Bjørn Olson Kveta and Guri Tordsdotter
Husband Bjørn Olson Kveta
Born: 1632 - Slettemoen nordre, Hol (Hallingdal), Buskerud, Norway 16452 Christened: Died: 1712 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 24. jul 1712 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16452Marriage: Cir 1665 - Hol kyrkje, Hol (Hallingdal), Buskerud, Norway 16452
Wife Guri Tordsdotter
Born: Christened: Died: Bef 1700 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 16452 Buried:
Children
1 F Kirsti Bjørnsdotter 16451
AKA: Kristi Born: 1665 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 16452 Christened: Died: dec 1719 - Bakke, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 1. jan 1720 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16450Spouse: Lars Bjørnson Bakke 16448 Marr: 29. sep 1701 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16449
Gisle Gisleson Kveta and Guro Torgrimsdotter
Husband Gisle Gisleson Kveta 36144
Born: 1775 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 26. sep 1775 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1809 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 28. may 1809 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143
Father: Gisle Gisleson Kveta 16496 Mother: Gro Tomasdotter 31551
Marriage: 6. oct 1799 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143Events
• Censuses: Qvetang Nordre, 1801, Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway.
Wife Guro Torgrimsdotter 36145
Born: 1775 - Lauluten, Tinn, Telemark, Norway 47449 Christened: 23. jul 1775 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687 Died: 13. jan 1864 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 31295 Buried: 30. jan 1864 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31295
Father: Torgrim Halvorson Rennehvammen Mother: Gjertrud Toresdotter
Other Spouse: Gjermund Svendson Øiende 38124 - 17. oct 1811 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 38126Events
• Censuses: Qvetang Nordre, 1801, Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway.
Children
1 F Gro Gislesdotter 24612
AKA: Groe Born: 1800 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 11. oct 1800 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143 Died: 14. apr 1890 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36151 Buried:Spouse: Gregard Larsson Kveta 36146 Marr: 28. jun 1823 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36150Spouse: Gunnbjørn Olson Kveta 36152 Marr: 3. jan 1836 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36148
2 F Gjertrud Gislesdotter 24612
Born: 1803 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 20. feb 1803 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143 Died: 5. mar 1863 - Vaalund, Tinn, Telemark, Norway 3113 Buried: 18. mar 1863 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 3113Spouse: Kittel Kjetilson Lurås Marr: 21. nov 1827 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 3132Spouse: Brynild Jonson Rui Marr: 9. jul 1835 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 3132
3 F Gislesdotter 24612
Born: 1805 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: 1805 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 26. may 1805 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143
4 F Helga Gislesdotter 24612
Born: 1806 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 1. jun 1806 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143 Died: - Lurås (mellom), Tinn, Telemark, Norway Buried:
5 F Gislesdotter 24612
Born: 1810 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: 1810 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 7. jan 1810 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143 Status: Stillborn
General Notes: Wife - Guro Torgrimsdotter
Gisle Gisleson Kveta gifta seg med Guro Torgrimsdotter Rennehvammen og dei hadde 5 barn der to var dødfødde.
Gisle gjekk bort i 1809, berre 34 år gamal. Etter eit par år gifta Guro seg opp att med Gjermund Sveinson Aasberg og hadde 2 barn.
I 1819 vart det gjort eit førebuande arbeid med tanke på ein ny matrikkel. Der kan me lesa om Nord-Kveta: "Proposisjonstall 9. Meget lett Skov og jorddrift, samt god Sæter, Flom-qværn."
Dette var ei positiv omtale, det er sjeldan å finne slike.
Frå matrikkelprotokollen for åra 1821-1826 kan nemnast: Flaumkvern, gamal skyld 6 skinn, ny skyld 1-4-18 (dalar ort skilling). Oppsittar Gjermund Sveinson.
Den 2. desember 1826 vart det stadfesta ein grensegangsforretning mellom Bjerkeflåta og Kveta-gardane. Det galdt delelinene i sameiga Langsæter, Trollkjennstulen, Udengen, Slåtter med meir tinglest 3. februar 1827.
