Anders Ingebretson Molla and Ormsdotter
Husband Anders Ingebretson Molla
Born: 1618 17928 Christened: Died: - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Marriage: Cir 1661 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 17928Events
• Censuses: 1665, Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway.
Wife Ormsdotter 4884
Born: Cir 1620 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Orm Ingemundson Molla Mother:
Children
1 M Ingebret Andersson 9114
Born: 1662 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 17928 Christened: Died: Buried:
Ingemund Olson Molla and Ingeborg Molla
Husband Ingemund Olson Molla 4884
Born: 1662 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: After 1743 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Ormson Molla 4884 Mother: Taaren Torjusdotter 8867
Marriage: Cir 1691 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19626
Other Spouse: Siri Nilsdotter 2947 - 21. jun 1711 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
Wife Ingeborg Molla
Born: Cir 1665 Christened: Died: Cir 1710 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 19633 Buried:
Other Spouse: Ole Olson Birkeland 9424 - Cir 1685 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19633
Children
1 F Torunn Ingemundsdotter
Born: Cir 1700 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: 1741 - Maldal, Sauda, Rogaland, Norway 15665 Buried:Spouse: Anders Klausson Maldal 7534 Marr: Cir 1725 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 15665
General Notes: Husband - Ingemund Olson Molla
Ingemund Olsson var fødd ikring 1662 og vart ikring 1690 gift med Ingeborg, enka etter Ola Olsson Ytre Birkeland. I 1691 fekk han bygselsetel på 1 laup smør i Birkeland av eigaren Gunnar Høyland i Etne. Då eldste broren døydde, tok han så over på Ytre Molla. Han let då den yngre broren Ola få ta over på Birkeland. Ola Olsson frå Ytre Molla sine etterkomarar sit framleis på bruksnr. 5 av Ytre Birkeland.
Ingeborg hadde tre barn med første mannen. Dei vaks opp på Ytre Molla. Det var dottera Anna og sønene Gunnar og Torger. Gunnar budde ei tid på Kjerringtveit, men vart seinare husmann i Liå under Mollatveit. Torger kom visstnok til Fatnes i Sand. Med Ingemund fekk Ingeborg to døtrer, Torunn og Guro. Torunn vart gift med Anders Klausson Maldal og Guro med den første Lars Knutsson Hovland. I 1710 døydde Ingeborg. Året etter gifta Ingemund seg opp att med Siri Nilsdotter, dotter til Nils Torkjelson og Anna Sveinsdotter Fatland i Sand. Med henne fekk han seks barn, Ola ikring 1712, Ingeborg ikring 1718, Lars ikring 1722, Mari ikring 1723, Nils ikring 1728 og Anna ikring 1730. Både Lars og Nils døydde ugifte, Lars i 1752 og Nils i 1766. Ingeborg vart gift med Pål Ingvaldsson og buande på Bråtveit i Suldal. Mari vart andre kona til trimenningen sin Lars Ormsson Indre Molla og buande med han på Øvre Lindvoll. Anna vart første kona til Tore Larsson på Djuv.
Ingemund Olson hadde bygsla garden av syskina i 1696. Seinare løyste han dei ut. I 1719 fekk han skøyta på ein del, fortel tingboka. Panteboka fortel at Ingemund kjøpte 9 ½ merker smør for 9½ riksdalar av ein mann som heitte Lars Erikson i 1727. Og i 1736 kjøpte han 4 merker smør for 4 riksdalar av Lars Hovland, 4 mark for 4 riksdalar av Anders Maldal og 5½ mark for 6 riksdalar 3 ort av Gunnar Olsson på vegner av systera Anna. Dermed skal han ha site med heile smørlaupen.
Matrikkelarbeidet frå 1723 fortel om Ytre Molla i Ingemund si tid: "19. Yt. Molde, Sm. 1 løb Tiere ½ bolde, et husmandzplads indegierds. een Støel, har brendeved og becheqvern, tungvunden Ingemon Saar 4 tnr, afl. 16 tr. føder 1 hest 8 Nøed 18 Sm(aler)."
