My family-file



picture
Jakob Olson Herheim and Eldri Johannesdotter




Husband Jakob Olson Herheim 9039

           Born: 1761 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 1827 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 


         Father: Ole Endreson Herheim d.e. 9039
         Mother: Marita Jakobsdotter 9040


       Marriage: 1805 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936

   Other Spouse: Ragnhild Andersdotter 6641 - 1794 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936



Wife Eldri Johannesdotter

           Born: 1764 - Ilstad, Sand, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 1833 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 


         Father: Johannes Torgerson Ilstad 4444
         Mother: Eldri Hadlesdotter 19015



   Other Spouse: Ove Kristenson Gunnarsrød 23631 - 1781 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 16353

   Other Spouse: Åge Ommundson Gunnarsrød 15640 - 1796 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 16353


Children

picture
Johannes Herheim




Husband Johannes Herheim

           Born: 
     Christened: 
           Died: After 1563 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 
       Marriage: 



Wife

           Born: 
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 


Children
1 M Helge Johannesson Herheim 2937

           Born:  - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1648 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 41676
         Buried: 
         Spouse: Brynhild Ommundsdotter 571
           Marr: Cir 1594 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 569



General Notes: Husband - Johannes Herheim

Herheim er ein av dei eldste gardane i Sauda. Han vart utan tvil rydda alt i eldre jarnalder, det vil seie før 600 e.Kr. Kanskje er han frå før den perioden som arkeologane kallar romartida, altså frå dei første hundreåra av vår tidsrekning. Diverre kjenner me ikkje funn eller førhistoriske minne frå garden som kan fortelja oss noko meir om det. Men namnet fortel om høg alder. gardar med endinga heim - som tydar bustad,gard - må reknast mellom dei eldste i Ryfylkebygdene. Førelekken er etter alt å døma det gamalnorske ordet for hare - heri. Skrivemåten har skift ein del gjennom tidene. Me finn til dømes "Hereim" i 1519, "Herum" i 1521, "Herreim" i 1563, "Heremm" i 1567, "Herimb" og "Heremb" på 1600-talet og "Heirum" i 1723.
I ei skatteliste frå 1563 er det nemnt ein mann på Herheim som heitte Johannes. Han er ættefar til ei ætt som vi gjerne kan kalla den eldste Herheimsætta. Han hadde ein son Helge som tok over garden etter han. Den eldste Herheimsætta er ei av dei sentrale ættene i Sauda. Og til langt ut på 1700-talet var ho den økonomisk førande. 41678
picture

Knud Knudson Herheim and Britha Jakobsdotter




Husband Knud Knudson Herheim 4053

           Born: 1799 - Åbø, Sauda, Rogaland, Norway 9041
     Christened: 
           Died: 14. mar 1883 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 9041,32608
         Buried: 22. mar 1883 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 32608


         Father: Knud Jakobson Åbø 4053
         Mother: Marta Eriksdotter 4039


       Marriage: 1821 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 9041



Wife Britha Jakobsdotter 9039

           Born: 1798 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 9041
     Christened: 
           Died: 30. mar 1861 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 9041,9042
         Buried: 6. apr 1861 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 9042


         Father: Jakob Olson Herheim 9039
         Mother: Ragnhild Andersdotter 6641




Children
1 F Eldri Knudsdotter 7724

            AKA: Eldrid, Elri
           Born: 12. may 1832 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15637,15658
     Christened: 14. may 1832 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15658
           Died: 15. nov 1915 - Fløgstad, Sauda, Rogaland, Norway 15659
         Buried: 20. nov 1915 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 15659
         Spouse: Jakob Gunnarson Austarheim 15636
           Marr: 4. jul 1853 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 15637,15642



picture
Knut Alvson Herheim and Ragnhild Osmundsdotter




Husband Knut Alvson Herheim

            AKA: Knud
           Born: 30. apr 1846 - Underbakka, Suldal, Rogaland, Norway 2681
     Christened: 31. may 1846 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 2681
           Died: 29. nov 1924 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 41679
 Cause of Death: Tarmslyng.
         Buried: 6. dec 1924 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 41679


         Father: Alf Toreson Storlid 18833
         Mother: Inger Knudsdotter 9817


       Marriage: 22. may 1877 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 41680