Gro Gislesdotter hadde som eldste dotter til Gisle og Guro beste odelsretten til Nord-Kveta. Det har ikkje kome fram tinglyst skøyte, men kring 1825 kom ho med familie til Kveta. Ved dei tider flytta rimelegvis Guro og Gjermund til Øyan. 47450
Gisle Gisleson Kveta and Gro Tomasdotter
Husband Gisle Gisleson Kveta 16496
Born: 1740 - Ro, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 12. may 1740 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34383 Died: - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
Father: Gisle Simonson Ro 14045 Mother: Gro Knudsdotter 14039
Marriage: 3. jul 1768 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561Events
• Censuses: Qvetang Nordre, 1801, Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway.
Wife Gro Tomasdotter 31551
AKA: Groe Born: 1741 - Enerstvedt, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 25. dec 1741 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31538 Died: 1791 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: aug 1791 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561
Father: Tomas Gullikson Enerstvedt 31537 Mother: Helga Larsdotter 31540
Children
1 F Gro Gislesdotter 36144
AKA: Groe Born: 1769 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 16. jun 1769 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1791 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: sep 1791 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561
2 F Helga Gislesdotter 36144
AKA: Helge Born: 1771 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 16. oct 1771 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1791 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: oct 1791 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561
3 M Gisle Gisleson Kveta 36144
Born: 1774 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 18. sep 1774 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1774 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: oct 1774 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561
4 M Gisle Gisleson Kveta 36144
Born: 1775 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 26. sep 1775 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1809 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 28. may 1809 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143Spouse: Guro Torgrimsdotter 36145 Marr: 6. oct 1799 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36143
5 F Birgit Gislesdotter 36144
Born: 1778 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 30. may 1778 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: Bef 1792 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Buried:
6 F Anna Gislesdotter 36144
AKA: Anne Born: 1780 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 10. sep 1780 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561 Died: 1780 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: dec 1780 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31561
General Notes: Husband - Gisle Gisleson Kveta
Den 20. september 1766 kjøpte Halvor Syverson garden Nord-Kveta for 600 riksdalar. Dette var ein sterk prisauke.
Den 14. februar 1767 overdrog Halvor Syverson garden til tidlegare eigar Gregar Jonson for same sum. Tinglest 16. februar 1767. Dette må vera Gregar Jonson Sønstebø som hadde garden fram til 1752.
Gregar Jonson må ha vore ute for å tene pengar i ein fart. Alt same dag sel han garden vidare til Gisle Gisleson Dokken, men då var salssummen auka til 727 riksdalar. Det var ein forteneste på 127 riksdalar. på ein dag. Men det var gjerne slik at Gregar sin odelsrett var med i kjøpet. Gregar heldt att plassen Øen, står det. Tinglest 16. februar 1767.
Endå skjedde det meir omkring Nord-Kveta denne dagen, 14. februar 1767. Barna til Gregar hadde også odelsrett. Gisle måtte løyse ut fleire. Halvor Gregarson og Kittil Halvorson fekk 100 riksdalar. for odelsretten sin av Gisle Gisleson. Tinglest 16. februar 1767. Dermed hadde garden kosta Gisle 827 riksdalar.
Kittil Halvorson var gift med Anne Gregarsdotter. Det var såleis ho som hadde odelsretten, ikkje Kittil. Kvar det seinare vart av Halvor, veit me ikkje. Gisle var ugift og sette inn brukar på Kveta. Det var Ole Torgerson og Ragnhild Larsdotter. Dei hadde for nokre år sidan hatt Fønstelien, men utan odelsrett. Etter søksmål måtte dei gje frå seg garden. Dei kom då som brukarar til Nord-Kveta.
Uteståande krav etter skiftet til Ole Torgeirson Nor-Kveta 20. juni 1767: Steinar Torson Kyllesdal 50 riksdalar. og Gisle Gisleson 10 riksdalar. Brutto formue 87-2-8. Netto formue: 80-2-8.
