My family-file



picture
Tobias Erikson Brådland and Olevine Gunhild Sørine Bjaastad




Husband Tobias Erikson Brådland

           Born: 5. aug 1874 - Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22513
     Christened: 16. aug 1874 - Vigmostad kyrkje, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22513
           Died: 1944 - Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway
         Buried: 
       Marriage: 14. jul 1914 - Bjaastad, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22514

Events

• Confirmation: 7. oct 1888, Vigmostad kyrkje, Vigmostad, Vest-Agder, Norway.

• Censuses: 1910, Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway.

• Religion: utmeldt frå statskyrkja, 9. jul 1913, Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway.




Wife Olevine Gunhild Sørine Bjaastad

           Born: 5. apr 1890 - Bjaastad, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22515
     Christened: 20. apr 1890 - Vigmostad kyrkje, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22515
           Died:  - Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway
         Buried: 

Events

• Confirmation: 2. oct 1904, Vigmostad kyrkje, Vigmostad, Vest-Agder, Norway.


Children
1 F Gudrun Sofie Brådland

           Born: 11. oct 1914 - Brådland, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22514
     Christened: 8. nov 1914 - Vigmostad kyrkje, Vigmostad, Vest-Agder, Norway 22514
           Died: 7. jan 1993 - Barstøl, Vigmostad, Vest-Agder, Norway
         Buried: 12. jan 1993 - Vigmostad kyrkje, Lindesnes, Vest-Agder, Norway




General Notes: Husband - Tobias Erikson Brådland

Foreldra var gardbrukar Erik Olsen og Cecilia Tostensdotter Braadland.

Tobias Eriksen, gardbrukar på Braadland, vart vigd borgarleg den 14. juli 1914 med Olevine Gunhild Sørine Olsdotter Bjaastad. Far til Tobias var Erik Olsen Braadland og far til Olevine Gunhild Sørine var Ole Tobias Olsen Bjaastad. Dei var søskenbarn (fedrene var brør).


General Notes: Wife - Olevine Gunhild Sørine Bjaastad

Foreldra var gardbrukar Ole Tobias Olsen (fødd i 1844) og Gunhild Sørine Christiansdotter (fødd i 1859) Bjaastad. Mora døydde på barselseng.
picture

Stephen Blagoue and Opal Alvina Fosaaen




Husband Stephen Blagoue

           Born: 20. sep 1910
     Christened: 
           Died: feb 1982
         Buried:  - Ossian, Winneshiek, Iowa, USA
       Marriage:  - , , , USA



Wife Opal Alvina Fosaaen

           Born: 25. oct 1925 - Dover Mills, Fayette, Iowa, USA
     Christened: 
           Died: jul 1974
         Buried:  - Ossian, Winneshiek, Iowa, USA


         Father: Oliver Alhert Fosaaen
         Mother: Anna Helena Wolfs




Children

picture
Oliver George Larsen and Elva Jean Blake




Husband Oliver George Larsen

           Born: 18. sep 1903 - Bandon, Coos, Oregon, USA
     Christened: 
           Died: 4. sep 1951 - Huntington Beach, Orange, California, USA
         Buried: 


         Father: Sam Larsen
         Mother: Mollie Coates


       Marriage:  - , , , USA



Wife Elva Jean Blake

           Born: 
     Christened: 
           Died:  - Huntington Beach, Orange, California, USA
         Buried: 


Children

picture
Henrich Blank




Husband Henrich Blank

           Born: 1530 - , , Shetland, Scotland 22516
     Christened: 
           Died:  - , , Shetland, Scotland
         Buried: 
       Marriage: 



Wife

           Born: 
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 


Children
1 M Henrich Henrikson Blank 22517

           Born: 1555 - , , Shetland, Scotland 22518
     Christened: 
           Died: Cir 1635 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 22518
         Buried: 
         Spouse: Anne Olsdotter 17193
           Marr: Cir 1580 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 22518,22519



General Notes: Husband - Henrich Blank

Denne ætta kom hit til landet på 1500 talet frå Shetland eller Skotland. Kan hende frå ei Shetlands ætt Blanche som skulle vera av norsk opphav. Det var mykje samband mellom Skotland og dei gamle norske øyane på 1500-talet, og mange derifrå slo seg til som handverkarar og handelsfolk her i landet. Henrik Blank var fødd ikring 1530. Me veit ikkje kvar han budde - kan hende på Shetland. 22516
picture