Wife Ragnhild Osmundsdotter

           Born: 15. sep 1849 - Austarheim, Sauda, Rogaland, Norway 41681
     Christened: 28. oct 1849 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 41681
           Died: 23. nov 1926 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15617
 Cause of Death: Alderdomssvaghed.
         Buried: 30. nov 1926 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 15617


Children
1 M Andrew Herem

            AKA: Andreas Knudson Herheim
           Born: 4. dec 1879 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 41671
     Christened: 25. jan 1880 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 41671
           Died: 19. feb 1949 - Absarokee, Stillwater, Montana, USA
         Buried: 
         Spouse: Hilda Eline Martinson
           Marr: Cir 1910 - , Stillwater, Montana, USA



General Notes: Wife - Ragnhild Osmundsdotter

Foreldra var "Gdmd (Dissenter) Osmund Thorgersen Østhereim og Britta Naversdatter."
picture

Ole Danielson Herheim and Marta Olsdotter




Husband Ole Danielson Herheim 2926

           Born: 1696 - Løland, Sand, Rogaland, Norway 2932
     Christened: 
           Died: 1718 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 


         Father: Daniel Olson Løland 2926
         Mother: Marta Albertsdotter 2647


       Marriage: 1714 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936

Events

• Probate: 14. jun 1718, Herheim, Sauda, Rogaland, Norway.




Wife Marta Olsdotter 2937

           Born: 1695 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 22191
     Christened: 
           Died: 1718 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 


         Father: Ole Torjusson Herheim d.e. 8867
         Mother: Ragnhild Bjørnsdotter 8870


Events

• Probate: 14. jun 1718, Herheim, Sauda, Rogaland, Norway.


Children
1 F Ragnille Olsdotter 9039

           Born: 1714 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Endre Olson Herheim 3184
           Marr: Cir 1733 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936


2 F Marta Olsdotter 9039

           Born: 1716 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




General Notes: Husband - Ole Danielson Herheim

Sommaren 1701 kjøpte Ola Endreson 18 merker smør av Anders Brommeland og vart såleis sitjande med 1 laup 3 merker smør, mest heile den halvedelen han brukte. Den andre halvedelen av Herheim vart i 1700 bortbygsla til Lars Olson frå Løland, bror til Tormod Gunnarsrød, Kleng Espeland og Åsni Gunnarsrød. Lars vart gift med Gunnhild, den andre av døtrene til Bjørn Nilsson Fiveland. Han var såleis verbror til Ola Endreson. Verken Ola eller Lars var av den eldste Herheimsætta. Heller kunne dei ikkje gjera krav på garden på vegner av konene sine. Difor vart det sak om bunestaden og godset. Og medan saka gjekk sin gang, vaks stedotter til Ola Endreson opp, Marta Olsdotter, yngste dotter til Ola Torjusson. Det var ho som skulle vera bindelekken mellom den gamle og den nye tida. Men heller ikkje ho høyrde til den eldste Herheimsætta. Det var nemleg Ragnhild Bjørnsdotter - andre kona til Ola Torjusson - som var mor hennar, ikkje Marta Andersdotter.
Saka byrja ved at Anders Brommeland stemna inn Bjørn Fiveland og Ola Endreson til sommartinget på Hebnes 25. juni 1704 med krav om at dei skulle visa bunestadsbrevet og kjøpe-brevet for Herheim. Anders møtte ikkje sjølv, men Kleng Espeland, som og var interessert, møtte. Han var jo gift med Åsni, syster til Anders. Saka vart utsett til hausttinget, men heller ikkje då kom det til noko avklaring. Bjørn Fiveland let svara ved versonen Lars Herheim og "suarde iche at hafue nogen kiøbebref eller bunestadsbref for Herrim", men at han sat med ein del gods i garden etter skiftebrev som formyndar for dotterdottera Marta Olsdotter. Ola sa at ein del av bunestaden var blitt utlagt han ved skiftet etter første kona. På nytt vart saka utsett til neste ting der Bjørn og Ola skulle "Fremlegge schiftebrefuet etter S: Olle Torgiulsz: Herim och bunestadsbrefuet". Men før neste ting var Ola Endreson død og det skulle gå ni år før saka kom opp på nytt. Då var Marta Olsdotter komen i gifteferdig alder. Ho var trulova med Ola Danielson, steson til Torstein Olson Løland, og skulle skaffast gard.
Hausten 1713 vart Lars Olson Herheim stemnt av Anders Brommeland og Torstein Løland "angaaende bunestaden och besiddelses reten vdj och til 1 løb och 9 mk. smør i Heirum, som han paaboer och bem Marite Olsdater war odelsberettiget til". Dei baud han "enten 10 Rdr. i penge for hans afstand i Heirum, eller fri bunestad och besiddelsesret til 1 pd. 3 mk. smør i Fifueland som Marite Olsdater tilkommer". Etter "lang i mellemm handling" vart dei samde om at Lars skulle flytta frå Herheim våren 1714, "och der imod schal hand, hans hustru, børn och arfuinger til euig odel och eie, nyde och besidde 1 pd. och 3 mk. smør i Fifueland". Dessutan skulle Marta Olsdotter gje Lars 6 riksdalar for bygsla i Herheim, og framleis yta halve folga til den gamle folgekona Guri Fiveland. Alt det Lars hadde hogge i Herheimskogen, skulle han få behalda.
Ola Danielsson og Marta Olsdotter vart ikkje gamle på Herheim. Alt 14. juni 1718 vart det halde skifte etter dei. Dei etterlet seg to mindreårige døtrer, Marta og Ragnhild. Bror til Ola, Albert Danielsson, tok då med garden. 41682
picture

