Ole Olson Koll and Anna Osmundsdotter
Husband Ole Olson Koll 7762
AKA: Olle Born: 1624 - Nessa indre, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: After 1690 - Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway Buried:
Father: Olav Erikson Koll 6679 Mother: Kari Bjørnsdotter
Marriage: Cir 1659 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway 20412
Wife Anna Osmundsdotter 19678
Born: Cir 1625 - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: - Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway Buried:
Father: Osmund Olson Vågen 6599 Mother: Helga Ommundsdotter 571
Events
• Residence: 1667, Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway.
Children
1 M Osmund Olson
AKA: Aasmund Born: 1660 - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
2 M Elleff Olson Kvaløy
Born: 1662 - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: After 1713 - Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Kari Toresdotter 3982 Marr: 1690 - Tysvær kyrkje, Tysvær, Rogaland, Norway
3 M Erik Olson Vik
AKA: Erich Born: 1663 - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway 17129 Christened: Died: After 1713 - Vik, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Kari Olsdotter 20268 Marr: Cir 1700 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 17129
4 M Anders Olson Berget
Born: 1665 - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: 1747 - Midt-Helgevoll, Sandeid, Rogaland, Norway Buried: 11. may 1747 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 18
5 F Helge Olsdotter
Born: 1667 - Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: 1748 - Førland, Vikedal, Rogaland, Norway Buried: 7. sep 1748 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 18Spouse: Ole Askjellson Førland Marr: Cir 1690 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, NorwaySpouse: Biørn Larsson Førland Marr: 1697 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway
6 F Olsdotter
Born: Cir 1669 - Kvaløy nedre, Imsland, Rogaland, Norway Christened: Died: - Vågen, Imsland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ole Henrikson Vågen d.y. 7845 Marr: Cir 1698 - Imsland kyrkje, Imsland, Rogaland, Norway
General Notes: Husband - Ole Olson Koll
I 1664/1666 bur Olav Olavson på Vågen i Imsland og er 40 år. I Ryfylke tingbok 1665 har svogeren Olav Vormestrand stemna Olav Olavson Vågen. Han trong Vågen som far hans hadde rydda. Etter ein del vanskar kom Olav Olavson inn på Nedre Kvaløy. Det er truleg at denne saka var fingert. Olav Olavson hadde (før saka om Vågen) makeskifta odelsgodset sitt 4 pund smør i Indre Nessa samt 40 riksdalar til Elias Jonson på Foss i Etne, mot 1½ laup smør i Nedre Kvaløy. Men så fekk han ikkje vekk leiglendingen der. Då han så vart frådømt Vågen, kunne han sei at han var husvill, og vant dermed saka om Nedre Kvaløy. Olav Olavson og dottera til Åsmund Vågen hadde truleg 5 (kan hende seks) barn.
Sjå:
Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1974 side 105
Rogaland Ættesogelag Årshefte 1945 side 356
Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1954 side 94-96
Ole Pederson Koll and Anna Olsdotter
Husband Ole Pederson Koll 7972
Born: 1619 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Christened: Died: 1669 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:
Father: Peder Pederson Koll 26834 Mother: Anna Hansdotter
Marriage: Cir 1640 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123Events
• Probate: 26. mar 1669, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Wife Anna Olsdotter
Born: Cir 1620 Christened: Died: - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Events
• Residence: 1669, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Children
1 M Peder Olson Koll 17222
Born: 1642 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1728 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:Spouse: Dorte Larsdotter 20854 Marr: Cir 1671 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 29123
2 M Ole Olson Koll 17222
Born: Cir 1645 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
3 F Jorunn Olsdotter 17222
AKA: Jorunn Koll Born: Cir 1647 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
4 F Marta Olsdotter 17222
AKA: Marta Koll Born: Cir 1650 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
5 F Anna Olsdotter 17222
AKA: Anna Koll Born: Cir 1653 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: Buried:
6 M Anders Olson Koll 17222
Born: 1657 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: Buried:
7 M Niels Olson Koll 17222
Born: 1659 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried:
General Notes: Husband - Ole Pederson Koll
Ola Pederson Koll var gift med Anna Olsdotter og dei er nemnde med sju barn. Ola er nemnd med kona i skattemanntalet for 1645. I 1646 brukte han 2 laupar smør, i 1647 1 pund korn, i 1648 1 laup og i 1649 1 pund korn.
