My family-file



picture
Reier Reiarson Selvåg and Gunhild Jonsdotter




Husband Reier Reiarson Selvåg 2818

            AKA: Reyer
           Born: 1677 - Breiland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 7467
     Christened: 
           Died: 1739 - Selvåg, Finnøy, Rogaland, Norway 8467
         Buried: 2. jul 1739 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 923


         Father: Reiar Ellingson Breiland 20947
         Mother: Valborg Svendsdotter 2959


       Marriage: 1710 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 8467

   Other Spouse: Kirsten Olsdotter 24000 - 26. nov 1708 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 5020,8467

   Other Spouse: Ragnele Jakobsdotter 24001 - 5. jul 1722 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 3692,8467

   Other Spouse: Martha Olsdotter - Cir 1735 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 8467



Wife Gunhild Jonsdotter

           Born: Cir 1680
     Christened: 
           Died: 1717 - Selvåg, Finnøy, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children
1 F Gunild Reiarsdotter 922

           Born: Cir 1715 - Selvåg, Finnøy, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Bef 1774 - , Fister, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Rasmus Andersson 9841
           Marr: Cir 1743 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway


2 F Mallene Reiarsdotter 922

            AKA: Magdalena, Magdeli
           Born: 1717 - Selvåg, Finnøy, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1765 - Mjølhus, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3914
         Buried: 12. may 1765 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
         Spouse: Torchild Olson Mjølhus 2943
           Marr: Cir 1752 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3914



General Notes: Husband - Reier Reiarson Selvåg

Reiar Reiarson frå Breiland i Hjelmeland vart gift første gong i 1708 med Kristina Olsdotter frå Selvåg på Fogn. Reiar tok over bruket på Selvåg etter svigerforeldra. Kristina må ha døydd like etter dei vart gifte, kanskje i barselseng (men det vert ikkje nemnt barn etter henne). Reiar gifta seg opp att ikring 1710 med Gunhild Jonsdotter.
I lista over skoskatten for 1711 vert ho ført som hovudperson med opplysning om at mannen var utskriven soldat. Reiar si syster budde då hjå henne (det må ha vore Marit, då den andre systera var gift i Årdal på denne tida). Det er ikkje kjent kva tid Gunhild døydde. Reier er ført med ei dotter Magdalena fødd ikring 1720 og konfirmert i 1736. Denne dottera var truleg fødd på nyåret i 1717 og Gunhild Jonsdotter har truleg døydd i 1717/1718 då det manglar innføring i kyrkjebøkene.
Reiar gifta seg tredje gong i 1722 med Ragnhild Jakobsdotter frå Selvågvågen. Ragnhild døydde i 1732 og det vert ikkje nemnt barn etter henne. Ved skiftet etter henne i 1734 vert bror hennar Ola Jakobson nemnt som arving saman med Reiar.
Reiar vart gift fjerde gong med Marta Olsdotter. Ho vert nemnt 60 år i 1758. Med Marta hadde Reiar sonen Reiar fødd i 1738. Reiar døydde året etter sonen vart fødd, og Marta gifta seg opp att med enkemann Asbjørn Pederson Eik i Sjernarøy. Første kona til Asbjørn, Kristina Olsdotter frå Løland på Ombo døydde òg i 1739, og han flytta til Selvåg med fem barn og gifta seg med Marta i 1740. Martha Olsdotter Sælvog vart gravlagd 4. søndag etter påske i 1760, 64 år gamal.
Asbjørn gifta seg tredje gong i 1761 med Kristin (Kristi) Rasmusdotter som truleg var frå Ur i Årdal. Asbjørn vert berre nemnt med dei fem barna frå første ekteskap. Reiar sin son tok over bruket etter stefaren og gav han folge. 8467
picture

Torben Torkelson Skjelnes and Gunhild Jonsdotter




Husband Torben Torkelson Skjelnes 7087

            AKA: Torbjørn
           Born: 1638 - Øye, Varaldsøy, Hordaland, Norway 23666
     Christened: 
           Died: 1694 - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway 23666
         Buried: 7. jul 1694 - Varaldsøy kyrkje, Varaldsøy, Hordaland, Norway 1991


         Father: Torkel Torkelson Øye 5492
         Mother: Ragnhild Øye


       Marriage: Cir 1678 - Varaldsøy kyrkje, Varaldsøy, Hordaland, Norway 23666

   Other Spouse: Johanna Samsonsdotter 7755 - Varaldsøy kyrkje, Varaldsøy, Hordaland, Norway 23666



Wife Gunhild Jonsdotter

           Born: Cir 1655 - Gjerde indre, Strandebarm, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Gjerde
         Mother: Anna Sjursdotter 641




Children
1 F Johanna Torbjørnsdotter

           Born: 1680 - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
         Buried: 



2 F Gurid Torbjørnsdotter

           Born: 1685 - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
         Buried: 



3 F Brita Torbjørnsdotter

           Born: 1689 - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Skjelnes, Varaldsøy, Hordaland, Norway
         Buried: 




General Notes: Wife - Gunhild Jonsdotter

Kjelder:
Mor: Strandebarm og Varaldsøy II (A. Næss/O. Kolltveit) side 105
Anna: Strandebarm og Varaldsøy II (A. Næss/O. Kolltveit) side 125
picture

Torkel Olson Sønstebø and Gunhild Jonsdotter




Husband Torkel Olson Sønstebø 24691

            AKA: Torkild
           Born: 1629 - Sønstebø nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 45698
     Christened: 
           Died: 1692 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 45699
         Buried: 