Husmannsplassen var Berget. Me finn ingen husmann nemnt der mellom 1706 og 1758. Kverna stod vel då som nå i bekken like aust for tunet. Mollastølen, som i 1665 vart kalla "Grønstøell" ligg beint aust frå garden vel 460 m.o.h. Indre Molla og Ytre Molla er nemnt med kvar sin støl i 1665. I nyare tid har begge gardane stølt på Mollastølen. Krøtertalet er utan tvil for lågt. Utseden på 4 tønner er lik den i 1665, på sett og vis eit vitnemål om at Ytre Molla ikkje låg øyde i seinmellomalderen. Fleire kjelder fortel at Ingemund var velstandsmann slik farfaren Orm hadde vore det. I eit manntal over krigsstyren frå 1720 er Ingemund ført med ein skatt på 3 riksdalar 2 ort. Berre Johannes Njellsson på Brekke ytte meir i heile Sausokn då. Eit manntal frå 1743 fortel at han var skuldfri mann. Vinteren 1745-1746 døydde Siri Nilsdotter. Om våren løyste eldste sonen Ola inn søskea sine og tok med garden. 49181
Ingemund Olson Molla and Siri Nilsdotter
Husband Ingemund Olson Molla 4884
Born: 1662 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: After 1743 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Ormson Molla 4884 Mother: Taaren Torjusdotter 8867
Marriage: 21. jun 1711 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
Other Spouse: Ingeborg Molla - Cir 1691 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19626
Wife Siri Nilsdotter 2947
Born: Cir 1690 - Fattland, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1745 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Niels Torkelson Fatland 2947 Mother: Anna Svendsdotter 2959
Children
1 F Guro Ingemundsdotter 6011
Born: 1711 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1742 - Hovland, Sauda, Rogaland, Norway 30134 Buried:Spouse: Lars Knudson Hovland d.e. 4327 Marr: 1727 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 30134
2 M Ole Ingemundson Molla 6011
Born: 1712 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1792 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:Spouse: Marta Rasmusdotter 2963 Marr: Cir 1745 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
3 F Ingeborg Ingemundsdotter 6011
Born: 1720 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 2952 Christened: Died: 1780 - Bråtveit, Suldal, Rogaland, Norway 5374 Buried:Spouse: Paul Ingvarson Bråtveit 5371 Marr: Cir 1739 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 2952
4 M Lars Ingemundson Molla 6011
Born: 1722 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: Cir 1752 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
5 F Mari Ingemundsdotter 6011
Born: 1727 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: 1795 - Lindvoll, Sauda, Rogaland, Norway 16351 Buried:Spouse: Lars Ormson Molla 2971 Marr: 1748 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 33542
6 M Niels Ingemundson Molla 6011
Born: 1728 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1766 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
General Notes: Husband - Ingemund Olson Molla
Ingemund Olsson var fødd ikring 1662 og vart ikring 1690 gift med Ingeborg, enka etter Ola Olsson Ytre Birkeland. I 1691 fekk han bygselsetel på 1 laup smør i Birkeland av eigaren Gunnar Høyland i Etne. Då eldste broren døydde, tok han så over på Ytre Molla. Han let då den yngre broren Ola få ta over på Birkeland. Ola Olsson frå Ytre Molla sine etterkomarar sit framleis på bruksnr. 5 av Ytre Birkeland.
Ingeborg hadde tre barn med første mannen. Dei vaks opp på Ytre Molla. Det var dottera Anna og sønene Gunnar og Torger. Gunnar budde ei tid på Kjerringtveit, men vart seinare husmann i Liå under Mollatveit. Torger kom visstnok til Fatnes i Sand. Med Ingemund fekk Ingeborg to døtrer, Torunn og Guro. Torunn vart gift med Anders Klausson Maldal og Guro med den første Lars Knutsson Hovland. I 1710 døydde Ingeborg. Året etter gifta Ingemund seg opp att med Siri Nilsdotter, dotter til Nils Torkjelson og Anna Sveinsdotter Fatland i Sand. Med henne fekk han seks barn, Ola ikring 1712, Ingeborg ikring 1718, Lars ikring 1722, Mari ikring 1723, Nils ikring 1728 og Anna ikring 1730. Både Lars og Nils døydde ugifte, Lars i 1752 og Nils i 1766. Ingeborg vart gift med Pål Ingvaldsson og buande på Bråtveit i Suldal. Mari vart andre kona til trimenningen sin Lars Ormsson Indre Molla og buande med han på Øvre Lindvoll. Anna vart første kona til Tore Larsson på Djuv.
Ingemund Olson hadde bygsla garden av syskina i 1696. Seinare løyste han dei ut. I 1719 fekk han skøyta på ein del, fortel tingboka. Panteboka fortel at Ingemund kjøpte 9 ½ merker smør for 9½ riksdalar av ein mann som heitte Lars Erikson i 1727. Og i 1736 kjøpte han 4 merker smør for 4 riksdalar av Lars Hovland, 4 mark for 4 riksdalar av Anders Maldal og 5½ mark for 6 riksdalar 3 ort av Gunnar Olsson på vegner av systera Anna. Dermed skal han ha site med heile smørlaupen.
