Tostenbu og Lisbet Siursdotter. Men denne Siur er ikkje ført død, og i 1745 vert ein Sivard ført døypt. I Sjelemanntalet for 1758 er det dottera Guro som er nemnd 15 år, og Sivard er då nemnd 13 år. Sonen Siur fødd i 1743 må ha døydd liten. Guro må då vere fødd i 1744 og kan hende døypt i Jelsa? Då ho vart konfirmert i 1761 vert ho nemnd 16 år gamal og då ho vart gravlagd i 1822 vert ho nemnd 79 år gamal. Dottera Anna kan vere ho som vart gift i 1795 i Finnøy med Torsten Markusson frå Sauda og som i 1801 budde i Steinnesvågen under Hesby. Anna Larsdotter er då nemnt 51 år og har syster si Ingeborg Larsdotter på 40 år hjå seg.
Dom. Jubilate (21. april) 1793 vart Lars Willechsen Tostenbu gravlagd, 84 år gamal.
Lisbeth Siursdotter Tostenbøe vart gravlagd XIV etter Trinitates (28. august) 1796, 76 år gamal. 50784
Rasmus Olson Ølberg and Guri Pedersdotter
Husband Rasmus Olson Ølberg
Born: Cir 1601 Christened: Died: 1692 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway Buried: 29. mar 1692 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 41368
Father: Ole Ølberg Mother:
Marriage: Cir 1635 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 41368Events
• Probate: 2. sep 1692, Ølberg, Sola, Rogaland, Norway.
Wife Guri Pedersdotter
Born: Cir 1609 Christened: Died: 1691 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway Buried: 27. dec 1691 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 41368Events
• Probate: 2. sep 1692, Ølberg, Sola, Rogaland, Norway.
Children
1 F Anna Rasmusdotter 18524
Born: Cir 1645 - Joa, Sola, Rogaland, Norway 41368 Christened: Died: 1717 - Helland, Sola, Rogaland, Norway Buried: 2. may 1717 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 1315Spouse: Omund Ommundson Helland 27873 Marr: Cir 1665 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 1315
2 M Rasmus Rasmusson Ølberg 18524
Born: 1647 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway 41368 Christened: Died: 1711 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway 41368 Buried:Spouse: Domhild Salomonsdotter 4876 Marr: 16. jun 1672 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 41368
3 F Maren Rasmusdotter 18524
Born: Cir 1650 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway Christened: Died: 1684 - Byberg, Sola, Rogaland, Norway Buried: 16. jan 1684 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 25104Spouse: Jon Jonson Byberg 6958 Marr: Cir 1670 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 25104
4 F Guri Rasmusdotter 18524
Born: Cir 1657 - Ølberg, Sola, Rogaland, Norway 41368 Christened: Died: 1711 - Vistnes, Randaberg, Rogaland, Norway 14242 Buried:Spouse: Hans Toreson Risa Marr: 2. nov 1679 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 29836Spouse: Mons Ivarson Vistnes d.e. 5395 Marr: 1695 - Randaberg kyrkje, Randaberg, Rogaland, Norway 14242
General Notes: Husband - Rasmus Olson Ølberg
Rasmus Olson budde på Joa i 1630. I 1637 bytte han bruk med Eirik Jakobson og flytta til Ølberg. Han er nemnd på Ølberg i alle dei kjende manntala like til 1668 som einbrukar, og i 1673 saman med sonen Rasmus. Skylda på Ølberg auka i hans tid frå 40 til 42 spann. Ein veit mest ingen ting om ætta hans, men Anna Olsdotter som var gift med Mons Håvardson Ølberg, kan vere syster til Rasmus. Rasmus vart gravlagd i 1692, 91 år, skifte etter han 02.09.1692. Kona Guri Pedersdotter veit ein heller ikkje noko om ætta til. Ho vart gravlagd i 1691, 82 år gamal, skifte 02.09.1692. 50785
Rasmus Gitleson Årsland and Guri Pedersdotter
Husband Rasmus Gitleson Årsland 8074
Born: 1708 - Lode, Nærbø, Rogaland, Norway 8073 Christened: Died: Cir 1764 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway Buried:
Father: Gitle Ommundson Lode Mother: Ingeborg Ommundsdotter 15104
Marriage: 1742 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 15117
Other Spouse: Anna Villumsdotter 10652 - Cir 1737 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 15117Events
• Probate: 13. oct 1764, Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway.