         Father: Ole Larsson Nore
         Mother: Synnøve Nore


       Marriage: Cir 1671 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 24690

   Other Spouse: Margit Vebrandsdotter - Cir 1660 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 45699



Wife Gunhild Jonsdotter

           Born: 1648 - Megarden i Tunhovd, Nore, Buskerud, Norway 24690
     Christened: 
           Died: 1728 - Brøstrud søre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 20. mar 1728 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 24686

   Other Spouse: Halvor Torsteinson Brøstrud 24684 - 24. may 1697 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 24686


Children
1 M Jon Torkelson Sønstebø 36163

           Born: 1673 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 24690
     Christened: 
           Died: 1731 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 28. sep 1731 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16301
         Spouse: Anna Holgersdotter
           Marr: 6. jan 1699 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 37643
         Spouse: Turid Ommundsdotter 16456
           Marr: 22. oct 1713 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16301


2 M Torjus Torkelson Sønstebø 36163

            AKA: Torgius
           Born: 1681 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 24690
     Christened: 
           Died: 1704 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 25. dec 1704 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 24690



3 F Gunhild Torkelsdotter 36163

           Born: 1685 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 24690
     Christened: 
           Died: 1717 - Kveta nordre, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 22. oct 1717 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164
         Spouse: Karl Olson Kveta 36161
           Marr: 1. jan 1712 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36164


4 M Knud Torkelson Sønstebø 36163

           Born: 1688 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway 24690
     Christened: 
           Died: 1749 - Sønstebø mellom, Uvdal, Buskerud, Norway
         Buried: 22. jun 1749 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 45700
         Spouse: Birgit Olsdotter
           Marr: 1. jan 1720 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 45700



General Notes: Husband - Torkel Olson Sønstebø

Sjølv om ein gjennom feire opplysningar i fyrste halvdel av 1600-talet kan sjå og skimte tre Sønstebø-gardar, er det fyrst rundt 1660 nok materiale til å gje kvar gard si eiga soge.
Opplysningane frå landkommisjonen i 1661 samanhelde med andre kjelder gjev grunnlag for å slå fast at det var Torkild som den gongen budde på Mellom- Skylda var 2 huder.
I rekneskapen over leiglendingsskatt for åra 1661-67 har ikkje futen skilt Sønste frå kvarandre, men har Nils, Torkild og Ole saman med samla skyld 4 huder.
1664-65. Også i skattemanntala til futen og presten frå desse åra er Sønstebø-gardane sette opp samla. Dei hadde ein tenestekar, Bjørn Olson 20 år og ein husmann, Anders Østenson 30 år. Desse får me ikkje sikkert plassert på nokon gard. Me skulle gjerne visst kvar Anders heldt til, men får nøye oss med å ha registrert at her var ein husmann alt i 1664-1665. Skulle me gjetta, måtte det bli ut frå Anders-namnet som var bruka i slekta til Nils. Det ville i så fall føre til Nord Olufson var gift 2 gonger. Første kona var Margrethe Vebrandsdotter, truleg frå Hovda, d. før skifte i 1680. Dei hadde 3 barn:
1. Oluf Torkildson, d. før 1692.
2. Vebrand Torkildson, f. ca. 1660 - jf. 22.10.1717 g.m. Liv Kittilsdotter den 27.12.1701.
3. Gunhild Torkildsdotter, d. før 1692.

Fleire namn nytta på Sønstebø peika på skyldskap til Hovda, og då fyrst og fremst Vebrand. Margrethe var dansk skrivemåte. Ho heitte nok Margit til dagleg.
Skifte etter Margrethe vart helde i 1680 (då var Torkild gift opp att) og arvingane var enkemann Torkild Sønstebø og barna: Oluf, Vebrand og Gunhild.
Jordegods: I Mellom-Sønstebø åtte Torkild 8 skinn arvegods og 4 skinn innkjøpt etter at han hadde gifta seg for andre gong. Torkild Nore åtte 1 hud. Torkild Sønstebø skulle rå over jordegodset så lenge han levde.
Registreringa av lausøyret, i alt verdsett til 60-0-16, gjev mange interessante opplysningar. Me nemner: Buskapen var på 2 kyr, 2 kviger, 7 geiter, 1 bukk og 1 lita geit, 14 sauer og 3 unge sauer, 2 hestar. Prisen på ein hest var 5 riksdalar, på ei kyr 4 riksdalar.
Vidare var 1 klave med bjelle, 1 Tache, nafre (navar), 1 sag, 1 trøs (treskål med vangar), 6 tallerkenar, 1 schol (kjole?).
Torkild hadde merkeleg mykje gjeld. Ingen store beløp, men svært mykje små i alt 111-2-18.
Netto formue utanom jordegodset: 51 riksdalar-2 ort (mark) -02 skilling. Kjelde er skiftedokument innlånt til Kjeldeinstituttet frå Søntebø.