Ole Endreson Herheim d.e. and Marita Jakobsdotter




Husband Ole Endreson Herheim d.e. 9039

           Born: 1733 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 23. jan 1819 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 3862
         Buried: 2. feb 1819 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 3862


         Father: Endre Olson Herheim 3184
         Mother: Ragnille Olsdotter 9039


       Marriage: 1760 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936

Events

• Censuses: 1758, Herheim, Sauda, Rogaland, Norway.




Wife Marita Jakobsdotter 9040

           Born: 1739 - Åbø, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 1803 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 


         Father: Jacob Johannesson Åbø 3183
         Mother: Brita Larsdotter 16404


Events

• Censuses: 1758, Åbø, Sauda, Rogaland, Norway.


Children
1 M Jakob Olson Herheim 9039

           Born: 1761 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 1827 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 
         Spouse: Ragnhild Andersdotter 6641
           Marr: 1794 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Spouse: Eldri Johannesdotter
           Marr: 1805 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936


2 F Ragnil Olsdotter

           Born: 1766 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1807 - Åbø, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 26. mar 1807 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4051
         Spouse: Johannes Jakobson Åbø
           Marr: 21. jun 1790 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4051


3 M Ole Olson 9039

           Born: 1775 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



4 F Brita Olsdotter 9039

           Born: 1782 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



5 F Barbro Olsdotter 9039

           Born: 1788 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




picture
Ole Endreson Herheim and Eli Johannesdotter




Husband Ole Endreson Herheim 2740

           Born: 1662 - Hiim, Sand, Rogaland, Norway 6094
     Christened: 
           Died: Cir 1704 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 22192
         Buried: 


         Father: Endre Olson Hiim 2962
         Mother: Anna Tormodsdotter 2644


       Marriage: 1699 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 4463

   Other Spouse: Ragnhild Bjørnsdotter 8870 - 1696 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4463



Wife Eli Johannesdotter 1602

           Born: 1684 - Hamre, Røldal, Hordaland, Norway 4463
     Christened: 
           Died:  - Brekke, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Johannes Njelson Brekke 6599
         Mother: Kari Olsdotter



   Other Spouse: Aadne Askjellson Herheim 11584 - Cir 1710 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4463

   Other Spouse: Torbjørn Paulson Brekke 24117 - Cir 1734 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 24118


Children
1 M Endre Olson Herheim 3184

           Born: 1705 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
     Christened: 
           Died: Cir 1768 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 2936
         Buried: 
         Spouse: Ragnille Olsdotter 9039
           Marr: Cir 1733 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2936



