Ole Toreson Oaland
Husband Ole Toreson Oaland 8730
Born: 1596 - Underberge, Forsand, Rogaland, Norway 40611 Christened: Died: Cir 1675 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Tore Toreson Underberge 28238 Mother: Gunhild Underberge
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Tore Olson Oaland 25127
Born: 1636 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 43959 Christened: Died: Cir 1698 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
2 M Erich Olson Oaland 25127
Born: 1640 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 43959 Christened: Died: Bef 1701 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Anna Isaksdotter Marr: Cir 1667 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 43960
3 M Kristoffer Olson Byberg 25127
Born: Cir 1645 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: 1695 - Byberg, Sola, Rogaland, Norway Buried: 21. mar 1695 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 623Spouse: Malena Jakobsdotter Marr: 7. dec 1681 - Håland kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 623
4 F Gunhild Olsdotter 25127
Born: Cir 1648 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
5 F Siri Olsdotter 25127
Born: Cir 1653 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 43959 Christened: Died: 1693 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 8. dec 1693 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 43959
General Notes: Husband - Ole Toreson Oaland
Ved synfaringa på Oaland i 1624 går det tydeleg fram or kjeldene at garden låg i Øyde. Men ein kunne sjå tuftene etter den gamle garden frå før Svartedauden. Når folk i gamle dagar kom til ein øydegard, fælte dei ofte. Slik var det òg på Oaland. Dei trudde dei gamle gjekk att. Det var Ola Toreson frå Toreparten på UnderBerge som tok Oaland opp av øyde. Han gjekk truleg i gang med det stutt tid etter synfaringa på garden i 1624. Då var han alt ein noko til års kommen ung mann, vel 27 år gammal. Når eldste sonen Tore vart fødd så seint som 12 år etter dette, først i ikring 1636, syner det vel at Ola trong tid til å rydja opp garden og setja opp hus, så han kunne gifta seg og setja bu. Men kanskje døtrene var dei eldste barna til Ola, så han var vel gift ei tid før Tore kom til verda.
Skattelistene fortel at Ola var den første som svara skatt av Oaland. Det var i 1632/1633, han var då 36 år gammal. Då stod han i skatteklassa "forarmede husmenn og Ødegårdsmenn". I 1642/1643 var han kommen opp i klassa "forarmede leilendinger". I manntalet for 1645 finn me "Anders" med kone og ei (tenest-)jente på Oaland. Det kan vel ikkje vera rett. Det lyt vera ei misskriving. I manntal for 1661 har Ola gjeve halvparten av garden ifrå seg til sonen Tore. Far og son står jamsides i dette manntalet.
Tingboka for 1661 fortel at "Tore Oaland" (og nokre andre) var stemnde, "hvilke rester med deres toll og rettighet til lagmannen". Dei "ble tilkjent å betale, eller det av deres bohave å utvurderes, ettersom de der om var lovlig stevnt."
Tingboka for 1663 fortel at "Ola Oaland var stevnt for restans med ledingen". restemanntalet i 1664 nemner Ola Oaland med sonen Erik på det eine bruket jamsides Tore Oaland på det andre. I futemanntalet same året finn me òg Ola Toreson, 68 år, og på det andre bruket Tore Olsen, 28 år. Så seint som i 1674, den 26. november, fortel tingboka at Ola Toreson vart stemna av Hans Bang "for 2 spd. for (16)68, -69, -70, -71, -72, og -73, årlig 2 spd."
