My family-file



picture
Elling Olson Svela d.y. and Guri Torgersdotter




Husband Elling Olson Svela d.y. 12297

           Born: 1773 - Berland i bygda, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 28. feb 1773 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died: 2. nov 1843 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
         Buried: 


         Father: Ole Ellingson Svela 19116,19117
         Mother: Anna Ellingsdotter 12631


       Marriage: 2. jun 1801 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118



Wife Guri Torgersdotter 7920

            AKA: Gunhild, Gurie
           Born: 1782 - Skjæveland, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 23. jun 1782 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 30676
           Died: 23. aug 1858 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
         Buried: 


         Father: Torger Torgerson Skjæveland 7920
         Mother: Barbro Ellingsdotter 12631




Children
1 F Anne Ellingsdotter 12297

           Born: 1801 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 20. dec 1801 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died: 18. feb 1876 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 8478
         Buried: 3. mar 1876 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 8478
         Spouse: Omund Ommundson Svela 2415
           Marr: 11. jan 1826 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 12298


2 F Ingeborg Ellingsdotter 12297

           Born: 1803 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 23. oct 1803 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died: 10. jun 1853 - Helleren, Heskestad, Rogaland, Norway 12633
         Buried: 
         Spouse: Isak Asbjørnson Svela 12632
           Marr: 21. jun 1825 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 12633
         Spouse: Halvard Enokson Helleren 12631
           Marr: 23. jun 1836 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19600,19601


3 M Ole Ellingson Svela 12297

           Born: 1806 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 14. sep 1806 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died:  - , Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Ingeborg Asbjørnsdotter Svela 12632
           Marr: 4. dec 1832 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118


4 M Torger Ellingson Svela 12297

            AKA: Torgir
           Born: 1809 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
     Christened: 
           Died: 1809 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 31. mar 1809 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118



5 F Berthe Ellingsdotter 12297

           Born: 1810 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 18. feb 1810 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died: 22. feb 1871 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 25745
         Buried: 
         Spouse: Isak Asbjørnson Svela 12632
           Marr: (Unmarried)
         Spouse: Ole Ådneson Svela 11912
           Marr: 3. jun 1845 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 25745


6 M Torger Ellingson Svela 12297

            AKA: Torgis
           Born: 19. jan 1816 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 13. apr 1887 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 25819
         Buried: 
         Spouse: Malena Børildsdotter 25743
           Marr: 20. apr 1838 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 25820


7 M Elling Ellingson Svela 12297

           Born: 25. mar 1819 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
     Christened: 
           Died: 6. nov 1819 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
         Buried: 



8 M Elling Ellingson Svela 12297

           Born: 2. jul 1821 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
     Christened: 
           Died: 26. jan 1897 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
         Buried: 
         Spouse: This person had no known marriage and no known children



picture
Erik Gunnarson Svela and Joren Tolleivsdotter




Husband Erik Gunnarson Svela 8589

           Born: 1638 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 37905
     Christened: 
           Died: Cir 1700 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Gunnar Villasson Svela 13206
         Mother: Bodil Larsdotter 13205


       Marriage: sep 1673 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 32368

Events

• Censuses: 1664, Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway.




Wife Joren Tolleivsdotter 13221

           Born: Cir 1636 - Malmeim, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Tollef Torgrimson Malmeim 4696
         Mother: Marete Torkelsdotter 13078



   Other Spouse: Torger Kolbeinson Maudal 5177 - Cir 1658 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 146

Events

• Probate: 5. may 1700, Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway.