For åra 1767-1772 har fute-rekneskapen eit oversyn over slike som sto til rest med ein ekstraskatt. For 1772 hadde Gisle Gisleson og kona hans ei gjeld på 2 riksdalar. Gisle hadde gifta seg med Gro Tomasdotter Enerstvedt og dei hadde seks barn.
Gisle var frå Ro, men alt i 1762 var han blitt eigar av Dokken. I 1767, om lag 26 år gamal, kjøpte han altså Nord-Kveta for 827 riksdalar. Noko kan han ha fått i arv, men det ville berre vera småpengar i dette høvet. Einast ved handel kan han ha tent slike pengar.
Gro Tomasdotter vart jordfesta i august 1791, og det var skifte etter henne 10. februar 1792.
Enkemann: Gisle Gisleson Kveta.
Barn: Gisle Gisleson, 16 år.
Lausøyre: 108-3-16.
Jordegods: Kveta, skyld 6 skinn. "Denne Gaard, sagde Enkemanden, er meget forringet fordi han har været nødiget at bruge Gaarden Enersstved som var til-falden den umyndige pige Helge Olsdatter, for hvilken han var formynder. Taxere til 450 Rdlr."
Er det slik å forstå, som Gisle seier her, at han har drive Enerstvedt for å ta vare på garden for Helga Olsdotter og forsømt sin eigen gard, då har Gisle teke verjemålet sitt alvorleg og verkeleg gjort meir enn si plikt.
Gjeld: Arv til Helga Olsdotter, 208-2-02.
Arv til Gunhild Torsteinsdotter Grøtjorden 160 riksdalar.
Brutto formue 558-3-16. Netto formue 174-2-22.
Den 13. februar 1798 gav Gisle Gisleson Kveta skøyte til Ole Knutson Noskerud eller Tandberg-eie på Øyan, 2 skinn, samt ei seter kalla Rioe på "nordsida" av Kvetaåe for 340 riksdalar. Tinglest same dag. Men Ole Knutson vart ikkje lenge eigar av Øyan. Alt 10. februar 1801 selde han att for same pris til Torkild Torsteison Søre Kveta. Same dag kjøpte Torkild odelsretten av Gisle Gisleson for 60 riksdalar. Dermed var Øyan skilt ut frå Nord-Kveta.
Under folketellinga i 1801 var desse på Nord-Kveta:
Gisle Gisleson, 64 år, enkemann, levebrød av garden.
Gisle Gisleson d.y. med kona Guro Torgrimsdotter og dottera Gro. Av andre finn me:
Peder Olson, mann, 72 år, krøpling. Lever av almisser.
Anne Gislesdotter, kone, 72 år.
Anne var syster til Gisle d.e. Det forklarar kvifor dei budde på Kveta, men om det var på garden eller i plassen, er uvisst. Me veit plassen var seld, men eigaren Ole Knutson budde sjølv i Noskerud. 47451
Karl Olson Kveta and Gunhild Torkelsdotter
Husband Karl Olson Kveta 36161
Born: 1681 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway 34397 Christened: Died: - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
Father: Ole Karlson Kveta 34396 Mother: Olsdotter 34392
Marriage: 1. jan 1712 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164
Other Spouse: Liv Gislesdotter - 10. feb 1719 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36162
Wife Gunhild Torkelsdotter 36163
Born: 1685 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 24690 Christened: Died: 1717 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 22. oct 1717 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164
Father: Torkel Olson Sønstebø 24691 Mother: Gunhild Jonsdotter
Children
Had no children
Karl Toreson Kveta
Husband Karl Toreson Kveta
Born: Christened: Died: - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Marriage: Cir 1645 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 47452
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Ole Karlson Kveta 34396
Born: 1645 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway 47452 Christened: Died: 1730 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 28. sep 1730 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34397Spouse: Olsdotter 34392 Marr: Cir 1680 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34397
2 F Birgit Karlsdotter 34396
AKA: Bergitte Born: Cir 1650 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: Buried:
General Notes: Husband - Karl Toreson Kveta
Gard nr. 21: Kveta søre og bruk nr. 1.
