Ole Knudson Grøtheim and Ingeborg Ådnesdotter
Husband Ole Knudson Grøtheim 7060
Born: 1739 - Garborg, Time, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 16. aug 1801 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
Father: Knud Eivindson Garborg 7060 Mother: Guri Hansdotter 6830
Marriage: 1773 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Anna Rasmusdotter 16171 - 1780 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Astrid Ommundsdotter 12284 - 2. feb 1792 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Wife Ingeborg Ådnesdotter 10612
Born: 1743 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 15179 Christened: Died: Cir 1780 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Father: Aadne Hansson Grøtheim 30794 Mother: Kirsten Hansdotter 19372
Events
• Probate: 17. jun 1780, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Children
1 F Kirsten Olsdotter 14489
Born: 1775 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: - Stangeland, Klepp, Rogaland, Norway Buried:
2 M Ådne Olson Garborg 14489
Born: 1777 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 1856 - Garborg, Time, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Stine Pedersdotter Marr: 1816 - Time kyrkje, Time, Rogaland, Norway
General Notes: Husband - Ole Knudson Grøtheim
Ola Knutson Garborg var gift første gong med Ingeborg Ådnesdotter Grøtheim og hadde tre barn med henne. Andre kona var Anna Rasmusdotter Årsland som han også hadde tre barn med. Tredje kona var Astrid Omunsdotter Opstad, dei hadde ikkje barn.
Ola Knutson kjøpte dei 9 spann i Grøtheim av Laurits Ankerman Smith og syster hans i 1773. 10613
Ole Knudson Grøtheim and Anna Rasmusdotter
Husband Ole Knudson Grøtheim 7060
Born: 1739 - Garborg, Time, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 16. aug 1801 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
Father: Knud Eivindson Garborg 7060 Mother: Guri Hansdotter 6830
Marriage: 1780 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Ingeborg Ådnesdotter 10612 - 1773 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Astrid Ommundsdotter 12284 - 2. feb 1792 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Wife Anna Rasmusdotter 16171
Born: 1744 - Årsland, Varhaug, Rogaland, Norway 15117 Christened: Died: 1791 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
Father: Rasmus Gitleson Årsland 8074 Mother: Guri Pedersdotter 314
Children
1 M Rasmus Olson Bø 14489
Born: 1780 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 26. apr 1849 - Bø, Nærbø, Rogaland, Norway 4611 Buried: 5. may 1849 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 4611Spouse: Anne Marie Helgesdotter 14697 Marr: 23. may 1805 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 25467
2 M Ole Olson Øksnevad 14489
Born: 1786 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: - Øksnevad nedre, Klepp, Rogaland, Norway Buried:
3 M Hans Olson Grøtheim 14489
Born: 1790 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: 7. feb 1790 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Died: Bef 1801 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
General Notes: Husband - Ole Knudson Grøtheim
Ola Knutson Garborg var gift første gong med Ingeborg Ådnesdotter Grøtheim og hadde tre barn med henne. Andre kona var Anna Rasmusdotter Årsland som han også hadde tre barn med. Tredje kona var Astrid Omunsdotter Opstad, dei hadde ikkje barn.
Ola Knutson kjøpte dei 9 spann i Grøtheim av Laurits Ankerman Smith og syster hans i 1773. 10613
Ole Knudson Grøtheim and Astrid Ommundsdotter
Husband Ole Knudson Grøtheim 7060
Born: 1739 - Garborg, Time, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 16. aug 1801 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
Father: Knud Eivindson Garborg 7060 Mother: Guri Hansdotter 6830
Marriage: 2. feb 1792 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Ingeborg Ådnesdotter 10612 - 1773 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Other Spouse: Anna Rasmusdotter 16171 - 1780 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 10613
Wife Astrid Ommundsdotter 12284
Born: 1741 - Opstad, Nærbø, Rogaland, Norway 549 Christened: Died: 18. nov 1804 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Buried:
Father: Omund Tjerandson Opstad 12402 Mother: Malena Larsdotter 10411
Children
Had no children
General Notes: Husband - Ole Knudson Grøtheim
Ola Knutson Garborg var gift første gong med Ingeborg Ådnesdotter Grøtheim og hadde tre barn med henne. Andre kona var Anna Rasmusdotter Årsland som han også hadde tre barn med. Tredje kona var Astrid Omunsdotter Opstad, dei hadde ikkje barn.