Children
Had no children
General Notes: Wife - Joren Tolleivsdotter

Joren Tollefsdotter Malmeim vart gift første gong med Torger Kolbeinson Maudal. Dei hadde berre dottera Valborg. I 1658 var Torger i julelag, og nyttårsdagen kom han i trette med søskenbarnet sitt Maurits Tollefson Jendal. Torger fekk då eit knivstikk av Maurits slik at han vart liggande, og straks over nyttår døydde Torger. Presten Christian Clausson Jæger var hos Torger på nyttårsdagen, og då ba Torger om att ikkje søskenbarnet måtte koma i ulykka for hans skuld. Maurits vart seinare dømt for drap i naudverge, og måtte gje halv mannebot på 32 dalar til arvingane etter Torger, og dessutan 8 dalar til enka for sengerov og 7 dalar til kongen i tegngilde.
Jorun gifta seg opp att i september 1673 med Erik Gunderson store Svela. Seinare stemna Jorun, på vegne av dottera si, far til Torger for den mannebota Maurits Jendal hadde betalt for drapet på Torger. Joren budde i Stavanger då det var skifte etter faren i 1675. Erik var brukar på store Svela i 1664.
Ved åsetebrev tinglyst 14.03.1679 selde Villas Gunnarson åseteretten til 8 spann korn i garden til broren Lars og eldste broren Erik på det vilkåret at kona til Erik måtte gje frå seg retten til jorda når Erik døydde, om ho levde etter han. Erik var lagrettemann i 1682 og 1688. I 1684 lånte han 40 riksdalar av Ole Taraldson Kvitlen, mannen til stedottera hans.
Erik og Joren hadde ikkje barn. Då dei heldt skifte 05.05.1700 var arvingane søskena hans og stedottera Valborg. Erik var død før 1701. 146,32368


picture

Ole Ellingson Svela and Ingeborg Asbjørnsdotter Svela




Husband Ole Ellingson Svela 12297

           Born: 1806 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 14. sep 1806 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118
           Died:  - , Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Elling Olson Svela d.y. 12297
         Mother: Guri Torgersdotter 7920


       Marriage: 4. dec 1832 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19118



Wife Ingeborg Asbjørnsdotter Svela 12632

           Born: 1812 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 17. may 1812 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 12633
           Died:  - , Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Asbjørn Isakson Svela 9494
         Mother: Martha Pedersdotter 11065




Children

picture
Lars Asbjørnson Svela and Siri Tjølsdotter




Husband Lars Asbjørnson Svela 11065

           Born: 1775 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 5. mar 1775 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11251
           Died: 25. dec 1837 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11251
         Buried: 


         Father: Asbiørn Larsson Svela 7813
         Mother: Sara Arnbjørnsdotter 10831


       Marriage: 15. jun 1803 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11251



Wife Siri Tjølsdotter 11253

           Born: 1777 - Hovland litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 16. mar 1777 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13207
           Died: 10. mar 1827 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11251
         Buried: 


         Father: Tjøl Tjølson 11253
         Mother: Kari Torgrimsdotter 2731




Children

picture
Lars Gunnarson Svela and Sissel Torsteinsdotter




Husband Lars Gunnarson Svela 8589

            AKA: Laurits
           Born: Cir 1640 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1700 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20503
         Buried: 


         Father: Gunnar Villasson Svela 13206
         Mother: Bodil Larsdotter 13205


       Marriage: Cir 1690 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 39240



Wife Sissel Torsteinsdotter 12890

           Born:  - Laksesvela, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Torstein Halvorson
         Mother: Marete Tormodsdotter 13098


Events

• Censuses: 1701, Høle kyrkje, Høle, Rogaland, Norway.


Children
1 F Marete Larsdotter 29488

           Born: Cir 1690 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



2 M Tosten Larsson Vaule 29488

           Born: 1692 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20503
     Christened: 
           Died: 1774 - Vaule, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 30. jan 1774 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23820
         Spouse: Torgjerd Sigbjørnsdotter 29400
           Marr: 9. jul 1713 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23820



picture
Lars Larsson Svela and Torgier Svendsdotter




Husband Lars Larsson Svela 7816

            AKA: Laurits
           Born: 1667 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20686
     Christened: 
           Died: 1758 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 19. nov 1758 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699


         Father: Lars Larsson Svela 11877
         Mother: Marete Ingebretsdotter 11106


       Marriage: Cir 1690 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 10788

   Other Spouse: Anna Mauritsdotter 145 - 24. nov 1709 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway (Trulova) 11047



Wife Torgier Svendsdotter 23700

           Born: 1670 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11047
     Christened: 
           Died: Cir 1708 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
         Buried: 


         Father: Svend Larsson Hegelstad 8037
         Mother: Berete Vellesdotter 11103




Children
1 F Guri Larsdotter 7816

           Born: Cir 1692 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1741 - Tengesdal nordre, Bjerkreim, Rogaland, Norway 4755
         Buried: 
         Spouse: Rasmus Ommundson Tengesdal 8586
           Marr: Cir 1710 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 7814


2 M Lars Larsson Svela 7816

           Born: 1695 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
     Christened: 
           Died: 1766 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 14. sep 1766 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 7814
         Spouse: Anna Rasmusdotter d.y. 7817
           Marr: 16. jun 1726 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 7814