Torkild Olufson Sønstebø gift opp att med Gunhild Jonsdotter Megarden, Åsbøgrend. Dei hadde barna:
1. Oluf Torkildson, d. ung.
2. Ragnhild Torkildsdotter, f. ca. 1672 - jf. 21.03.1722 gift 1) med Knut .. ca. 1690. 2) med Ole Olson Tandberg den 06.01.1699.
3. Jon Torkildson
4. Margit Torkildsdotter, f. ca. 1677 - jf. 21.03.1739 gift 1) med Ole Sveinson Søre Nørstebø den 24.05.1697. 2) med Ole Hellikson den 11.10.1726.
5. Torgius Torkildson, f. ca. 1681 - jf. 25.12.1704.
6. Halvor Torkildson, d. før skifte 22.06.1735 gift med enka Astrid Reiersdotter Bjønno den 17.02.1715.
7. Gunhild Torkildsdotter, f. ca. 1685 - jf. 22.10.1717 g.m. Karl Olson Kveta den 01.01.1712.
8. Knut Torkildson, f. ca. 1688 - jf. 22.06.1749 g.m. Birgit Olsdotter den 01.01.1720.

Den som åtte jord, men ikkje dreiv henne sjølv, skulle betale odelsskatt. Ei slik skatteliste frå 1667 for Nore sokn fortel at Lauritz Ulbåsen betalte odelsskatt av 1 hud i Midgaarden i Sønstebø. Dette kan høve bra etter som Lauritz (Lars) var bror til Torkild.
I fleire av åra frå 1662 til 1672 er Torkild skriven som eigar av Sønstebø, men det treng sjølvsagt ikkje bety at han var eineeigar. Me tek elles med at han samtidig står med 4 skinn i Rauland.
I åra 1668-1672 synest Torkild å ha stått ansvarleg for landskylda for alle tre Sønste I 1669 er det føydd til: "Alle 3 gårder." I 1671 "og Rennehuamb." Det siste må sikte til Nils på Nord-Sønstebø som åtte Søre Rennehvammen.
Den 23. september 1671 var det rettsmøte om drifteveg og utmark for Kveta. Både Stølo, Imingen og Sønstbøgardane var kalla inn. Sjå om denne saka under Søre Sønstebø.
Etterpå - same dagen - kom lagretten til Sønstebø for å fastsetja dele mellom Sønstebø-gardane. Ved dette høvet får me høyre at Geitegvamslia heretter skulle liggje under Mellom-Sønstebø.
Til tinget 24. februar 1672 hadde Knut Haugen stemnt inn Torkild. Det galdt 2 markabol jord i Mellom-Sønstebø. Knut meinte på vegne av kona si å ha rett på denne jorda etter ei kontrakt frå 1602. Vidare la saksøkjaren fram eit odelsløysingsbrev datert 15. mars 1614 og ei kontrakt frå 28. oktober 1622.
Torkild sa frå at han ikkje akta å svara før medarvingane hans var kalla inn på lovleg måte. Til å døme i denne tvisten vart 6 nye lagrettemenn oppnemnde, 1 frå Rollag, 1 frå Nore og dei fire siste frå Uvdal. Denne saka synest ikkje å ha kome opp att, men sikkert er det at i listene over odelsskatt for åra 1671 og 1672 står Knut Haugen som eigar av 1 hud odelsgods i "Midgaarden Sønstebye". Kanskje har Knut hatt lite å fara med, eller saka kan ha vorte løyst på minneleg måte.
Kravet 2 markabol var stort. Hadde det vore ein systerlut, ville brorluten vore 4 markabol, tilsaman 6 markabol. Markabol er eit gamalt mål på jordegods som skriv seg frå mellomalderen. For å vikle floken enno meir til peikar me på at i landskatten står Knut som skatteytar av 1 hud. Det er berre noko over 1 markabol, men han hadde gjort krav på 2.
Til tinget 14. januar 1673 hadde futen kalla inn Torstein Grekvar fordi Torstein over 4 år ikkje hadde betalt odelsskatt av 4 skinn i Mellom-Sønstebø. Futen sette fram påstand om at jordegodset skulle tilfalle Kongen. Lova var slik at dersom ein jordeigar sneik seg unna og ikkje betalte skatten, skulle jorda kort og godt tilfalle Kongen, eller som det gjerne vart sagt, vera "forbrutt til Kronen".
Dette kravet let futen falle, då han fekk kjennskap til at det enno ikkje hadde vore helde skifte, og advokat Heber skriv i sitt referat frå tingboka at dessutan vart futen "beveget dertil på grunn av innstevntes fattigdom og godtfolks forbønn". Det kunne også vera ein edel måte for futen å ro seg i land på. Eller er det eit døme på at futen ikkje var heilt urimeleg, og at han let seg påverka av bøndene? Det er ikkje mange slike lysglimt å sjå frå den kanten - difor synest me dette bør koma fram. Futen det er snakk om, heitte Jørgen Dessov. Dette viser eit streif av ei menneskeleg side ved mannen, ikkje berre ein grisk fut.
Men det spørs om ikkje bøndene spela på det formelle for å hjelpe Torstein ut av knipa. Det er ikkje noko som tyder på at Torstein ikkje skulle få dette jordegodset ut frå skiftet. Om Torstein hadde krav på 4 skinn, ville han då vente i 4 år utan å få inntekt av dei - dersom han i tillegg var så lut fattig som det vart hevda?
4 skinn utgjer 1/6 del av heile skylda på 2 huder. Om dei 4 skinna utgjer ein systerlut, kan det ha vore 1 bror og 4 systrer å dele på, eller 2 brør og 2 systrer. Dersom desse 4 skinna skulle gå inn i eit større skifte med meir jordegods, vil det vera uråd å nå fram med slike spekulasjonar.
1674, 1676 og 1677. Desse åra vart det kravd inn ein skatt som bar namnet "Kobber Der kjem Torstein sine 4 skinn fram. Det same hadde Gjest Skarpåsen i 1674, men i 1676 og 1677 hadde Gjest 1 hud. "Resten ejer besidderen", står det. Det burde stått besidderne, for det er tatt med skylda på alle gardane, 4 huder.
Også i 1677 då skatten skulle betalast til rosstenesten, har futen ført alle Sønstebø-gardane saman. Som eigarar står Nils, Torkild og Ole.
Det same var tilfelle i 1679. Frå det året har me eit godt oversyn over dei ulike skattane. Sjå Nord-Sønstebø. Torkild betalte halvparten, Ole Søre Sønstebø og Halvor Nilsson Nord-Sønstebø resten.