Henrich Henrikson Blank and Anne Olsdotter




Husband Henrich Henrikson Blank 22517

           Born: 1555 - , , Shetland, Scotland 22518
     Christened: 
           Died: Cir 1635 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 22518
         Buried: 


         Father: Henrich Blank
         Mother: 


       Marriage: Cir 1580 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 22518,22519



Wife Anne Olsdotter 17193

           Born: 1555 - Nesheim, Sjernarøy, Rogaland, Norway 17194
     Christened: 
           Died: Cir 1624 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 22518
         Buried: 


         Father: Ole Larsson Nesheim 17197
         Mother: Margrete Olsdotter 17195




Children
1 F Barbro Henriksdotter 14906

            AKA: Barbara Blank
           Born: 1582 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died:  - Krakk, Vats, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Laurits Larsson Krakk
           Marr: Cir 1600 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22520,22521


2 M Henrich Henrikson Blank 14906

           Born: 1585 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died: Cir 1656 - Våge, Imsland, Rogaland, Norway 20880
         Buried: 
         Spouse: Ingeborg Larsdotter 15010,15011
           Marr: Cir 1615 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 22522


3 M Ole Henrikson Blank 14911

           Born: 1588 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died: Cir 1670 - Byre, Fister, Rogaland, Norway 22522
         Buried: 
         Spouse: Karin Eriksdotter 6679
           Marr: Cir 1615 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22519


4 M Lars Henrikson Sandvik 14911

           Born: 1590 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died:  - Sandvik, Erfjord, Rogaland, Norway
         Buried: 



5 F Marta Henriksdotter 14906

            AKA: Margreta Blank
           Born: 1592 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died:  - Aksland lille, Imsland, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Ole Asbjørnson Galtåker 8661
           Marr: Cir 1618 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 20880


6 F Kari Henriksdotter 14911

            AKA: Kari Blank
           Born: Cir 1595 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died:  - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: This person had no known marriage and no known children


7 F Magla Henriksdotter 14911

            AKA: Magdalena Blank
           Born: Cir 1600 - Erøy, Erfjord, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died:  - Kvam ytre, Nedstrand, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Levard Asbjørnson Kvam 8661
           Marr: Cir 1626 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 20880,22523,22524