I 1648 var "den halve Øgegaard" Quitten med i eit make Ut frå opplysningar som seinare kom fram, synest det å ha vore Nord-Kveta. Om Søre Kveta veit me mindre.
Først i 1661 får me opplysningar som me meiner høyrer heime under søre garden. I listene over odelsskatt for åra 1661, 62 og 64 står Karl Quitten som eigar av 5 skinn i Fønnebø. Dette er sannsynlegvis dei skinna som Gro Løyensdotter frå 1666 til 1672 betaler odelsskatt av. Kan Karl ha vore son til Gro? Ho hadde fyrste gong vore gift med Tor (e) Olsson Ro. Truleg har Karl fått desse skinna ved skifte etter far sin før Gro gifta seg opp att med Svein Tollevson. Tanken kan ha vore at Karl med desse 5 skinna skulle kunne koma inn på Fønnebø. Det har han ikkje makta, og i staden har han kome attende til Kveta.
I 1661 var det ei omfattande registrering av all jordeigedom i landet, men her finn me ikkje Karl på Kveta. Derimot er det under Kjemhus registrert ein Karl Tor(e)son som har 2 skinn i Fønnebø. Det kan høve godt. I så fall har nok Karl vore hjå morbror sin. At dei to skinna på Fønnebø er registrerte både på Kveta og i Kjemhus, viser kanskje at styresmaktene gjorde sitt beste for å få med seg det meste. Men dei fekk neppe dobbel skatt.
Karl må ha kome til Kveta seinast i 1663. I rekneskapen til futen for leiglendingsskatt står: "Suend och Karle. Ingen schatt. Forarmede."
I skattemanntalet til futen og presten for 1664 og 1665 er heller ikkje Søre Kveta nemnt, heller ikkje Karl. Dette er vanskeleg å gje ei sikker forklaring på. Me hadde ein regel som sa at gardar som vart tekne opp att, skulle vera fri skatt i 6 år. Kanskje har det høvd seg slik at Kveta vart bygd opp nettopp i desse åra? Ei anna forklaring kan vera like god. Sidan ikkje Karl hadde evne til å betale skatt, har han heller ikkje blitt teken inn i manntalslistene.
Futen har same kommentaren på Svend og Karl i 1665-1667. "Ingen schatt. Forarmede." Me skjønar, det var beinharde tider.
Karl hadde sonen Ole (Olluff) og dottera Birgit (Bergitte). 47453
Ole Gjermundson Kveta and Gunhild Steinarsdotter
Husband Ole Gjermundson Kveta 36365
Born: dec 1719 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 1. jan 1720 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164 Died: Cir 1750 - , Kongsberg, Buskerud, Norway Buried:
Father: Gjermund Olson Lien 36161 Mother: Kari Halvorsdotter
Marriage: 12. jun 1747 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164
Wife Gunhild Steinarsdotter 35475
Born: 1724 - Rauland nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 10. sep 1724 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 40381 Died: 1772 - Videsjorden, Uvdal, Buskerud, Norway 31554 Buried:
Other Spouse: Halvor Pederson Haugen 14368 - 30. mar 1742 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 40380
Other Spouse: Asbjørn Reiarson Videsjorden 31553 - 29. mar 1751 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 31554
Children
Had no children
Ole Karlson Kveta and Olsdotter
Husband Ole Karlson Kveta 34396
Born: 1645 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway 47452 Christened: Died: 1730 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 28. sep 1730 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34397
Father: Karl Toreson Kveta Mother:
Marriage: Cir 1680 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34397
Wife Olsdotter 34392
Born: Cir 1656 - Flaata, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
Father: Ole Hellikson Flaata Mother: Ommundsdotter 10189
Children
1 M Karl Olson Kveta 36161
Born: 1681 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway 34397 Christened: Died: - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Spouse: Gunhild Torkelsdotter 36163 Marr: 1. jan 1712 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164Spouse: Liv Gislesdotter Marr: 10. feb 1719 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36162
2 F Sigrid Olsdotter
Born: Cir 1685 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: - Rustrud, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Spouse: Steinar Ellingson Rustrud 30720 Marr: 27. dec 1706 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 30721
3 M Gjermund Olson Lien 36161
Born: 1696 - Kveta søre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: Died: 1729 - Lien, Tinn, Telemark, Norway 36164 Buried:Spouse: Kari Halvorsdotter Marr: 26. mar 1717 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164
General Notes: Husband - Ole Karlson Kveta
Det må til sine tider ha gått hardt for seg på Kveta-gardane i 1670-åra. Til tinget 3. oktober 1679 hadde Ole Quitten stemnt inn grannen sin, Bjørn på Nord-Kveta, for "øvet overlast" som det står. Bjørn møtte ikkje, og dermed vart Bjørn ilagt ei bot på ½ mark sølv for stemnefall. Meir har me ikkje om denne saka, me vil tru dei kom på talefot att.