I 1673 var Ola Oaland 77 år gammal, og då var det sjølvsagt sonen Erik som i røynda dreiv garden, endå me ser at faren står som gardbrukar på papiret. Ikkje så lenge etter døydde Ola, og Erik tok over faren sitt bruk. Me veit i røynda ikkje om brørne bytta bruk, så den eldste budde på "hovudbruket". Men me ser at dei to brørne sat med like store bruk, til skilnad ifrå dei to ulike store bruka i Haukali, og desse jamstore bruka på Oaland finn me er like store heilt ned til om lag 1800, då dei vart slegne saman til eitt bruk for ei stutt tid. Barna til Ola Toreson finn me i skiftet etter dottera Siri. Den eldste sonen, Tore, er fødd ikring 1636, og Siri som truleg er yngst, i ikring 1653. Det er så stor skilnad i tid mellom desse, at Tore vel må ha hatt fleire barn, men dei må alt vera døde ved skiftet. I takstforretninga frå UnderBerge i 1678 står det: "den tredje (son), forne Oluf kom til Oaland og bodde der, og bor nå tvenne hans sønner (= Ola og Erik) etter hannom." Ein kjenner til fire barn etter Ola. 43959
Tollef Jørgenson Oaland and Adlou Taraldsdotter
Husband Tollef Jørgenson Oaland 32593
Born: 1746 - Byrkjeland, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 12. mar 1746 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 32594 Died: 23. jun 1816 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 23768 Buried: 24. jun 1816 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 32595
Father: Jørgen Tolleivson Oaland 23767 Mother: Marita Eriksdotter 14588
Marriage: 13. jul 1766 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12809,23768
Other Partner: Siri Eriksdotter - (Unmarried)
Wife Adlou Taraldsdotter
AKA: Adlau Born: 1742 23768 Christened: Died: 1787 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 23768 Buried: 9. apr 1787 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 37285
Children
Tore Olson Oaland
Husband Tore Olson Oaland 25127
Born: 1636 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 43959 Christened: Died: Cir 1698 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Toreson Oaland 8730 Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Mikkel Toreson Oaland 14589
Born: 1663 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 25250 Christened: Died: 1695 - , Høyland, Rogaland, Norway Buried: 11. mar 1695 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 25250Spouse: Ingeborg Knudsdotter Marr: Cir 1693 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 25250
2 F Toresdotter
Born: Cir 1666 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: 13. jan 1708 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: This person had no known marriage and no known children
3 M Ole Toreson Oaland 14589
Born: 1672 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway 25250 Christened: Died: After 1733 - Oaland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Anna Eriksdotter Marr: Cir 1695 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 25250
Engelbret Baltserson Oanes and Kari Pedersdotter
Husband Engelbret Baltserson Oanes 33083
Born: 1651 - Vaula, Strand, Rogaland, Norway 21775 Christened: Died: 1721 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 30. mar 1721 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 23490
Father: Baltser Steinson Vaula 33083 Mother:
Marriage: Cir 1673 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 23490
Wife Kari Pedersdotter
Born: 1642 23490 Christened: Died: 1732 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 17. aug 1732 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455
Children
1 F Marite Ingebretsdotter 23489
Born: 1674 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 43866 Christened: Died: 1713 - Høle, Høle, Rogaland, Norway Buried: 1. nov 1713 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455,43866Spouse: Rasmus Kjetilson Li Marr: 1. nov 1702 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 11313
2 F Berite Ingebretsdotter 23489
Born: Cir 1676 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Eskeland, Høle, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Christopher Abrahamson Eskeland Marr: Cir 1700 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 29569Spouse: Nils Olson Eskeland 15318 Marr: 11. jun 1715 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455,29569
3 M Jacob Ingebretson Oanes 26931
Born: 1687 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 43866 Christened: Died: 1717 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 12. sep 1717 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932Spouse: Astri Samuelsdotter 4179 Marr: 9. apr 1707 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 26932
General Notes: Husband - Engelbret Baltserson Oanes
Ingebret Balsarson frå Vaula i Strand var gift med Kari Persdotter. Dei vert nemnde med to døtre og ein son. Ingebret tok over bruket på Oanes i 1673. Han var ein av to brukarar i tiendmanntalet 1681/1683. I manntalet for 1701 vert Ingebret nemnt 51 år og hadde sonen Jakob 14 år. I sjelemanntalet for 1706 står det at Ingebret var fødd på Vaula ("Vogle") i Strand, var 61 år og åtte og brukte sjølv garden. Han hadde då sonen Jakob, fødd på Oanes, 22 år og var innrullert soldat. I 1718 var Ingebret "over 60" or og hadde "antatt 1673", det vil seie vorte brukar på Oanes i 1673.
Etter aldersoppgåvene skulle Ingebret vere fødd 1645, 1650, 1656 eller 1658. Ingebret var lagrettemann tre gonger frå 1693 til 1697. Den 27. november 1678 stemna Hans Bang på bispen sine vegner, dei to brukarane "Ingebret og Rasmus Oanes, hver (for) et lam og (1) kalvskinn". Mellom dei som "resterer med landskylda" finn ein 2. mars 1694 "Oanes, Ingebret og Nils for (16)93. 8 sp. - rdlr.".
