Collung Mikkelson Sokn
Husband Collung Mikkelson Sokn
AKA: Colling Born: 1574 14547 Christened: Died: Cir 1669 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 14547 Buried:Marriage:Events
• Censuses: 1664, Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway.
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Michell Kollungson Lunde 13309
Born: Cir 1610 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Lunde søndre (Åmøy), Hetland, Rogaland, Norway Buried:
2 M Christen Kollungson Meling 13309
Born: 1614 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Meling, Hetland, Rogaland, Norway Buried:
3 M Jens Kollungson Meling 13309
Born: 1622 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Meling, Hetland, Rogaland, Norway Buried:
4 M Peder Kollungson Sokn 13309
Born: 1631 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: 1705 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 2. feb 1705 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 297
5 M Ommund Kollungson Sokn 13309
AKA: Amund, Aamund Born: 1634 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: 7. sep 1704 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 29882 Buried:Spouse: Kirsten Rasmusdotter Marr: 10. jun 1683 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 297,29882
6 M Hans Kollungson Vareberg 13309
Born: 1641 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 14547 Christened: Died: 1723 - Varaberg, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 19. dec 1723 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 297
General Notes: Husband - Collung Mikkelson Sokn
Soga om Sokn - ei grøderik øy.
Klemt mellom Bru i sør, Mosterøy i nord og Åmøy i aust har Sokn aksla seg rom i fjorden. Øya gjer lite av seg, lita og låg som ho er. Soknaklubben, det høgaste punktet, rekk så vidt opp i 25 meter. Og om lag same høgda når Soknahodnet midt på øya og Århusbakken heilt i vest. Då dei fyrste menneska flakka kring på Rennesøy og Mosterøy, voks det tare sjølv på høgaste Soknaklubben. Avstandane her er heller ikkkje store. Frå Krossen i sørvest til Golhaug i nordaust var det jamt to kilometer. Og på det breiaste, frå sør til nord, var det 800 raske meter. Heile flata er 1,31 kvadratkilometer, helvta av Bru. Men som grannen i sør, er også Sokn svært grøderik, ikkje minst takka vera eit fruktbart jordsmonn, fyllitt berggrunn og eit gunstig klima.
Her er og framifrå hamner, serskilt ved Svinavika i Soknasundet og innanfor Lamholmen. Og i dei grunne og for det meste lune sunda kring øya var det gode vilkår for jakt og fiske.
Sjølv om øya er lita, har det vore folk her mest sidan ho braut vassflata. At øya var så låg, gav henne kanskje namnet. Magnus Olssen meiner Sokn kjem av soekja, som mellom anna tyder "å storma fram". Kanskje var øya så låg at ho ikkje på same vis som Bru og Mosterøy gav livd for nordvesten?
Forhistorisk tid
Spora etter folk er gamle på øya, dei skriv seg heilt frå steinalderen. Kring 4000 f. Kr., då dei fyrste kurauta høyrdest over fjordane her, søkte jegerfolket Sokn. Her sette dei opp hyttene sine. På ei flate eit par steinkast nord for Boknahodet, gløymde dei etter seg ei skaftholsøks av sandstein, ein dolk eller spydspiss av flint, tri flintflekker og nokre flintstykke elles.
Desse gjenstandane høyrde nok til ein flokk som flakka rundt på øyane her på jakt etter fisk og vilt, dei var nok ikkje bufaste nokon stad. Havet sto og fire-fem meter høgare enn i dag og fløymde mellom anna nord på øya eit par hundre meter lenger inn enn nå.
Men landet steig og klimaet blei betre. Skogen på øya grodde seg stadig tjukkare, med meir varmkjære treslag som eik og ask. Og på fastlandet grynta villsvina i eikeholta. På denne tida tok folket til å bli bufaste. Sjølv om dei framleis dreiv jakt og fiske, blei kornet og buskapen stadig viktigare. Dei reiste seg hus til å bu i heile året og svidde av glenner i skogen der dei sådde kornet sitt. Etter eit par år var jorda utarma og dei svei av ei ny glenne.