Ein gong finn me Ole Quitten nytta som lagrettemann ved ei skyldset på Ståland 21. oktober 1680, referert i tingboka 6. august 1681.
Heller ikkje i eigar- og brukarlistene frå 1681 og 1682 kjem det fram folk på Søre Kveta. På Kveta Nordre står Bjørn og Gro det fyrste året og Bjørn og Enchen det andre, men frå 1683 er Søre Kveta komen inn i skattelistene. Skyld 6 skinn. Som oppsittar og brukar av heile garden står Ole Karlsson. Han eig 5 skinn, og Birgit Karlsdotter har 1 skinn.
Me legg også merke til at garden står i heile 6 skinn. For Kveta sett under eitt, betyr det at skylda er dobla frå eit år til neste. Rundt 1681 var det svært mange gardar som fekk sett opp skatteskylda, men me har ikkje registrert nokon som har fått så stor auke. Me ser at frå 1683 er Søre Kveta komen inn med skatteskyld.
Det er mange opplysningar som viser at det må ha vore folk på garden før. Kanskje er dette eit døme på at det tek si tid før styresmaktene får alt på plass. Me har også fått klarlagt at det er barna til Gro som står som eigarar ved den fyrste registreringa på Søre Kveta. Det vil vera rimeleg å tenkje seg at søre garden er gradvis bygd opp medan folka budde "nord" i garden. Det kan vera med på å forklare at det straks sto ein ny gard der med ei skyld på heile 6 skinn. Ingenting tyder på at garden har vore lura unna skattlegging. I slike høve vart garden rekna som "forbrudt til Kronen". Det ville seia at som straff skulle ein slik gard tilfalle Kongen. Kveta har ikkje vore kongsgard, skattesvik kan me difor sjå bort frå. I 1698 sit Ole som eigar og brukar av garden, skylda er den same, 6 skinn.
Etter opplysningar i eigar- og brukarlistene sat Ole med garden like fram til 1726.
Ein uvanleg skrivemåte på gardsnamnet finn me i lista for skoskatten i 1711. Der står: "Ole Vettan So. betaler af sig self og hans 3 bom 1 ort."
Matrikkelen frå same året stemmer godt over eins med lista for skoskatten: "Qvitten So. eigar Olle."
I 1723 kom det framlegg til ein ny matrikkel. Ole Karlsson står som eigar og bygselrådig. Skylda var 6 skinn, men med forslag om 1 skinn i reduksjon. Garden er omtala slik: "Skov oc Sæter till Huusbehov. Steenet jord, fladlændet, nogenlunde letvunden, har overgaaed jordskrid.
Utsæd: 1 td. Byg.
Heste og Creature: ½ Heste, 3 Kiør, 1 Ung-Nød, 3 Søver, 3 Geeder."
Begge Kveta-gardane står med ½ hest kvar. Venteleg hadde dei ein hest i lag. Det er framlegg om å redusere skylda med 1 skinn samstundes som det står "har overgaaed jordskrid". Det kan ikkje ha vore snakk om storskred med Brurestein ved Kvetabekken. Den er nok eldre, men det kan ha vore ei mindre skred på same staden. Seinare har det også gått skred i dei bratte bakkane ovanfor tunet.