Ved eit kjøpebrev skrive ut på Haranger 11. januar 1679 selde Torkild Sønstebø den skogen som låg til garden, til fut Jørgen Dessov. Storleiken på skyld eller kjøpesum kjem ikkje fram i tingboka der dette er referert 4. mars 1679. Men det blir klarlagt at dette gjeld skog selt i sameige, ikkje den skogen som låg innanfor gjerdet. Futen gjorde sterke innhogg både på Mellom og Søre Sønstebø. Det tyder på svak økono når det skjer slike fråsal.
Er økonomien svak, må ein sjå seg om etter nye og andre inntekter. Kanskje var det nettopp dette Torkild hadde i tankane då han stemnde arvingane etter avdøde Erik Sevle til tinget på Sandnes 6. mars 1679 i samband med arveskiftebrevet etter Erik. Torkild gjorde krav på vegne av kona si. Arvingane som var kalla inn, det var barna etter avdøde Hans Vrenne og arvingane etter Ole Sevle, møtte og påsto at dei ikkje var lovleg stemnde. Dei hadde ikkje hatt tid til å leite opp eller sjå over breva sine. Saka vart utsett, og kom fram att på hausttinget på Svalestuen 6. oktober same året.
Det kom fram at noko arveskiftebrev var ikkje oppretta ved delinga etter Erik Sevle. Retten kunne då ikkje meir gjera før skifte var helde. Skiftet vart bestemt til neste vinterting og skulle haldast på arvetomta, altså på Sevle. Me tek med at Erik var onkel til Torkild si kone.
Den 15. september 1681 gjekk 6 lagrettemenn opp grensa mellom Sønstebø og Bjønno. Sidan desse gardane ikkje ligg side om side, må det her vera snakk om grense i utmark. Sjå meir om dette under Bjønno.
Nokre år tidlegare reiste Knut Haugen krav om arv. Me fekk ikkje noko klart svar på korleis det gjekk. Men etter lista over odelsskatt betalte Halfuor Haug slik skatt av 1 hud i Sønstebø. Dette kan ha vore for ei kortare tid. Det er heller ikkje sikkert at det gjeld denne garden, sjølv om det er mest sannsynleg. Halfuor er også ført opp med 3 skinn i Aasberg. Den kombinasjonen har vore framme før.
Futen har i sitt oversyn over brukarar for 1681 og 82 ført opp Torkild, Ole og Halvor under eitt med samla skyld 4 huder.
Til tinget 22. januar 1683 hadde futen stemnt inn Torkild for ulovleg hogst i den skogen han nokre år tidlegare hadde selt til futen. Futen førte fleire vitner, mellom andre Bjørn Kveta og Halvor Imingen. Men saka vart ikkje klarare av det. Skrivaren fann det heile så tvilsamt at han viste saka over til lagmannen, men slo samtidig fast at den som lagmannen si kjenning gjekk imot, skulle svara kost og tæring. Advo Heber har i sitt samandrag frå tingboka meir utførleg stoff om denne saka.
Matrikkelen frå 1683 har Torkild Olufson Sønstebø som eigar av 1 hud medan Torkild Pederson Nore med sine medarvingar har den andre. Alt blir bruka av Torkild Olufson. Til garden høyrde ei kvern. Hvis Torkild på Sønstebø har gjeve frå seg ei heil hud og dertil selt skogen i sameiga, er det klart at situasjonen har endra seg mykje.
Futen har for dei fleste åra frå 1683 til 1694 oversyn over eigarar og brukarar. Torkild står både som eigar og brukar i alle desse åra. Skylda er 2 huder. Torkild må vera død i 1694, for året etter står "Enchen" både som eigar og brukar. Men det jordegodset som Torkild Pederson Nore hadde i garden, hadde Torkild på Sønste klart å løyse inn? Eller heng det slik i hop: Sidan begge heitte Torkild - og det står berre førenamn i skattelistene - har ikkje listeskrivaren skilt desse to frå ein annan?
Her er eit godt døme på at ei kjelde aleine kan gje misvisande resultat og føre feil av stad. Listene over odelsskatt har i åra frå 1683 og fram til 1690 fleire gonger nemnt Torkild Nohre som eigar av 1 hud i Sønstebø. Når me kjem fram til 1695, er kjeldene samstemte att. Då er dei einige, Enchen og Torchild Nohre har 1 hud kvar. Denne gongen er det etternamn på Torkild både i eigar og brukarlista.
Torkild på Sønstebø hadde også jordegods som han betalte odelsskatt av, i 1681 for 4 skinn i Søre Rauland og 2 skinn i Søre Grekvar. I 1682 og 1683 hadde han 6 skinn i Midtstigen. Det var nok i samband med dette han var i Midtstigen, og hesten hans vart stolen frå stallen.
I 1688 står Oluf Torkildson Sønstebø som tenestedreng og betalte drengeskatt.
Torkild hadde som verje for Opdal kyrkje den 5. august 1690 stemnt Kittil Mittre Imingen til tinget med krav om betaling av landskyld (=jordleige) for 8 skinn som kyrkja åtte i garden. Saka vart utsett. Partane kunne ikkje bli samde om utreknings for slik landskyld, står det i tingboka. Dette tyder på at det var ein eigen takst på landskylda til kyrkja, størrelsen på landskylda elles var kjent nok. Forklaringa kjem to år etter.
Til vintertinget 22. februar 1692 hadde Torkild som kyrkjeverje stemnt for betaling av landskyld til kyrkja: Peder Huseby, 8 skinn - Knut Krossgarden, 4 skinn - Kittil Mittre Imingen, 8 skinn og Tollef Astveit, 1 skinn.
Dei innstemna viste til lova som sa at av gods gjeve til kyrkjer, skal det berre svarast så mykje landskyld som det frå gamalt har vore vanleg. Kor mykje det var, hadde ingen sikker greie på. Dermed måtte saka utstå inntil "provsten og stiftsskriveren" hadde fått dette klarlagt. Retten sa seg samd i det.
Dette var siste møtet med Torkild i skriftlege kjelder og offentlege oppdrag. Han døydde i 1692. Skifte vart helde same året. Eit ufullstendig skiftebrev er innsendt til Kjeldeinstituttet frå Sønstebø.
Enke: Gunhild Jonsdotter.
Barn i live. Frå Torkild sitt fyrste ekteskap: Vebrand.
Frå ekteskapet med Gunhild: Jon, Torgius, Halvor, Knut, Ragnhild, Margit (Mar og Gunhild.
Lausøyret vart taksert til 61-2-00. Der var sølv for 6 riksdalar. og fleire reiskapar både i koppar og jarn.
Ei rekkje mindre gjeldspostar utgjer til saman 43-2-02. Noko kan vera for arbeid, og kanskje noko for handelsvarer som t. d. skinn?