På Hesbø fjerdingsting den 21. mars 1698 finn ein i tingboka "Ingebret Oanes lot publisere et sitt kjøpebrev lydende på 2 spann korn i den gård og jord Oanes med bygsel og herlighet utstedt av Ivar Gunbjørnson Auklend ("Ugland") (i Høle). Kristoffer Abrahamson Eskeland (Høle). Gunbjørn Olson "Tiøsimb". Gunnar Erevik og Nils "Ånenson". Til vitterlighet beseglet av Svein Høle og Ola ibd. datert 12. januar 1699".
Kona til Ingebret, Kari Persdotter skulle vitna i ei sak om jordskifte mellom Nedre Bjørheim og Østerhus i Strand (som høyrde til Årdal skipreide før) den 14. mai 1703, men "Ingebret Oanes møtte på sin kvinne Karen Persdtr.'s vegne. Sa alt det (som) foran førte vitne har vitnet, er likeledes hans kvinnes vitnesbyrd".
Den 7. desember 1708 tok Ingebret til orde i ei sak om skoghogst som dei Høllesli og Bratteli hadde seg i mellom. Han fortalte at han hadde eit gammalt brev som han "ville la utsette på dansk".
Den 28. mars 1710 var Ingebret Oanes med og stadfesta eit kjøpebrev på gods i Bergsagel, sett opp den 18. mars 1710. Og sameleis den 6. og 7. desember 1715 eit kjøpebrev vedkomande UnderBerge sett opp den 3. juni 1715.
I 1724 finn ein at "Ole Bagge i Stavanger hadde latt innstevne Karen Oanes for ½ tønne salt". Og 6. juli 1731 fortel tingboka at tollar Ebbel hadde stemna Kari "tilhuse på Oanes" for 16 skilling som var "resterende rettighet og tiende og husmannspenger for Høle kyrkje pro anno 1726, 27, 28".
Engelbret Oenes vart gravlagd Dom Judica i 1721, 65 år gamal.
Karj Oenes vart gravlagd 10. søndag etter Trinitates i 1732, 90 år gamal. 23490
Ingebricht Jakobson Oanes and Ragnille Pedersdotter d.e.
Husband Ingebricht Jakobson Oanes 31678
Born: 1709 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 7. jul 1709 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932 Died: 1781 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 16. dec 1781 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 1684
Father: Jacob Ingebretson Oanes 26931 Mother: Astri Samuelsdotter 4179
Marriage: 2. jan 1724 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932
Wife Ragnille Pedersdotter d.e. 12909
Born: 1705 - Forsand, Forsand, Rogaland, Norway 21395 Christened: Died: 1791 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 25. apr 1791 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 1684
Father: Peder Erikson Fossan 21396 Mother: Kristi Sveinungsdotter d.e. 21394
Children
1 F Kristi Ingebretsdotter 34611
Born: 1731 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 18. feb 1731 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668 Died: - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
2 M Erich Ingebretson Oanes 34611
Born: 1732 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 9. may 1732 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668 Died: 1741 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 27. dec 1741 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668
3 M Peder Ingebretson 34611
Born: 1734 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 9. dec 1734 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668 Died: Buried:
4 F Kari Ingebretsdotter
AKA: Karen, Karj Born: 1735 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Svend Bjørnson Oanes Marr: 1753 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway
5 F Kristi Ingebretsdotter 34611
Born: 1740 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 6. mar 1740 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668 Died: Buried:
6 M Erik Ingebretsdon Erevik
Born: 1742 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 31677 Christened: Died: 1774 - Erevik, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 24. apr 1774 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 29752Spouse: Kristi Toresdotter d.e. Marr: 4. nov 1764 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 29752
7 M Engelbreth Ingebretson Oanes 34611
AKA: Engebret, Ingebret, Ingebrict Born: 1744 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 28. sep 1744 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 3654 Died: 1789 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 1. mar 1789 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 1684Spouse: Dorthe Gunnarsdotter 34612 Marr: 27. dec 1765 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 3654,12668
General Notes: Husband - Ingebricht Jakobson Oanes
Ingebret Jakobson Oanes vart gift med Ragnhild Persdotter Forsand. I matrikkelen 1723 står det at Ingebret Jakobson Oanes brukte alt (det vil seie 1 pund korn). Og i futen si kassabok for 1745 ser me at "Øvre Næsse", "som tilhører Lars Mele", skyld 1 laup smør (= 72 merker smør) og oppsitjaren er Ingebret Jakobson. I kassaboka for 1755/1758 står "Ingebret Jakobson bruker", men namnet er stroke ut og sonen sitt namn, Jakob Ingebretson er sett til. Skylda er då 1 pund korn (= 72 merker smør). Korkje Ingebret eller faren ser ut til å ha vore lagrettemenn.