3 M Svend Larsson Helland 7816

           Born: 1698 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
     Christened: 
           Died: Cir 1751 - Helland, Eigersund, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Ingeborg Pedersdotter 25786
           Marr: 11. oct 1733 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20688


4 F Marete Larsdotter 7816

           Born: 1702 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
     Christened: 
           Died: 1785 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 3. jul 1785 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 26171
         Spouse: Villie Pederson Svela 26172
           Marr: 13. jun 1723 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 26171


5 F Kari Larsdotter d.e. 7816

           Born: 1703 - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
     Christened: 
           Died: 1733 - Brattebø, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 1. nov 1733 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23698
         Spouse: Jon Olson Brattebø 324
           Marr: 15. jun 1732 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23698


6 F Kari Larsdotter d.y. 7816

           Born: 1708 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699
     Christened: 
           Died: 1732 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 6. jul 1732 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 23699




picture
Lars Larsson Svela and Ingeborg Villasdotter




Husband Lars Larsson Svela 13205

            AKA: Laurits
           Born: 1608 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519
     Christened: 
           Died: After 1682 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Lars Oddson Svela 365
         Mother: Torgersdotter 10742


       Marriage: Cir 1630 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519



Wife Ingeborg Villasdotter 13206

           Born: Cir 1610 - Vikesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Villas Gardson Vikesdal 20537
         Mother: Eli Olsdotter 365


Events

• Residence: 1685, Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway.


Children
1 F Marete Larsdotter 11877

           Born: Cir 1630 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Aanen Larsson Hegelstad 393
           Marr: Cir 1650 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 16114


2 F Ingeborg Larsdotter 11877

           Born: Cir 1632 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Assheim, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Rasmus Torgerson Asheim 13080
           Marr: Cir 1660 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13081


3 F Elen Larsdotter 11877

           Born: 1635 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 37905
     Christened: 
           Died: 1730 - Ivesdal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 28. may 1730 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20814
         Spouse: Halvard Ommundson Ivesdal 16201
           Marr: Cir 1664 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 39004


4 M Svend Larsson Hegelstad 11877

           Born: 1645 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 37905
     Christened: 
           Died:  - Hegelstad, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Kari Tollaksdotter 12594
           Marr: Cir 1675 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 394


5 M Lars Larsson Svela 11877

            AKA: Laurits
           Born: 1647 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 37905
     Christened: 
           Died: Cir 1705 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20686
         Buried: 
         Spouse: Marete Ingebretsdotter 11106
           Marr: Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20686



