Tollef Ommundson

Kjenner du noko meir til denne personen, så er eg glad om du gjev meg attendemelding.

Tollef Omundsen fra Jelsøe Sogn vart konfirmert i Housken kyrkje i Rennesøy 7. august 1814, 17½ år gamal.

Tollef Omundsen, Tienestedren på Dyskeland, 23 år, vart vigd 28. mars 1819 i Askøe kyrkje med Christie Olsdatter Tienestepige på Dyskeland. Forlovarar var Lars Dyskeland, Ole Jacobsen Nerabjørem i Strand Kald.

I 1819 er Tollef Ommundson ført utflytta frå Rennesøy til Strand sokn 23 år gamal og er då nemnt som tenestedreng.
Dei var innerstar på Nerhus-Monen (Nerhus er eit anna namn på Nedre Bjørheim i Strand) då dottera Anna vart født i 1819. I klokkarboka står det då dottera vart døypt at foreldra var "Tollef Omundsøn og Kristi Olsdatter Bergeland i Hielse Sogn".

Den 13. november 1822 er det før i kyrkjeboka for Frue og Domkyrkja i Stavanger at Christi Olsdotter og Tollef Ommundson flytta frå Heng i Strand til Dusavika. Det står då at Tollef var født på Bergeland i Jelsa prestegjeld og Christi var født på Nerhuus i Strand Prestegjeld. Tollef var då 28 år og Christi 32 år.
"Anna Steennæs" vart konfirmert i Finnøy 1. søndag etter påske 1836 og foreldra hennar var: "Tollef Ommundsen og Christine Olsd. Dusevig. Huusbond: Johannes Steennæs."

I 1865 finn ein Tollef Ommundson på Finnestad som forpaktar. Han er då enkemann og nemnd 65 år gamal og fødd i Jelsa prestegjeld. Han har då enka Marthe Gudmundsdotter på 52 år hjå seg som losjerande. Ho var også fødd i Jelsa prestegjeld.

Kone Christi Olsdotter Finnestad døydde 21. desember og vart gravlagd 29. desember 1854, 74 år gamal.

Fattiglem Tollef Omundsen Tastad, Udsat i pleie paa Vistnæs i Randaberg, døydde 6. desember og vart gravlagd 13. desember 1878. Det er ikkje nemnd nokon alder, men er truleg denne Tollef som har budd hjå dottera og svigersonen på øvre Tasta.