Wife Guri Pedersdotter 314
Born: 1721 - Tjemsland søndre, Varhaug, Rogaland, Norway 15116 Christened: Died: Bef 1768 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Ommundson Tjemsland 903 Mother: Berit Eriksdotter 314
Other Spouse: Svend Ellingson Årsland 10611 - 1765 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 15117
Children
1 M Gitle Rasmusson Sør-Varhaug 16171
Born: 1742 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 13996 Christened: Died: 17. oct 1798 - Varhaug søndre, Varhaug, Rogaland, Norway 1565 Buried:Spouse: Guri Bårdsdotter 26175 Marr: 1765 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 13996Spouse: Anna Svendsdotter 6950 Marr: Cir 1783 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 13996Spouse: Berta Pedersdotter 19843 Marr: 30. mar 1788 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 13996
2 F Anna Rasmusdotter 16171
Born: 1744 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Christened: Died: 1791 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:Spouse: Ole Knudson Grøtheim 7060 Marr: 1780 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 10613
3 M Peder Rasmusson Årsland 16171
Born: 1746 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Christened: Died: 1805 - , Stavanger, Rogaland, Norway 15117 Buried:Spouse: Sara Eriksdotter Marr: Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 15117Spouse: Anna Torkelsdotter Marr: 1784 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 15117
4 M Rasmus Rasmusson Årsland 16171
Born: 1750 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Christened: Died: Bef 1788 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Buried:Spouse: This person had no known marriage and no known children
5 F Berta Rasmusdotter 16171
Born: 1758 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Christened: Died: Bef 1764 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Buried:
Svend Ellingson Årsland and Guri Pedersdotter
Husband Svend Ellingson Årsland 10611
Born: 1720 - Auestad, Varhaug, Rogaland, Norway 10606 Christened: Died: 2. aug 1791 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 1565 Buried:
Father: Elling Olson Auestad 7012 Mother: Maren Ellingsdotter 10611
Marriage: 1765 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 15117
Wife Guri Pedersdotter 314
Born: 1721 - Tjemsland søndre, Varhaug, Rogaland, Norway 15116 Christened: Died: Bef 1768 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Ommundson Tjemsland 903 Mother: Berit Eriksdotter 314
Other Spouse: Rasmus Gitleson Årsland 8074 - 1742 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 15117
Children
Had no children
Samuel Jonson Vatne and Guri Pedersdotter
Husband Samuel Jonson Vatne 7200
Born: 1643 - Tjesseim, Høyland, Rogaland, Norway 32173 Christened: Died: 25. apr 1715 - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway 1015 Buried: 5. may 1715 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 1015
Father: Jon Ommundson Tjessem 7202 Mother: Gunhild Eriksdotter
Marriage: Cir 1680 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 16153
Wife Guri Pedersdotter 2989
Born: Cir 1655 - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Samuelson Vatne d.e. 2989 Mother: Kisten Enoksdotter 10605
Children
1 M Peder Samuelson Åse 2989
Born: 1682 - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway 8269 Christened: Died: 1763 - Åse, Høyland, Rogaland, Norway Buried: 16. oct 1763 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 1551Spouse: Dorthe Olsdotter 5468 Marr: 4. nov 1708 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 1015,8269
2 M Joen Samuelson Vatne 16185
AKA: Jon Born: 6. dec 1693 - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway Christened: 6. dec 1693 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway Died: 1747 - Vatne store, Høyland, Rogaland, Norway 15196 Buried: 2. jun 1747 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 1551Spouse: Kari Olsdotter 8268 Marr: 20. jun 1717 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 1015,15196
Bjørn Knudson Ugelid and Guri Pedersdotter
Husband Bjørn Knudson Ugelid 9362