Det er elles lite me veit om desse fyrste bufaste på Sokn. Men over ein av dei blei det reist ei stor rundrøys på kring 24 meter i tverrmål. Sidan er det teke stein frå haugen slik at han har skrumpa til kring 20 meter i tverrmål. Høgda er kring 2,5 meter. Haugen var såleis mellom dei største på øyane her og gav godt utsyn vest over leia.
Kring 500 f.Kr. blei klimaet mykje ringare. Likevel dreiv dei jordbru-ket som før. Men nå vann ikkje skogen å henta seg inn for kvar gong. Han forsvann, og i staden grodde gras og lyng slik det i hovudsak har vore inn til vår eiga tid.
Truleg blei det ikkje brot i busetnaden på ein så god gard som dette. Ein og annan som budde her i tida som fylgde fekk også sin gravhaug. Størst var Golhaug heilt nordaust på øya med sine 18 meter i tverrmål. Namnet tyder helst "Gullhaugen". Det lyder på at det anten er funne gull der, eller at det gjekk segn om ein gullskatt i haugen. 24 meter søraust for denne haugen, ligg ein langhaug med ei lengd på 42 meter og ei breidd på fem meter, men som bare er 3/4 meter høg. Begge blei reiste i jernalderen.
Det må det ha vore storfolk som blei lagde i desse haugane. Og dei må ha kjend seg knyta til havet - nett som dei som ligg i haugen ved Grottnes og i Århus-bakken, begge desse haugane ligg med utsikt over sjøen. Likevel har me ikkje haugar i nærleiken av det gamle tunet opp av Svinavika, der delar av det gamle tunet også ligg i dag. Men ein gong i vikingtida reista dei ein bautastein. Og på eit nes heilt vest i Soknasundet blei det sett opp ein stor steinkross.
Slik det står, er det nok ikkje sett for å samla folk til messe, som det vanleg var med andre slike krossar. Kanskje er det reist over kong Tryggve og dei som fall med han i slaget mot kong Svein i Soknasundet i 1032. I alle fall er krossen sett opp ved overgangen til kristen tid.
Eigedomstilhøve
På denne tida var Sokn truleg adelsgods. Rett etter reformasjonen låg landskylda på 162 spann korn, 18 spann meir enn for Bru. I heile prestegjeldet var bare fire gardar større! Då var det to eigarar til garden, Utstein Kloster og Halsnøy Kloster. Garden var då delt med 90 spann i den øvre parten til Utstein Kloster og 72 spann i den nedre til Halsnøy Kloster.
Truleg høyrde garden til den velståande adelsætta som Erling Skakke og sonen Magnus Erlingson stamma frå. Då så Halsnøy Kloster blei oppretta etter lovnad av Erling Skakke i 1164, må me tru at Nedre Sokn var mellom det jordegodset som blei lagt til klosteret. Sidan blei den øvre garden lagt til Utstein Kloster utan at me veit nett når det skjedde. Me kan gissa på at kong Magnus Lagabøter var den ansvarlege ein gong i 1260-åra då han let munkane ta over kongsgarden på Utstein til kloster.
Kor mange bønder det fanst på garden då, er uvisst. Dei må ha vore minst to, sidan det var tale om den øvre og den nedre garden. Men helst var dei fire som det var vanleg gjennom delar av 1500-talet og 1600--talet.
Busetnadsutvikling
I 1349 kom Svartedauden med omfattande avfolking. For Sokn sitt vedkomande trur me det budde att tri familiar på garden kring 1520. Det vil seia at kanskje bare eitt bruk blei lagt øyde. Ein kortare periode midt på 1500-talet var dei på ny fire bønder på øya. Men før hundreåret var omme, var dei på ny tri brukarar på Sokn.
Det tok langt tid før Sokn nådde gammalt nivå igjen. Serleg midt på 1600-talet var tidene ringe, og då helst på den øvre delen eller bruk 3 og 4 som høyrde til Utstein Kloster. Frå slutten av 1640-åra blei heile denne delen av øya avfolka. Difor var også Utsteinparten langt ringare "Udj Agger och Engh", som det heitte i 1668.