General Notes: Husband - Henrich Henrikson Blank

Henrik Blank i Erøynå
Ein person som heiter Henrik Blank dukkar opp i kjeldematerialet på Erøynå tidleg på 1600-talet. Han vert nemnd første gongen i 1603, men vi veit at han då hadde budd her i over ti år. Såleis kom han med familien sin til Erøynå frå garden Nedre Fister i Hjelmeland ikring 1591/1592. Det kjem fram i ei sak i 1623 om beiteretten mellom Øvra og Nera Fister. Då heitte det at Henrik Blank "for 32 Aar Sidenn Boede paa Nedre Fister" i 10 år.
Han går under namnet Blanche, Blancke, Blanke og Blanck i kjeldene. Kva dei sa i daglegtalen er ukjent. Men ifølgje det som kan ha vore ein munnleg tradisjon sa dei Blank. Det blir også nytta i denne framstillinga, jamvel om det altså er usikkert kva som er rett.
Det har vore gissa på at Henrik Blank var utlending og kom frå Skotland eller ei av øygruppene nordafor (Shetland, Orknøyane). Namnet Blanche finst mellom anna på Shetland. Men han kan også ha hatt opphavet sitt i Tyskland eller Nederland, som det var mykje samband med på denne tida. Kan hende var det fordi han var utlending at han ikkje vart nytta som lagrettemann i skipreidet, som andre storkarar. Berre ein gong finn vi omtala ein lagrettemann som kan ha vore han, "Hendrich Erdøen" i 1623. Eller var dette Henrik den yngre? Sviger-sonen Lars vart nytta som lagrettemann frå første stund som bonde på garden (1626-1638).
Henrik hadde i åra kring 1580 vorte gift med ei av dei rikaste arvingane i Ryfylke på denne tida, Anna Olsdotter frå Nesheim i Sjernarøyane. Ho var dotter av Ola Larsson, som opphavleg var frå Bjørheim i Strand, og som vart ihelslegen i 1563. Ola Nesheim var den nest rikaste jordegodseigaren i Ryfylke i 1563. Berre Ola (Koll) på Skiftun betalte meir. Og Anna tykkjest ha vore einearvingen hans. Det skal ha vore 25 laupar jordegods i skifte etter Ola Larsson på Nesheim. I dette godset var truleg tre laupar smør i Erøynå.
Når Henrik Blank dukkar opp i kjeldematerialet i 1603 betalar han skatt av eit jordegods på 11 lau-par smør og 1 pund korn. Han var den einaste som skatta av jordegods i Erfjord dette året. Tre år seinare, i 1606, var han og Lars Håland dei einaste. Men Henrik hadde nesten 6 gonger meir jordegods enn Lars. Mellom anna var han sjølveigar i Erøynå.
I tillegg til det vi veit sikkert om Henrik Blank har det gått mange segner om han. Han var såleis ein som ruva her inne i fjordane den 30-40-årsperioden han budde her. Etter segna kom han frå Skotland, var fartøyskipper og gjorde seg vidgjeten for sitt vågemot. Danskekongen skal ha nytta han i si teneste som kapar mot sjørøvarar som herja både på norskekysten og danskekysten. Sidan heiter det at han var ved kongens hoff, og at han vart halden for ein av dei fremste mennene der. Ei anna segn fortel at Henrik var adelsmann og at han vart dømd til døden for trass imot kongen. Men så fekk han valet å skulle prøva seg i tvikamp mot kongens våpendragar, ein namngjeten fektar som ingen greidde stå seg imot. Kunne han greia seg i den tvikampen, skulle han verta fri dødsdommen. Henrik var ein uvanleg spræk kar, og i kampen hoppa han over hovudet til motstandaren og køyrde kården i nakken på han, så han døydde. Dermed slapp han med ei landsforvising til Noreg, heitte det, og såleis dukka han opp i Ryfylke.
Vi skal ta segnene med ei klype salt. Like gjerne var han berre ein dyktig oppkomling som kom til Noreg, gifta seg godt og bygde vidare på dette. At han vart ein stormann er sikkert. Det kan også vere at han kom frå øyane i vest, men han kan like gjerne ha hatt eit byopphav andre stader, eller han var an-dre- eller tredjegenerasjons innflyttar.
I Vikedal har det gått ein del segner om Henrik Blank som likevel helst må ha vore om sonen Henrik d.y. Sonen busette seg på Våga i Imsland. Det heitte seg såleis at 30 år etter at Henrik Blank var gravlagd, inne i kyrkja, flytta dei kistene frå Vikedalskyrkja til kyrkjegarden. Syster hans var til stades då dei opna kista, og då låg han der som han nyleg var avliden. Systera sa då: "Hvad ondt mon min broder har gjort, siden han ikke fikk rådne?". Men denne segna må altså ha vore om Henrik d.y., for Henrik d.e. ligg nok på Jelsa kyrkjegard. På Våga hadde dei lenge ei sølvskei med bokstavane H.B., som i seglet hans, og årstalet 1570. Henrik Blank var elles så kjend både mellom bygdefolk og skipperar i trelasthandelen i Ryfylke på denne tida at sonen, då han 1610-1611 leverte trelast i Kvaløynå (Imsland), vert nemnt som "lille Henrik".