Ola Knutson kjøpte dei 9 spann i Grøtheim av Laurits Ankerman Smith og syster hans i 1773. 10613
Peder Mikal Pederson Grøtheim and Margrethe Olsdotter
Husband Peder Mikal Pederson Grøtheim 14491
AKA: Michael, Peder Michael, Peder Mikael Born: 23. apr 1819 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: 28. may 1819 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 14492 Died: 20. dec 1891 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 14493 Cause of Death: Kreft. Buried: 31. dec 1891 - Gjesdal kyrkje, Gjesdal, Rogaland, Norway 14493
Father: Michael Aslaksen 14487 Mother: Berthe Helene Reiarsdotter 14489
Marriage: 12. dec 1844 - Time kyrkje, Time, Rogaland, Norway 10613,14495
Wife Margrethe Olsdotter 14494
AKA: Magrete Born: 21. nov 1818 - Undheim store, Time, Rogaland, Norway 37271 Christened: 29. nov 1818 - Time kyrkje, Time, Rogaland, Norway 37271 Died: 9. jan 1863 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 37272 Cause of Death: Nervefeber. Buried: 20. jan 1863 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 37272
Father: Ole Olson Undheim 8121 Mother: Marte Sørensdotter 4542
Children
1 F Ingeborg Berte Mikalsdotter 25544
AKA: Ingeborg Birthe Born: 2. jan 1845 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 37273 Christened: 19. jan 1845 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 37273 Died: 23. apr 1891 - Bø, Nærbø, Rogaland, Norway 14493 Buried: 30. apr 1891 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 14493Spouse: Martin Andreasson Lode 9968 Marr: 15. jun 1871 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 30189,37274
Peder Ådneson Grøtheim and Siri Rasmusdotter
Husband Peder Ådneson Grøtheim
Born: Christened: Died: 1675 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 36359 Buried:Marriage: Cir 1666 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 36359Events
• Probate: 4. dec 1675, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Wife Siri Rasmusdotter 12402
Born: Cir 1620 - Tjemsland nordre, Varhaug, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1691 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Father: Rasmus Torgerson Tjemsland 3126 Mother:
Other Spouse: Bjørn Ellingson Grøtheim - Cir 1637 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 36359
Other Spouse: Lars Taraldson Grøtheim 2901 - Cir 1675 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 15179Events
• Probate: 24. nov 1691, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Children
1 M Ådne Pederson 1103
Born: Cir 1666 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
2 M Mattis Pederson 1103
AKA: Mathias Born: Cir 1667 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
3 F Astrid Pedersdotter 1103
Born: Cir 1668 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1703 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Tore Knudson Marr: Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway
4 F Herborg Pedersdotter 1103
Born: Cir 1669 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: - Sæland, Time, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Torger Torgerson Sæland Marr: Cir 1690 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 1104
Reier Olson Grøtheim and Ingeborg Ingebretsdotter
Husband Reier Olson Grøtheim
Born: 1756 - Opstad, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: 3. jul 1837 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 37275 Buried: 9. jul 1837 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 37275
Father: Ole Reiarson Opstad d.y. 12283 Mother: Astri Helgesdotter 12284
Marriage: Cir 1781 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
Wife Ingeborg Ingebretsdotter 14489
Born: 1752 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ingebret Mikkelson Grøtheim 10611 Mother: Helga Mikkelsdotter 10612
Children
1 F Berthe Helene Reiarsdotter 14489
Born: 1784 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 10613 Christened: Died: 10. jan 1855 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 14490 Buried: 19. jan 1855 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 14490Spouse: Michael Aslaksen 14487 Marr: (Unmarried)
Aadne Hansson Grøtheim and Kirsten Hansdotter
Husband Aadne Hansson Grøtheim 30794
AKA: Odne Born: 1710 - Oma store, Time, Rogaland, Norway 15179 Christened: Died: 1770 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 15179 Buried:
Father: Hans Erikson Oma Mother: Torborg Toresdotter
Marriage: Cir 1740 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 15179
Other Spouse: Anna Toresdotter 4805 - Cir 1752 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, NorwayEvents
• Censuses: 1758, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Wife Kirsten Hansdotter 19372
Born: 1699 - Låge-Håland, Nærbø, Rogaland, Norway 20736 Christened: Died: Cir 1750 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Father: Hans Rasmusson Håland 10405 Mother: Ingeborg Eriksdotter 164
Other Spouse: Halvard Asserson Grøtheim - Cir 1735 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 15179Events
• Probate: 12. oct 1750, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Children
1 M Hans Ådneson Grøtheim 10612
Born: 1741 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 15179 Christened: Died: - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
2 F Ingeborg Ådnesdotter 10612
Born: 1743 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 15179 Christened: Died: Cir 1780 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ole Knudson Grøtheim 7060 Marr: 1773 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 10613
General Notes: Husband - Aadne Hansson Grøtheim
Ådne Hansson var gift første gong med enka etter Halvard Asserson Grøtheim, Kirsten Hansdotter. Det var skifte etter Kirsten 12. oktober 1750. Det er nemnt to barn.