Ola er nemnd som brukar i 1661, 1664 og 1666. Han vart kalla "Ole Kold". Ola brukte 1 ½ laup i 1666. På skiftet etter han i 1669 åtte buet 1 ½ laup i Store Nessa. Gjelda var større enn midelen, og Ola Sanderson fekk som kreditor den eine laupen medan den halve laupen vart delt mellom enka og barna.
I 1636 var Ola i sak av di han hadde hatt leigemål med eit "løst kvinnfolk".
Ola var lagrettemann i 1657 og 1666. 29123
Ole Pederson Koll and Anna Mikkelsdotter
Husband Ole Pederson Koll 17222
Born: 1677 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: Cir 1720 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:
Father: Peder Olson Koll 17222 Mother: Dorte Larsdotter 20854
Marriage: Cir 1703 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 29123
Wife Anna Mikkelsdotter 3528
Born: 1680 - Eik, Sjernarøy, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1724 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:
Father: Mikkel Knudson Eik 3530 Mother: Torborg Eriksdotter 3356
Other Spouse: Niels Hansson Fuglestein - 1721 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123Events
• Probate: 6. mar 1724, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Children
1 F Siri Olsdotter 17222
AKA: Siri Koll Born: 1709 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1782 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Buried:Spouse: Alf Alfson Nessa 3258 Marr: 1748 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178Spouse: Torstein Torsteinson Nessa Marr: 1759 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178
2 M Michel Olson Koll 17222
Born: 1712 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 32473 Christened: Died: 1760 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried: 13. jan 1760 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 4144Spouse: Kirsten Eriksdotter 4141 Marr: 6. jan 1739 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 4144Spouse: Elen Hansdotter 5244 Marr: 25. jun 1751 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 4144
3 M Peder Olson Koll 17222
Born: 1714 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1762 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Buried:Spouse: Anna Halvorsdotter Marr: 19. apr 1750 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178Spouse: Martha Mikkelsdotter 4001 Marr: 12. jul 1757 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178
General Notes: Husband - Ole Pederson Koll
Ola Pederson Koll var gift med Anna Mikkelsdotter og det er nemnd tre barn. Ola selde eller pantsette bruket i STore Nessa til futen Fredrik Tønder på Sandsgård. Han bygsla 1½ laup av futen i 1703. Han brukte 1 pund i Store Nessa i 1706, faren brukte framleis ein part i garden. Ola står som brukar saman med faren i 1711. Det året står Ola med kone og eitt barn.
I 1724 åtte buet 1½ vett korn med bygsel i Leiranger, 1½ pund korn med bygsel i Hanasand og 5 merker smør i Mjølhus. 29123
Peder Koll and Apelone Pedersdotter
Husband Peder Koll
Born: Cir 1530 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 47041 Christened: Died: Cir 1565 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 47041 Buried:Marriage: Cir 1560 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 47041
Wife Apelone Pedersdotter
Born: Christened: Died: 1618 - Nordbø, Finnøy, Rogaland, Norway 958 Buried:
Other Spouse: Mats Mortenson - Cir 1565 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 958
Children
1 M Peder Pederson Koll 26834
Born: 1560 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 39443 Christened: Died: Cir 1649 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Anna Hansdotter Marr: Cir 1595 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 39443
General Notes: Husband - Peder Koll
Nils som er nemnd på Nessa i 1521, kan ha vore far til Peder Koll på Store Nessa og Jakob Koll på Indre Nessa. Det er all grunn til å tru at Koll-ætta frå gamalt av åtte heile Nessa-garden. Det er ikkje urimeleg at det nett er farfaren, Nils, som Peder Pedersen gav den tredje sonen sin, Nils Pedersen, namn etter.