General Notes: Husband - Lars Larsson Svela

Lars Larsson (litle Lars) var gift med Ingeborg Villasdotter Vikesdal. Dei døydde begge ein gong etter februar i 1682. ein kjenner til fire eller fem barn.
Lars var ein av brukarane på garden frå før 1645 og til etter 1664. I 1645 åtte han jordegods med lanskyld til ein verdi av 3 vett korn. Etter at faren døydde. åtte han og broren Gregorius og svogeren Gunnar, tredjeparten av store Svela (16 spann korn).
Lars møtte på tinget i 1643 då det var rettssak om sal av jord i Fotland i Egersund. Lars vart oppnemnt til å gjera eiden som lagrettemann i 1631 og var lagrettemann i 1635 og 1637 saman med faren, og sidan ei rekkje år mellom 1639 og 1658.
Far til Ingeborg hadde vore lensmann i Bjerkreim. Gunnar, bror hennar, var gift med Bodil, syster til Lars. Lars vart lensmann etter Peder Mortenson Bjerkreim. Peder hadde vore lensmann etter far til Lars (1635-1658). Lars var lensmann i perioden 1658-1678. Første kjende rettsmøtet hans i ombodet var 06.11.1658.
I 1661 og 1665 åtte lensmann Lars og Villum Ormson litle Svela l vett korn kvar i litle Svela. Villum si jord var kona sin farsarv. Jorda deira utgjorde halve garden der.
I 1661 åtte Lars 16 spann korn (½ pund og 4 spann korn) i heimegarden og han brukte og budde på denne parten. Han åtte og 1 vett korn i litle Svela, 2½ vett korn i Nesheim i Kvia skipreide og 2 vett korn i Assheim (halve garden).
Odelsmanntalet for 1665 opplyser at han åtte tredjeparten av heimegarden, broren og svogeren, Gregorius og Gunnar, dei to andre tredjepartane. Ingeborg Svela selde 1 vett korn i Assheim som enkje i 1683.
Den 17.11.1677 tinglys Lars skøytet til sonen Lars på halvparten på det han åtte i gardane store Svela og litle Svela med åsetesretten til. Sonen fekk denne jorda sidan han hadde tilsynet med foreldra nå som dei var gamle og svake. Etter at dei var døde, skulle Lars overta all jorda på dei to gardane med åsetesrett til som foreldra hans åtte, og "fornøye" broren Svend for åsetesretten hans som eldste son.
Lars møtte på tinget 14.02.1682 og les opp testamentet han og kona hadde sett opp. Han opplyste då at han vart blind om lag 1675, og at dei båe var gamle og skrøpelege. Dei kunne derfor ikkje driva jorda deira her på garden og på litle Svela, og sonen Lars hadde alt fungert som lensmann for han i fleire år. Sidan Svend, eldste sonen, var godt gift til jord på Hegelstad, og sidan Lars, den mellomste sonen, alltid hadde vore heime og vore lydig mot foreldra, skulle han nå overta alt odelsgodset deira, nemleg 16 spann korn i garden og 1 vett korn i litle Svela. Lars og familien hans skulle ha åsetesretten til jorda. Foreldra skulle "fornøye" Svend for åsetesretten hans som eldste son. Alle barna deira skulle dela lausøyre etter dei. Testamentet vart sett opp 04.06.681. Svend stod fram på tinget etter at testamentet vart lese og sa han ikkje kunne samtykka i at dokumentet vart tinglyst. Broren Lars opplyste i retten at det var han som tok seg av dei gamle foreldra, og i den samanhengen viste han til kapittel 22 i arverettsbolken.
Som siste sak på hausttinget 1692 her på garden stod lensmann Lars Svela fram for retten og sa frå seg lensmannsombodet. Var dette gamle Lars Larsson som ennå levde i 1692, eller var dette sonen? I fall det var sonen, ombestemte han seg sidan. Han var lensmann til 1705. 51530
picture

Lars Oddson Svela and Torgersdotter




Husband Lars Oddson Svela 365

           Born: 1570 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13137
     Christened: 
           Died: Cir 1648 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13138
         Buried: 


         Father: Odd Larsson Asheim 8593
         Mother: 


       Marriage: Cir 1594 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13138

Events

• Probate: 16. oct 1648, Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway.




Wife Torgersdotter 10742

           Born: Cir 1570 - Bjerkreim, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Bef 1650 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Torger Njelson Slettebø
         Mother: Bodil Bjerkreim




Children
1 M Torger Larsson Svela 13205

            AKA: Thorgild
           Born: 1595 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 13138
     Christened: 
           Died: Between 1642 and 1645 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Torgrimsdotter 4696
           Marr: Cir 1615 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519


2 M Gregorius Larsson Svela 13205

           Born: 1598 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519
     Christened: 
           Died: Cir 1677 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519
         Buried: 
         Spouse: Siri Svalesdotter 4716
           Marr: Cir 1624 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519,36234


3 M Lars Larsson Svela 13205

            AKA: Laurits
           Born: 1608 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519
     Christened: 
           Died: After 1682 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Ingeborg Villasdotter 13206
           Marr: Cir 1630 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 20519


4 F Bodil Larsdotter 13205

           Born: Cir 1615 - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Svela store, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Gunnar Villasson Svela 13206
           Marr: Cir 1636 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 37905