Matrikkelarbeidet frå 1723 fortel om Ytre Molla i Ingemund si tid: "19. Yt. Molde, Sm. 1 løb Tiere ½ bolde, et husmandzplads indegierds. een Støel, har brendeved og becheqvern, tungvunden Ingemon Saar 4 tnr, afl. 16 tr. føder 1 hest 8 Nøed 18 Sm(aler)."
Husmannsplassen var Berget. Me finn ingen husmann nemnt der mellom 1706 og 1758. Kverna stod vel då som nå i bekken like aust for tunet. Mollastølen, som i 1665 vart kalla "Grønstøell" ligg beint aust frå garden vel 460 m.o.h. Indre Molla og Ytre Molla er nemnt med kvar sin støl i 1665. I nyare tid har begge gardane stølt på Mollastølen. Krøtertalet er utan tvil for lågt. Utseden på 4 tønner er lik den i 1665, på sett og vis eit vitnemål om at Ytre Molla ikkje låg øyde i seinmellomalderen. Fleire kjelder fortel at Ingemund var velstandsmann slik farfaren Orm hadde vore det. I eit manntal over krigsstyren frå 1720 er Ingemund ført med ein skatt på 3 riksdalar 2 ort. Berre Johannes Njellsson på Brekke ytte meir i heile Sausokn då. Eit manntal frå 1743 fortel at han var skuldfri mann. Vinteren 1745-1746 døydde Siri Nilsdotter. Om våren løyste eldste sonen Ola inn søskea sine og tok med garden. 49181
Knud Larsson Molla and Ragnhild Olsdotter
Husband Knud Larsson Molla 2762
Born: 1789 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Christened: Died: 11. nov 1858 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 4225 Buried: 26. nov 1858 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4225
Father: Lars Knudson Molla d.e. 2762 Mother: Sisela Johannesdotter 4444
Marriage: 11. may 1816 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 3859,34296
Wife Ragnhild Olsdotter 36854
AKA: Ragnild Born: 1788 - Svandal, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Christened: Died: 15. oct 1855 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 4225 Buried: 23. oct 1855 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4225
Father: Ole Torkelson Træet 4043 Mother: Elisabet Mikkelsdotter 4470
Events
• Censuses: 1. feb 1801, Fatnes vestre, Sand, Rogaland, Norway.
Children
1 F Sisela Knudsdotter
AKA: Cecila, Sisella, Siselle Born: 25. aug 1817 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 46908 Christened: 31. aug 1817 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 46908 Died: 9. oct 1895 - Ås, Sand, Rogaland, Norway 44420 Buried: 17. oct 1895 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 44420Spouse: Lars Gunnarson Aas Marr: 15. jul 1838 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 44421
2 M Lars Knudson Molla 2762
Born: 1824 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Christened: Died: 1824 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Buried:
3 M Ole Knudson Molla 2762
Born: 1827 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Christened: Died: 1827 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Buried:
4 M Knud Knudson Molla 2762,49182
Born: 1832 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Christened: Died: 1832 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 34296 Buried:
Lars Olson Molla and Marta Olsdotter
Husband Lars Olson Molla 6011
Born: 1756 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1819 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Ole Ingemundson Molla 6011 Mother: Marta Rasmusdotter 2963
Marriage: 1780 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
Other Spouse: Brita Torgersdotter 13610 - 1797 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 6010
Wife Marta Olsdotter 7390
Born: 1757 - Løland, Sand, Rogaland, Norway 7391 Christened: Died: 1796 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Ole Torsteinson Løland d.y. 2926 Mother: Barbro Johannesdotter 1472
Children
Lars Olson Molla and Brita Torgersdotter
Husband Lars Olson Molla 6011
Born: 1756 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1819 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Ole Ingemundson Molla 6011 Mother: Marta Rasmusdotter 2963
Marriage: 1797 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 6010
Other Spouse: Marta Olsdotter 7390 - 1780 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
Wife Brita Torgersdotter 13610
Born: 1759 - Åbø, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1822 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Torger Mortenson Åbø 13610 Mother: Siri Knudsdotter d.e. 6417
Children
Lars Ormson Molla
Husband Lars Ormson Molla 4884
Born: 1625 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Orm Ingemundson Molla Mother:
Marriage:Events
• Censuses: 1665, Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway.