Ordet "kollr" tyder hovud eller skalle på gamalnorsk. Det er brukt i samanstillingar som kjælenamn som "kollr min" guten min; men ordet kunne og nyttast med tydinga "skalle" i mindre høviske vendingar.
Heilt attende til 900-talet er det dømet på menn på Island og i Noreg som brukte tilnamnet Koll. Namn som Torbjørn Koll, Einar Koll, Audun Koll, Torstein Koll, Tord Koll og Anders Koll er kjende på Island fram til ikring 1400.
Det eldste dømet i Noreg er Jon Koll nemnd 1184. Han var ein av tre menn som fiska opp liket av kong Magnus Erlingson etter slaget ved Fimreite. I 1240 vart ein Håvard Koll drepen saman med hertug Skule Bårdson. Det neste hundreåret har kjeldene mange døme på menn som nytta tilnamnet Koll:
Haldor Koll, Stavanger ikring 1286; Jon Koll, Stavanger 1297, Bergen 1307, Avaldsnes 1322; Lodvid Koll og Arne Koll, i Bergen 1303; Halvard Koll, 1306; Arnald Koll 1306; Sigurd Koll, Hedmark 1317, Torkel Koll, Stavanger 1322; Steinar Koll, Speberg 1342; Jon Koll, Follo 1341; Gutte Koll, Oslo 1313, 1366; Guttorm Koll, Oslo 1316; Torbjørn Koll, Oslo 1381; Svein Koll, Skjeberg ikring 1400; Olav Koll, Nordfjord i kring 1430; Arne Koll, Selbu 1430; Eindride Koll, rådmann Bergen 1488; Tore Koll, lagmann Stavanger 1489; Arne Koll, Jemtland 1515; Anders Koll, Helgeland 1521; Jakob Koll, Lofoten 1521.
Den fremste ættekrinsen blant dei Koll-ane som er kjende, finn ein i Ryfylke med tilknytning til Nessagarden. Alt ikring 1300 finn ein tre slike menn med framståande posisjonar i landet. Den eine var Haldor Koll; han er nemnd 1286 og var lagmann i Ryfylke og vert omtala i brev frå 1292 og 1295. Haldor vart utnemnd som riddar av kongen. Jon Koll som er nemnd 1297, var ombodsmann i Stavanger for riddaren Basse Guttormsen. Jon kan ha vore son til Haldor Koll. Me veit at Basse Guttormsen kjende
Haldor Koll; dei skreiv under same brev i 1286. Jon Koll er kjend frå brev i 1297, 1307 og 1322; dei to siste vart gjevne i Bergen og på Avaldsnes. I 1322 var ein Torkel Koll med og gav ut eit brev i Stavanger. Torkel kan ha vore son eller bror av Jon.
I 1458 vart Tore Torkelsen lagmann i Stavanger. Han var av Koll-ætta. Tore var lagmann til kring 1490. Truleg døydde han i 1491.I 1488 heitte ein rådmann i Bergen Eindride Koll.
I eit ættlegg som kom opp på tinget i 1757 i ei sak om odelsretten på Nessa, vart sagt at ein "Torger" Koll var første odelsmannen på Nessa. Torger Koll skal ha vore riddar og odelsmann til Nessa; det tok tre generasjonar å vinna odel, så Nessa må ha vore i same ætta sidan 1200-talet og kan hende før det og. Ei Karen Koll til Nessa, fødd i 1460-åra vart gift med Trond Sigurdsen Rustung. Ho kan ha vore dotter til Tore Koll. Ein Eivind Koll som var kannik i Stavanger og døydde i 1553 lyt og ha vore frå Nessa; kan hende var han bror til Nils på Store Nessa 1521.