Andre kona var enka etter Jon Rasmusson Horpestad, Anna Toresdotter. Det er ikkje nemnt barn frå andre ekteskap.
Ådne bygsla 9 spann i Grøtheim etter Halvard Asserson. 15179
Aadne Hansson Grøtheim and Anna Toresdotter
Husband Aadne Hansson Grøtheim 30794
AKA: Odne Born: 1710 - Oma store, Time, Rogaland, Norway 15179 Christened: Died: 1770 - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway 15179 Buried:
Father: Hans Erikson Oma Mother: Torborg Toresdotter
Marriage: Cir 1752 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway
Other Spouse: Kirsten Hansdotter 19372 - Cir 1740 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 15179Events
• Censuses: 1758, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Wife Anna Toresdotter 4805
Born: 1707 - Horpestad nedre, Klepp, Rogaland, Norway Christened: Died: - Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Father: Tore Henrikson Horpestad 245 Mother: Alheid Sigbjørnsdotter
Other Spouse: Jon Rasmusson Horpestad 4525 - Cir 1733 - Orre kyrkje, Klepp, Rogaland, Norway 37276Events
• Censuses: 1758, Grøtheim, Nærbø, Rogaland, Norway.
Children
Had no children
General Notes: Husband - Aadne Hansson Grøtheim
Ådne Hansson var gift første gong med enka etter Halvard Asserson Grøtheim, Kirsten Hansdotter. Det var skifte etter Kirsten 12. oktober 1750. Det er nemnt to barn.
Andre kona var enka etter Jon Rasmusson Horpestad, Anna Toresdotter. Det er ikkje nemnt barn frå andre ekteskap.
Ådne bygsla 9 spann i Grøtheim etter Halvard Asserson. 15179
General Notes: Wife - Anna Toresdotter
Anna Toresdotter Horpestad vart gift med Jon Rasmusson frå Skaret i Høyland. Dei hadde tre barn. Jon fekk skøyte på 30 spann i Nedre Horpestad 14. mars 1735 og vert ført til 1748.
24. mai 1746 var det sak mellom han og oppsittarane på Orre om fisket i vatnet, vinterbeite i noko utmark, slått og torvskur og slått i Sjursholmen. Jon fekk rett. Jon døydde i 1750 saman med dei andre skipsfolka ved forlis på reis til København. Anna gifta seg opp att med Ådne Grøtheim som møtte for henne i retten 14. juli 1753. 37276
Gjermund Toreson Grøtjorden
Husband Gjermund Toreson Grøtjorden 37277
Born: 1624 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 37278 Christened: Died: Cir 1667 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 37279 Buried:
Father: Tore Gunnufson Grøtjorden 36871 Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Tore Gjermundson Grøtjorden 14366
Born: 1653 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 37279 Christened: Died: 1717 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 21. feb 1717 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14365
General Notes: Husband - Gjermund Toreson Grøtjorden
Eiga i Grøtjorden må ha kome i 1656-1657. Ole betalte kontribusjonsskatt til og med 1657, men same året er det Gjermund som svara for ein annan skatt, ein skatt på alle husdyr. Denne fekk namnet kvegskatten. Gjermund Grøtjorden med "fløttje" (det må vera Flotten eller Søre Teigen) hadde: 1 hest, 10 storfe, 2 geiter, 18 sauer og 1 gris. Gris eller som det står suin, var det svært få som hadde.