General Notes: Husband - Lars Oddson Svela

Ein Lars vert nemnt i 1603 saman med Lasse, Ole og Tollef. Det går ikkje fram av manntalet at alle budde på store Svela. Manntalet nemner og Bjørn Pederson på litle Svela i gruppa av bønder som betalte skatt som leiglending og to andre på litle Svela i gruppa som husmenn. Lars vert nemnt på garden i 1612 og 1624 saman med Tollef, og i 1645. Det var truleg same person som vert nemnt i skattemanntala for åra 1603 til 1645. Denne Lars var fødd ikring 1570 og døydde ikring 1648. Det var skifte etter han 16.10.1648, dette vert opplyst på tinget 21.06.1665. Kona døydde før november 1650.
T. Wasbø skriv i ein artikkel om namnet Bodil (sjå Ætt og Heim av 1975) at kona truleg var dotter til lensmann Torger Njellson Bjerkreim. P. Valand (Ætt og Heim av 1973) har også ein annan teori om kven kona hans var. Lars kan og ha vore gift med ei dotter til ein Gregorius frå Jæren.
Bumerket til Lars er bevart frå 1610. Det var eit spesielt merke, ein trekant med to strekar. Bumerket følgde familien hans i minst 100 år med berre små variasjonar.
Lars og Tollef åtte halvparten kvar i garden i 1617. Odelsjordeboka frå 1624 opplyser at Lars då åtte 2 pund korn og 4 får (i odelsgods i heimegarden og i andre gardar, mellom anna i Næsheim i Kvia skipreide). Lars tinglys eit pergamentskjøpebrev på tinget 20.01.1727 på 1½ laup smør i garden Bakke i "Øster Leen", som Peder Larsson og arvingane hans hadde selt til slektningen deira i Bjerkreim. Skøytet var datert Stavanger Kongsgard 09.01.1627.
I 1645 åtte Lars 4½ pund korn og 1 vett korn i fleire gardar. På store Svela hadde han ein part, sønene Gregorius og Lars ein part kvar og svigersonen Gunnar ein part.
Lars var domsmann 1613 og lensmann frå 1616 til 1619 (det finst ikkje bevarte tingbøker for åra 1614-1616). Han vart løyst frå ombodet på tinget 11.01.1619. Då overtok Villas Gardson Vikesdal lensmannsombodet att. Lars var lensmann første gong i åra 1610-1615. I 1620 kunne ikkje Lars vera lagrettemann før han hadde gjort opp for seg i ei sak. Dette galdt og for Tore Pederson søre Tengesdal og for Anders Sagland. Dei var alle lovfeldige etter lagmannen sin dom over dei.
Lars stemna Helge Apeland på tinget i januar 1613 fordi han ikkje heldt ei semje dei hadde inngått for lagmannen. Tingboka opplyser ikkje kva semja gjekk ut på. Båe to måtte sona fordi dei hadde skada kvarandre med øks og kniv. Det var like gjerne Lars Gunnarson litle Svela som vart stemna då. Lars Oddson var ein av partane i ei åstadsak på Nesheim i Kvia 07.07.1617. Han åtte jord der.
Lars vart tiltala for underslag av Kongen sine skattepengar som folk i Bjerkreim hadde levert til han. Dette var grunnen til at han vart løyst frå lensmannsombodet. Lars møtte på tinget 27.03.1620. Då hadde han alt vorte dømd av lagmannen i denne saka. Dommen var datert Stavanger Rådstove 15.09.1619. Futen ville no samla fleire vitnesbyrd i saka. Dei innstemna vitna var Svend Assheim, Rolf Hogland (han hadde ein granne som heitte Ivar) og Alf. Dei hadde og vore vitne i saka på lagtinget.
Lars hadde vore stemna til lagtinget tre gonger, men ikkje til heimtinget før no. Han ville heller ha dom for heimtinget først. Lagrettemennene meinte dei ikkje var i stand til dette, og at Kongen sitt øvste råd burde døma i denne saka.
Lars bad om å få skussmål av allmugen på kyrkjebakken. Futen svara han ikkje kunne få dette før den formelle delen av saka hans var i orden.
Lars vart oppnemnt til lensmann att på fjerdingstinget i Egersund 31.08.1622. Villas Gardson Vikesdal vart nemleg avsett som lensmann fordi han ikkje ville fanga to fredlause menn som gjekk kringom i Bjerkreim. Lars var lensmann i denne andre perioden frå 1622 til ein gong før april 1635. Peder Mortenson Bjerkreim vart lensmann etter han (1635-1658). I 1658 overtok Lars, son til Lars, ombodet etter Peder. Lars var lagrettemann 1637, 1639 og 1640, i 1637 saman med dei to eldste sønene.
På fjerdingstinget 07.04.1635 stemna futen Lars Svela, "forige" lensmann i Bjerkreim, fordi han hadde "fordulgt" og ikkje meldt ei sak om ærekrenkjande ord som sonen Gregorius på Hetland hadde kome med, slik at Kongen kunne få bøtene sine. Både Gregorius og faren sona med futen for dette.
Den 21.06.1665 gjekk Villum Ormson litle Svela til sak mot Lars og Gregorius, dei to farbrørne til kona hans. Gunnar Svela, mannen til fastera, vart og stemna. Villum gjorde krav på jord i store Svela for kona si, Berete Torgersdotter, sidan ho var eldste brordotter deira. Farbrørne la fram eit "byttebrev" (skiftet etter faren frå 16.10.1648) som viste korleis det felles arvegodset var delt. Det gjekk fram av dokumentet at barna etter Torger ikkje hadde fått jord i store Svela, men i litle Svela, Ognedal og Nesse (skal vera Nesheim). Retten viste til kva Landsloven sa om dette, nemleg at brordøtrer ikkje hadde åsetesrett. Retten la og vekt på at Lars, Gregorius og Gunnar var gamle folk som hadde budd her på garden all deira tid.
Ein kjenner til fire barn etter Lars. 13138