Samanhangen mellom Tore Koll og Koll-folket på 1200-1300-talet er ukjend, men dei er truleg i slekt i rett nedstigande line med eit par-tre ættlegg imellom. Samanhengen mellom Tore Torkelsen og Nils på (Store) Nessa i 1521 og dei to brørne (trur me) på Store og Indre Nessa midt på 1500-talet er likeeins ikkje prova. Men om Nils er far til Jakob og Peder, kan Nils vel ha vore son eller soneson til lagmannen Tore Torkelsen Koll.
Ola Koll, som budde på Skiftun i Hjelmeland, far til Holger Olsen Koll på Lindanger, hadde eigarinteresser i noko av det same jordegodset som Peder Koll og Jakob Koll og barna deira. Det er truleg at Ola var bror eller syskenbarn til dei to Koll-mennene på Nessa-gardane.
Ved giftarmål kom Koll-ættlingane i samband med lågadelsættene i Hardanger, så Koll-ætta og andre ætter utgjorde eit rikt bondearistokrati på Sør-Vestlandet i mellomalderen.
Peder Koll var truleg bror av Jakob Koll på Indre Nessa. Peder er nemnd to gonger i 1565. Han vart kalla "til Nessa". Det syner at han var (låg)adelsmann og at han hadde høg vørdnad i samtida. I 1565 finn me nett denne herremannen Peder Koll som saman me andre stormenn hadde til oppgåve å vurdera ein særskilt rettstvist (NRR I, side 475).
I 1563 er innført i skattemanntalet ein "Herr Jens paa Ness fuglekonge". Dette er nok presten i Årdal, der kyrkja låg innafor grensene til Nessa-garden i Årdal.
I 1603 var enkja til Peder Koll, Apelone Pedersdtr. framleis eigar av 6 ½ laupar 18 merker smør og ½ pund 2 spann korn samla jordegods.
I skattemanntalet frå 1613 står Apelone Pedersdotter som eigar av 5 lauper smør jordegods. Mesteparten av tida budde ho som enkje hjå sonen Peder Madson på Finnøy, og ho er ført i Hesby skipreide med odelsgodset sitt.
Her i boka er Povel (Pål) Koll, som elles ikkje er nemnd i litteraturen, førd som ein mogleg son av Peder Koll. Kan dette vera ei feilskrift for Peder Koll i odelsjordeboka? Om Povel Koll har levd, kan grunnen til at han ikkje elles er nemnd, vera at han døydde utan arvingar før 1620 og før dei mange tingbokinnførslene som gjev opplysingar om Koll-ætta. 47044
General Notes: Wife - Apelone Pedersdotter
Apelone Pedersdotter var ei mektig dame som tidlegare hadde vore gift med stormannen Peder Koll på Store Nessa i Nedstrand. Han blir mellom anna omtala i dokument frå 1565 og blir då skriven "til" Nessa, noko som tyder på at han var adeleg. Han døydde eit av dei næraste åra etter 1565. Peder Koll og Apelone hadde ein son Peder; fødd i børjinga av 1560-åra, som i kjeldene er kalla både Peder Pederson og Peder Koll. Han var stor jordegodseigar og mektig bonde, men hadde ikkje adelsstatus som faren.
Apelone kan berre ha vore enke i kort tid då ho gifte seg på nytt med Mats Mortenson. Mats er nemnt som prest i 1576. Etter opplysning i ei rettssak dette året hadde han då vore prest i Finnøy minst 5 år, og det er mogeleg at det var han som avløyste Hans Klingeberg. Herr Mats døydde i 1590 eller like etter, Apelone i 1618, og dei hadde to søner, Peder som vart brukar på Nordbø og Nils, som må ha vore noko undermåls, og som budde hjå broren på Nordbø. Det er ting som tyder på at Mats Mortenson hadde Nordbø som avlsgard ved sida av Prestegarden. Dette kan forklåra at sonen Peder vart brukar på Nordbø, og enka etter herr Mats døydde her hjå sonen sin. I tillegg til at Mats Mortensson hadde Nordbø som avlsgard, brukte han Nådøynå til sauebeite, og han hadde sommarbeite på Alsvik i Strand. Ei seinare kjelde må tolkast slik at Apelone og Mats hadde vore gifte i 23 år. Koll-ætta, som vi her indirekte kjem i kontakt med, var ei framståande ætt i Ryfylke, som vi har opplysningar om frå slutten av 1200-talet.