General Notes: Husband - Ole Endreson Herheim

Våren 1698 var enka på Herheim, Ragnhild Olsdotter alt gift opp att med Ola Endreson frå Hiim i Sand. Ola Torjusson hadde måtta bøta for for tidleg samlege med Ragnhild hausten 1696. Ola Endreson måtte bøta for det same våren 1698. Med Ragnhild fekk han dottera Anna, men ho døydde før ho var året gamal.
5. juni 1699 var Ragnhild Bjørnsdotter og avliden, det vart då halde skifte etter henne på Herheim. Ved sida av enkemannen var det berre dottera Marta av første ekteskapet som arva henne. Ho fekk 1 ku, 1 ungnaut, 1 sau med lam, 1 geit med kje, 1 ver, 1 gimmer, 1 kjel på ½ våg, 1 tinnfat på 3½ mark, 1 navar, 1 seng, 1 åkle, 1 hovuddyne, 1 sylvkjede og 1 tønne korn forutan 9 mark i bryllaupsgjerd. Av jordegodset fekk ho utlagt 18 merker smør i Herheim og ½ pund smør i Øverland. Ragnhild og Ola åtte nemleg 2 pund 1½ merker smør 1 vett 3½ spann korn i Herheim, 1 pund smør i Øverland og 21 merker smør i Bråtveit i Suldal. Godset i Bråtveit var det Ola Endreson som hadde ført til buet.
Elles er dette nemnt i skiftet: "Belangende bunestaden her til Herim, som er indpantet for 20 rdr. da som husene her paa gaarden efter besichtelse, befindes hel brøstfeldige og tagløs, særdeles røgstuen och laen, som faar at hafues ned i grunden, och iche alt kand forbedres under 20 rdr. i det ringeste, da som bemelte huse iche blef besichted paa schifte etter S: Olle Torgiulssen Herim, och ei heller blef forschrefne 20 rdr. for bunestaden da benefnt eller angifuet, hvor fore nu tilkomer manden Ole Endress: paa egen og hans sal: datters weigne 7½ rdr., Marite Olsdatter 3 ¾ rdr, Aasny Olsdatter 5 ort, Sal: Nafr Røes børn 2½ rdr. som alle ere eiere her i gaarden. Saa udlegges och tillegges bem: Olle Endressen Herim bem: 20 rdr. pantepenge i bunestaden for aabodsfald paa husene her paa Herim."
Sommaren 1699, ikkje lenge etter at det var halde skifte etter Ragnhild, gifta Ola Endreson seg med Eli Johannesdotter Tengesdal. Eli må ha vore det beste gifte i Sauda i si tid. Ho var nemleg einaste dottera til Johannes Njellson som seinare kjøpte heile bondegodset i Brekke. Eli og Ola fekk ikring 1705 sonen Endre.
Ola Endreson arva 2 pund 9 merker smør i Herheim etter første kona. Sommaren 1701 kjøpte han 18 merker smør av Anders Brommeland og vart såleis sitjande med 1 laup 3 merker smør, mest heile den halvdelen han brukte. Den andre halvdelen av Herheim vart i 1700 bortbygsla til Lars Olson Løland, bror til Tormod Gunnarsrød, Kleng Espeland og Åsni Gunnarsrød. Lars vart gift med Gunnhild, den andre av døtrene til Bjørn Nilsson Fiveland. Han var såleis verbror til Ola Endreson. Verken Ola eller Lars var av den eldste Herheimsætta. Heller ikkje kunne dei gjera krav på garden på vegner av konene sine. Difor vart det sak om bunestaden og godset. Og medan saka gjekk sin gang, vaks stedotter til Ola Endreson opp, Marta Olsdotter, yngste dotter til Ola Torjusson (første mannen til Ragnhild). Det var ho som skulle vera bindeleddet mellom den gamle og den nye tida. Men heller ikkje ho høyrde til den eldste Herheimsætta. Det var nemleg Ragnhild Bjørnsdotter som var mor hennar og i Marta Andersdotter (som var første kona til Ola Torjusson).
Saka byrja med at Anders Brommeland stemna inn Bjørn Fiveland og Ola Endreson til sommartinget på Hebnes 25. juni 1704 med krav om at dei skulle visa bunestadsbrevet og kjøpebrevet for Herheim. Anders møtte ikkje sjølv, men Kleng Espeland, som også var interessert, møtte. Han var gift med Åsni, syster til Anders. Saka vart utsett til hausttinget, men heller ikkje då kom det til noko avklaring. Bjørn Fiveland let svara ved versonen Lars Herheim og "suarde iche at hafue nogen kiøbebref eller bunestadsbref for Herrim", men at han sat med ein del gods i garden etter skiftebrev som formyndar for dotterdottera Marta Olsdotter. Ola sa at ein del av bunestaden var blitt utlagt han ved skiftet etter første kona. På nytt vart saka utsett til neste ting der Bjørn og Ola skulle "Fremlegge schiftebrefuet etter S: Olle Torgiulsz: Herim och bunestadsbrefuet". Men før neste ting var Ola Endreson død og det skulle gå ni år før saka kom opp på nytt. 22193