Born: 1595 - Tau, Strand, Rogaland, Norway 20859 Christened: Died: Cir 1660 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 21961 Buried:
Father: Knud Ingebretson Tau 20858 Mother: Kari Bjørnsdotter 17197
Marriage: Cir 1618 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 21961
Wife Guri Pedersdotter 4334
Born: Cir 1598 - Prestegarden (Løvbrekke), Strand, Rogaland, Norway 7599 Christened: Died: 1675 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 21961 Buried:
Father: Peder Larsson Stud 33864 Mother: Marit Toresdotter 7020
Children
1 M Peder Bjørnson Ugelid d.e. 9360
Born: 1619 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 21961 Christened: Died: After 1682 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway Buried:
2 F Kari Bjørnsdotter 9360
Born: 1622 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: Buried:
3 F Ingeborg Bjørnsdotter 9360
Born: Cir 1625 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: Buried:
4 M Christen Bjørnson Riskedal 9360
Born: 1630 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: - Riskedal, Årdal, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Siri Andersdotter 7022 Marr: Cir 1670 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 7617
5 M Peder Bjørnson Sokn d.y. 9360
Born: 1633 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: Cir 1678 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870 Buried:Spouse: Ingeborg Toresdotter Marr: 30. dec 1677 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870
6 F Marta Bjørnsdotter 9360
Born: 1636 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: Buried:
General Notes: Husband - Bjørn Knudson Ugelid
Bjørn Knutson Ugelid betalte skatt i klassen for husmenn og øydegardsmenn i åra frå 1617 til 1644. Dei siste åra var han forarma. Han er så ført i listene over bønder som betalte odelsskatt frå 1646 til inn i 1660-åra. Kona Guri Pedersdotter åtte 1 pund smør i Holta i 1661. Bjørn var lagrettemann i 1631. Bjørn "Hugelj" fekk bot i 1623 av di han slo Odd Sigmundson med ein staur i eit bryllaup på Heggheim. I desember 1634 hadde Bjørn Ugelid stemna Svend Lekvam for retten for ein riksdalar som Svend hadde lova han i åbot på ei leigeku som Svend hadde leigt av Bjørn, som sjølv hadde kua i leige av Bjørn Selvik frå Høle. Ein av sønene til Svend, Torfinn, møtte i staden for faren og sa han visste ikkje noko om dette, og han meinte derfor at faren ikkje burde betale noko. Jakob veland stod så fram og fortalde at han hadde høyrt Bjørn og Svend for to år sidan hadde vorte samde om at Svend skulle betale ein riksdalar for kua. Retten gav dermed Bjørn medhald, men Bjørn på si side måtte betale til Bjørn Selvik. I november 1635 hadde Svend Lekvam framleis ikkje betalt, og nå fastslo retten at dersom han ikkje betalte innan 14 dagar, ville det verte teke "fuld Adferd i hans Boe", og det kom nok til å verte dyrare. I 1661 sat enka etter Bjørn Ugeli med garden. Ho sådde 4 tønner og fødde 1 hest og 10 naut. Garden var skuldsett til 3 vett korn. Munkeliv kloster rådde for bygsla. Guri og Bjørn hadde seks barn. Dottera Marta var truleg ho som i 1673 vart stemna for retten for leiermål med ein Ole Lauritsen. Ole var død då saka kom opp og etterlet seg ikkje noko som kunne takast til bot. 21961
Gunder Johannesson Rørheim and Guri Pedersdotter
Husband Gunder Johannesson Rørheim
Born: 1575 47784 Christened: Died: Cir 1630 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway Buried:Marriage: Cir 1600 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 13902
Wife Guri Pedersdotter 11784
Born: Cir 1570 - Askvik, Jelsa, Rogaland, Norway 13901 Christened: Died: - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Eivindson Askvik Mother:
Other Spouse: Svend Osmundson Fladhetland 4152 - Cir 1597 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 13902
Children
1 M Johannes Gunnarson Tjelmeland 13665
Born: 1600 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway 47784 Christened: Died: Cir 1630 - Tjelmeland, Sand, Rogaland, Norway 4151 Buried:
2 M Svend Gunnarson Silgjerd 13665
Born: 1601 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway 47784 Christened: Died: - Silgjerd, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
3 M Jon Gunnarson Rørheim 13665