I samband med skiftet etter Apelone vart det ei rettssak. Halvbrørne Peder Matsson og Peder Pederson Koll tørna i 1619 saman i ei rettssak som er utførleg referert i tingboka for dette året. Det var Peder Koll som reiste saka, og ei av skuldingane mot halvbroren på Nordbø var at faren, avdøydde herr Mats saman med kona si, som altså var mor både til Peder Koll og Peder Matsson, i fleire år ("23 års tid") hadde hatt ombod for Peder Koll og teke inn landskyld som høyrde han til, utan å avleggja rekneskap. Dessutan hadde dei også pantsett eigedom som retteleg høyrde Peder Koll til. No kravde Peder Koll oppgjer for dette, og han gjorde Peder Matsson ansvarleg. Dessutan ønskte Peder Koll å få gjennomført eit rettferdig skifte av det godset Apelone Pedersdtr. hadde etterlate seg, så ho må nyss vera død. Den gamle Apelone må ha vore ei viktig brikke i striden mellom dei to halvbrørne. Tre bønder frå Nedstrand vitna i 1619 at dei hadde vore på Store Nessa andre dags påske året før. Då hadde kona til Peder Koll, Anne Hansdotter, sagt til Apelone, som på den tid var hjå sonen sin i Nedstrand: "Vi vil unna deg 2 kyr og 1 vett såkorn og lås og nøkkel til den eigedomen du har, dersom du ynskjer det, og du kan gå inn til vårt bord så titt og ofte du ynskjer det, om du vil vera nøgd med tynt og tjukt, slik me har å by deg" (noko fritt attgjeve). Til dette hadde Apelone svara at ho gjerne ville ta mot tilbodet, men at ho ikkje fekk lov av sonen sin på Nordbø å bu på Store Nessa. Bondekona Helga Baustad vitna også at sist sommar hadde Peder Matsson lova henne ei gås dersom ho ville be mora til seg og sidan føra henne ut til øyane. Det vart også ført til protokolls at for nokre år sidan, medan mora budde på Store Nessa, hadde Peder Matsson kome til garden ein sundag medan Peder Koll og familien var i kyrkja, og "sneg hans moder af med sig". Og samstundes hadde han teke med seg ein stor kjele frå eldhuset. Sommaren 1618, siste året Apelone levde, var ho på nytt hjå sonen sin på Nessa. Også då hadde Peder Matsson kome til gards på ein sundag og "snegit hans moder af med sig". Mora gjekk då i barndomen, og medan ho var hjå sonen sin på Nordbø, skulle odelsgodset til Peder Koll, Kallevik i Sjernarøy som mora åtte halvparten av, vorte pantsett til Gudmund Fossen for eit lån, og dette meinte Peder Koll hadde skjedd etter at mora døydde.