Frå 1649 til 1666 fanst det difor bare to bønder på øya. Tri bruk blei det fyrst i 1666 då bruk 1 blei delt i to nye bruk mellom dei to sønene på parten. Men Utstein-parten låg framleis øyde. Eventuelle leiglendingar skulle eigentleg ha betalt 90 spann i leige for denne jorda. Dette meinte takstmennene var alt for høgt, etter kvaliteten skulle det halda med 57 spann. Også Halsnøy kloster sin del var høgt skyldsett. Men denne delen var i det minste busett og mykje betre enn den andre delen. Difor fekk det halda med å setja landskylda her ned frå 72 til 63 spann.
Dette framlegget blei teke til fylgje slik at landskylda for heile garden blei minka med 24 spann. Og det blei gjort slik at Utstein-godset fekk heile reduksjonen. Etter dette var Halsnøy-godset på 72 spann mot 60 spann for Utstein sin del. Likevel gjekk det ei tid før Sokn blei busett att. Så seint som i 1672 heitte det at ein jordepart på 66 spann i Øvre Sokn låg ganske øyde og at folka på garden var utarma.
Ikkje nokon gard fekk minka landskylda si så mykje som Sokn, og etter alt å døma virka det og. I alle fall blei bruk 3 busett att frå 1677. Og kring ti år seinare blei det faktisk to bruk på denne parten. I 1679 blei også bruk 1a til ved at 12 spann blei skilt frå bruk 1 og seks spann frå bruk 2. Slik var det frå 1680-åra seks bønder på garden, ei tridobling i løpet av eit par tiår!
Levekår
Korleis levde dei så på Sokn gjennom tidene? Me må fram til 1520 til det er råd å seia noko om korleis det sto til med velstanden på garden. Etter skattane som blei betalte på dei tider, virka det som om det er rimeleg fordelt velstand. Den eine bonden heitte ved dei tider Eivind. Han var ikkje mellom dei mest aktive i samband med skatteopprøret i 1518, men blei ilikna 128 skillingar i straffeskatt. Det var noko i overkant av det som gjennomsnittet av bygdefolk elles punga ut med.
Men då futen dukka opp, var det vanskeleg nok å gjera opp alt i kontantar. Bare åtte skillingar greidde han ut i mynt. Resten betalte han med 44 gram sylv og 6,4 kilo skrapjern, til saman verd 132 skillingar. Såleis drog futen av garden med fire skillingar meir enn han skulle!
Grannen Helge hadde og nekta å betala tomarkskatten og fekk ilikna 144 skillingar i straffeskatt. Korleis det hadde seg, fekk ikkje futen med seg det han skulle hjå Helge - bare 62 gram sylv verd 85 skillingar!
Den andre som laut ut med skatt, var Torkel. Han slapp med 48 skillingar, men hadde så lite å rutta med at futen laut slå seg til tåls med betaling i form av koppargryter.
Eit par år etter var futen på ferde på ny. Nå galdt det ein tiendepenge-skatt, tiandeparten av kva kvar åtte skulle betalast kongen i form av skatt. Det viser seg at to av bøndene nå er skifta ut. Sigvart og Tjeran er komne i staden.
Eivind blei på denne tida rekna som den mest velståande på Sokn - 94 skillingar skulle han betala. Det var elles bare litt over bygdegjennom-snittet på 86 skillingar. Men han var ikkje rikare enn at han måtte få utsetjing med skatten. 54 skillingar fekk han betalt med det same, medan 40 skillingar laut stå i restanse til året etter.
Dei to andre fami-liane sto det ringare til med. Hjå Sigvart henta dei 45 skill-ingar og hjå Tjeran bare 32 skillingar, ikkje stort meir enn tredjeparten av bygdegjennomsnittet. I det heile er det ikkje noko som tyder på at velstanden låg over gjennomsnittet på Sokn.
Men fyrst på 1600-talet kan det ikkje ha stått så heilt galt til. Elles ville ikkje Kollung Mikalson brukt Nedre Sokn som lensmannsgard i 31 år frå 1628 til 1659. Men dette kom til å snu seg!
Sokn-bøndene var sist på 1600-talet visst ikkje mellom dei som handla mest i Stavanger. På haustmarknaden i 1681 var alle bøndene ein tur eller to i byen med varer dei hadde for sal. Etter det som blei notert i tollbua, var det ikkje større mengder: om lag hundre kilo havre, ein vær og fem kilo smør. Sidan i hundreåret var det smått med bysalet, eitt år er det bare registrert eit par kyllingar frå øya, eit anna år eit slaktenaut.