General Notes: Wife - Eli Johannesdotter

Då Ånde var avliden, gifta Eli seg for tredje gong. Torbjørn Pålson frå Løyning vart tredje mannen hennar. Han er nemnt på Herheim i 1734. Året etter tok odelsmannen Ola over Ådnes bruk. Torbjørn og Eli flytta då til Brekke, farsgarden hennar, der dei seinare budde. Eli fekk ikkje barn med Torbjørn. 24169
picture

Ole Helgeson Herheim and Tyra Herheim




Husband Ole Helgeson Herheim 2937

            AKA: Olle
           Born: 1607 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: Cir 1683 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 8866
         Buried: 


         Father: Helge Johannesson Herheim 2937
         Mother: Brynhild Ommundsdotter 571


       Marriage: Cir 1634 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 15626

Events

• Censuses: 1664, Herheim, Sauda, Rogaland, Norway.

• Censuses: 1665, Herheim, Sauda, Rogaland, Norway.




Wife Tyra Herheim

           Born: 
     Christened: 
           Died:  - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children
1 M Johannes Olson 2937

            AKA: Johannis, Johans
           Born: 1634 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



2 M Halvard Olson Herheim

            AKA: Halffuor, Halvor
           Born: 1635 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died:  - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 



3 M Helge Olson d.e. 2937

            AKA: Heli
           Born: 1637 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



4 M Tosten Olson 2937

           Born: 1645 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



5 M Helge Olson d.y. 2937

            AKA: Heli
           Born: 1649 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



6 M Ingebret Olson 2937

           Born: 1655 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



7 M Eivind Olson Nedstrand 2937

            AKA: Evin
           Born: 1659 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 15626
     Christened: 
           Died: 1729 - Nedstrand strandstad, Nedstrand, Rogaland, Norway 16687
         Buried: 
         Spouse: Ragnhild Svendsdotter
           Marr: 1688 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 16687



General Notes: Husband - Ole Helgeson Herheim

Ola Helgeson overtok bruket på Herheim etter faren og er nemnd frå 1632. Han bruka Herheim saman med systersonen sin Lars Kolbeinson. i nærare 20 år. Men hausten 1668 stemna Ola systersonen sin på bunestaden. Ola meinte seg å vere den næraste til å bruka heile Herheim. Lars kunne legga fram ein bygslesetel på 2 pund og 6 merker smør, men Ola meinte at Lars hadde sitt rette åsete og sin rette bunestad i Fløgstad, som sant var. Og den smørlaupen i Fløgstad som Lars var odelsmann til, var nå ledig sidan stefaren hans, Anders Erikson var død. Lagretten på skipreidetinget gav Ola medhald og Lars skulle reisa frå Herheim til våren 1669. Han skulle ta stova si med seg. Ola skulle gje han 10 riksdalar i avførsle.
Farfaren til Ola var ein vørd mann i bygda og var kyrkjeverje i 1563. Ola vart og nytta som kyrkjeverje og var ellers ofte nytta som lagrettemann, lagtingsmann og vurderingsmann. Det ser ut som han har freista å samla alle dei mange arvepartane i odelsgarden på si eiga hand. 20. desember 1650 panta han til seg ½ pund smør 2 spann korn i Herheim mot gods i Handeland med Jakob Sævereid i Skånevik. Dette let han tinglesa same året som Lars Kolbeinson måtte reisa frå garden. Då var det visstnok i ferd med å gå ut for han. Den beine mannslinja skulle ikkje leva vidare på Herheim. Ein kjenner til sju søner etter Ola Helgeson og kona Tyra.
I 1660- og 1670- åra måtte Ola selja og panta bort det han åtte. Hausten 1674 vart han stemna av presten hr. Jacob for 10 spann korn i resterande kyrkjetiende. Og alt året etter heiter det i tingboka at han "er gandsche vdarmit". Ikkje lenge etter sa han frå seg garden til den nye eigaren mot å få bruka "et huszmands sæde". Han var framleis i live hausten 1682, men døydde truleg ikkje så lenge etter. 41683
picture

Aadne Askjellson Herheim and Eli Johannesdotter




Husband Aadne Askjellson Herheim 11584

            AKA: Arne
           Born: 1680 - Hovland, Ullensvang, Hordaland, Norway 11632
     Christened: 19. sep 1680 - Ullensvang kyrkje, Ullensvang, Hordaland, Norway 1848
           Died: 1731 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
         Buried: 