Vi finn Henrik Blank som storleverandør av tre-last i Erfjord åra 1606-1624. Han vert då så å seia aldri ført med gardsnamn, berre med slektsnamnet Blanche. Han leverte både til skotske og tyske skipperar, til dømes i 1610-1611 til Thord Pedersen av Husum. Same året hadde han ein stor leveranse både av bord, bjelkar og bandstakar til Henrik van Bremen, som hadde eit fartøy på 30 lester. Det vanlege Henrik leverte var bord, bjelkar og bandstakar, men også brenneved innimellom, og til dømes 8 tylf-ter 4 alner bjørk (1621-1622). Leverandørhamna var Erfjord, men i 1612 finn vi at Henrik leverte 3 famnar brenneved i Jelsavågen til Åge Ågeson av Riber stift (Danmark).
Henrik åtte part i Åssagjå, og tømmeret vart nok skore der. I 1619 stemna han Peder Ås og Johannes Tednes for kvar sine tolvpartar av grunnleiga av denne sagjå. Dei var såleis mange eigarar, men Åssagjå var også eit godt sagbruk. Henrik skar også på Hålandssagjå.
Som kompanjong då Henrik Blank 1610-1611 leverte trelast til Henrik van Bremen vart ført "hans sønn". Det har vore sonen Henrik. Når vi finn ein Henrik Blank som leverandør i Vindholmen (Vikedal) 1614-1615, må dette like eins vera sonen med det same namnet, som altså då hadde flytta til Våga i Imsland. Ein Lars Blank leverte 1613-1614 100 bord i Erfjord til Anders Mesterbeur frå St. Andrews i Skotland. Dette må like eins ha vore ein son, og kan hende var det han som sidan budde i Sandvika ein periode. Det kan eg ha vore ein Johannes Blank. I alle høve var det ein Johannes som leverte trelast 1610-1611 og 1623-1624, og vert nemnt rett etter Henrik Blanche som "ibid", noko som tyder det same (namnet).
Lars Sandvika møtte i 1616 som fullmektig for Henrik Blank i Erøynå. Det var i ei sak mot Kari Rasmusdotter på Venja (Sjernarøyane). Ho vart stemna for 3 dalar fordi Henrik hadde betalt mannen hennar for å gå i utnevnd, men så gjekk han ikkje likevel. Her hadde altså Henrik betalt ein annanmann for å gå i militærteneste, og då truleg i staden for ein av sønene sine. Kari Venja vart dømd til å betala pengane.
På eit ting noko seinare på året 1616 var det Lars Sande som møtte på fullmakt for svigerfaren Henrik Blank. Elling på Bjerga (Sjernarøyane) vart då stemna til å vika garden Bjerga, som Henrik åtte. Då Elling hadde festa garden -16 år tidlegare - hadde eit vilkår vore at han skulle vika og flytta frå garden når Henrik, kona hans eller barna ville ha garden. Slik vart det også. Elling vart dømd til å vika garden innan eit år. I 1628 hadde Henrik bytta Bjerga med likt gods i Skjelsnes, men berre landskylda over ei tid, og ikkje til evig odel eller eie, som det heitte. Med dei næraste grannane i fjorden hadde Henrik Blank lite og inkje uteståande. Det einaste vi veit er at han i 1611 stemna grannen Ommund Vik til tinget for eitkvart. Men Ommund møtte ikkje og svarte for seg.
Mellom 1624 og 1625 vart jordegodset til Henrik Blank redusert til det halve, og Ola Kilane og Lars Håland gjekk forbi han som dei største jordeigarane i fjorden. Dette må ha vore i samband med at han mista kona Anna på denne tida, og at barna fekk ut morsarven sin. Frå same tida kom svigersonen Lars Sande inn som fast medbrukar på garden. I 1629 let Henrik Blank resten av odelsgodset gå over til barna, altså fleire år før han døydde. Dette året vart han stemna for odelsskatt, som han hadde betalt i alle år, men kunne fortelja at han "sit gods haver givet fra sig og under hans børn, efterdi det ikun fulgte hannom i helming" (normalisert). "Helming" fortel at det opphavleg var kona sitt gods, og ikkje hans.