Oversyn over uteståande krav finn me ikkje, men summen til delings var utanom jordegodset var 63-1-18. Av dette fall det på "Moderen" 31-2-21, på kvar "broder 4-3-12 6/13 og på kvar "Søsterlaad" 2-1-18 3/13.
Fastegods: I Mellom-Sønstebø 1 hud med bygsel over 2 huder. Den andre huda åtte Torkild Nore.
I Midtstigen eig buet 4 skinn og i Søre Rauland 2 skinn.
Her er jordegods å dele på mange - i 3 gardar. Slik vart det gjort:
Enka Gunhild Jonsdotter arva i Sønstebø9 skinn
Vebrand og Jon fekk kvar i Sønstebø1 5/13 "
Torgius resten i Sønstebø3/13 "
Torgius i Midtstigen 1 2/13 "
Halvor og Knut fekk kvar i Midtstigen1 5/13 "
Ragnhild fekk resten av godset i Midtstigen1 /13 "
Ragnhild fekk i Rauland 8 /13 "
Margit og Gunhild fekk kvar i Rauland9/13 "
Dette skiftebrevet vart seinare lagt fram att på Sønstebø både i 1725 og 1731.
Torkild må ha vore ein dugande og velsett mann med stor tillit. Truleg er han den mest brukte lagrettemann i Uvdal frå 1666 og ut hundreåret. Han var med på det fyrste tinget me har referat frå og jamnt og samt like fram til 1691. Når tingmenn skulle veljast, vart han svært ofte skriven opp som den fyrste. Det kan neppe ha vore tilfeldig.
1695-1702. Etter at Torkild var død, sto Encken som brukar fram til 1702. Som eigarar står Enchen med 1 hud og Torkild Nore med 1 hud.
Den 17. september 1695 tingles enka etter Torkild, Gunhild Jonsdotter, eit kjøpebrev på 4 skinn utan bøxel i Sønstebø, datert 9. januar 1681. Rønnaug Olsdotter som har utstedd kjøpebrevet, vedgår og kvitterar for å ha motteke 22 riksdalar. Rønnaug er ikkje nemnd blant syskena til Torkild i Noreboka, men det ligg nærme å tenkje på at ho var syster hans. 4 skinn som ein systerlut, det ville vore rimeleg. Eller - det kan ha vore arv eller medgift som skriv seg frå eldre tid, og det kan sjølvsagt ha vore handelsgods.
Skogen som Jørgen Dessov hadde kjøpt frå Sønstebø, selde han vidare til stathal Gyldenløve. På vegner av stathaldaren stemnde Lars Jørgenson frå Larvik enka etter Torkild, Gunhild Jonsdotter, for at hennar avdøde mann og seinare ho sjølv - hadde drive ulovleg hogst i den fråselde skogen.
Enka var sjølv til stades saman med eldste son til Torkild, Vebrand Torkildson. Lars Jørgenson kunne leggje fram nøyaktig oppgåve over kor mykje tømmer Torkild og seinare Gunhild hadde selt. Dette dokumenterer klart kor mykje dei tok ut av skogen på Mellom-Sønstebø i 1680-åra:
1682: 49 tylfter 0 stokkar1683: 14 tylfter 0 stokkar
1684: 12 "2 "1685: 12 "7 "
1686:7 "2 "1687: 11 "0 "
1688: 19 "1 "1689: 16 "0 "
1690:5 "5 "1692: 17 "0 "
1695: 16 "6 "
I alt vart dette 179 tylfter 11 stokkar. Retten tok krava frå Stathaldaren til følgje. Det vart ein hard dom. I alt blei enka Gunhild Jonsdotter dømd til å betale 228 riksdalar 3 ort og 8 skilling. Det omfatta skadegjeld, landnåm og sakskostnader. Denne saka var også framme på tinget 17. september 1695. Advokat Heber har meir utførleg referat frå saka i si utskrift frå tingboka.
Dette spørsmålet heng i lufta etter ein slik dom: Korleis kom enka og familien seg ut or eit slikt økonomisk uføre? Vebrand Torkildson var eldste gut med odels- og åseteretten til garden, men 27. januar 1697 overdreg han til den yngre halvbroren Jon, all sin arvelodd etter far sin i garden. Vederlaget var 160 riksdalar. Skøytet vart tinglese 17. juni 1697. Med andre ord, odelsguten såg seg ikkje syn med å ta over garden.
I matrikkelen frå 1698 står enka framleis som eigar av 1 hud og Torkild Nohre av den andre. Desse opplysningane er delvis for gamle. Etter det som no er kjent, skulle Jon ha teke over garden. Forklaringa synest vera slik: Gunhild hadde gifta seg opp att med Halvor Torsteinson Søre Brøstrud, og dei dreiv vidare, kanskje begge gardane meir eller mindre saman. Først ved kontrakt av 8. april 1698 fekk Jon Torkildson overdrege 9 skinn av stefaren Halvor Torsteinson.
Stefaren og Gunhild synest ikkje å ha gjort skikkeleg opp for seg i skiftet etter Torkild. Det kjem fram slik: Asbjørn Videsjorden var verje for barna etter Torkild. Til tinget 22. september 1698 hadde Asbjørn stemnt Halvor for å få levert ut krøtter og lausøyre som barna skulle ha. Halvor vart dømd til å etterkoma dette innan 6 dagar, og i tillegg måtte han ut med ei bot på 1 riksdalar. til Kongen. Den stutte fristen må vera ei klar melding om at her hadde Halvor gått stygt over streken.
Elles var nok ikkje dette nye ekteskapet heilt problemfritt for Gunhild heller. Halvor hadde frå eit tidlegare ekteskap mellom anna ein son som heitte Peder. Gunhild skulda Peder for å egge opp far sin til å gjera henne urett, og til og med slå henne "lam og kram". Då Peder for tida var soldat, ville retten melde frå til oberst Holst. Me kjenner Gunhild frå før, ho var "eit skjefta kvinnfolk", møtte jamvel i retten for Torkild mannen sin, men då ho kom i armane på Halvor, vart det ikkje berre kjærlege famntak.
Den 21. september 1701 var det nok ein gong delesoppgang mellom Nord-Kveta og Søn Saksøkjar var Lars Bjørnson Kveta. Han synest å ha vore ute etter å sikre seg rett i Vestermarken - på "vestsida" av "åen"(elva). For 10 riksdalar oppnådde han nok det han var ute etter, nemleg like rett for Nord-Kveta saman med Sønstebø-gardane i den utmarka.
Under ein åstadsak 1. oktober 1702 vart skogsameiga mellom dei 3 Sønstebø- gardane delt. Grenselinene er nærmare omtala i tingbok 32, folie 46. Det er tydeleg at sameige i skogen hadde skapt problem. 45701