Åkerbruk
Ved overgangen frå tobruks- til firebrukstida sådde dei på Sokn kring eitt tonn korn på om lag 26 mål åker. Det svarte til 6,5 mål på kvar bonde, halvanna mål mindre enn bygdegjennomsnittet. Avkastinga var mid-dels til å vera i Rennesøy, 7,1 kilo for kvart kilo utsæd. Det vil seia at dei år om anna hausta sju tonn korn, 1¾ tonn på kvar bonde. Men av heile garden laut dei halda av eitt tonn korn til neste års utsæd, 1,2 tonn skulle jordherren ha, 500 kilo gjekk med til tienda medan dei ulike skattane til saman tok opp mot eitt tonn. Såleis laut 3,7 tonn leggjast til sides før dei kunne nytta noko av kornet til eige bruk.
Dette vil seia at dei hadde 3,4 tonn til rådvelde. Det var tonnet mindre enn det som trongst bare til mat! Og betre blei det ikkje då garden blei splitta opp i eit par bruk til slik at det frå kring 1680 heldt til seks bondefamiliar her.
Sjølv om dei blei fleire på garden, makta dei ikkje å spa så mykje meir mark. Kring 1723 hadde dei 32 mål åker. Men nå var dei heilt nede i fem mål på kvar bonde i gjennomsnitt. I praksis var åkerjorda delt i høve til landskyld. Med 132 spann kornskyld for heile garden, blei det eit kvart mål åker for kvart spann landskyld. Det førte til at då dei hjå Kristen Rasmusson spadde 2,5 mål, var dei hjå Ommund Knutson oppe i 7 mål. Jamvel det siste var eit mål mindre enn bygdegjennomsnittet.
Dette innebar elles at avlinga på kvar bonde svinga frå 700 kilo til to tonn. Jamvel det siste var på kanten av det som trongst å greia skattar, avgifter og såkorn og samstundes kunna brødfø familien. Hjå Kristen må avkastinga ha vore reint for liten. Der avla dei ikkje stort meir korn enn att det nett heldt til maten utan betaling av skattar og avgifter.
Husdyrhald
Nå heldt dei sjølvsagt også husdyr på Sokn. Men så store stasen var det ikkje: ein hest og ti kyr på kvar bonde i 1668 var også litt i underkant av gjennomsnittet elles i bygda. Og stort betre blei det ikkje med tida. I 1723 var heile behaldninga seks hestar, 43 kyr og 27 sauer. Kvar bonde åtte såleis hest. Men medan den minste bonden bare fødde tri kyr og eit par sauer, heldt den største bonden ni kyr og fire sauer. Dette medan ein middels bonde elles i bygda heldt tolv kyr og om lag like mange sauer.
Fiske og sjøbruk
Serleg med luter og lunnender elles var det heller ikkje. Mellom anna fanst det ikkje bekkar til å setja opp gardskvern. Det som blei berginga attåt gardsdrifta kunne gje. Hamnene her var gode, og i dei grunne sunda fiska dei mykje østers. Tang og tare rek på land, og fangst av sjøfugl hadde og ein del å seia. Problemet var helst å halda framandfolk borte frå desse rikdommane, og sist på 1700-talet laut dei fredlysa dei.
Øydetider
Når forholda var slik er det ikkje rart at det i periodar var store vanskar med å halda garden busett, serleg den øvre eller vestre garden som høyrde til Utstein Kloster lange øydeperiodar midt på 1600-talet. Dette er også bakgrunnen for at Sokn var den garden som fekk den kraftigaste nedsetjinga av landskylda - frå 162 spann før 1672 til 132 spann etter dette året.
Men vilkåra var likevel temmeleg fattigslege. I 1672 blei det klaga over at folka på garden var heilt utarma. Det er ei viktig årsak til at delar av garden låg øyde frå 1645 heilt fram til 1690. Likevel kom det tunge tider også etter dette året. Den veldige dysenteriepidemien våren 1695 kravde også sine offer på Sokn.