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Kleng Larsson 2971
Born: 1659 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: Buried:
2 M Orm Larsson Molla 2971
Born: 1663 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: 1721 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Buried:Spouse: Ingrid Ingemundsdotter 3185 Marr: 1698 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 33542
3 F Brita Larsdotter 2971
Born: Cir 1665 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: 1693 - Birkeland indre, Sauda, Rogaland, Norway 19651 Buried:Spouse: Ole Helgeson Birkeland 13626 Marr: Cir 1690 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19651Spouse: Levard Ingemundson Birkeland 3185 Marr: 1690 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19651
4 M Ingemund Larsson 2971
Born: 1666 - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: Buried:
Ole Ingemundson Molla and Marta Rasmusdotter
Husband Ole Ingemundson Molla 6011
Born: 1712 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1792 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Ingemund Olson Molla 4884 Mother: Siri Nilsdotter 2947
Marriage: Cir 1745 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
Wife Marta Rasmusdotter 2963
Born: 1723 - Vanvik ytre, Sand, Rogaland, Norway 6009 Christened: Died: 1791 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
Father: Rasmus Tormodson Vanvik 2963 Mother: Berte Andersdotter 2964
Children
1 F Siri Olsdotter 6011
Born: 1746 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1818 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:
2 F Brita Olsdotter 6011
Born: 1752 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6598 Christened: Died: 1815 - Maldal, Sauda, Rogaland, Norway 6598 Buried:Spouse: Niels Botolvson Maldal 23400 Marr: Cir 1788 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 6598Spouse: Haagen Håkonson Maldal 1388 Marr: Cir 1796 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 6598
3 M Lars Olson Molla 6011
Born: 1756 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: 1819 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Buried:Spouse: Marta Olsdotter 7390 Marr: 1780 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010Spouse: Brita Torgersdotter 13610 Marr: 1797 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 6010
Ole Ormson Molla and Taaren Torjusdotter
Husband Ole Ormson Molla 4884
Born: 1618 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 18868 Christened: Died: Cir 1694 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 18868 Buried:
Father: Orm Ingemundson Molla Mother:
Marriage: Cir 1655 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 24391Events
• Censuses: 1665, Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway.
Wife Taaren Torjusdotter 8867
Born: Cir 1630 - Brommeland, Sand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1692 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Torjus Olson Brommeland 8869 Mother: Guri Olsdotter 6168
Other Spouse: Ivar Knudson Åserød 24373 - Cir 1650 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 24391
Children
1 M Orm Olson Molla 4884
Born: 1660 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: Cir 1696 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 49183 Buried:
2 M Ingemund Olson Molla 4884
Born: 1662 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 6010 Christened: Died: After 1743 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingeborg Molla Marr: Cir 1691 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19626Spouse: Siri Nilsdotter 2947 Marr: 21. jun 1711 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 6010
3 F Brita Olsdotter 4884
Born: Cir 1664 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
4 F Guri Olsdotter 4884
Born: Cir 1666 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1705 - Vetrhus, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Askjell Jakobson Vetrhus 4883 Marr: Cir 1695 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 4880
5 F Kari Olsdotter 4884
Born: Cir 1668 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
6 M Ole Olson Birkeland 4884
Born: 1670 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 19626 Christened: Died: - Birkeland ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingeborg Olsdotter 3183 Marr: Cir 1698 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 19626
General Notes: Wife - Taaren Torjusdotter
Torunn Torjusdotter var gift med Ivar Knutson Indre Åsarøy i Jelsa og etterpå ikring 1655 med Ola Ormson Ytre Molla. Dei budde på Indre Åsarøy i Jelsa, men vart etter nokre år driven der frå av namnebroren som var gift med dotter til Gunnar Indre Åsarøy. Frå 1661 budde han på Ytre Molla. I 1673 etter å ha site på garden i tolv år, panta og løyste Ola til seg smørlaupen i Ytre Molla for 200 dalar. Anders på Berget gjorde krav på 20 dalar og Ola lova å betala med varer. Torunn døydde etter alt å døma vinteren 1692-1693. Ola døydde berre eitt års tid etter kona, ikring 1694. 24391,49184
Orm Ingemundson Molla
Husband Orm Ingemundson Molla
Born: Cir 1580 - , Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: After 1660 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ingemund Mother:
Marriage: Cir 1615 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway 33502
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Ingemund Ormson Teig 4884
Born: Cir 1616 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1665 - Teig, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Teig Marr: Cir 1639 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 14383
2 M Ole Ormson Molla 4884
Born: 1618 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 18868 Christened: Died: Cir 1694 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 18868 Buried:Spouse: Taaren Torjusdotter 8867 Marr: Cir 1655 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 24391
3 F Ormsdotter 4884
Born: Cir 1620 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Anders Ingebretson Molla Marr: Cir 1661 - Sauda kyrkje, Sauda, Rogaland, Norway 17928
4 F Ragna Ormsdotter 4884
Born: Cir 1622 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
5 M Lars Ormson Molla 4884
Born: 1625 - Molla ytre, Sauda, Rogaland, Norway 33542 Christened: Died: - Molla indre, Sauda, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Orm Ingemundson Molla
Ikring 1600 tok Orm Ingemundson over Ytre Molla. Han må då ha vore ein ung mann. Han styrde garden til 1660, men levde visstnok ennå i 1664. Han var odelseigar til Ytre Molla og er ættfar til dei som i dag sit på garden. Ytre Molla er ein av dei få gardane i Sauda der same ætta har sete i bein mannslinje frå byrjinga av 1600-talet og like til i dag. Nåverande eigar Torgeir L. Molla ætta frå Orm Ingemundson i tiande led.
