Fanuel Rasmusson Vatne and Eli Vatne
Husband Fanuel Rasmusson Vatne 36104
Born: 1614 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: Bef 1684 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Buried:
Father: Rasmus Ivarson Vatne 22370 Mother:
Marriage: Cir 1640 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 36106
Wife Eli Vatne
AKA: Ellen Born: Cir 1615 Christened: Died: - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Children
General Notes: Husband - Fanuel Rasmusson Vatne
Fanuel Rasmusson, son til Rasmus Ivarson, overtok bygsla på Vatne etter faren. Dei seks første gongene han er nemnd i tingbøkene, frå 1654 til 1662/1664, blei han alltid kalla Gilja. Seinare blei han kalla Vatne eller Vatland, Vatneland, Vetland, Vetteland. Vekslinga mellom dei to gardsnamna tyder på at også han brukte Vatne i kombinasjon med part i Gilja, eller i det minste skifta mellom å bruka Vatne og parten i Gilja.
Fanuel sitt namn er nemnt fleire gonger i tingbøkene. Første gong me høyrer om han, er i sakefallslista for 1653/54. Der går det fram at Torgeir Nødland hadde stukke Fanuel Rasmusson i armen med ein kniv. Torgeir måtte bøta med 4 dalar, men saka enda ikkje med dette. Torgeir måtte også ut med kostnader til badskjærløn, dvs. utgifter til "lækjar"-hjelp.
Asbjørn Bjordal reiste i 1656 sak mot Fanuel for at han skulle "ha liget hos hans syster Beritte som tilforn boede paa Nøeland, och i saa made forspildte hendes giftermaal och løgnagtig paa satte hende en skandsflech." Fanuel måtte innrømma at han hadde vore saman med henne, men ville likevel ikkje gifta seg. Han måtte bøta med fulle bøter; heile 7 dalar til Kongen.
Pengespørsmål var nok ikkje Fanuel si sterke side. Ei rekkje saker på tinget vitnar om det. Det starta i desember, 1664, då han blei stemna av farbroren, Ola Ivarson Gjestaland, for 8 riksdalar i gjeld. Fanuel møtte ikkje på tinget og måtte bøta "stevnefall". På same tingsamling blei han stemna av Torkel Ivarson for manglande landskyld. I 1670 skulda han skatt for Vatne "på halv tredje år", men hadde ingen ting å betala med. Etter dommen måtte jordeigaren, Tolleiv Velleson, betala skatten, og sto då fritt til å leiga jorda ut på nytt. Men i 1673 stod det framleis igjen 2 riksdalar og 1 ørt på gjelda. Fanuel meinte han hadde betalt, men kunne ikkje bevisa det, og blei derfor på nytt dømd til å betala. Året etter blei han på nytt stemna for same beløpet. Igjen blei han dømd, denne gong til å betala innan 14 dagar.
Kanskje greidde han denne gjelda, men andre kreditorar stod klare: I 1674 skylde han på nytt avgift, denne gong tiend til biskopen.
Samstundes var fogden frampå med krav om tri års landskyld for "Vatland" (Vatne). Året etter gjekk det reint ille for Fanuel. Hos broren, Ivar Rasmusson, i Giljabrekka var det stole korn, og dei leita etter den som kunne vera gjerningsmannen. Tolleiv Velleson og Henrik Olson var vitne i saka. Dei hadde vore med i ettersøkinga, og kunne bevisa at Fanuel var tjuven. Dei kunne følgja sporet av korn som var sølt på vegen og som hadde hengt seg fast i buskar og tre, like fram til huset hans på Vatland. Der fann dei både korn og halm. Det går ikkje fram av tingboka om Fanuel fekk noka straff for dette. Truleg var han så fattig at det ikkje hadde noko hensikt å bøteleggja han.
Fanst der ikkje pengar, kunne husdyr gjera nytten som betaling. Av tingboka for 1678, går det fram at Tolleiv Velleson stemna Elen Vatne, kona til Fanuel, for ei ku som lensmannen, Tårn Tårnson, hadde teke frå Fanuel og sett i forvaring hos Tolleiv. Elen hadde teke kua tilbake, og blei nå dømd for dette. Om Fanuel nå var død eller om det var kona som tok saka i si eiga hand, veit me ikkje. Men av ei seinare tingsak går det fram at han var død før 1684.