Det er fortalt at Henrik Blank dreiv ei stor verksemd med både sagbruk og trelasthandel. Han må såleis støtt ha hatt godt med arbeidsfolk (husmenn) og drenger hos seg. Husmannsplasset Ytre Øynå - ytst i Erøynå - var i bruk alt før 1630. I 1605 hadde Henrik Blank ein dreng, Jon, som måtte bota for leigemål med Gunnar Øye si tenestekvinne. Dei beste og mest velståande drengene i skipreidet skatta av innkomene sine, og difor får vi namna på fleire av Henrik Blank sine drenger. Men ikkje alle skatta. Såleis hadde Henrik Blank i 1624 ein dreng som heitte Roal, og som kom austafrå. Denne "skjelmsaktige kumpan", som det heitte, kjenner vi til fordi han sette barn på dei to yngste dottrene til Henrik, Kari og Malena. Dette var dobbel synd. For det første var det leigemåla i seg sjølv, for det andre at dei to var i så nær slekt med kvarandre. Dette var så godt som blodskam. Ein enkemann måtte til dømes ha særskilt løyve om han ville gifta seg med ei syster til ei avliden kona, eller for den del med ei svigerinne. Drengen var "for sådan sin skammelige og ubluelige gjerning bortrømt, og ey er at finde eller oppsøge" (normalisert). Dei to jentene nekta høglydt for å ha visst noko om kvarandre sine syndige levnet. Lars Erøynå møtte på vegner av svigerfaren då saka kom opp på bygdetinget i 1625, og det viktigaste var å prova at dei to ikkje visste om kvarandre. Ola Kilane og Lars Håland, dei beste mennene i bygda, vitna at Kari to år tidlegare tente i Kilane i eitt års tid, og var om sommaren på stølen. Sidan drog ho heim att til far sin i Erøynå. Johannes Tednes og Gunnbjørn Bog vitna omlag det same. Malena derimot var heime i Erøynå heile tida, då drengen tente der. Ingen kunne vitna at drengen Roal hadde vore på Kilastølen, men det var lang veg opp dit.
Saka drygde lenge. I 1631 møtte Henrik Våga på vegner av far sin, Henrik Blank, med stemning mot Roal, austmannen som for ei tid sidan tente i Erøynå og då "uhørligen beligget" begge jentene, "saa de begge ved hannom haver avlet børn og blod". Men drengen var ikkje å finna, og i mellomtida gjekk dei to jentene "som hedensche Mennischer". Kari, som hadde vore på Kilastølen, for-talde at kumpanen ofte kom opp til henne der, og skammeleg overtalte henne, som det heitte. Dette var ved olsok, og fosteret var fødd ved korsmessetid om hausten. Det var altså dødfødd. Men ho visste ikkje noko - før etter at han var rømt - at han også hadde forrådt syster hennar heime i Erøynå. Malena fortalde at han låg med henne heime "i hinders faders gaard" om hausten i kornskurden ("skor tiden"). Så fødde ho sitt foster i tredje veka, og etter at systera hadde fødd sitt. Også ho nekta for å ha visst at drengen forrådde dei begge.
Før dommen fall bad dei to, for Guds skyld, om nåde og ikkje for rett, og at deira eige vitnesbyrd "og egen sandferdige berettning maatte eragtes, dennom til befrielse" (normalisert). Dei fekk ulik dom. Kari, ho som hadde vorte forført oppe på stølen, vart frikjent ved sin eigen eid, som ho straks gjorde. Så måtte ho stå kyrkja sin disiplin og bøta til dei fattige. Systera Malena kunne ikkje frikjennast "udenhun ved henders doll selvtolfte, sig kand befri", som det heitte. Det var strengare for henne fordi ho var den siste av dei to som hadde med drengen å gjera. Det vart nemnt opp 12 ugifte kvinner der Malena skulle behalda dei sju og sjølv vera den åttande. Så skulle ho sjølv velja ut fire jenter til, og gje eiden i lag med dei 11 til førstkomande tinget på Jelsa. Det gjorde ho, saman med elleve andre "piger". Til kongens kasse måtte dei to jentene kvar bota 6 dalar.
I 1752, altså over hundre år etter Henrik Blank, vert det omtala ei storstova i Erøynå i samband med eit bryllaup på garden. Denne storstova, altså eit hus som merkte seg ut mellom stovehusa i området, gjekk truleg attende til Henrik Blank.
Henrik åtte heile Erøy og fleire andre gardar i Ryfylke, 11 laupar smør 1 pund korn, og la 6 riksdalar i skatt. I 1613 la han 5 riksdalar i skatt. Han var då einaste jordeigande bonde i Erfjord som la skatt. I 1617 er han oppført i jordebok for Erøy, 2½ laupar smør, 3 bukkeskinn, 12 skilling. Og for Håland ½ laup smør 7 skilling, visstnok for heile Hålandsosen med Fidjalia. I 1624 er han oppført som eigar av: Erøy 3 laupar smør, Fister 3 laupar smør, Vestre Bjerga 2 laupar smør, 3 vetter korn, Øvrabø 1 laup smør, Vestre Bogland ½ laup smør, Austre Bogland ½ pund smør, Ås 6 merker smør. Henrik Blank eig og 1 pund smør, 1 geiteskinn 1 skilling i Sandvik i 1617. I 1625 pantset Magdalena Jonsdotter Venja i Sjernarøy til Henrik for 246 dalar.