I sjelemanntalet for 1758 er framleis Ingebret "Ingebretson" (= Jakobson) ført som eine oppsitjar på Oanes med kona Ragnilla Persdotter. Dei "har hjemme sin sønn Erik, i like måte sin sønn Jakob, som er gift med Ragnilla Eriksdtr. og har 2 børn, Ingebret og Astri". Dessutan var det to husmenn på garden, Ola Oenson og Tore Oanes, og "en gammel, bedaget huskvinne, Guren". Dette er Gurå Ivarsdotter (Helle) - mor til Ragnhild Eriksdotter, som i 1756 vart gift med Jakob Ingebretson - eldste son til gardbrukaren. Då Gurå døydde i 1772 vart ho kalla "huskvinna Gurå Ivarsdtr. Oanes, 80 år, fødd på Helle". Gurå var gift med Erik Toreson Øvre Espedal. Ved futemanntalet 1762/1763 var det to brukarar på Oanes. Det eine bruket var det framleis Ingebret "Ingebretson" (= Jakobson) og kona Ragnilla Persdotter som hadde. Dei hadde då heime to barn: Ingebret Ingebretson og Svein Ingebretson. Tenar var Anna Knutsdotter, "mars 1763". Innarst på bruket er Gurå Ivarsdotter. Dertil finn me òg: "mars 1763. Marita Eriksdtr. oktober 1763". Husmann under bruket var: Svein Bjørnson og Kari Ingebretsdotter, "oktober 1763". Namnet hennar er stroke ut, men det er skrive til: "Bør stå." Husbond nr. 2 var Jakob Ingebretson og Ragnilla Eriksdotter.
I futen si kassabok 1763/1766 står det at Ingebret Jakobson hadde halve Oanes, ½ pund korn ( = 36 merker smør), men namnet er stroke over og i neste kassabok, 1767/1770 står berre "Ingebrets bruk, ½ pund korn". (Det ser ut til at Ingebret då er borte.) Den andre halvparten av Oanes, ½ pund korn, har Jakob Ingebretson i futeboka 1763/1766, og i futeboka 1767170 står òg "Jakob Ingebretson, ½ pund korn", men Jakob er stroke ut og Ingebret er tilsett med tillegget: "Ingebret (= Ingebret Ingebretson) styrer hele gården fra 1768 års forår." Dette er bror til Jakob, som nå tok over både broren og faren sitt bruk og såleis har heile garden.
Første gongen me finn Ingebret Jakobson nemnd i tingbøkene er den 7. og 8. desember 1723. Då ser me at "Ingebret Jakobson lot tinglyse et sitt kjøpebrev utstedt av Karen Persdtr. (= farmor hans) som lyder på 12 spann korn landskyld med bygsel og herlighet i den gård Oanes. Til vitterlighet beseglet av Tore Rasmusson U-Berge og Ingebret Person ibid., datert 8. juli 1723". 12 spann korn eller 36 merker smør var halve Oanes, og det må vel vera Kari sitt helmingsgods i garden. Men Ingebret sjølv må vel òg ha arva ein part og har vel kjøpt opp resten frå arvingane, så han til slutt åtte heile garden. Men han vart ikkje sitjande med eigedomsretten til garden sin så lenge. Alt ti år seinare den 24. november 1733 har tingboka ein notis om "Lars Tormodson Mele's skjøte på l pund korn (= 72 mrk. smør eller heile Oanes) i Oanes utstedt av Ingebret Jakobson Oanes den 24. november 1733."