         Father: Askjell Arneson Hovland 11464
         Mother: Jorond Askjellsdotter 5145


       Marriage: Cir 1710 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4463



Wife Eli Johannesdotter 1602

           Born: 1684 - Hamre, Røldal, Hordaland, Norway 4463
     Christened: 
           Died:  - Brekke, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Johannes Njelson Brekke 6599
         Mother: Kari Olsdotter



   Other Spouse: Ole Endreson Herheim 2740 - 1699 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 4463

   Other Spouse: Torbjørn Paulson Brekke 24117 - Cir 1734 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 24118


Children
1 M Ole Ådneson Herheim 3184

           Born: 1714 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
     Christened: 
           Died: Cir 1767 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
         Buried: 
         Spouse: Guri Hansdotter 31897
           Marr: 30. jun 1737 - Grindheim kyrkje, Etne, Hordaland, Norway 1610,4463


2 F Jorunn Ådnesdotter 3184

           Born:  - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1731 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
         Buried: 



3 F Kari Ådnesdotter 3184

           Born: 1718 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 1612
     Christened: 
           Died:  - Brekke, Sauda, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Torjus Johannesson Brekke 3183
           Marr: Cir 1742 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 1612


4 F Guri Ådnesdotter 3184

           Born: 1724 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 40800
     Christened: 
           Died: 1791 - Svandal, Sauda, Rogaland, Norway 41684
         Buried: 
         Spouse: Jacob Olson Mosbakka 13351
           Marr: 1745 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 14386
         Spouse: Sigbjørn Kristenson Svandal 4041
           Marr: 1755 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 40800