picture

Ludvig Pederson Svela and Andrine Tønnesdotter




Husband Ludvig Pederson Svela

           Born: 8. nov 1854 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway 6103
     Christened: 10. dec 1854 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 6103
           Died: Between 1900 and 1910 - Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Peder Torgerson Svela
         Mother: Joren Larsdotter


       Marriage: 4. sep 1887 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 10688

Events

• Censuses: 1875, Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway.

• Censuses: 1900, Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway.




Wife Andrine Tønnesdotter

            AKA: Endrine
           Born: 24. aug 1849 - Fjermedal, Bjerkreim, Rogaland, Norway 6103
     Christened: 9. sep 1849 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 6103
           Died:  - Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Tønnes Olson Fjermedal
         Mother: Rachel Antonsdotter


Events

• Censuses: 1875, Fjermedal, Bjerkreim, Rogaland, Norway.

• Moved: 1884, , Stavanger, Rogaland, Norway.

• Censuses: 1900, Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway.


Children
1 F Jørgine Svela

           Born: 30. nov 1887 - Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway 17541
     Christened: 29. jan 1888 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 17541
           Died:  - Midtgate 1, Stavanger, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Markus Endresen
           Marr: (Unmarried)



picture
Michel Svela




Husband Michel Svela

           Born: 
     Christened: 
           Died: After 1640 - Svela litle, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 
       Marriage: 



Wife

           Born: 
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 


Children
1 M Ole Mikkelson Gjedrem 1037

           Born:  - Gjedrem, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: After 1650 - Gjedrem, Bjerkreim, Rogaland, Norway
         Buried: 



2 M Siver Mikkelson Gjedrem 1037

           Born: 1624 - Gjedrem, Bjerkreim, Rogaland, Norway 36227
     Christened: 
           Died: 1695 - Gjedrem, Bjerkreim, Rogaland, Norway 29481
         Buried: 
         Spouse: Joron Knudsdotter 12389
           Marr: Cir 1692 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 29481



General Notes: Husband - Michel Svela

Mikkel Gjedrem vart registrert som fattig (forarmed) i 1624. Han åtte då saman med andre ½ får i garden av dei 2½ får som Rasmus Erikson hadde ått i 1617. Mikkel Gjedrem vart tiltala for resterande formueskatt på tinget i 1624. Gunnar i indre Kalveskog stemna Mikkel til tinget 13. mars 1626 i samband med at han hadde kausjonert for han overfor Peder Knudson Vikesdal. Var Mikkel på Gjedrem den same som budde på litle Svela i 1640, og var dette den Mikkel Taraldson som vitna på eit målstemne på litle Svela 20. mars 1626?
Hadde Mikkel dottera Gundele som var gift på Hytland. Ein Ole Mikkelson vert nemnt i 1645. Han var kanskje son til denne Mikkel. Dei er ikkje nemnde seinare. Var Truls Mikkelson Bue ein soneson, og var Mikkel på Vikesdal barnebarn til denne Mikkel. Siver Mikkelson fødd ikring 1624 (40 år i 1664) budde på Gjedrem og var kan hende son til Mikkel. Manntalet over knektar frå Bjerkreim som skulle sendast til Akershus festning i 1657 nemner mellom anna Siver Mikkelson Svela. Dette kunne tyda på at Mikkel Gjedrem er den same som Mikkel nemnt på litle Svela, og då skulle han vel vere Mikkel Taraldson?
Mikkel på litle Svela vart stemna til tinget 16. november 1640 for gjeld saman med mellom anna Villum Ormson. Ei Barbro Mikkelsdotter fekk eit uekte barn i 1687 med Mikkel Nilsson Eikeland på Heia. Var Barbro ei dotter til Mikkel på litle Svela? 51531



Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)