General Notes: Wife - Gunhild Jonsdotter

Det vart halde skifte den 2. februar 1706 etter Torbiør Jonsdotter Sandnes i Nore som døyyde "dj. 7 octob Nestleden aar paa Halland". Ho hadde ikkje livsarvingar og det var syskena hennar som var arvingar: "En broder Søn Knud Halvorsen", Gunild Jonsdotter Sønstebøe
, Ragnild Jonsdotter "Gieljord" som alle fullsyskena hennar. Så var det halvsøstrene hennar Sigri Jonsdotter og Ragnnil Jonsdotter "paa Moderens side".
picture

Ståle Asbjørnson Skjeggestad and Gunhild Jonsdotter




Husband Ståle Asbjørnson Skjeggestad 11983

            AKA: Stålle
           Born: Cir 1687 - Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1745 - Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Asbjørn Ommundson Skjeggestad 6033
         Mother: Guri Asbjørnsdotter 6035


       Marriage: Cir 1713 - Lund kyrkje, Lund, Rogaland, Norway 12207

Events

• Censuses: 1701, Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway.

• Probate: 27. sep 1745, Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway.




Wife Gunhild Jonsdotter

           Born: Cir 1691 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1746 - Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Olson Steinberg 42740
         Mother: Todni Sigbjørnsdotter 6036


Events

• Probate: 15. apr 1746, Skjeggestad, Lund, Rogaland, Norway.