General Notes: Husband - Aadne Askjellson Herheim

Hausten 1719 melde den eldste Herheimsætta seg i saka om bunestadretten til Herheim. Det var Eivind Olson på Nedstrand som stemna Ådne Herheim og Torstein Løland "at frembringe deres ejendomb og bunesta udj fornefnte gaard". Torstein sa at han ikkje hadde slike brev. Ådne la fram 12 gamle brev, men dei gav ikkje dei rette opplysningane. Då saka kom opp att på vårtinget 1720, møtte verken Ådne eller Torstein. På sommartinget same året kunne dei ikkje legga fram slike brev som Eivind kravde.
Den Ådne det her er tale om, heitte Ådne Askjelson Askjellson frå Hovland i Ullensvang og var blitt gift med enka Eli Johannesdotter. Det var han som skulle sikra Herheim for den nye ætta. 4. januar 1721 var han i Nedstrand og fekk utferda odels- og bunestadsbrev i sitt og stesonen Endre Olson sitt namn av Eivind Olson og sonen Ola Eivindson. Med det i bakhand kunne han alt hausten same året stemna grannen Albert Danielson for "at faa bemelte Albert fra gaarden". Men Albert var ikkje den som gav seg med det same. Han meinte at ingen "kunde faa hannem fra sin jord". Sjølv åtte han 9 merker smør og resten hadde han bygsla. Ådne baud Albert ein ny gard å bruka, men han ville ikkje ha nokon annan enn den han budde på. Saka kom difor ikkje endeleg opp til doms før på våren 1725.
12. april 1725 var retten samla på Herheim. Det var Gunnar og Ola Birkeland, Torger, Torjus og Håkon Søndenå, Isak og Johannes Åbø og Ola Teig. Østen Ørbech førte saka for Ådne. Han la fram kjøpebrevet på odelsretten og bunestadsretten og meinte Ådne burde ha rett til å kjøpa det godset han ikkje åtte, "hvortil hand producerede i retten saa mange penger som dertil behøves".
Torstein Løland, stefar til Albert Danielson møtte og la fram tre dokument. Det eine viste at Ola Helgeson hadde pantsett odels- og bunestadsretten til Ola Torjusson 17. juli 1670. Det andre var skiftebrevet etter Marta Olsdotter og Ola Danielson frå 1718. Det viste at dei to systrene Ragnhild og Marta hadde ervt 16½ merker smør kvar i Herheim. Det tredje var skiftebrevet etter Ragnhild Bjørnsdotter frå 1699. Det viste at sorenskrivaren Jørgen Philipsen hadde utlagt bunestadsretten - dei 20 riksdalar in specie - til Ola Endreson, far til Endre Olson. Nett dette siste hekta Ørbech seg opp i, og såg i det eit vitnemål om at Ådne og stesonen Endre hadde rett på pantebrevet. Torstein Løland og stesonen og dei andre medeigarane vart spurde om dei ville "modtage penger som udj retten er af Aadne Heirimb og hans søn produceret for de u-myndiges gods". Dei svara nei. Men retten gav dei ikkje medhald.
"Da efter denne sags overveielse, er saaledes af dommeren og meddombsmænd dømbt og afsagt, at Aadne Heirimb og hans stibsøn Endre Olsen bør vere de rette odelsmænd til oft bem:te gaard Heirimb, og haver formynderne for disse umyndige til ligemed Albret Danielsen at annamme af Aadne Heirimb og hans søn penger for deris gods saa meget de er eiende i oftbem:te gaard Heirimb efter taxation nembl: 1 Rdr marchen, hvilchet bør skee half maanedsdag efter denne dombs lovlig forkyndelse."
28. juni 1725 kjøpte Albert Danielson 2 pund 3 merker smør i Fatnes og flytta dit. Og 27 februar 1726 fekk Ådne Askjelson skøyta på 1 laup 15 merker smør i Herheim av Per Fløgstad som formyndar for Ragnhild Olsdotter, Albert Danielson, Ove Rød, Johannes Herheim og Torbjørn Kvaløy som formyndar for mindreårige på Brommeland. Dermed sat Ådne og stesonen Endre som eigarar av heile garden. Ådne brukte den eine halvdelen etter føremannen Ola Endreson Det kan vi kalla Ådnes bruk. Seinare tok Endre Olson over den andre halvdelen. Det kan vi kalla Endres bruk. Dei to bruka var jamstore. Begge var omrekna i smørskyld på 1 laup 9 merker.
Ved domen i 1725 var garden Herheim sikra for Ådne Askjellson og stesonen Endre Olson. Endre skulle ikkje ta over sin halvdel før stefaren døydde. I nærare seks år sat difor Ådne Askjelson som brukar av heile garden. Han må ha vore ein av dei rikaste mennene i Sauda då han fall frå i 1731. Etter første mannen til Eli, Ola Endreson, hadde Eli Johannesdotter arva 1 pund 5½ merker smør i Bråtveit i Suldal og ved kjøpet i 1726 var Ådne blitt eigar av 1 laup 9 merker smør i Herheim. Dessutan hadde Eli arva 1 laup 1 pund 19 merker smør i Brekke og 2 pund 6 merker smør i Mosbakka ved skiftet etter faren i 1722. Det var såleis jordegods for over 206 riksdalar som skulle delast mellom Eli og barna. Dottera Jorunn fekk ikkje utlagt jordegods for ho var død like etter faren, men før skiftet vart halde. Ho fekk likevel sin part i lausøyra. Den vart så delt mellom mora, halvbroren og fullsøskena.
Enkja Eli fekk 1 pund 5 1/3 merker smør i Herheim, alt godset i Brekke og 1 pund smør i Bråtveit. Sonen Ola fekk 2 pund 2 2/3 merker smør i Herheim og døtrene Kari og Guri fekk 1 pund 3 merker smør i Mosbakka og 2 3/4 merker smør i Bråtveit kvar. Kari fekk gard på Brekke, Guri garden på Mosbakka. Ola tok over Ådnes bruk i Herheim.
Ved sida av jordegodset var det lausøyra for over 239 riksdalar. Før det vart delt, fekk Ola 1 kiste og 1 gevær og dei to døtrene Kari og Guri 1 kiste kvar og 1 koparkjel til 16 riksdalar på deling i forlods. Og dessutan skulle både Ola, Jorunn, Kari og Guri ha ei like stor heimanfylgje som halvbroren Endre hadde fått, nem-leg til ein verdi av vel 25 riksdalar. Etter avkortinga var det jordegods og lausøyra for vel 300 riksdalar att til deling.
Buskapen etter Ådne er den største buskapen vi kjenner frå Sauda i det heile teke før 1900. Han hadde ein 10 år gamal hest, 10 kyr, 5 vaksne og unge stutar, 5 kviger, 5 kalvar, 11 geiter,
4 kje, 9 verar, 28 sauer, 8 gimrar og 18 lam. 12 tønner havre skulle og skiftast.
Ådne hadde vore godt utstyrt på alle måtar. Der var 22 mjølkekjerald, 18 koller, 7 kar, 10 tønnestrokar, 3 små kaggar, 3 øltre, 1 øltønne, 1 ølhalvtønne, 1 ølkvarter og 1 ølanker, 2 stampar, 1 saltetrau, 1 kornstork, 2 bommer og 3 kister. Der var 4 grev og 2 spadar, 1 smiebelg og 3 smieste, 4 kverkøksar, 1 hoggøks, 1 lauvøks og 1 bile, 1 slegge, 2 slaghamrar og 2 tynslehamrar, 2 langhøvlar, 2 husanavrar, 1 sledenavar, 1 båtanavar, 1 tronavar og 1 rivenavar, 1 hovtang, 1 bandakniv, 1 haldhake, 1 teksle og 1 jarnstør, 8 reip og 2 selar med jarnringar.
Elles var der heile 4 koparkjelar, 3 jarngryter, 1 lenkeskjer-ding, 1 bakstehelle og 1 steikepanne. Der var 1 seksæringsbåt, 1 kvern med reiskap, 1 børse med lås og 2 krumsablar og 1 skreppe av lær. Og der var 3 tylvter smått sagtømmer.
Det er likevel tekstilane, kleda og sakene av sylv, massing, tinn og steinty som klarast fortel om velstanden på Herheim, i Ådne og Eli si tid. Dei hadde 3 lysestakar og 4 bordringar av massing, 5 tinnfat, 3 leirfat, 2 krus av steinty - det eine utan og det andre med tinnlok - og 3 sylvskeier. Ei skei hadde kort skaft og rose i bladet, ei var merkt EOS 1653 og var nok komen frå Heim og ei var merkt OASGSD. Alle tre skeiene gjekk til Guri. Kari fekk eit sylvbeger med tre forgylte føter og to ringar omkring. Ola fekk eit "belte med 23ve forgylte firkantede sølf-støker og smaa ringer udj, og derforuden 5 runde plader, sampt en sølvspende og en half oval plade i den anden ende, wurderet for 13 rd".
Tekstilane som Ådne etterlet seg, var 2 lerrets borddukar, 2 svenske sengeteppe, 3 dokkeåkle, 2 brautåkle og 14 kvitlar, 2 benkedyner, 5 hovuddyner og 5 underdyner. Det er ikkje fortalt kva som var i dynene, men dei sov nok neppe på halm på Herheim i Ådne Askjelsons tid. Kleda som vart skift i 1731, var 2 vadmålskjolar, 2 svarte vadmålsbrøker, 1 raud ullskjorte, 1 kvit vadmåls ullen skjorte, 1 skinnskjorte med tinnknappar, 1 blå kjerses skjorte med floretteband og tinnknappar, og 1 svart vad-målstrøye. 41685


