I 1998 hadde me fiskesortane:
ØREKYT - latinsk namn: Phoxinus phoxinus
Ørekyt høyrer til Karpefamilien (Cyprinidae - Orden: Ostariophysi)
Utsjånad: Flekkete og kan hende grønleg med mørk rygg og 10-15 mørke tverrband. Undersida er kvit eller grå. Finnane er lyse. I gytedrakt har hannen har mest svart rygg, finnar og buk er raudlege. Skjela er veldig små og den har 80-110 langs sidelinja. Lengda på fisken er normalt 10 cm, og sjeldan 15 cm. | |
Utbreiing: Skandinavia og Finland, Europa nord for Alpane, i Sibir aust mot Stillehavet. | |
I Noreg: Austlandet vest mot Numedalslågen og nordover til Dovre, nokre stader i Nord-Trøndelag og i Troms og Finnmark. I brakkvant i Oslofjorden. | |
Biotop: I små stimar i bekkar og elvar med stein og grusbotn. Ofte i små skogvatn. Nokre stader opp til 1.000 meter over havet. Finst sjeldan i brakkvatn. | |
Føde: Lever av små insektlarver, krepsdyr og et ofte rogn. | |
Forplantning: Legg 200-1.000 egg tidleg på sommaren i bekkar. Egga er 1-1,2 mm i diameter og vert lagt i små haugar mellom steinane og vert klekte etter 5-10 døgn. Fisken vert kjønnsmoden 1 år gamal og er då ikring 3,5-4 cm lang. |
Av STIKLINGFISKANE (orden: Thoracostei) er det i Noreg tre artar som alle høyrer til Stingsildfamilien. Desse tre er trepigga stingsild, nipigga stingsild og tangstikling. Tangstikling finst berre i saltvatn. Trepigga stingsild finn ein både i saltvatn og ferskvatn, medan nipigga stingsild stort sett berre finst i ferskvatn.
Trepigga stingsild - latinsk namn Gasterosteus aculeatus:
Utsjånad: Sølvglinsande med svartgrå rygg om sommaren, men meir blågrå om vinteren. Hoa og småfisk har ofte mørke band. I gytedrakt har hannen raud underside og hoa eit brunleg metallskjær. Fisken har tre frie piggar framfor ryggfinnen. Det kan førekoma 2, 4 eller fem piggar på nokre. Fisken har ikkje skjel, men huden er dekt av beinplater som er kraftigare utvikla i saltvatn enn i ferskvatn. Fisken vert 5-7 cm, sjeldan opp til 11 cm i saltvatn. | |
Utbreiing: I Europa, Asia og Amerika nord for ikring 40° nord, ved og nær kysten, stundom mellom anna i Barentshavet. | |
I Noreg: Alminneleg langs heile kysten og i dei fleste lågareliggjande vassdrag. | |
Biotop: I små stimar i elvar og småbekker, i skogtjern, ved stranda langs kysten og stundom i stimar ute på havet. Nokre stader vandrar dei frå havet opp i elvar for å gyte. | |
Føde: Alle slag smådyr, fiskeyngel og rogn. | |
Forplantning: Fisken gyter i mai/juni. Hannen byggjer reir på botnen. Reiret vert laga av plantedeler og liknande som vert spunne saman med eit slimete sekret frå nyrene. Reiret er ikring 10 cm i diameter og med ein opning på den eine sida. Fleire hoer vert jaga inn og legg egg i reiret. Kvar hoe legg 100-400 egg som vert klekt etter 9-11 døgn. Hannen held vakt over egga og over yngelen dei første 4-6 dagane. Yngelen vert kjønnsmoden etter 1 år og kan verte opp til 3 år gamle. |
Nipigga stingsild - latinsk namn Pungitius pungitius:
Utsjånad: Sølvglinsande med brun eller grønleg rygg, ofte med mørke flekkar. Fisken har 9-10 frie piggar framfor ryggfinnen. Det kan førekoma 7-12 piggar på nokre. Fisken har ikkje skjel, men huda er dekt av beinplater som ofte er dårleg utvikla, eller bare bak på halestilken. I gytedrakt har hannen raudlege bryst- og bukfinnar. Fisken har normalt ein lengde på 3-4 cm, men sjeldan opp til 7 cm. | |
Utbreiing: Nord i Russland, Skandinavia, Nederland og rundt Austersjøen, vidare i Asia og i Amerika. | |
I Noreg: I Sør-Noreg, Trøndelag og i Finnmark. | |
Biotop: Ferskvannsfisk helst i småbekker, av og til i brakkvant, sjeldan i saltvatn. | |
Føde: Mest små krepsdyr. | |
Forplantning: Fisken gyter tidleg på sommaren men ofte om hausten. Hannen byggjer eit sylinderforma 3-4 cm langt reir av bladstilker og liknande spunne saman og festa opp mellom plantane. Egga kan og klebast til planter utan noko reir. Hoa gyter 150-200 egg som vert klekt etter ikring 12 døgn. Hannen held vakt over egga og over yngelen dei første dagane. |
Sørv - latinsk Scardinius erythrophthalmus:
Utsjånad: Noko høgryggja og litt trykt saman frå sida. Ryggen brungrøn, sidene metallskinande, ofte med svake, grøne prikkar og strekar. Undersida er gulkvit, bukfinnen og gattfinnen er raude, dei andre mørkt raudlege. Sørven har augo med raud iris. Den har 40 43 skjel langs sidelinja. Sørven vert 20 30 cm og veg 200 400 gram, men kan verte opptil 1 kg. | |
Utbreiing: Sør i Skandinavia, sør i Finland, Europa nord for Alpane, austover til Det kaspiske hav, Aralsjøen og Ob. | |
I Noreg: Tista, i Glåma til Mørkfossen, Mossevassdraget, nedre del av Drammenselva og enkelte lågtliggjande vatn i Vestfold og Telemark til Kragerø. | |
Biotop: I små stimar i plantebelte i grunne sjøar og rolege elvar. Om vinteren på djupare vant. | |
Føde: Mykje plantekost, ein del insektlarver, sniglar, rogn og liknande. Stor sørv tek ein del småfisk. | |
Forplantning: Gyter i juni når temperaturen er over 20 grader. Den legg over 100.000 egg som kleber til plantene. Dei vert klekt etter 310 døgn, og yngelen sit sugne fast til plantene den første tida. Yngelen vert kjønnsmoden 23 år gamal. |
Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:
Sist endra:
29.08.2013