Children

picture
Rasmus Mattisson Vestbø and Gunhild Jonsdotter




Husband Rasmus Mattisson Vestbø 21525

           Born: 1647 - Lauvsnes, Finnøy, Rogaland, Norway 22849
     Christened: 
           Died: 1708 - Vestbø, Finnøy, Rogaland, Norway 44536
         Buried: 7. jun 1708 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 5020


         Father: Matthis Belestson Lauvsnes 5880
         Mother: Dorothea Lauvsnes


       Marriage: jun 1695 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 44536

   Other Spouse: Magnhild Knudsdotter 16765 - 1697 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 44536



Wife Gunhild Jonsdotter 5416

           Born: 1675 - Kvame, Finnøy, Rogaland, Norway 5417
     Christened: 
           Died: 1696 - Kvame, Finnøy, Rogaland, Norway 44536
         Buried: 


         Father: Jon Torsteinson Kvame 1129
         Mother: 




Children
Had no children
General Notes: Husband - Rasmus Mattisson Vestbø

Rasmus Matisson var 54 år i 1701, 58 år i 1707, døydde i 1708, 58 år og 3 månader gamal. Han var kyrkjeverge 1701-1703. han vart gift i 1674 med Marta Spanne som vart gravlagd 10.02.1695. Berre 4 månader etter at ho var død, så gifta han seg opp att med Gunhild Jonsdotter Kvame. Ho døydde alt året etter giftarmålet. I 1697 gifta han seg tredje gong med Magnhild Knutsdotter frå Nore Vignes. Det ser ikkje ut til at det var barn i dei to første ekteskapa. Dottera Dorte er ikkje nemnt under Vestbø, men under Hesby der Dorte og mannen budde ei tid, står det at ho var dotter til Rasmus Mattison og Magnhild Knutsdotter. I det sjømilitære manntalet for 1707 er Rasmus registrert utan søner, og han døydde alt året etter. Sonen Knut er ikkje nemnt i manntalet for 1701, og døydde truleg som liten. 44536
picture

Jens Jensson Trevland and Gunhild Jonsdotter




Husband Jens Jensson Trevland 7076

           Born: 1797 - Varland, Finnøy, Rogaland, Norway 7077
     Christened: 
           Died: 1884 - Trevland, Finnøy, Rogaland, Norway 17392
         Buried: 


         Father: Jens Askjellson Varland 7076
         Mother: Kari Rasmusdotter 5655


       Marriage: 1822 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 17392

   Other Spouse: Lisbeth Jonsdotter 8468 - 1824 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 17392



Wife Gunhild Jonsdotter

           Born: 1782 - Trevland, Finnøy, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1823 - Trevland, Finnøy, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children

General Notes: Wife - Gunhild Jonsdotter

Kjelder:
Fødd: Finnøy Gard og Ætt bind III (H. Bjørkvik 1997) side 125
Død: Finnøy Gard og Ætt bind III (H. Bjørkvik 1997) side 136
picture

Ole Larsson Steinberg and Gunhild Jonsdotter




Husband Ole Larsson Steinberg 42740

           Born: 1624 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway 42741
     Christened: 
           Died: Cir 1678 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Laurs Olson
         Mother: 


       Marriage: Cir 1648 - Lund kyrkje, Lund, Rogaland, Norway 42741

Events

• Censuses: 1664, Steinberg, Lund, Rogaland, Norway.

• Probate: 28. may 1678, Steinberg, Lund, Rogaland, Norway.




Wife Gunhild Jonsdotter 45702

           Born: Cir 1620 - Skåland, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Pederson Skåland 10569
         Mother: 




Children
1 F Ingeborg Olsdotter 42740

           Born: Cir 1649 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



2 F Berete Olsdotter 42740

           Born: Cir 1653 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



3 M Jon Olson Steinberg 42740

           Born: 1656 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway 42741
     Christened: 
           Died: Cir 1721 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Todni Sigbjørnsdotter 6036
           Marr: Cir 1688 - Lund kyrkje, Lund, Rogaland, Norway 42741


4 F Anna Olsdotter 42740

           Born: Cir 1658 - Steinberg, Lund, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




picture
Peder Madsson Knibetag and Gunhild Jonsdotter




Husband Peder Madsson Knibetag

           Born: 1743 - Sjøtveit, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 5. mar 1824 - Sjøtveit, Tinn, Telemark, Norway 3132
         Buried: 19. mar 1824 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 3132


         Father: Mads Taraldson Madserud
         Mother: Margite Pedersdotter


       Marriage: 20. dec 1775 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687

   Other Spouse: Gro Larsdotter - 29. apr 1771 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687

Events

• Confirmation: 25. apr 1762, Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway.

• Censuses: knibetag 2den plads under gaarden, 1801, Sjøtveit, Tinn, Telemark, Norway.




Wife Gunhild Jonsdotter

            AKA: Gunil
           Born: 1741 - Miland søndre, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died:  - Sjøtveit, Tinn, Telemark, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Taraldson Møli
         Mother: Asloug Nilsdotter


Events

• Censuses: knibetag 2den plads under gaarden, 1801, Sjøtveit, Tinn, Telemark, Norway.

Marriage Events

• Engagement: 2. sep 1775, Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway.


Children
1 F Groe Pedersdotter

           Born: 1777 - Espeland, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 5. oct 1777 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687
           Died: 
         Buried: 



2 M John Pederson d.y.

            AKA: Jon
           Born: 1779 - Espeland, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 22. sep 1779 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687
           Died: 
         Buried: 



3 M Niels Pederson

           Born: 1782 - Espeland, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 18. aug 1782 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687
           Died: 
         Buried: 



4 M Peder Pederson Bang

           Born: 1786 - Espeland, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 3. sep 1786 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687
           Died: 24. aug 1861 - Krosskeie, Tinn, Telemark, Norway 16284
         Buried: 29. aug 1861 - Mæl kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 16284