Orm Molla var ein av dei større jordegodseigarane i Sauda i byrjinga av 1600-talet. I 1617 er han ført med ½ laup smør 9 spann tak i Øye og 1 laup smør i Ytre Molla. I 1624 er godset hans nemnt å vere 1 laup smør i Ytre Molla, ½ laup smør 9 spann tak i Øye og 2 pund smør 8 spann korn i Herheim i Sauda forutan 1 pund 3 merker smør 5 spann korn i Steine i Suldal. I ei sak frå 1628 om noko av dette godset, går det fram at Orm og Sjur T. Fløgstad var søskenbarn. Ingemund, far til Orm, og mor til Sjur var sysken. Det meste av godset vart panta bort eller selt, slik at Orm då han døydde berre sat att med smørlaupen i Ytre Molla.
Orm må ha vore ein velhalden mann. Det som i første rekke gav ekstra skillingar, var utan tvil sagskurden. Han var mellom dei fremste i tømmerhandelen. I elva nede ved fjorden stod Mollasaga. Så ivrig var han at han i 1603 måtte bøte 3 dalar av di han hadde lete saga gå på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag. I 1634 måtte han bøte av di han ikkje hadde betalt grunnleiga av sag. I 1662 vart det nemnt på tinget at Mollasaga hadde lege øyde nokre år. Då var Orm ein gamal mann og sønene har kanskje ikkje vore like interesserte i sagbruk som faren. Seinare kom ho i gang att. På 1700- og 1800-talet er ho nemnt "Dravervigs saug som staar paa Indre og Yttre Molles grund". Då var handelsmenn på Sandslandet eller i Stavanger eigarar.
Me kjenner berre tre søner etter Orm. Ingemund var truleg eldst. Han vart gift med enka etter Torjus Teig og buande på Teig. Nummer to var Ola. Han var fødd ikring 1618 og vart ikring 1655 gift med Torunn Torjusdotter frå Brommeland, enka etter Ivar Knutson på Indre Åsarøy i Jelsa. Yngst av sønene til Orm var Lars som i 1657 fekk bygsla Indre Molla og som vart den første fastbuande der etter øydegardstida, ei øydegardstid som innebar at Orm Ingemundson og føremennene hans hadde brukt Indre Molla under Ytre Molla.
Orm Ingemundson må òg ha hatt nokre døtrer. Ei av desse heitte Ragna. Ei anna vart gift med ein mann som heitte Anders, Truleg den Anders Ingebretson som er nemnt på Ytre Molla i manntala frå 1664 og 1665. Han budde på Berget nede ved fjorden. Svenskeberget rydningsplass som det er kalla i 1665.
Orm Ytre Molla kan og hatt ei dotter som var gift med Ove Jakobson frå Nes eller Tveitane på Suldalseid. I 1659 var Ove Tveitane, han er og kalla Ove Molla på same tinget, stemna av brørne Ingemund og Ola Ormsøner "for derres faders zignete wlouglig taget och fra seg ey wil leffuere", forutan om eit brev på Molla som dei ikkje fekk sjå. Det handla om noko jordegods som dei meinte dei var nærare til å løysa enn Ove. Ove møtte ikkje, og me finn ikkje meir om saka seinare. 49185
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)