I åra 1657 og 1659 betalte Gjermund skatt til rosstenesten. Han står då som eigar og brukar av 2 huder saman med sine Sødskende. Det kan tyde på at Tore nyleg er død utan at skifte har vore helde. Kanskje var dei ekstra trege med skiftet i denne familien. Noko kan tyde på det etter som det heller ikkje var gjort på dei 2 åra frå 1657 til 1659.
Gjermund betalte kontribusjonsskatt i åra 1658 og 1659. Samstundes står han ført opp som eigar, men det er nok ikkje av heile garden.
Frå 1661 ligg det føre ei registrering av alt jordegods i landet. Grøtjorden står som halvgard: "Grot - Jord. Giermund paaboer, skylder aarlig 3 huder deraff sielff eigende med bøxel 1 hud 7½ skind. Sønnef Torresdatter 4½ skind och Enchen Ederklep under underliggende ødegaard Flotten 1 hud. Til fields uden herlighed. Bonden bøxell."
I 1661 betalte Ingeborg Toresdotter odelsskatt av 3 skinn i Guton og 1 skinn i Grøtjorden. Det må vera dotter til Tore. "Enchen Ederklep" står i 1662 som Ågot Syversdotter. Enchen Ederklep hadde 8 skinn i Teigen i 1661 og 1662. Ho hadde vore gift med Reier Gunulvson Grøtjorden, busett på Eiterklep.
Gjermund betalte leiglendingsskatt i åra 1661-1664. Grøtjorden er nemnd som Fuldgaard.
I manntalet til futen frå 1664 står det: Grøtjorden, halvgard, skyld 2 huder. Oppsittar Gjermund 40 år. Tenestedreng Igel (Jell) Knutson, 16 år.
Presten har frå 1665: Same skyld på garden, Gjermund 41 år. Tenar Igel (Jell) 23 år. Alderen på Igel er ulik, elles går opplysningane heilt i hop.
I ein matrikkel frå 1668 der den gamle skylda i huder og skinn er vurdert og rekna om i nytt mål, har me desse opplysningane: "Grotiorden, schyld 2 huder. Taxeret for 1 schpd. 2½ lpd. Thiende och Leding 30 s. Er til fields uden Lacte Schouff. Bønderne Eyer med Bøxell." "Lacte Schouff" må vera skog for levering til Kongs-berg Sølvverk, målt i lakter.
Gjermund svara for leiglendingsskatt i 1665-1667. No for 2 huder, og garden er omtala som Halfgaard. Amtsrekneskapen for Akershus har eit oversyn over landskyld frå 1668-1672 der Gjermund Grotjord er med. Etter dette skulle Gjermund ha vore i live til 1672, men det kan vera at namnet hans sto i skattelistene etter at han var død.
Gjermund Toreson Grøtjorden var gift med ei ukjent kvinne (ho hadde odelsretten til Kjemhus)og dei hadde minst 5 barn:
1) Tore Gjermundson
2) Eli Gjermundsdotter, f. oml. 1660 - d. 28.09.1730 g.m. Gregar Torgeirson Tandberg ca. 1685.
3) Birgit Gjermundsdotter, g.m. Gunder etter 1705.
4) Anne Gjermundsdotter, d. før 1742 g.m. Gullik Torgeirson før 1705.
5) Gunulf Gjermundson.
Enka etter Gjermund vart gift med han som i 1664-1665 står som tenestegut på garden, Igel/ Egil Knutson. Sjølv om alderen på Igel ikkje er sikker, tyder det på at han var noko yngre enn enka.
På vintertinget 15. februar 1668 gjorde Egil Grøtjorden eit forlik med Kittil Aasberg utan at det står meir om kva striden galdt. Men tek ein for seg tingboka frå 6. februar 1666, kan ein kanskje få ei aning. Kittil vitna noko om bror sin på Aasberg. Samstundes må han ha uttala seg noko gåtefullt om Kjemhus. Slutten var slik: Dette skulle ikkje ha nokon innverknad på den pant Ole Larsson hadde i Kjemhus. Enka etter Gjermund - eller sagt med andre ord - ho som var eller blei kona til Egil, hadde odelsrett til Kjemhus. Kanskje var det kva Kittil sa omkring Kjemhus, som skapte strid. Enden på visa vart i allefall at Kittil skulle betale 1 riksdalar til Egil. Dermed skulle dei vera forlikte.