Sjå også:
Rogaland Historie og Ættesogelag: Ætt og Heim 1984 side 146-148
Rogaland Historielag Årshefte 1942 side 9 22516,22519,22525,22526
picture

Henrich Henrikson Blank and Ingeborg Larsdotter




Husband Henrich Henrikson Blank 14906

           Born: 1585 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died: Cir 1656 - Våge, Imsland, Rogaland, Norway 20880
         Buried: 


         Father: Henrich Henrikson Blank 22517
         Mother: Anne Olsdotter 17193


       Marriage: Cir 1615 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 22522



Wife Ingeborg Larsdotter 15010,15011

           Born: Cir 1588 - Hogganvik, Vikedal, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Bef 1623 - Våge, Imsland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Laurits Knudson Hogganvik
         Mother: Hogganvik




Children
1 F Borgilla Henriksdotter

           Born: 1615 - Våge, Imsland, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died: 1679 - Våge, Imsland, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Biørn Knudson Våge 5053
           Marr: Cir 1635 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 20880



General Notes: Husband - Henrich Henrikson Blank

Henrik Henrikson Blank/Våga var lensmann i Vikedal skipreide 1627-1654. Våga var krongods, og Henrik sat der som bygslemann frå 1611 (1612?). Men han åtte godset i fleire andre gardar. I 1634 åtte han 12 laupar 20 merker smør og ½ pund korn 4 spann tak. I 1637 åtte han 13 laupar 20 merker smør og dertil ½ pund never. I 1657 er godset hans oppskrive med 18 laupar og 1658 med 20 laupar smør.
Me skjønar at Henrik Våga var ein rik mann. 26. april 1619 fekk Henrik Våga brev frå lensherren Gabriel Kruse om at han skulle få lov til å setja opp sagbruk på Våga. Han skulle gje kongen 10 riksdalar og 2 tylfter bord om året. På same brevet hadde lensherren Henrik Bilde skrive 1. mai 1628 at det var berre den mannen det lydde på som hadde rett til å bruka saga. I 1655 låg han sjuk, og versonen, Bjørn Knutson Erøy, møtte på tinget 17. mars og vitna i ei sak på hans vegne. Men han levde visstnok eit par år etterpå. Mest alle dei år han var lensmann, er Våga nemnd som lensmannsgard saman med Frøvik og Rønnevik.
Henrik Våga hadde visst ikkje fleire barn enn dottera Borgilla.
På Kvam er det "Marcke Besichtning" 16.04.1623. Der møter Henrik Våge som ein av eigarane. Han forklarer at han gjennom si avdøde hustru har vorte innehavar av visse rettar i Ytre Kvam.
Det var skifte etter Henrik 21. mars 1656.

Sjå:
Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1978 side 129
Rogaland Historielag Årshefte 1942 side 15-17
Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1984 side 146
picture

Laurits Olson Blank and Liva Hidle




Husband Laurits Olson Blank 5381

           Born: 1630 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 6678
     Christened: 
           Died: Cir 1695 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Ole Henrikson Blank 14911
         Mother: Karin Eriksdotter 6679


       Marriage: Cir 1664 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22527

   Other Spouse: Ingrid Olsdotter 3200 - Cir 1679 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22527

Events

• Probate: 1695, Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway.




Wife Liva Hidle

           Born: 
     Christened: 
           Died: Cir 1678 - Hidle nordre, Sjernarøy, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children
1 F Karen Larsdotter 13545

           Born: 1658 - Stokkedal, Vats, Rogaland, Norway 739
     Christened: 
           Died: Cir 1738 - Vågane, Erfjord, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Peder Olson Vågane
           Marr: Cir 1685 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 739,15385
         Spouse: Elling Olson Vågane 22528
           Marr: 1. jul 1703 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 576,739


2 F Anna Larsdotter 13545

           Born: Cir 1662 - Stokkedal, Vats, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



3 M Lars Larsson 13545

           Born: 1665 - Stokkedal, Vats, Rogaland, Norway 22527
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



4 F Eli Larsdotter 13545

           Born: 1667 - Stokkedal, Vats, Rogaland, Norway 13544
     Christened: 
           Died: 1739 - Kvam indre, Nedstrand, Rogaland, Norway 13544
         Buried: 
         Spouse: Rasmus Larsson Kvam
           Marr: Cir 1701 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 13544
         Spouse: Gudmund Sigveson Skeie 22529
           Marr: 1723 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 13544