Ole var gift med ei dotter til Ole Hellikson Øvre Flåta og dei er nemnde med sønene Karl og Gjermund samt dottera Sigrid. 47454
Eilev Kvia
Husband Eilev Kvia 8112
Born: Cir 1650 Christened: Died: After 1704 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:Marriage: Cir 1679 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 F Astrid Eilivsdotter 10411
Born: 1680 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 25504 Christened: Died: - Gausland, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Reiar Salveson Gausland Marr: Cir 1708 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 25438
2 F Ranveig Eilivsdotter 10411
Born: 1689 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 25504 Christened: Died: Between 1745 and 1758 - Njærheim, Nærbø, Rogaland, Norway 21286 Buried:Spouse: Peder Helgeson Njærheim 12284 Marr: Cir 1717 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 7013
3 F Johanna Eilivsdotter
Born: 1701 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: - Opstad, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Svend Helgeson Opstad 12284 Marr: Cir 1729 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 13995
4 M Gjermund Eilivson Skrettingland 10411
Born: 1704 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 25504 Christened: Died: After 1741 - Skrettingland, Varhaug, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ingeborg Toresdotter 10607 Marr: Cir 1735 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 14287
General Notes: Husband - Eilev Kvia
Eilev (Gjermundson?) var truleg frå Erga, eller kanskje han budde på Erga seinare (1701). På Erga er det nemnd ein Gjermund (fødd i 1625) som var brukar av 6 spann i 1665 og er nemnt i tiendskatten 1681-1683. Eilev var kan hende gift med ei dotter til Eilev Gregoriusson Kvia, og etterpå med ei Johanna? Han budde på Kvia frå ikring 1680. Han hadde truleg barna Astrid gift med enkemann Reiar Salveson Gausland, Ranveig gift med Peder Helgeson Ueland, Johanna gift med enkemann Sven Helgeson Opstad og sonen Gjermund Skrettingland. 8113,25504
Ellef Gregoriusson Kvia and Malena Olsdotter
Husband Ellef Gregoriusson Kvia 906
Born: 1610 - Skretting, Varhaug, Rogaland, Norway 31875 Christened: Died: 1671 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 31875 Buried:
Father: Gregorius Skretting Mother:
Marriage: Cir 1630 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 31875Events
• Probate: 6. may 1671, Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway.
Wife Malena Olsdotter
Born: Cir 1600 Christened: Died: - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:
Other Spouse: Rasmus Salomonson Kvia 14286 - Cir 1625 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 31875Events
• Censuses: 1665, Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway.
Children
1 F Marite Eilivsdotter 12974
Born: Cir 1630 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: 1721 - Berge, Gjesdal, Rogaland, Norway 17783 Buried:Spouse: Morten Svaleson Gjedrem 4716 Marr: Cir 1650 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 12973Spouse: Reiar Knudson Berge 1752 Marr: Cir 1677 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 17783
2 F Anna Eilivsdotter 12974
Born: Cir 1635 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1695 - Voll, Varhaug, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Rasmus Rasmusson Voll 2900 Marr: Cir 1660 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 2898
3 M Rasmus Eilivson Bø 25424
Born: 1640 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 23888 Christened: Died: 1713 - Bø, Nærbø, Rogaland, Norway 23888 Buried:Spouse: Berit Olsdotter 12153 Marr: 1665 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 23888Spouse: Guri Jonsdotter 876 Marr: Cir 1694 - Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, Norway 23888
4 F Kari Eilivsdotter 12974
AKA: Karen Born: Cir 1643 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 14270 Christened: Died: 1737 - Salte store, Klepp, Rogaland, Norway 14270 Buried:Spouse: Ole Ellingson Salte 25503 Marr: Cir 1680 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 14270Spouse: Eivind Pederson Salte 2831 Marr: Cir 1697 - Orre kyrkje, Klepp, Rogaland, Norway 14270
General Notes: Wife - Malena Olsdotter