(Sjå også: Rogalands Historielag Årshefte 1936 side 22) 47045
Peder Hansson Koll and Margrete Villumsdotter
Husband Peder Hansson Koll 3296
Born: 1627 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Christened: Died: Cir 1715 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Buried:
Father: Hans Pederson Koll 7972 Mother: Anna Pedersdotter
Marriage: Cir 1662 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971
Wife Margrete Villumsdotter 8086
AKA: Margreta Born: Christened: Died: Cir 1707 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Villum Jakobson Nessa Mother: Anna Jakobsdotter
Events
• Probate: 4. jun 1707, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Children
1 M Villum Pederson Koll 3296
Born: 1663 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Christened: Died: Cir 1697 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Marta Holgersdotter 3297 Marr: Cir 1690 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 3294
2 F Anna Pedersdotter 3296
Born: 1670 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Christened: Died: 1748 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 3294 Buried:Spouse: Tormod Andersson Nessa 5949 Marr: Cir 1694 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 17127
3 F Margrete Pedersdotter 3296
AKA: Margreta Born: 1679 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 7971 Christened: Died: 1748 - Nessa indre, Nedstrand, Rogaland, Norway 17127 Buried:Spouse: Anders Tormodson Baustad 742 Marr: 1706 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 17127
General Notes: Husband - Peder Hansson Koll
Peder Hansson var 28 år i 1664 og 76 år i 1701 og 75 år i 1702. I 1701 er han nemnt postbonde og har Søfren Jakobson 18 år og marinesoldat som tenar. Peder var brukar på Store Nessa i 1664, 1666, 1701 og 1702. Han kjøpte i 1676 ein part i garden av brørne Jakob Hansson og Ola Hansson. Peder brukte ½ laup i 1666. I 1706 brukte han 1 laup smør. Peder var lagrettemann i mange år i tida 1671 til 1705.
Peder var gift med Margreta Villumsdotter og dei er nemnde med tre barn. Skiftet etter Margreta var 4. juni 1707. Peder døydde ikring 1715. 7971
Peder Holgerson Koll
Husband Peder Holgerson Koll 3577
Born: 1606 - Lindanger, Skjold, Rogaland, Norway 333 Christened: Died: 1683 - Yrkje, Skjold, Rogaland, Norway 2232 Buried:
Father: Holger Olson Koll 332 Mother: Anna Eriksdotter
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 F Anna Pedersdotter d.e. 2234
Born: Cir 1635 - Espevik, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: - Yrkje, Skjold, Rogaland, Norway Buried:
2 F Else Pedersdotter 2234
Born: 1640 - Espevik, Nedstrand, Rogaland, Norway 2232 Christened: Died: - Yrkje, Skjold, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Ole Tørresson Ørke 17740 Marr: Cir 1661 - Skjold kyrkje, Skjold, Rogaland, Norway 11702
3 M Holger Pederson Ørke 2234
Born: 1642 - Espevik, Nedstrand, Rogaland, Norway 2232 Christened: Died: 1686 - Yrkje, Skjold, Rogaland, Norway 2232 Buried:Spouse: Siri Jonsdotter Marr: Cir 1684 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 2232
4 F Aselina Pedersdotter 2234
Born: Cir 1645 - Espevik, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1695 - Vikse søra, Skåre, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Lars Ivarson Meland 561 Marr: Cir 1685 - Skjold kyrkje, Skjold, Rogaland, Norway 29462
5 F Anna Pedersdotter d.y. 2234
Born: Cir 1648 - Straum, Skjold, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1682 - Rossabø, Skjold, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Halvard Reiarson Rossabø Marr: Cir 1668 - Skjold kyrkje, Skjold, Rogaland, Norway 13909
6 F Marta Pedersdotter 2234
Born: Cir 1650 - Straum, Skjold, Rogaland, Norway Christened: Died: 1696 - Meland, Skjold, Rogaland, Norway 30 Buried:Spouse: Jon Olson Meland 29 Marr: Cir 1685 - Skjold kyrkje, Skjold, Rogaland, Norway 30
7 M Knud Pederson 2234
Born: 1654 - Yrkje, Skjold, Rogaland, Norway 2232 Christened: Died: Buried:
Peder Olson Koll and Martha Mikkelsdotter
Husband Peder Olson Koll 17222
Born: 1714 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1762 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Buried:
Father: Ole Pederson Koll 17222 Mother: Anna Mikkelsdotter 3528
Marriage: 12. jul 1757 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178
Other Spouse: Anna Halvorsdotter - 19. apr 1750 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178Events
• Censuses: 1758, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Wife Martha Mikkelsdotter 4001
Born: 1727 - Maurland, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: 3. dec 1727 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 3948 Died: 1808 - Mo, Vikedal, Rogaland, Norway Buried: 5. jun 1808 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway
Father: Michel Olson Maurland 3952 Mother: Marthe Reiarsdotter 3951
Other Spouse: Jon Knudson Mo - 21. jun 1764 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 178Events
• Censuses: 1758, Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway.