General Notes: Husband - Laurits Olson Blank

Laurits Olavson Blank var gift to gonger, men namnet på første kona er ukjent. Sidan første dottera i andre ekteskapet til Laurits heiter Liva, er det stor grunn til å tru at første kona heitte Liva. Familien flytte mykje. Dei budde på Hidle nordre i Sjernarøy, Velde i Vats (der han er nemnt 1645, 1652 og 1657), Stokkedal i Vats (der han er nemnt i 1664) og på Nedre Fister før dei kom til Rosså . Dei var kommne til Rosså i alle fall i 1686. Laurits må ha site brukbart i det økonomisk. Nettoformua i buet hans var på 93 dalar. Det var skifte etter han i 1695. Enka Ingrid Olsdotter gifta seg då opp att med Torgeir Sjurson som fekk bygslebrev på garden i 1696 av Johanna Kristensdotter som var enka etter Gudmund Aukland. Ingrid og Torgeir er nemnt som brukarar i 1701, 1706 og 1711. Dei dreiv garden til sonen hennar Ola Larsson var gamal nok til å ta over. Ola Larsson bygsla garden etter mora og stefaren i 1717. 6678,22527,22530,22531
picture

Laurits Olson Blank and Ingrid Olsdotter




Husband Laurits Olson Blank 5381

           Born: 1630 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 6678
     Christened: 
           Died: Cir 1695 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Ole Henrikson Blank 14911
         Mother: Karin Eriksdotter 6679


       Marriage: Cir 1679 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22527

   Other Spouse: Liva Hidle - Cir 1664 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22527

Events

• Probate: 1695, Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway.




Wife Ingrid Olsdotter 3200

           Born: Cir 1642 - Skiftun, Hjelmeland, Rogaland, Norway 3314
     Christened: 
           Died:  - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Ole Sevatson Skiftun 4369
         Mother: Gunhild Olsdotter



   Other Spouse: Torger Sjurson Rosså - Cir 1695 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531

Events

• Residence: 1717, Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway.


Children
1 M Ole Larsson Rosså 5055

           Born: 1680 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531
     Christened: 
           Died: Cir 1728 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531
         Buried: 
         Spouse: Brita Nilsdotter
           Marr: Cir 1721 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531


2 F Liva Larsdotter 5055

            AKA: Livia
           Born: 1684 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531
     Christened: 
           Died: 1762 - Kilane, Erfjord, Rogaland, Norway 5054
         Buried: 12. dec 1762 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 522
         Spouse: Osmund Olson Kilane 5049
           Marr: Cir 1703 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 5050,5054
         Spouse: Jone Ågeson Kilane d.y. 2757
           Marr: 17. oct 1723 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 576,5054


3 M Knud Larsson Mjølhus 5055

           Born: 1689 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22531
     Christened: 
           Died: 1763 - Mjølhus, Hjelmeland, Rogaland, Norway 18525
         Buried: 13. mar 1763 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
         Spouse: Malena Pedersdotter d.e. 18383
           Marr: Cir 1717 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 7609
         Spouse: Lucritz Jonsdotter 911
           Marr: Cir 1729 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 18525



General Notes: Husband - Laurits Olson Blank

Laurits Olavson Blank var gift to gonger, men namnet på første kona er ukjent. Sidan første dottera i andre ekteskapet til Laurits heiter Liva, er det stor grunn til å tru at første kona heitte Liva. Familien flytte mykje. Dei budde på Hidle nordre i Sjernarøy, Velde i Vats (der han er nemnt 1645, 1652 og 1657), Stokkedal i Vats (der han er nemnt i 1664) og på Nedre Fister før dei kom til Rosså . Dei var kommne til Rosså i alle fall i 1686. Laurits må ha site brukbart i det økonomisk. Nettoformua i buet hans var på 93 dalar. Det var skifte etter han i 1695. Enka Ingrid Olsdotter gifta seg då opp att med Torgeir Sjurson som fekk bygslebrev på garden i 1696 av Johanna Kristensdotter som var enka etter Gudmund Aukland. Ingrid og Torgeir er nemnt som brukarar i 1701, 1706 og 1711. Dei dreiv garden til sonen hennar Ola Larsson var gamal nok til å ta over. Ola Larsson bygsla garden etter mora og stefaren i 1717. 6678,22527,22530,22531
picture

Ole Henrikson Blank and Karin Eriksdotter




Husband Ole Henrikson Blank 14911

           Born: 1588 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20880
     Christened: 
           Died: Cir 1670 - Byre, Fister, Rogaland, Norway 22522
         Buried: 


         Father: Henrich Henrikson Blank 22517
         Mother: Anne Olsdotter 17193


       Marriage: Cir 1615 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22519



Wife Karin Eriksdotter 6679

            AKA: Karin Koll
           Born: Cir 1595 - Byre, Fister, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Erich Jakobson Koll 7762
         Mother: Magnhild Olsdotter 9308


Events

• Residence: 1640, Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway.