Malena Olsdotter var gift første gong med Rasmus Salomonson frå Skretting i Varhaug. Dei budde på Kvia i Nærbø og hadde sonen Hans. Rasmus var død før 1640, og i 1640 er Malena gift opp att med Eilev Gregoriusson frå Skretting. Far til Eilev kjenner ein ikkje noko til. Eilev vert nemnt på Kvia i 1645 og 1664. Han vert òg nemnt som lagrettemann. Eilev var fødd ikring 1610 og døydde i 1671. Skifte vart halde 06.05.1671. Sonen til Malena og Rasmus flytte til Skretting. Men Malena må òg ha hatt ei dotter med Rasmus, for i 1645 vert Eilev nemnt med ei stedotter. Eilev brukte eit halvt pund i Kvia i 1665. Barna etter Eilev var Rasmus Bø, Marit som vart gift til Geitreim i Bjerkreim og sidan til Berge i Gjesdal, Anna gift til Voll og Karen som kan hende var gift på Kvia (men ei Karen Eilefsdotter fødd ikring 1643 var gift med Ola Ellingson Store Salte i Klepp. Bror til Ola, Jon Ellingson var gift til Kvia. Var det denne Karen Eilefsdotter som var gift med Ola Ellingson?). 31875
Jens Tobias Kvia and Marie Toresdotter
Husband Jens Tobias Kvia 27952
Born: 8. jul 1855 - Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway 30808 Christened: Died: 26. jul 1895 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Cause of Death: Nyresygdom Buried: 1. aug 1895 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898
Father: Tobias Tørreson Kvia 9967 Mother: Karen Gurine Karlsdotter 6891
Marriage: 8. nov 1886 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898,30809
Other Spouse: Hanne Ellingsdotter 25489 - 3. apr 1883 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898,30809Events
• Censuses: 1865, Kvia, Nærbø, Rogaland, Norway.
Wife Marie Toresdotter 27953
AKA: Maja Born: 9. apr 1867 - Våland, Nærbø, Rogaland, Norway 40508 Christened: Died: - Motland, Forsand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Tore Våland 40509 Mother: Maren Elisabet Ommundsdotter
Events
• Residence: 1923, Motland, Forsand, Rogaland, Norway.
Children
1 F Hanna Talette Kvia 27951
Born: 2. mar 1887 - Risa, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Christened: 2. apr 1887 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: 6. aug 1968 - , , Hordaland, Norway 30809 Buried:
2 M Tobias Kvia 27951
Born: 27. jul 1888 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Christened: 2. sep 1888 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: 13. feb 1969 - Motland, Nærbø, Rogaland, Norway 47455 Buried:Spouse: Elen Motland 27547 Marr: 10. dec 1910 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 7775
3 F Karen Gurine Kvia 27951
Born: 7. mar 1891 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Christened: 29. mar 1891 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: 11. dec 1896 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Cause of Death: Tæring Buried: 12. dec 1896 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898
4 F Marie Kvia 27951
Born: 9. dec 1892 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Christened: 9. dec 1892 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: 16. mar 1893 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Cause of Death: Kighoste Buried: 22. mar 1893 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898
5 F Thor Kvia 27951
Born: 8. feb 1894 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 30809 Christened: 25. mar 1894 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: 8. feb 1895 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Cause of Death: efter Meslinger Buried: 15. feb 1895 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898
6 F Thora Maria Kvia 27951
Born: 7. jun 1895 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Christened: 7. jul 1895 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 9898 Died: - , Bergen, Hordaland, Norway Buried:Spouse: Peder Dørhellen Marr: , Bergen, Hordaland, Norway
General Notes: Husband - Jens Tobias Kvia
Jens Tobias Tobiasson Kvia var gift to gonger. Først med Hanna Ellingsdotter Risa som han fekk ei dotter med. Andre kona var Maria (Maja) Toresdotter Våland og dei hadde seks barn.
Jens Tobias var paktar påp Haa prestegard frå 1888 til han døydde i 1895. Då Jens var død flytta enka til Motland.
Maria Toresdotter kjøpte som enke bruk 1 på Motland av Karl Gabrielson Frøyland i 1895. 30811
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)