I tingboka for 26. mars 1745 der skiftet etter Lars Tormodson Mele er omtala, finn ein Oanes mellom det godset Lars åtte. Elles ser det ut til at Ingebret hadde ein stendig strid med å halde skuld og gjeld borte frå seg. Den 5. desember 1731 vitna han i ei sak mellom Ola Ivarson Rossavik og Nils Nilsson Rettedal. Men elles ser det ut til at det berre er gjeldskrav han møter i retten for å svara på. I 1733 den 7. juli då "en del almuen av Isse skipreide og Strand sokn som rester med bispestolens rettighet bestående av landskyld med videre samt tiende etc." vart innkalla, finn me "Oanes, Ingebret rester for 1732 tiende 8 spann a 18 sk. er - 3 ort 8 sk.".
Den 2. og 3. desember 1736 var "påropt følgende utstedte stevnemål, og møtte da: Ivar Oanes". Og den 12. juli 1738 ser me at "assessor Valentinsen hadde muntlig latt stevne ... (mellom andre) ... Ingebret Oanes for 2 rdlr. 16 sk. .. alle å lide dom til betaling med omkostninger. Av de innstevnte møtte ingen, uten Ingebret Oanes som lovet minnelig betaling innen kort tid ...".
Den 3. desember 1738 finn me i tingboka "Oppsatt sak mellom hr assessor Valentinsen kontra ... og Ingebret Oanes ble igjen påropt. Herman ved Strandasjøen møtte, men de andre ikke, fordi gjelden skal være betalt". Den 22. november 1746 har tingboka så endeleg ei "oppsatt sak av Kirsebom på (biskop) von der Lippe's vegne kontra en del almuesmenn, ble påropt: ... 4). Ingebret Oanes for 4 rdlr. 5 ort ble påropt. Viste kvittering av innhold: Ingebret "OsNæs" i "høxfiord" har betalt meg mitt fordrende krav som var 4 rdlr. 5 ort, hvorfor kvitt(ering) på min moders vegne. Stav. d. 21. Nov. 1746. Hans v. d. Lippe". Ingebret hadde òg sak om skuld til handelsmannen Lars Smith i Stavanger.
Den 9. og 10. november 1744 står det i tingboka at "Sr Lars Smith hadde muntlig latt innstevne atskillige hans debitorer her i skipreida å lide dom til deres gjelds betaling med omkostningers erstatning. Over de skyldige ble innlevert en spesifikasjon, hvor etter enhver ble oppropt. Og møtte da ... (mellom andre) ... Ingebret Oanes møtte personlig og tilstod kravet samt lovet minnelig å skulle betale". Den 29. juni 1745 var saka atter oppe på tinget. "Oppsatt sak: Sr Laurits Smith kontra en del almuesmenn for gjeld til sin betalings erholdelse: ... Ingebret Oanes - 2 ort 16 ß ... Da ingen av disse møtte, ble stevnevitnene fremkalt, nemlig Jon Fossrnork og Gjøde Fossmork ...".
Den 29. og 30. oktober 1745 var saka atter føre: Det var Sr Smith i Stavanger som kravde "Ingebret Oanes for 4 rdlr. 5 ß" hadde det nå vorte. Ingebret "var her på tinget, men ved påropelse var (han) ikkje å finne".
Til slutt den 14. november 1749 fortel tingboka at retten var sett mellom "Lars Smith kontra en del for gjeld etter spesifikasjon: ......... Ingebret "Oegnenes" viste kvittering å ha betalt".