Som nemnt i avsnittet om Salve Rasmusson på Gilja, var det strid mellom brørne, Salve og Fanuel, om bygsel i Gilja. Men Fanuel fekk behalda parten sin. Etter at Fanuel var død, blei det halde sak om kven som skulle sitja på garden. Det var i 1684. Rasmus Rasmusson Mjåland, bror til Fanuel, hadde stemna Tolleiv Velleson, eigaren av Vatne, for at han hadde bygsla garden til "en fremmed", på tross av at det var Rasmus som hadde åsetesrett etter broren, Fanuel. Denne retten hadde Rasmus kjøpt av Fanuel sine barn, for fire riksdalar. Tolleiv på si side meinte at han ikkje hadde gjort urett. Men Rasmus kunne ikkje skaffa bevis for denne åsetesretten, og Tolleiv hadde derfor rett til å gje bygsel til kven han ville.
"Den fremmede" på Vatne var Johannes Jonson. Me veit ikkje kvar han kom frå, eller kor lenge han budde på Vatne.
At Fanuel hadde barn er nemnt, men ein kjenner ikkje noko til kven desse var. 51917
Rasmus Ivarson Vatne
Husband Rasmus Ivarson Vatne 22370
Born: 1585 - Gilja, Forsand, Rogaland, Norway 33153 Christened: Died: Cir 1643 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Buried:
Father: Ivar Ljødeson Gilja 29486 Mother: Ingeborg Gilja
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Salve Rasmusson Gilja 36104
Born: 1606 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: - Gilja, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingeborg Gilja Marr: Cir 1629 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 36105
2 M Rasmus Rasmusson Mjåland 36104
Born: 1610 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: - Mjåland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
3 M Fanuel Rasmusson Vatne 36104
Born: 1614 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: Bef 1684 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Buried:Spouse: Eli Vatne Marr: Cir 1640 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 36106
4 M Svend Rasmusson Gilja 36104
Born: 1618 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: - Gilja, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
5 M Ivar Rasmusson Giljabrekka 36104
Born: 1619 - Vatne (Giljastølen), Forsand, Rogaland, Norway 36106 Christened: Died: - Giljabrekka, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Marite Jonsdotter Marr: Cir 1663 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 14586
General Notes: Husband - Rasmus Ivarson Vatne
Det var Rasmus Ivarson frå Gilja som først slo seg ned på Vatne (som i dag vert kalla Giljastølen), i begynninga av 1600-talet, og blei den som rydda garden der igjen. Han var son til Ivar Ljødeson på Gilja, som åtte Vatne då. Første gongen Rasmus Ivarson blei nemnd, var i 1632. Då blei han stemna saman med "medbrødrene" sine av biskopen, Tomas Cortsen Wegner. Grunnen var noko høy dei hadde slege ulovleg på Lindlandstølen, og sidan teke med seg heim. Etter biskopen si meining var dette imot ein tidlegare lagmannsdom.
Året etter blei Rasmus saman med Torkel Ivarson Gilja, stemna for "domrov". Å gjera domrov tyder at dei har sett seg ut over ein tidlegare dom. Bota var på 4 merker sølv. Vidare hadde dei gjort seg skuldige i ulovleg "tak" - å ta noko utan lov. Denne bota var på heile 10½ riksdalar. Bjørn Mele lova på deira vegne at gjelda skulle innbetalast til fogden i Stavanger, innan 14 dagar.
I 1637 var det igjen ei ny hending der Rasmus sette seg opp mot styresmaktene. Då skulle han, saman med fleire andre, skyssa fogden frå Stavanger til Åmøy. Der var det ingen som kunne skyssa han vidare.
Fogden bad då Rasmus og dei andre om å gjera det. Det ville dei ikkje, men gjekk i båten med ein gong. Fogden tok hatten til ein av dei, for at dei ikkje skulle dra frå han, mens bøndene på si side hadde tatt med seg kårda hans som hadde lege ved sida av ei bu. Då dei drog, blei derfor fogden verande på Åmøy ein heil dag, før han kom seg vidare. Men korkje Rasmus eller nokon på vegne av han, møtte på tinget. Rasmus blei derfor dømd for stemnefall.