Born: 1602 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway 47784 Christened: Died: Cir 1694 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Rønnaug Larsdotter 6161 Marr: Cir 1636 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 45943
4 M Gjert Gunnarson Helle
Born: Cir 1605 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1660 - Helle nedre, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Trulsdotter 3545 Marr: Cir 1630 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 15024,35406,35407
5 M Rasmus Gunnarson Tjelmeland 13665
Born: 1611 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway 47784 Christened: Died: Cir 1690 - Tjelmeland, Sand, Rogaland, Norway 22136 Buried:Spouse: Bergitte Larsdotter 6161 Marr: Cir 1633 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 22136
6 F Guri Gunnarsdotter
Born: Cir 1615 - Rørheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Tendeland, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried: Status: ChallengedSpouse: Ingebret Tolleivson Tendeland 15368 Marr: Cir 1640 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 22889
General Notes: Husband - Gunder Johannesson Rørheim
I Sjernarøyboka er det skriva at Gunnar Johannesson var gift med syster til Odd Osmundson, menn Jess Selvåg refererer til Ætt og Heim av 1981 side 187 og skriv at ho var Guri Pedersdotter og enke etter Svein Osmundson, bror til Gaute Tjelmeland/Flathetland. Ætta hennar er ukjent (står det, men i Jelsaboka står det at ho var dotter til Per Eivindson Askvik). Sjernarøyboka er skriven i 1971 og eg reknar med at det som står i årsheftet 1981 er rett.
Garden Rørheim ligg på Nordsida av Ombo vend mot Jelsafjorden. Garden er førstegong nemnd i 1519 og var då kyrkjegods og høyrde til Vatne prebende.
Gunnar Johannesson er den første ein veit namnet på av denne ættegreina. Han er nemnd som brukar på Rørheim 1603, 1613 og 1630. I 1617 er han ført med 1 laup smør i Vormestrand i Vikedal og i 1624 som eigar av 1 laup smør i Tjelmeland i Sand. I følgje Ryfylke Tingbok A. nr. 6, 1623/1624, makeskifte han Vormestrand med ein Gaute Osmundson Vormestrand. Han fekk att 1 bismarpund smør i øygarden Gjerde under Tjelmeland i Sand. Vidare makeskifte dei ½ laup i Vormestrand mot ½ laup i Tjelmeland. I 1626/1627 fekk så Gunnar tinglyst skøyte på den andre halve smørlaupen i Tjelmeland.
I 1617 var han med på å ferda til Jordeboka for Jelsa Skipreide. Han møtte og som lagrettemann fleire gonger for Jelsa skipreide. I 1588 døydde Fredrik II, og sonen Christian IV blei konge i Danmark og Noreg. Han var då berre 11 år gammal, og difor måtte eit råd på fire medlemer ta hand om styret den første tida. I 1596 blei han myndig og var klar til å ta over roret sjølv.
I Christian IV si tid blei det gjort store framsteg i det norske samfunnet. Folketalet voks sterkt, jordbruksproduksjonen steig, og serleg stor framgang var det i fiske, bergverksdrift og sagbruksverksemd. Christian skal ha litt av æra sjølv for denne utviklinga, serleg når det gjeld veksten i bynæringane. Men Christian IV er også kjend for å ha leia Danmark- Noreg i uheldige krigar, som førte til tap av store landområde og til tøming av statskassen. Men det er eit ord som seier at det aldri er så galt at det ikkje er godt for noko. For å få meir pengar i statskassen, måtte det skrivast ut skattar, og for å kunne skriva ut skattar, måtte ein vita kven ein kunne skattleggje. Frå Christian IV si tid har ein difor mange skattelister og jordebøker. Bøndene var nok ikkje serleg glade for å koma i desse bøkene, men dei har vore til stor nytte, for ikkje å seia glede, for ættegranskarane.
I jordebok for Jelsa skipreide 1617 møter me den eldste ættefaren i mannslinja på Viland. Han heitte Gunnar og er ført opp som eigar av ein halv laup Vormestrand, som tidlegare høyrde til Vikedal, men som nå høyrer til Suldal kommune. Gunnar har vore med å laga denne jordeboka for Jelsa, så han må ha vore ein kjend mann i lokalsamfunnet. Gunnar budde på garden Rørheim, som ligg på den store øya Ombo. Han åtte ikkje denne garden, som var bygslegods. Han var komen til Rørheim ved å gifta seg med enka på garden. Ho heitte Guri Pedersdotter.