Under eit ting på Førle i Flesberg 4. mars 1672 la Gisle Grekvar og Grøtjords arvin-gar ved ein fullmektig fram eit krav på 12 riksdalar mot Gulbrand Syverson. Dei påsto at Gulbrand var skuldig desse pengane på eit hestekjøp. Men Gulbrand ville ikkje vedgå å vera skuldig meir enn 7½ riksdalar. Det var han viljug til å betale. Saka må ha blitt utsett.
Ho kom opp att 21. oktober same år. No møtte ikkje Gulbrand, og han vart dømd til å betale 7½ riksdalar innan 14 dagar. I tillegg kom kostnader ved saka.
På tinget 6. juni 1673 vart om lag 16 av bøndene i Uvdal bøtlagde for ikkje å ha møtt på våpentinget og synt fram våpna sine. Blant dei som fekk bot, var Egil Grøtjorden.
Til vintertinget i februar 1674 hadde tidlegare sorenskrivar Hans Jenssen teke ut Rigens stemning mot fleire som var skuldige for skriving av dokument. Blant desse var enka etter Gjermund Grøtjorden som hadde ei gjeld på 6 ort = 1½ dalar. Alle vart dømde til å betale.
Amtsrekneskapen for Akershus for åra 1674-1677 viser: Ole Ramberg åtte 4½ skinn i Grøtjorden, sikkert arv som Sønnev Toresdotter hadde heimanfrå. Resten var "Børnegods och bruges af Besidderen."
I 1677 betalte Egil skatt til rosstenesten for Grøtjorden Halfgaard.
Skattane for Grøtjorden halvgard, skyld 2 huder, utgjorde i 1679:
"Gaardeskatt2-2-00 (dalar ort skilling)
Smør og Kiødskatt0-0-20
Rosstieniste0-3-00
Veimesterpenge0-0-04
I alt3-2-00
Igel Grotiorden hafr kortet og betalt ved sit arbejde til Sølfverket disse 3 rdlr. 2 ort. Ydermeere betalt høe og Kornskat 1 rdlr. 9 3/5 s."
Frå 1681 og framover har futen i rekneskapen sin eit oversyn over kven som er brukarar rundt om på gardane. Under Grøtjorden står "Iggell" som brukar av 2 huder.
Egil /Igel Knutson Kjemhus, f. ca. 1639 /1645 - jf. 31.03.1709. Enka etter Gjermund Toreson Grøtjorden.
2 barn, f. Grøtjorden eller Kjemhus. Kanskje var det fleire barn: Knut f. ca. 1666, Helga f. ca. 1672. 37280
Gunnulf Toreson Grøtjorden and Turid Tordsdotter
Husband Gunnulf Toreson Grøtjorden
Born: - Bøen nordre, Tinn, Telemark, Norway Christened: Died: Bef 1638 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 37281 Buried:Marriage: Cir 1590 - Eggedal kyrkje, Sigdal, Buskerud, Norway 37281
Wife Turid Tordsdotter
Born: - Frøvold, Sigdal, Buskerud, Norway Christened: Died: - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
Children
1 M Tore Gunnufson Grøtjorden 36871
Born: 1595 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 37281 Christened: Died: - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
2 F Arnbjørg Gunnufsdotter 36871
AKA: Anbjørg Born: 1606 - Grøtjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 36869 Christened: Died: Cir 1677 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36869 Buried:Spouse: Gisle Halvorson Grekvar Marr: Cir 1630 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36869
General Notes: Husband - Gunnulf Toreson Grøtjorden
Den 3. mai 1591 møter Gunulv Grøtjorden saman med fleire andre bønder frå Rollag prestegjeld som saksøkjarar i ei sak mot soknepresten Henrik Lauritsson. Presten vart i ein tvist året før dømd til å betale representantar for bøndene kost-haldspengar, men det hadde han vegra seg for. Bøndene ville ikkje finne seg i dette og stemnde presten for tinget. Ved ein 6-mannsdom fekk bøndene medhald. Sjå advokat Heber: Numedals Fortid III, 1. del s.49. At Gunulv var med i denne saka, fortel at han var ein av leiarane i Uvdal på denne tida.
Bonden i "Grotte Jordt" betalte bygningsskatt til Akershus Festning i åra 1593, 1594, 1600 og 1604. Namnet hans er skrive Gunilde, Gunolff, Gunulff og Gunnuld, men det kan ikkje vera tvil om at dette er same mannen. Gunulv har visa seg å vera eit vanskeleg namn å skrive for embetsmennene, og me har det i eit utal av variantar, vridd og forvanska.