General Notes: Wife - Eli Johannesdotter

Då Ånde var avliden, gifta Eli seg for tredje gong. Torbjørn Pålson frå Løyning vart tredje mannen hennar. Han er nemnt på Herheim i 1734. Året etter tok odelsmannen Ola over Ådnes bruk. Torbjørn og Eli flytta då til Brekke, farsgarden hennar, der dei seinare budde. Eli fekk ikkje barn med Torbjørn. 24169
picture

Aadne Olson Herheim and Brita Jakobsdotter




Husband Aadne Olson Herheim 3184

           Born: 1742 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
     Christened: 
           Died: 1804 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
         Buried: 


         Father: Ole Ådneson Herheim 3184
         Mother: Guri Hansdotter 31897


       Marriage: Cir 1768 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4463



Wife Brita Jakobsdotter 9040

           Born: 1743 - Åbø, Sauda, Rogaland, Norway 4463
     Christened: 
           Died: 1825 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 4463
         Buried: 


         Father: Jacob Johannesson Åbø 3183
         Mother: Brita Larsdotter 16404


Events

• Censuses: 1758, Åbø, Sauda, Rogaland, Norway.


Children
1 M Ole Ådneson Herheim 3184

            AKA: Ole Anderson
           Born: 1769 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 8093
     Christened: 
           Died: 1832 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway 8093
         Buried: 
         Spouse: Mette Hadlesdotter 1608
           Marr: 5. oct 1794 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 8093,38500


2 F Anna Ådnesdotter 3184

           Born: 1779 - Herheim, Sauda, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 
         Spouse: Knud Torgerson 13610
           Marr: 1803 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 41686




Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)