Garden Vormestrand var på 3 laupar (216 merker). Av dette åtte Gunnar 96 merker. I 1622 vart det halde målstevne, eit slag rettsmøte på Vormestrand. Ein av brukarane var nyleg død, og Gunnar ville bygsla bort gardparten til den eine sonen sin. Arvingane til den førre brukaren protesterte på dette. Men Gunnar fekk dom på at han var den største parteigar og beste mann, som dei uttrykte det, og at han hadde rett til å la sonen ta over bruket.
I jordeboka for 1624 er ikkje Gunnar nemnd som eigar i Vormestrand. Han hadde makeskifta eigedomen sin i Vormestrand mot ein like stor del av garden Tjelmeland i Sand. Han bytte med ein svoger til kona si. Seinare kjøpte han dessutan ein halv laup i garden for 38 riksdalar og halvparten av øydegarden Gjerde som låg under Tjelmeland, for 30 riksdalar Han betalte vidare 25 riksdalar til forskjellige personar for odelsretten til Tjelmeland. Gunnar er elles ofte nemnt som lagrettemann.
I 1633 kom det ei kongeleg forordning som bestemte at det skulle førast tingbøker over forhandlingane i bygdetinga. Men då hadde dei alt ei heil tid ført tingbøker i Ryfylke. I tingbøkene 1618-1630 er Gunnar ofte nemnd.
I mai 1618 var han såleis til stades på det viktige møtet på Hesby på Finnøy då kongen sitt brev om galeiane blei lese opp: "om en schbrøsrningh her aff arildtz tid haffuer veri udi rrgit, det thill gaffn och bestyrkilse, som nu dtz tid haffuer veri udi rrgit, det thill gaffn och bestyrkilse, som nu schall paa ny restaureres, aff bønderne byggis lade, muntere, prouviantere, besette och vid lige holde med thresinddtztiuffe mænd". Det var erfaringane frå Kalmarkrigen 1611-1613 som hadde fått Christian IV til å gå inn for bygging av galeiar, som skulle setjast inn i forsvaret langs kysten. I møtet på Hesby vedtok bøndene at dei skulle velja representantar til eit seinare møte, der det skulle bli sett opp eit skriftleg svar på kongen sitt brev.
I desember same året måtte Gunnar igjen ro til tinget på Hesby for å representere Jelsa skipreide i den same saka. I september året etter er saka oppe på Hesbytinget for tredje gong, og Gunnar får då vita kva bøndene og leiglendingane i Jelsa må ut med i samband med bygginga av galeiane. Elles møtte Gunnar mange gonger som lagrettemann på ting der dei tok opp eigedomssaker og arvesaker. Ein gong var det ein soldat, som hadde rømt frå tenesta, dei skulle vere på utkikk etter. Ein annan gong drøfta dei eit påbod om hogging av eiketømmer. Dei blei samde om å svara at det ikkje var eiketømmer i Jelsa skipreide. Det ser i det heile ut til at Gunnar har vore ein aktiv mann i bygdestyringa, for å nytta eit moderne uttrykk. I tingboka 19. mars 1624 er Gunnar kalla Gunnar Johansen. Ein av sønene hans heitte Johannes, så namnet på faren har nok vore Johannes. Men kven denne Johannes var, og kor han budde, har det ikkje vore mogleg å finne ut av til denne tid. Ein kjenner heller ikkje til fødsels- og dødsåret til Gunnar, men då eldste sonen er fødd like etter hundreårsskiftet, er de det grunn til å tru at han må ha vore fødd omkring 1575. Den 28. november 1630 stemna han ein mann, Som skulda han landskuld, til tinget. Det galdt garden Vadla, som Gunnar må ha ått ein del av. Det er det siste ein høyrer til Gunnar på Rørheim.
(Sjå også: Rogaland Historie- og Ættesogelag: Ætt og Heim 1954 side 97). 13902,47784,50786
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)