Eit utrykt diplom i Riksarkivet, som vart oppretta 15. januar 1598, er innlevert frå Gulsvik i Hallingdal. Det vedkjem "Gryteiordt" i Uvdal. Innhaldet er i korte trekk slik: Gudbrand Knutson som budde i Trommaldt i Flå, selde med samtykke av kona si, Barbro Knutsdotter, til Guttorm Jonson av Gulsvik 6 skinn i "Gryteiordt" for halvtredje dalar kontant. Guttorm var gift med Birgitte Torsdotter, og dette jordegodset var hennar "mødrene gods". Heber dok. 160.
Etter dette må ei kvinne frå Grøtjorden, eller ei som slekta ned derifrå, ha blitt gift rundt 1560-1570 med ein mann som heitte Tor. I arv eller medgift har ho fått 6 skinn i Grøtjorden. Denne kvinna og Tor hadde dottera Birgit, som vart gift med Guttorm Jonson.
Dei 6 skinna i Grøtjorden må ha kome på sal eller blitt skifta ut og hamna hjå Gudbrand Knutson. Han selde dei vidare til Guttorm. Dermed skulle eiga frå Grøtjorden vera komen inn i slekta att. Me har ikkje noko sikkert bevis, men trur Birgitte kan vera i slekt til Frøvold i Sigdal og Kravik i Nore. Sjå Sigdal III, s.984 og Nore III, s.1190.
Neste gong "Gunnulf Grøter Jord" blir omtala, spelar han ei anna rolle i retten. Andre søknedag etter Butolphi (17. juni) i 1601 var han stemna av "Tosten Stierne"/Skjønne for lagmannen i Skien. Tosten hadde møtt fram på Skien Rådstue, men der kom ingen Gunulv. Han hadde heller ikkje gjeve noko bod om at han hadde lovleg grunn til å vera fråverande.
Kva saka galdt kjem ikkje fram, men sidan Gunulv ikkje møtte, avsa lagmann Knut Knutson i Skien syssel saman med "gode menns samtykke" kjennelse for at Gunulv skulle betale Tosten kosthald og reisepengar. I tillegg vart det bot til Kon-gen. Betaling skulle skje innan 1 månad etter at domen var gjort kjend.
Her er døme på at den som var saksøkt, ikkje utan konsekvensar berre kunne la være å møte fram. Denne gongen førte det med seg at Tosten skulle ha godtgjering for omlag 30 mil reise. Advokat Heber har rekna dette ut til 1 mark og 6 eyrir sølv. I tillegg kom bot til Kongen. Etter taksten i Landsloven vart det 1 mark sølv. Heber dok. 169.
Den 30. september 1605 blir det gjort eit makeskifte med jordegods i Grøtjorden. Bjørn Herbrandson i Kyllesdal gjev frå seg jordegods for 9 settingar i Gulsvik og får att av Guttorm Jonson på Gulsvik 9 skinn i Grøtjorden. Desse opplysningane er å finne i eit dokument innlevert til Riksarkivet frå Lensmand Gulsvik i 1847. Blant desse 9 skinna må vera dei 6 som kom til Gulsvik i 1598.
I ei liste over bønder som heldt ein "hageschytter", skarpskyttar, i Kalmarkrigen 1611-1613 står Gunulv Grøtjorden. Det var dei mest velståande som gjorde det. Gunulv er ført opp med 2 huder i Tufto, 1 hud 3 skinn i Tandberg og 1½ hud i Rausgard.
Den 13. januar 1612 pantsette Amund Holgeson i Bjørnsrud med samtykke av kona si, Birgit Endresdotter, 3½ markebol (8 kjørlag i kvart markebol) jordegods i Rudun (Rudi) til Gunulv Toreson Grøtjorden og kona hans, Turid Tordsdotter, for 50 gode "enkende" daler i sølv og 3 kyr. Amund skulle betale årleg landskyld, same som jordleige, av 2 huder og 4 skinn, "hvilket ikke skal avregnes i Hovedsummen, der skal betales med rede Penge, og hvis Landskylden ei i rette Tid erlegges, skal Gunulf selv raade Godset."
Her hadde både seljar og kjøpar samtykke av konene sine. Samstundes får me namnet på dei begge.