Ein kjenner ikkje til kven kona til Rasmus var, men det er nemnt fem barn etter han. Rasmus er nemnd siste gong i skattemanntalet for 1643, og truleg døydde han kort tid etter, for i 1644 er enka ført som brukar. 51918
Erik Jensson Vatneim
Husband Erik Jensson Vatneim
Born: 1608 43599 Christened: Died: - Vatneim, Tysvær, Rogaland, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Jens Erikson Håvik 43598
Born: 1648 - Haukali, Nedstrand, Rogaland, Norway 43599 Christened: Died: 1729 - Håvik, Avaldsnes, Rogaland, Norway 43600 Buried:
Baltser Steinson Vaula
Husband Baltser Steinson Vaula 33083
AKA: Bertel Born: 1599 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 50718 Christened: Died: Cir 1674 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 50718 Buried:
Father: Steen Vaula Mother: Pedersdotter 4334
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Halvard Baltserson Sedberg 33083
Born: 1624 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: Cir 1678 - Sedberg, Strand, Rogaland, Norway 41386 Buried:Spouse: Astrid Toresdotter 16801 Marr: Cir 1662 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 41386
2 M Ole Baltserson 33083
Born: 1630 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: Buried:
3 M Steen Baltserson Sedberg 33083
Born: 1632 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: 1706 - Sedberg, Strand, Rogaland, Norway 39245 Buried:
4 M Hoskuld Baltserson 33083
Born: 1635 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: Buried:
5 M Ingemund Baltserson 33083
Born: 1640 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: Buried:
6 M Engelbret Baltserson Oanes 33083
Born: 1651 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: 1721 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 30. mar 1721 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 23490Spouse: Kari Pedersdotter Marr: Cir 1673 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 23490
7 M Christopher Baltserson Vaula 33083
Born: 1654 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: Cir 1696 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Buried:Spouse: Anna Torfinnsdotter Marr: Cir 1680 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 21775
General Notes: Husband - Baltser Steinson Vaula
Baltser betalte skatt i klassen for øydegardsmenn og husmenn i 1631, han var fattig i 1632, og var i skatteklassen av forarma leiglendingar i åra frå 1633 til 1635. Han er så kalla Bertel i åra 1636 til 1639, men Baltzer frå 1640 til 1644. Dei siste åra var han forarma. Han betalte odelsskatt i 1650. I 1658 og 1667 var han lagrettemann. Enka på Vaula var stemna for retten i 1674 for skuldig landskuld, men det er ikkje kjent kva enka heitte. Namnet Baltser (Bals, Balser) kjem nok av Balthasar, som etter segna skal vere ein av dei tre heilage kongane i Bibelen. Namnet er sjeldant både i Strand og andre stader, og det kan tyda på at ætta hadde geistlege forfedre. Mor til Baltser var truleg prestedotter, og faren kan òg ha vore av preste-ætt sidan han vart gift med henne. Baltser og sonen Halvard fekk sett opp eit pantebrev på ½ pund smør i Selemork i 1674. Tidleg på 1600-talet var det bøndene på Tungland som åtte Selemork, og mellom dei var Hoskuld av ætta frå Byrkja i Årdal. Namna i ætta til Baltser tyder på slektskap til denne ætta frå Byrkja, mellom anna går både namnet Steen og Hoskuld att. 50718
Gunnbjørn Larsson Vaula
Husband Gunnbjørn Larsson Vaula 5446
Born: - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1655 - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried:
Father: Lars Vaula Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Kristen Gunnbjørnson Vik 30509
Born: 1608 - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway 30508 Christened: Died: - Vik, Rennesøy, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Gunnbjørn Larsson Vaula
Gunnbjørn Larsson var truleg son til Lars på "Vølle". Gunnbjørn var brukar på Vaula til ikring 1655, og vert nemnt som lagrettemann frå 1616 til 1640. Han overtok det 48 spann store bruket etter Lars kring 1600. Gunnbjørn betalte bispetiend omlag som gjennomsnittet. Men i 1620 - og 1630-åra då formua virka inn på kor mykje den einskilde skulle betala i skatt, betalte Gunnbjørn opp mot det doble av gjennomsnittet elles i bygda. 51919
Jakob Pederson Vaula
Husband Jakob Pederson Vaula 29162
Born: 1645 - Reilstad, Finnøy, Rogaland, Norway 12396 Christened: Died: After 1716 - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried:
Father: Peder Jakobson Reilstad Mother: Kari Pedersdotter
Marriage: Cir 1665 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 12396
Other Spouse: Vibeke Jørgensdotter - 7. jul 1689 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 12396
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Peder Jakobson Tjensvoll 5446
Born: 1665 - Eik, Sjernarøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Tjensvoll nedre, Hetland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Lisabeth Jakobsdotter Marr: 21. nov 1697 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, NorwaySpouse: Maren Ivarsdotter 386 Marr: Cir 1715 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway
2 M Henrik Jakobson Randeberg 5446
Born: 1677 - Eik, Sjernarøy, Rogaland, Norway 12396 Christened: Died: 1744 - Randaberg, Randaberg, Rogaland, Norway 9334 Buried:Spouse: Ingeborg Olsdotter Marr: 1. jul 1703 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9334