I det gamle tunet låg bygningane tett i tett. Då lauseld fata 26. september 1703, blei alle bygningane lagde i oske. Brannen sende folket på øya ut i armod og elende og bøndene fekk då skattefri i tri år. Men eit par av bøndene makta ikkje betala skattar og avgifter att før ti år etter brannen.
Seks bruk var nok for mykje på garden, og etter kvart gav dei opp. I perioden 1750-55 blei talet på bruk redusert frå seks til fire. Dette var sidan det normale med unnatak av perioden 1772 til 1794 då det bare fanst tri bønder på garden.
Kollung er nemnd med sønenen Peder f. 1614, Ommund f. 1626 og Hans f. 1641. Kollung må difor ha vore gift minst to gonger.
Kollung hadde truleg også sønene Mikal f. 1610, Kristen f. 1614 og Jens f. 1622 (alle desse tre budde på Meling på Åmøy). 51426
Peder Bjørnson Sokn d.y. and Ingeborg Toresdotter
Husband Peder Bjørnson Sokn d.y. 9360
Born: 1633 - Ugelid, Strand, Rogaland, Norway 9361 Christened: Died: Cir 1678 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870 Buried:
Father: Bjørn Knudson Ugelid 9362 Mother: Guri Pedersdotter 4334
Marriage: 30. dec 1677 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870
Wife Ingeborg Toresdotter
Born: Christened: Died: - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried:
Children
1 M Bjørn Pederson Sokn 7895
Born: 1679 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: 3. aug 1679 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870 Died: 1704 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 7. sep 1704 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870Spouse: Gunvor Henriksdotter Marr: 1. nov 1695 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 7870
Peder Kollungson Sokn
Husband Peder Kollungson Sokn 13309
Born: 1631 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: 1705 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 2. feb 1705 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 297
Father: Collung Mikkelson Sokn Mother:
Marriage:Events
• Censuses: 1664, Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway.
• Censuses: 1701, Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway.
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Svend Pederson Aske 13309
AKA: Sven Born: Cir 1659 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: 1735 - Askje, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 25. feb 1735 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 1058Spouse: Torborg Knudsdotter Marr: 12. nov 1682 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 1058Spouse: Ingeborg Bjørnsdotter 1057 Marr: 16. jun 1720 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 1058
2 M Kollung Pederson Sokn 13309
AKA: Colung Born: 1664 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway 14547 Christened: Died: 1734 - Sokn, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried: 2. apr 1734 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 14547Spouse: Sygni Rasmusdotter 5594 Marr: 30. jun 1695 - Hausken kyrkje, Rennesøy, Rogaland, Norway 14547Spouse: Ingeborg Knudsdotter Marr: 15. jun 1727 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 14547
Einar Einarson Sola and Sola
Husband Einar Einarson Sola 8578
Born: 1640 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 23068 Christened: Died: 1722 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 21. jun 1722 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
Father: Einar Olson Sola 10132 Mother: Ingeborg Sola
Marriage: Cir 1670 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
Other Spouse: Anna Rasmusdotter - 1. jan 1692 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
Wife Sola
Born: Cir 1645 Christened: Died: 1691 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 15. feb 1691 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
Children
1 M Einar Einarson Tjora 22282
Born: 1670 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 22283 Christened: Died: 1733 - Tjora, Sola, Rogaland, Norway Buried: 27. feb 1733 - Tjora kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 35768Spouse: Guri Ommundsdotter 4878 Marr: 6. feb 1698 - Tjora kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 46806Spouse: Kirsten Knudsdotter Marr: 13. jul 1721 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 35768. (Trulova)
2 F Ingeborg Einarsdotter 22282
Born: 1673 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 22283 Christened: Died: 1695 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 14. apr 1695 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
3 M Frans Einarson Sola 22282
Born: 1674 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 6. dec 1674 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283 Died: 1695 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 14. apr 1695 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
4 M Lars Einarson Sola 22282
Born: 1679 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 2. mar 1679 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283 Died: 1695 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 14. apr 1695 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