General Notes: Husband - Peder Madsson Knibetag

Dom: Misericord i 1762 vart "Peder Madsen Bøen" konfirmert i Atraae kyrkje.
Den 1. april 1771 vart "Soldat og ungkarl Peder Madsen og Pigen Gro Larsdatter Høgmyr" trulova i Attraa kyrkje og dei vart vigde 29. april 1771 (det er ikkje nemnt kausjonistar).
Den 1. september 1771 vart "Peder Madsens Søn Jon gl 4 uger" gravfesta ved Attraa kyrkje.
Den 19. desember 1773 vart "Peder Madsen Høgmyr og Gro Larsdatters Søn kaldet Jon" døypt i Attraa kyrkje. Faddrane var: Bergit Espeland, Bergit Larsdotter, Jon Espeland, Ole Jonson og Jon Jonson
Den 13. november 1774 vart "Peder Madsens qvinde Gro Larsdater gl: 30 aar" gravfesta ved Attraa kyrkje.
Den 2. september 1775 vart "Soldat og Enkemand Peder Madsen og Pigen Gunnild Jonsdatter" trulova i Attraa kyrkje, og dei vart vigde 20. desember 1775. Kausjonistar var Mads Madsson og Niels Torchildson.
18. søndag etter Trinitates i 1777 vart "Peder Madsens og Gunil Jonsdtrs satter: kaldt Groe" døypt i Attraa kyrkje. Faddrane var: Ingeborg Rui, Birgit Olsdtr: Lisbeth Madsdtr: Torkil Holen, Niels Madsen."
22. september 1779 vart "Peder og Asloug Høymyrs Søn kaldt: Jon" døypt i Attraae kyrkje, men her må det vere skrivefeil på kona og skulle vore Gunnild. Faddrane var: "Anne og Lisbet Mads Døttre, Anfin Bernaas, Ørjans Olsen, Niels Madsen."
12. søndag etter Trinitates i 1782 vart "Peder og Gunil Høymyrs Søn Niels" døypt i Attraae kyrkje. Faddrane var: "Tørbør Stranderud, Asloug Espeland, Mads Madsen, Torjer Lilleland, Ole Jonsen."
12. søndag etter Trinitates i 1786 vart "Peder og Gunnild Høymyrs Søn, Peder" døypt i Attraae kyrkje. Faddrane var: "Birgit Espeland, Gunnild Røsland, Jon og Ole Espeland, Svend Traen."

I 1801-tellinga for Tinn finn ein på Sjøtvedt Syndre desse husmannsfolka:
På plassen madserue øvre 1ste plads under gaarden:
Mads Madson på 52 år "Huusmand med jordbrug" gift med Turi Aavaldsdotter på 60 år. Dei har barna:
Svend Madsson 25 år, John Madsson 19 år og Gunild Madsdotter 27 år.
På plassen knibetag 2den plads under gaarden:
Peder Madsson 58 år "I 2det ægteskab Huusmand med jordbrug" og andre kona er Gunild Johnsdotter 60 år "I 1ste ægteskab". Dei har barna: John Pederson 24 år, Niels Pederson 16 år og Peder Pederson 11 år.
På plassen tangen, 3die plads under gaarden:
Anne Madsdotter 56 år, "Enke efter 1ste ægteskab Bruger pladsen" med dottera Mari Knudsdotter 28 år.

Peder Madsen Knibetag, husmann og fattiglem, døydde 5. mars og vart gravlagd 19. mars 1824, 80 år gamal.
picture

Jens Jensson Slettebø and Gunhild Jonsdotter




Husband Jens Jensson Slettebø 7840

           Born: 1775 - Ognedal, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 18. jun 1775 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 19172
           Died: 15. apr 1860 - Slettebø, Bjerkreim, Rogaland, Norway 21693
         Buried: 


         Father: Jens Ommundson 7840
         Mother: Inger Svendsdotter 37675


       Marriage: 1804 - Egersund kyrkje, Eigersund, Rogaland, Norway 40910,40911



Wife Gunhild Jonsdotter 11181

           Born: 1784 - Bue, Bjerkreim, Rogaland, Norway
     Christened: 4. jul 1784 - Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, Norway 11182
           Died: 4. feb 1860 - Slettebø, Bjerkreim, Rogaland, Norway 21693
         Buried: 


         Father: Jon Toreson Hegrestad 3103
         Mother: Elisabet Pedersdotter 25773




Children
1 M Jens Jensson

           Born: 31. oct 1816 - Helleren, Heskestad, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



2 M Johannes Jensson

           Born: 2. oct 1821 - Helleren, Heskestad, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




picture
Helleg Hellikson Marumsrud and Gunil Jonsdotter




Husband Helleg Hellikson Marumsrud

            AKA: Hellech
           Born: 1708 - Hegtveit, Tinn, Telemark, Norway
     Christened: 
           Died: 1786 - Mårheimsrud, Tinn, Telemark, Norway
         Buried: 12. apr 1786 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687


         Father: Hellich Jonson Marumsrud
         Mother: Gunne Svendsdotter


       Marriage: Cir 1735 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway

Events

• Censuses: 1730, Mårheim søndre, Tinn, Telemark, Norway.




Wife Gunil Jonsdotter

           Born: 1710
     Christened: 
           Died: 1786 - Mårheimsrud, Tinn, Telemark, Norway
         Buried: 12. apr 1786 - Atrå kyrkje, Tinn, Telemark, Norway 1687


Children

General Notes: Husband - Helleg Hellikson Marumsrud

Helleg Hellegsen Marumsrud vart gravfesta ved Attraae kyrkje 12. april 1786, 78 år gamal.



Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)