Fiksing av dammen

Startside Opp Gullfisk Fiskesortar (1998) Fiksing av dammen Øyvind - krypdyr

Rapport om fiksinga av dammen våren 1999.

Eg heiter Øyvind Helgeland og hadde eit prosjekt på skulen våren 1999 då eg gjekk i klasse 8a ved Time Ungdomsskule.

Rapport:

Tema: Hagedam

13/4-1999: Fiksing-Hagedammen-1.jpg (30652 bytes)

I dag reiv me den gamle dammen for den lekk vatn. Me grov han djupare og litt breiare, før me la to lag med tjukk plastikk. Den gamle plastikken la me øvst. Då me hadde gjort dette fylte me vatn i dammen og la i sand og steinar. Rundt kanten la me stein. Etter nokre timar måtte eg reinsa pumpa for den var full av rusk etter at me hadde rota i vatnet (ta oppi sand og liknande). Etter dette reiste me til tropehuset og kjøpte 8 stk. gullfiskar. Desse fiskane slapp me uti dammen kl. 18.15. I tillegg til desse hadde me to andre gullfiskar frå før, dei slapp me uti tidlegare i dag.

 

15/4-1999: Fiksing-Hagedammen-2.jpg (32125 bytes)

I dag klypte me hekken rundt dammen, slik at det ikkje kommer så mykje rusk i dammen. Etter dette fortsetta me på dammen, me la litt stein rundt kanten og gjorde det slik at dammen kunne ta litt meir vatn.

 

 

                                                                                                                                                  

 

 

Fiksing-Hagedammen-3.jpg (38832 bytes)

4 stk. gullfiskar døyde i løpet av i går og i dag, derfor fylte me i litt varmt vatn. Dei var nok ikkje så hardføre, det var ein litt spesiel type gullfisk som døydde.

 

 

 

 

 

 

 

Fiksing-Hagedammen-4.jpg (34584 bytes)

 

 

Me skal i løpet av dagen snakka med dei i tropehuset om "ulykka" og me håpar på å få nokre nye (me fekk 4 stk. nye).

 

 

 

 

21/4-1999:Fiksing-Hagedammen-5.jpg (24833 bytes)

I dag har me ordna ein del av web sidene (skreve   og sett inn nokre bilder). Etter dette grov me ned ein strøm ledning til pumpa,ca. 30 cm. ned i jorda.     Dette tok ganske lang tid.       

 

Det er altid litt "finpuss" som må til i ein dam.  

 

 

26/4-1999::

I dag fann me noko stein til å ha nedi dammen. Etterpå laga me ferdig web-sidene. Til slutt brant me ei CD-plate med web-sidene på om dammen og som eg tok med på skulen.

 

Tilbake til toppen

 

 

 

 

horizontal rule

  Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                 Sist endra: 29.08.2013