Ingebret Jakobson vart gravlagd 16.12.1781 "73 år, etter 57 års ekteskap". Ragnhild Persdotter vart gravlagd 25.04.1791 "85 ½ år, enkje". Ragnhild og Ingebret hadde 11 barn. 25.02.1730 vart ei dotter på 18 dagar gravlagd, og 27.12.1741 vart eit "Barn Ingebrets" på 10 veker gralagd. 26932
Ivar Halvardson Oanes and Randi Sigvardsdotter
Husband Ivar Halvardson Oanes
Born: 1549 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 18314 Christened: Died: Cir 1641 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 18314 Buried:
Father: Halvard Vigleikson Helle Mother:
Marriage: Cir 1578 - Gjesdal kyrkje, Gjesdal, Rogaland, Norway 18314
Wife Randi Sigvardsdotter 1752
Born: Cir 1557 - Berge, Gjesdal, Rogaland, Norway Christened: Died: After 1645 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Sigvard Berge Mother:
Children
1 M Lars Ivarson Røynlid
Born: Cir 1578 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Røynlid, Høle, Rogaland, Norway Buried:
2 F Åsa Ivarsdotter 23489
Born: Cir 1585 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Viglesdal, Årdal, Rogaland, Norway Buried:
3 M Sjur Ivarson Rettedal 23489
AKA: Sivert Born: 1588 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 23490 Christened: Died: - Rettedal, Forsand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Anna Rasmusdotter 4345 Marr: Cir 1615 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 45620
4 M Gunnbjørn Ivarson Brathetland 23489
Born: 1604 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 23490 Christened: Died: - Brathetland, Høle, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Ivar Halvardson Oanes
Ivar var son til Halvar som budde på Oanes, men son flytta til Helle. Ivar nemner den siste garden faren budde på, Helle, då han på tinget i 1631 "vant (=vitna), at hans far Halvar Helle hermet (etter) Per Nag at ("det") Knut Nag alltid hadde (hatt) bruk i Nagastøl, både til tak (=never) og annen bruk. Han tjente Knut Nag uti 5 års tid". Kor gammal Ivar Oanes var, får me vita i tingboka for 1629. Han vitna då i ei sak om fiskeretten ved Forsand. Der står det at "Ivar Oanes ved (=omlag) 80 år, provet at i 60 år har han bodd på Oanes. Da har Forsands menn brukt støenot ut for bukten, og på hvilken side (= den side som) fisken kom til, drog de noten i land".
Ivar skulle då vere fødd ikring 1549, og kom frå Helle til Oanes ikring 1569. Ivar Oanes vert nemnt som brukar og leiglending på Oanes i skattemanntala frå 1603 til 1638/1639. I 1623/1624 vert det nemnt ein husmann på garden, Gunbjørn. Det må vere son til Ivar. Gunbjørn bygsla i 1627 Brathetland i Høle.
I manntalet 1632/1633 var det kome "en dreng hos Ivar Oanes" i staden for Gunbjørn. Og eit par år etter, i manntalet 1635/1636 og 1638/1639 var det ein ny brukar og leiglending jamsides med Ivar. Det var Ommund Oanes som truleg var ein annan son til Ivar. Ivar må vere død før 1645, for i manntalet det året er det "Randi Oanes med hennes børn" som er på garden. Ho var truleg enka etter Ivar. Ivar var lagrettemann heile 14 gonger frå 1616 til 1635. Elles vert han omtala i tingbøkene ei heil rekke gonger i ulike saker han var part i.
Etter odelsjordeboka for 1617 åtte Ivar Oanes 3 vett 5 spann korn i Oanes (= 69 merker smør). I seinare tider var Oanes på 1 pund korn, som er 72 merker smør. Differansen på 3 merker må truleg koma av at det skulle vore 6 spann korn i staden for 5. Då vert skylda i 1617 òg 1 pund korn. Og i odelsjordeboka vert alltid den fulle skylda på garden oppgjeven. Ivar åtte visseleg 1 pund korn eller 72 merker smør i garden. I odelsjordeboka for 1624 vert Ivar oppført med berre 13 ½ spann korn (=40½ merker smør).
Eit par notat i tingbøkene gjev oss forvitnelege opplysningar. På tinget på Forsand 29. november 1659: "Ola Viglesdal lot laugby hvis gods han har i Oanes hvor uti han ikke er skjedd skjell og fyllest. Amager på og vil stevne innen 3. måneder. Item hans gods i Ådnøy som Eilev Lyse har avhendt. Lensmannen hadde stevnt de Lyse menn Eilev, Ola, Tormod og Rasmus for en riksdlr. som (de) resterer med". Og den 4. desember 1660 finn ein meir om dette i tingboka: "Ola Vilesdal i Årdal skipreide samt Størker Rasmusson Oltedal ("Oltesdal") med lensherrens skriftlige sitasjon hadde sitert Siver Rettedal for noen arveodel, nemlig en vett gods i Oanes, samt et spann gods dennem (=dem) skal være fraregnet etter samme stevnings videre formeld". Datert Stavanger kongsgård 18. oktober 1660. "Her imot å svare møtte Siver Rettedal og fremla et gammelt vel beseglet byttesbrev, datert 1611 (dette må vere 1641) formeldendes (at) Åse, Olavs mor, arvet etter sine foreldre halvfemte spann gods i Oanes. Siden har søsken innbyrdes det således handlet at hver syster skal ha fem spann. Hvilke fem spann som Åse, Olavs mor, har arvet, forne hennes sønn Olav har pantsatt til Svein Asmarvik, hvor han har det igjen å søke".