Children
1 M Henrik Olson Ringe 22532

           Born: 1616 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 20036
     Christened: 
           Died: 1691 - Ringja, Nedstrand, Rogaland, Norway 20036
         Buried: 
         Spouse: Magnhild Ringja
           Marr: 1644 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 20036
         Spouse: Helga Olsdotter
           Marr: Cir 1662 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 20036


2 M Erich Olson Byre 5381

           Born: 1620 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 6678
     Christened: 
           Died:  - Byre, Fister, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Marta Larsdotter 6161
           Marr: Cir 1650 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 9303


3 F Magla Olsdotter

           Born: Cir 1622 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Vatnekvam, Vats, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Status: Challenged
         Spouse: Ivar Jonson Vatnekvam
           Marr: Cir 1661 - Vats kyrkje, Vats, Rogaland, Norway 3348


4 F Anna Olsdotter 14906

           Born: 1625 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 14904
     Christened: 
           Died:  - Atletveit, Sjernarøy, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Knud Olson Atletveit 3309
           Marr: 9. jul 1655 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 14904
         Spouse: Ole Pederson Atletveit 6346
           Marr: Cir 1680 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 8787


5 F Brita Olsdotter

            AKA: Berit
           Born: Cir 1628 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Sandvik, Nedstrand, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Anders Villumson
           Marr: Cir 1648 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 8088
         Spouse: Jakob Olson Sandvik 3577
           Marr: 1667 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 8088
         Spouse: Johannes Ingebretson Sandvik 2487
           Marr: 1685 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 8088


6 M Laurits Olson Blank 5381

           Born: 1630 - Fister nedre, Fister, Rogaland, Norway 6678
     Christened: 
           Died: Cir 1695 - Rosså, Hjelmeland, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Liva Hidle
           Marr: Cir 1664 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 22527
         Spouse: Ingrid Olsdotter 3200
           Marr: Cir 1679 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 22527



General Notes: Husband - Ole Henrikson Blank

Olav Henrikson Blank budde på Nedre Fister (som han fekk av faren) i 1611. Han budde eit par år på Jelsa frå kring 1637 då han bytta gard med Elling Person på Jelsa, men i 1659 bytta han Nedre Fister mot Stokkedal i Vats med Jonas Johannesson Stokka. Olav budde seinare på Stokkedal i Vats. I 1640 reiste Elling sak mot Olav fordi han hadde hogge ulovleg i felleskogen på Jelsa. Utfallet vart at Elling skulle ha halvparten av dei ti tylftene tømmer som Olav hadde hogt. Han er truleg nemnd på Velde i Vats i 1645. Det gjekk heilt ut for Olav slik at han måtte til Byre og bu hjå sonen Eirik som fødde han i 11 år. Sonen Henrik og dottera Berit er ikkje nemnt i boka for Fister. 22519,22533
picture

Arne Knudson Bleie and Herborg Sjursdotter




Husband Arne Knudson Bleie

           Born: 1715 - Bleie ytre, Ullensvang, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1784 - Bleie ytre, Ullensvang, Hordaland, Norway
         Buried: 
       Marriage: 1734 - Ullensvang kyrkje, Ullensvang, Hordaland, Norway



Wife Herborg Sjursdotter

           Born: 1703 - Måkestad, Ullensvang, Hordaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1786 - Bleie ytre, Ullensvang, Hordaland, Norway
         Buried: 


         Father: Sjur Pederson Måkestad 1937
         Mother: Herborre Børgesdotter 1814




Children

General Notes: Husband - Arne Knudson Bleie

Kjelder:
Anna: Odda, Ullensvang og Kinsarvik 4, I (O.K. 1971) side 263


General Notes: Wife - Herborg Sjursdotter

Kjelder:
Fødd: Odda, Ullensvang og Kinsarvik 4, I (O.K. 1971) side 312
Død: Odda, Ullensvang og Kinsarvik 4, I (O.K. 1971) side 263



Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)