Frå 1615-1616 finst det ei jordbok, ei skattegrunnlagsbok, utarbeidd av Enevold Kruse. Boka inneheld oversyn over korleis gardane var verdsette og kven eigarane var. For seg står eit oppsett over nokre store jordeigarar som også hadde betalt for "hageschytter" under Kalmarkrigen 1611-1613. Blant desse og som den største av dei, var Gunulv Grøtjorden. Han hadde gods i følgjande gardar:
Grøtjorden2 huder 3 skinn
Teigen0 8
Tandberg1 3
Aslelandt1 0
Sunde0 5½
Myre0 8
Nørstebø2 0
Rudi2 4
Nørstebø0 4
Bøle0 8
Kyllesdal0 8
Rustrud0 6
Flotten0 6
Ljotegard0 6
I alt13 huder 9½ skinn
Aslelandt syner seg å vera Aasland i Tinn. Flotten = Søre Teigen. Myre = Myran i Nore. Bøle = Bøle i Veggli.
Dette er ei imponerande mengde gods. Likevel ser det ut som Gunulv ikkje hadde hand om heile Grøtjorden. I Sigdal III, s.1055 står: Steingrim Tordson Hovland, gift med Tønni Ormsdotter, åtte 2 skinn i Grøtjorden i 1615. Og side 1160: Steinar Skåla hadde 1 tunne landskyld i Grøtjorden same året.
Her er ein sannsynlegvis inne på slekt til Turid Tordsdotter, kona til Gunulv. Steingrim hadde ei syster, Birgit Tordsdotter, gift til Gulsvik, III s.1099. Også ei Ragnhild Tordsdotter var gift med Steinar Halvardson Kravik. Det må gå ætte-band frå Grøtjorden til Nore, Sigdal og over til Gulsvik.
Elles hadde Arne Barsgrim i Ål prestegjeld 6 løbbol i "Grøteiord" som nok må vera Grøtjorden i Uvdal.
Frå Gallåk vart det i 1920 levert inn eit delvis øydelagt arveskiftebrev. Det må skrive seg frå tida 1615-1622. Mykje jordegods som er med i skiftet, er rekna opp. Blant dette er jordegods i Grøtjorden.
I åra 1617-1630 betalte Gunulv ulike skattar som landskatt, bygningsskatt og garni-sonsskatt. Som merknad står heile tida Fuldgaard.
Oversyn over innbetalt odelsskatt til Brunla Len for 1618 og åra utover til 1630 viser at Gunulv var ein storkakse på jordeigedomar. Så vidt ein kan sjå den største i Numedal på denne tida. Det er tydeleg at han kjøpte og selde heller jamt. Nye gardsnamn dukkar opp i listene frå år til år, men utan at den totale mengde jordegods endra seg svært mykje. Det vil føre for langt å ta med alle desse opplys-ningane, men for dei som vil gå nærare inn i dette stoffet, er det mange små detaljar å finne fram.
Her kjem eit oversyn over kor mykje gods Gunulv hadde samla sett frå 1618 til 1630:
1618:I alt 13 huder 10 skinn
1623:13 8
1625, 26:16 11
1627:16 10
1628:13 11
1629, 30:12 1
Landskatten i 1629 syner at skatteprosenten det året var hard: "Deraff tilkommer Kongl. Mays. ½ parttenn som ehr 6 dlr. 4 s." Det er her snakk om skatt av jordleigeinntekt, den såkalla odelsskatten.
"Register over Nommedal paa den paaboenden almindelige Landschat" for 1626 viser at Gunulv åtte i alt 16 gardar eller gardpartar. Dei svinga i storleik frå 3 huder 5 skinn og ned til 2 skinn, i alt 16 huder 11 skinn. Her vantar berre 1 skinn på 17 huder. Av dette var 1 hud 8 skinn i Flesberg, 1 hud 4 skinn i Rollag, 2 huder i Nore og resten i Uvdal.
Gunulv sin part i Grøtjorden varierte i denne tida frå 1 hud 8 skinn til 2 huder 5 skinn.
Korleis kan ein mann ha blitt så rik? Ved arv? I så fall måtte ein gå vidare med spørsmålet til føregåande generasjonen. Om mange gardar kom på få hender etter svartedauden, må ein rekne med at etter så mange generasjonar ville slikt gods ha vorte spreidd ut att. Det kunne nok vore i ætta, men ikkje samla hjå ein person.