Lars Vaula
Husband Lars Vaula
Born: Christened: Died: After 1591 - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Gunnbjørn Larsson Vaula 5446
Born: - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1655 - Vaula, Mosterøy, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Lars Vaula
Lars "på Vølle" er nemnt som lensmann i 1591 då han deltok på kongehyllinga i Oslo. Vaula var den fyrste lensmannsgarden me kjenner i skipreide. 12396
Rasmus Larsson Vaula
Husband Rasmus Larsson Vaula 20947
Born: 1706 - Meland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 18250 Christened: Died: 1776 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway Buried: 10. nov 1776 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 1684
Father: Lars Rasmusson Meland 20947 Mother: Ragnhild Halvorsdotter
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 F Kari Rasmusdotter 21774
Born: 1766 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: 1825 - Østerhus, Strand, Rogaland, Norway 20940 Buried:Spouse: Knud Pederson Østerhus 20900 Marr: 1794 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 42360
Maurits Torgrimson Vaule
Husband Maurits Torgrimson Vaule 11806
Born: 1675 - Birkeland store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11804 Christened: Died: Between 1737 and 1758 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried:
Father: Torgrim Toreson Birkeland 11806 Mother: Torgjerd Tolleivsdotter 11807
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Sigbjørn Mauritsson Vaule 19113
Born: 1698 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway 30795 Christened: Died: - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Guro Larsdotter 4665 Marr: 20. mar 1737 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 30795
2 F Anna Mauritsdotter
Born: Cir 1704 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: Died: - Bue, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Tolleiv Ellingson Vaule Marr: 9. jun 1737 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
3 F Mauritsdotter
Born: Cir 1712 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: Died: 1722 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried: 13. dec 1722 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
4 F Torgjerd Mauritsdotter
AKA: Torgiær Born: 1717 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: 28. mar 1717 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway Died: Cir 1717 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried:
5 M Gullik Mauritsson Netland 19113
AKA: Gulag Born: 1720 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: 17. mar 1720 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 30795 Died: 1809 - Netland, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried: 1. jan 1809 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19111Spouse: Guri Ellingsdotter 12477 Marr: 14. oct 1742 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19114,19115
6 F Torgjerd Mauritsdotter
AKA: Thorgiær Born: 1723 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: 11. apr 1723 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway Died: 1723 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Buried: 8. aug 1723 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway
7 F Torgjerd Mauritsdotter
AKA: Thorgiær Born: 1724 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway Christened: 4. jun 1724 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway Died: Buried:
Peder Vaulen
Husband Peder Vaulen
Born: 1620 51920 Christened: Died: After 1682 - Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Marriage:Events
• Censuses: 1664, Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Lars Pederson 1131
Born: 1653 - Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway 9275 Christened: Died: Buried:
2 M Johannes Pederson Tveit 1131
Born: Cir 1655 - Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: 1699 - Tveit, Nedstrand, Rogaland, Norway 1130 Buried:Spouse: Kari Josefsdotter 23191 Marr: 1682 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 1130Spouse: Bergitte Olsdotter 40683 Marr: Cir 1686 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 1130Spouse: Kari Torsteinsdotter 1129 Marr: Cir 1695 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 1130
3 M Halvor Pederson Dalva 1131
AKA: Haldwor Born: 1657 - Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway 9275 Christened: Died: After 1716 - Dalva, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Eivindsdotter Marr: Cir 1685 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 26823
4 M Morten Pederson Sandvik 1131
Born: 1661 - Sandsgård, Nedstrand, Rogaland, Norway 9275 Christened: Died: After 1723 - Sandvik, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Peder Vaulen
Peder Vaulen (under Sandsgård) var fødd ikring 1620. Han er nemnt som husmann på Vaulen i 1664, 1666 og 1682. Det står at Peder kan vere den same som Peder på Hetland og son til Ola på Hetland, og dermed bror til Erik Olson Skorpe. Dette vil høve med at Erik Skorpe var "neste federne frende" til Ola Johannesson, sonason til Peder. Men Ola Sørenson Hetland var fødd i kring 1619 og Peder Vaulen var fødd ikring 1620, så den teorien er umogleg! 51921
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)