Det skiftebrevet som vert nemnt her, må vere skiftet etter Ivar Oanes, som må ha vorte halde i 1641. Og dei personane som vert nemnde, må vere arvingane etter Ivar. Randi og Ivar hadde fire søner og då truleg dottera Åse som vert nemnt i dei gamle dokumenta. Randi kan vere dotter til Sjur på Berge i Gjesdal. Sonasonen til Sjur på Berge i Gjesdal, Jon Rasmusson Kylles i Høyland, brukte same bumerket som Sjur Ivarson Rettedal, son til Randi. Dei var i så fall søskenbarn. 18314
Jacob Ingebretson Oanes and Astri Samuelsdotter
Husband Jacob Ingebretson Oanes 26931
Born: 1687 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 43866 Christened: Died: 1717 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 12. sep 1717 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932
Father: Engelbret Baltserson Oanes 33083 Mother: Kari Pedersdotter
Marriage: 9. apr 1707 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 26932
Wife Astri Samuelsdotter 4179
Born: 1688 - Tjøstheim, Strand, Rogaland, Norway 4178 Christened: Died: Bef 1788 - Tjøstheim, Strand, Rogaland, Norway 12667 Buried:
Father: Samuel Pederson Tjøstheim 12946 Mother: Berta Danielsdotter 12670
Other Spouse: Ole Larsson Tjøstheim - 12. oct 1726 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 12668
Children
1 M Samuel Jakobson Oanes 31678
Born: 1708 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 25. mar 1708 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932 Died: Bef 1788 Buried:
2 M Ingebricht Jakobson Oanes 31678
Born: 1709 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 7. jul 1709 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932 Died: 1781 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 16. dec 1781 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 1684Spouse: Ragnille Pedersdotter d.e. 12909 Marr: 2. jan 1724 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 26932
General Notes: Wife - Astri Samuelsdotter
Astri Samuelsdotter frå Tjøstheim i Strand var trulova 09.04.1707 med Jakob Ingebretson Oanes. Jakob må ha budd på Oanes medan faren hadde garden, for han vert ikkje nemnt som brukar på Oanes. Astri og Jakob hadde sønene Samuel og Ingebret. Samuel var død ved skiftet etter mostera i 1788. Jakob vart gravlagd 12.09.1717. Astri gifta seg opp att med enkemann Ole Larsson. Dei måtte ha kongebrev for å gifta seg der det heiter at Astrid og første kona til Ole var i slekt i andre og tredje ledd. Første kona til Ole kan vere Åse Asbjørnsdotter frå Tjøstheim som døydde på Kvam i 1715. Astri og Ole budde på Oanes frå 1726 til dei flytta til Tjøstheim i Strand i 1728 der Ole overtok bygsla 12. mai 1728. Astrid hadde tre barn med Ole, eitt barn døydde tre veker gammalt i 1727. 12667,49888
Notes: Marriage
Niels Ådneson Oanes
Husband Niels Ådneson Oanes 18987
Born: 1670 - Mjåland, Forsand, Rogaland, Norway 43397 Christened: Died: 1732 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 31. aug 1732 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455
Father: Ådne Nilsson Mjåland 43398 Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 F Mari Nilsdotter 18985
Born: 1694 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 18986 Christened: Died: 1729 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 1. may 1729 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 18986Spouse: This person had no known marriage and no known children
2 M Ådne Nilsson Bergsagel 18985
Born: 1695 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 18986 Christened: Died: - Bersagel, Høle, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingeborg Pedersdotter 18986 Marr: 26. dec 1722 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway. (Trulova)
3 F Marita Nilsdotter 18985
Born: 1696 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 18986 Christened: Died: 1709 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 15. sep 1709 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 18986
4 M Rasmus Nilsson Skeivik 18985
Born: 1701 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway 17456 Christened: Died: 1741 - Skeivik ytre, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 19. nov 1741 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455Spouse: Ragnele Halvardsdotter 38875 Marr: 30. sep 1725 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 38874Spouse: Aase Isaksdotter 38797 Marr: 23. nov 1732 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 455,38874
5 F Berita Nilsdotter 18985
Born: 1704 - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Christened: 17. feb 1704 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 18986 Died: 1792 - Erevik, Forsand, Rogaland, Norway Buried: 11. mar 1792 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 29752Spouse: Thore Gunnarson Erevik 29750 Marr: 27. dec 1745 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway 29752
Ole Torkelson Oanes and Britha Olsdotter d.y.