Var Gunulv småkonge eller høvding? Det synest ikkje å vera gode nok argument for det synet.
Kan svaret vera handel? Fehandel eller slaktehandel har gjort mange uvdølingar velståande. Spørsmålet er berre om tilhøva var gode nok så tidleg. Kongsberg var berre i sin "Worden", men det var fleire byar rundt Oslofjorden. Fehandel kunne gje ein god startkapital, men neppe meir.
Gardhandel og utlån av pengar var truleg sikraste vegen til velstand for den som ville bli storrik. Var ein dertil kynisk og nådelaus med å drive inn gjeld, kunne resultatet koma raskt. Om Gunulv var mild eller hard i så måte, veit me ingenting om, men det er vanskeleg å skjøne at nokon kunne samle så stor formue utan å gå raskt og hardt fram.
Eit spørsmål er korleis Gunulv hadde klart å samle alt, eit anna korleis dette vart skifta ut etter Gunulvs dagar. Det skiftebrevet skulle vore interessant og sett. Tingboka frå 22. september 1677 fortel at Nils Kittilson busett i Tessungdalen, etterlyste dette skiftebrevet. Referatet er noko uklart, men det ser ut som Lars Bakke hadde dokumentet og seinare skulle leggje det fram.
I lensrekneskapen for 1621 står ein husmann nemnd, Steinar Grøtteiord. Han betalte ½ dalar i skatt. Seinare treffer me på ein Steinar Gunulvson. Dette var nok ein av sønene til Gunulv.
Blant dei papira Lensmand Gulsvik overlet Riksarkivet i 1847, står dette: "1630. 20 April. Statholder Christopher Urne til Aasmark stevner Gunulf Grøtjorden i Opdal Sogn i Numedal at møde Birgitte Gulsvik af Nes Prestegjæld i Hallingdal paa "Arvetomten" Frøvoll i Eggedal Lørdagen før St. Mickelsdag for af 6 Mænd og Skriveren at faa dom ang. 3 Settinger Skyld i ovennævnte Grøtjorden. Dat. Agershus u. s.."
Me har ikkje funne noko om dette under Frøvoll i Sigdalsbøkene. Truleg vart det ikkje avsagt nokon dom, for det er nok denne saka som held fram i 1631, også etter eit papir sendt inn av Lensmand Gulsvik: "1631. 16. Juni. Birte Gulsvik giver Stener Frøvoll Fuldmagt at møde efter Stevning paa Grøtjorden i Numedal Løverdagen efter Jønsok. Dat. Frøvoll u. s." Steinar var brorson til Birgit. Heller ikkje her kjem det fram kva denne saka førte til.
Den 22. februar 1632 pantsette Gullik Iverson i Opdal 1 markebol - som er 6 kjørlag - i nørdre gard Imingen til Gunulf Grøtjorden for 20 riksdalar. Vanlegvis har 1 markebol stått i 8 kjørlag, men her er det altså verdsett til 6.
Dette er blant dei siste gongene me høyrer om Gunulv. Han er likevel nemnd i ei sak som var for retten i tida 1630-1650. Det kom til strid om åsetesretten til Nord-Grønneflåta. Der kjem det fram at Gunulv Grøtjorden hadde lånt ut 32 riksdalar. Desse hadde Sigrid Kittilsdotter på Nord-Grønneflåta teke på seg å betale attende til Gunulv sine arvingar utan at det var gjort. Dokumentet har ikkje sikker datering, men truleg er det frå 1646-1647. I samband med ein strid om Spikketrå i 1668 står det at den garden då hadde følgt arvingane etter Gunulv i meir enn 30 vintrar. Etter det må Gunulv ha gått bort før 1638. Odd A. Helleberg, Kongsberg har nøye granska Bøen-ætta i Tinn og funne at Gunulv stamma derifrå.
Gunulv Toreson Grøtjorden frå Bøen i Tinn, d. før 1638, var gift med Turid Tordsdotter frå Frøvoll i Eggedal.
Me kjenner til 4 barn:
1) Tore Gunulvson
2) Steinar Gunulvson, kom til Mellom-Kyllesdal
3) Anbjørg Gunulvsdotter
4) Reier Gunulvson, kom til Eiterklep, d. ca. 1661 g.m. Ågot Syversdotter.
Seinare strid om arv etter Gunulv viser at det nok var fleire barn. 37282
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)