5 M Jakob Einarson 22282
Born: 1679 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 22283 Christened: Died: Buried:
Anders Olson Sola and Karen Toresdotter
Husband Anders Olson Sola 42156
Born: 1672 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 12. mar 1672 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 48826 Died: 1736 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 21. oct 1736 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040
Father: Ole Torgerson Sola Mother: Anna Svendsdotter 42156
Marriage: 29. nov 1711 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040
Other Spouse: Bereta Rasmusdotter d.e. 8579 - 1701 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040
Wife Karen Toresdotter 43557
Born: 1676 - Klingshei, Sola, Rogaland, Norway Christened: 8. mar 1676 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 46528 Died: 1755 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 19. oct 1755 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040
Father: Tore Gitleson Klingshei Mother: Ingeborg Olsdotter
Children
1 M Anders Andersson Sola 8041
Born: 1713 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 30. apr 1713 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040 Died: 1769 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 24. may 1769 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040Spouse: Karen Nilsdotter 9037 Marr: 6. jan 1736 - Tjora kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040Spouse: Gunhild Håvardsdotter Marr: 8. jan 1758 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040
2 M Gregorius Andersson 8041
Born: 1717 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 21. nov 1717 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8040 Died: Buried:
Anders Torsteinson Sola and Marthe Svendsdotter
Husband Anders Torsteinson Sola 6889
Born: 1754 - Høyland Prestegard, Høyland, Rogaland, Norway Christened: Died: 20. nov 1835 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 1250 Buried: 29. nov 1835 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 1250
Father: Torstein Svendson Sandnes 5287 Mother: Lisbet Andersdotter 1729
Marriage: 2. aug 1772 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285
Wife Marthe Svendsdotter 8284
Born: 1753 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 22. jul 1753 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285 Died: 31. may 1831 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 1250 Buried: 7. jun 1831 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 1250
Father: Svend Jonson Sola d.y. 7485 Mother: Helga Eivindsdotter 30052
Children
1 M Svend Andersson Dysjaland 8284
Born: 1772 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 28. jun 1772 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285 Died: 16. feb 1826 - Dysjaland, Sola, Rogaland, Norway 27888 Buried:Spouse: Marta Nilsdotter Marr: 30. oct 1800 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 27889Spouse: Anna Maria Hansdotter 27890 Marr: 26. may 1803 - Time kyrkje, Time, Rogaland, Norway 27888
2 M Lars Andersson Sola 8284
Born: 1775 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 8285 Christened: Died: 1779 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 14. jul 1779 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285
3 F Martha Andersdotter 8284
AKA: Marthe Born: 1780 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 29. oct 1780 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285 Died: 18. mar 1821 - Jåtten, Hetland, Rogaland, Norway 6028 Buried: 24. mar 1821 - Hetland kyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 6028Spouse: Levar Pederson Hinna 945 Marr: 17. dec 1820 - Revheim (Madla) kyrkje, Madla, Rogaland, Norway 2727,8285
4 M Lars Andersson Sola 8284
Born: 1783 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 21. apr 1783 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285 Died: 19. apr 1846 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 7837 Buried: 27. apr 1846 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 7837Spouse: Dorthe Salomonsdotter 23127 Marr: 21. apr 1809 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8285
General Notes: Husband - Anders Torsteinson Sola
Anders Torsteinson skal i følgje Jakob J. Jåtun vere son til Torstein Svenson Helgeland (frå Ytre Lima) og som budde ei tid under Høyland prestegard. Torstein var gift med Lisebet Andersdotter Lussi. I manntalet for 1758 bur Lisebet og Torstein som husmannsfolk under prestegarden i Høyland og har då barna Svend på 12 år og Ingebor på 9 år. I manntalet for 1801 bur Anders Torsteinson på Sola og er 48 år. Anders var gift 02.08.1772 med Mareta Svensdotter Sola som var fødd i 1753. Mareta vert nemnt 49 år i 1801. Anders skulle då vere fødd ikring 1754, og skulle vore nemnt i manntalet for 1758 saman med foreldra. Anders vert heller ikkje nemnt i bygdeboka for Høyland som barn til Torstein og Lisebet. Anders vart eigar av bruket på Sola ved at kona åtte 12 spann og så kjøpte han 12 spann frå Rasmus Rasmusson Sør-Kolnes som var bror til morfar til kona. Anders fekk skøyte på dei 12 spann han kjøpte 03.06.1785. I 1810 vart det delt frå eit nytt bruk på 12 spann som sonen Sven først fekk delingsdokument på, men som sonen Eivind fekk skøyte på 15.11.1813. Dei siste 12 spann fekk sonen Lars skøyte på 16.04.1810. Mareta og Anders hadde sju barn. 8285