Husband Ole Torkelson Oanes
Born: 1744 - Mork, Høle, Rogaland, Norway Christened: 2. jul 1744 - Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway Died: - Oanes, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Torkel Olson Mork Mother: Siri Olsdotter
Relationship: - No evidence this couple marriedMarr. Status: No evidence this couple married
Wife Britha Olsdotter d.y. 21759
AKA: Berthe Born: 1748 - Hetland indre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 30000 Christened: Died: 1815 - Hetland indre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 30000 Buried: 31. oct 1815 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 1041
Father: Ole Larsson Hetland 7155 Mother: Brita Reidarsdotter
Events
• Censuses: 1801, Hetland indre, Hjelmeland, Rogaland, Norway.
Children
1 F Britha Olsdotter
AKA: Berthe Born: 1781 - Hetland indre, Hjelmeland, Rogaland, Norway Christened: 5. aug 1781 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829 Died: 22. aug 1850 - Sæbø, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3139 Buried: 28. aug 1850 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3139 Status: IllegitimateSpouse: Bjørn Olson Sæbø 6820 Marr: 13. oct 1813 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 1041,21620
General Notes: Wife - Britha Olsdotter d.y.
Den 8. søndag etter Trinitates i 1781 vart det døypt ei uektefødd jente, "Berte af forældre: faderen er angivet for at være Ole Thorchelsen Oenes af Hølle Sogn, Moderen Berthe Ols D. Vidner Halver Hetland Knud Ingvolstad Berthe Vaagen Kari Steensd. Gunle Bielland."
I 1801 finn ein på Hetland i Hjelmeland:
"Halver Knudsen Huusbonde" på 59 år og kona Anna Olsdotter på 55 år. Hjå dei er det to tenestejenter:
Britha Olsdotter på 53 år og ugift og Britha Olsdotter "den yngre" på 19 år og ugift "Begge tienestepiger".
Anna Olsdotter, som var gardkone på Hetland, var syster til Britha Olsdotter på 53 år. Britha Olsdotter "den yngre" var den uektefødde dottera til Britha Olsdotter.
Det vart "kasted jord paa Britha Hetland gl. 65 Aar" den 31. oktober 1815.
Ole Torkelson kan vere han som vart fødd på Mork i Høle i 1744, og så har budd på Oanes i 1781.
Hans Johannesson Oaneset and Eli Torkelsdotter
Husband Hans Johannesson Oaneset
Born: 1707 - Vik nedre, Vikebygd, Hordaland, Norway Christened: Died: 4. jul 1783 - Oaneset, Vikebygd, Hordaland, Norway 71,736 Buried:
Father: Johannes Matiasson Nedrevik Mother: Allis Størkersdotter
Relationship: - No evidence this couple marriedMarr. Status: No evidence this couple married
Other Spouse: Syneve Jonsdotter 3450 - 7. jan 1748 - Vikebygd kyrkje, Vikebygd, Hordaland, Norway 75
Wife Eli Torkelsdotter 26420
Born: 1740 - Heggjo, Ølen, Hordaland, Norway 28858 Christened: 2. oct 1740 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway Died: - Oaneset, Vikebygd, Hordaland, Norway Buried:
Father: Torkel Hugneson Hegge 4097 Mother: Syneve Godtskalksdotter 9459
Other Spouse: Per Alvaldson Hovde 9450 - 12. jul 1772 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 71
Other Spouse: Ole Johannesson Oaneset 14340 - 1785 - Vikebygd kyrkje, Vikebygd, Hordaland, NorwayEvents
• Censuses: 1801, Oaneset, Vikebygd, Hordaland, Norway.
Marriage Events
• Engagement: 4. may 1783, Vikebygd kyrkje, Vikebygd, Hordaland, Norway.
Children
Had no children
General Notes: Husband - Hans Johannesson Oaneset
Hans Johannesson var enkemann då han vart trulova med Eli Torkelsdotter.
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)