Svend Larsson Sola and Anna Sola
Husband Svend Larsson Sola
Born: Christened: Died: Bef 1665 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried:Marriage: - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 48826
Wife Anna Sola
Born: Christened: Died: After 1668 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried:
Children
1 F Magla Svendsdotter 42156
Born: Cir 1618 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 48826 Christened: Died: 1695 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 21. apr 1695 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 23068Spouse: Peder Endreson Sola Marr: Cir 1670 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 23068
2 F Anna Svendsdotter 42156
Born: - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: Died: 1680 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 7. jul 1680 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 48826Spouse: Ole Torgerson Sola Marr: Cir 1662 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 48826
3 F Guri Svendsdotter 42156
Born: Cir 1632 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: Died: nov 1716 - Rygg, Randaberg, Rogaland, Norway 7453 Buried:Spouse: Steen Andersson Tasta Marr: Cir 1655 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, NorwaySpouse: Isak Tørreson Rygg Marr: Cir 1670 - Randaberg kyrkje, Randaberg, Rogaland, Norway 7453
Torger Rasmusson Sola and Anna Sola
Husband Torger Rasmusson Sola 37760
Born: Cir 1588 - Kolnes søre, Sola, Rogaland, Norway Christened: Died: Bef 1663 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried:
Father: Rasmus Svendson Kolnes 11795 Mother:
Marriage: - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 28474
Other Spouse: Olsdotter 28483 - Cir 1610 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 28474
Wife Anna Sola
Born: Christened: Died: - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried:Events
• Censuses: 1663, Sola, Sola, Rogaland, Norway.
Children
Asser Asserson Sola
Husband Asser Asserson Sola 32309
Born: 1662 - Sunde søre, Madla, Rogaland, Norway 14617 Christened: Died: 1722 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 8576 Buried: 16. aug 1722 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway
Father: Asser Torkelson Sunde 14617 Mother: Mareta Monsdotter 14618
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Asser Asserson 31654
Born: dec 1717 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Christened: 9. jan 1718 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 8576 Died: Buried:
Einar Olson Sola and Ingeborg Sola
Husband Einar Olson Sola 10132
Born: 1597 - Bore øystre, Klepp, Rogaland, Norway 23068 Christened: Died: 1683 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 24. jan 1683 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 23068
Father: Ole Einarson Bore Mother:
Marriage: Cir 1640 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 23068
Other Spouse: Jakobsdotter? - Cir 1671 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 23068
Wife Ingeborg Sola
Born: Cir 1620 Christened: Died: Cir 1670 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried:
Children
1 M Einar Einarson Sola 8578
Born: 1640 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 23068 Christened: Died: 1722 - Sola, Sola, Rogaland, Norway Buried: 21. jun 1722 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283Spouse: Sola Marr: Cir 1670 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283Spouse: Anna Rasmusdotter Marr: 1. jan 1692 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
2 M Endre Einarson Byberg 8578
Born: 1659 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 23068 Christened: Died: 1734 - Byberg, Sola, Rogaland, Norway Buried: 27. apr 1734 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 25105Spouse: Helga Rasmusdotter 392 Marr: 24. jun 1690 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 25105
General Notes: Husband - Einar Olson Sola
Einar Olson frå Øytsre Bore tok over i skattelisten på Sola etter Nils Erikson og bruket var på 48 spann. Einar vert nemnt i alle dei manntal og skattelister som finst like til militærrulle for 1673, men han sat visst med bruket til ikring 1680. Første kona var Ingeborg (ut frå tingboka 18.12.1630 og 27.10.1637). Andre kona som vart gravlagd 21.10.1692 53 år, kjenner ein ikkje namnet på. Einar hadde seks barn, men ein veit ikkje kven av konene som var mor til dei einskilde barna. 23068
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)