Children
1 M Mikkel Pederson Nessa 593
Born: 1758 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: 9. apr 1758 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Died: 1758 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Buried:
2 F Anna Pedersdotter 593
Born: 1759 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: 9. sep 1759 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Died: Buried:
3 M Michel Pederson Groven 593
AKA: Mechel Born: 1760 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Christened: 19. sep 1760 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 178 Died: 30. oct 1819 - Førland, Vikedal, Rogaland, Norway 37059,37060 Buried: 30. jan 1820 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 37060Spouse: Ingebor Svendsdotter Marr: 21. jul 1782 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 17,16686Spouse: Barbara Haldorsdotter Marr: 22. nov 1818 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 1188,16686
Peder Olson Koll and Dorte Larsdotter
Husband Peder Olson Koll 17222
Born: 1642 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1728 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:
Father: Ole Pederson Koll 7972 Mother: Anna Olsdotter
Marriage: Cir 1671 - Talgje kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 29123
Wife Dorte Larsdotter 20854
Born: Cir 1640 - Runestad, Finnøy, Rogaland, Norway Christened: Died: - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Laurits Ivarson Runestad 7020 Mother: Inger Samsonsdotter 45558
Children
1 M Ole Pederson Koll 17222
Born: 1677 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: Cir 1720 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Buried:Spouse: Anna Mikkelsdotter 3528 Marr: Cir 1703 - Sjernarøy kyrkje, Sjernarøy, Rogaland, Norway 29123
2 F Ingeborg Pedersdotter 17222
AKA: Ingeborg Koll Born: 1680 - Nessa store, Nedstrand, Rogaland, Norway 29123 Christened: Died: 1758 - Li øvre, Nedstrand, Rogaland, Norway 23954 Buried:Spouse: Torbjørn Knudson Li 168 Marr: 1710 - Nedstrand kyrkje, Nedstrand, Rogaland, Norway 23954
General Notes: Husband - Peder Olson Koll
Peder Olson Koll var gift med Dorte Larsdotter og dei hadde hatt 7 barn. Då Peder døydde i 1728, levde berre ei dotter. Det var Ingeborg som budde på Øvre Li.
Peder var brukar på Store Nessa i 1701, 1706 og 1711. I 1706 brukte han ½ laup slik som faren hadde gjort. Peder pantsette den skylda han åtte i Store Nessa til futen Søren Madson i 1671, og skylda kom då ut av Koll-ætta.
Peder svor eiden som lagrettemann i 1675. Han vart nytta i lagretten mest kvart einaste år frå 1678 til 1710. Av dei sju barna er det berre sonen Ola og dottera Ingeborg ein kjenner til. 29123
Halvor Olson Kollandsrud and Astri Kollandsrud
Husband Halvor Olson Kollandsrud
Born: 1657 Christened: Died: 1743 - Kollandsrud, Nore, Buskerud, Norway Buried: 20. jan 1743 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 7517Marriage: Cir 1685 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway
Wife Astri Kollandsrud
Born: 1662 Christened: Died: 1730 - Kollandsrud, Nore, Buskerud, Norway Buried: 18. jun 1730 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 1151
Children
1 M Knud Halvorson Pipergård
Born: 1689 - Kollandsrud, Nore, Buskerud, Norway Christened: Died: 1743 - Kollandsrud, Nore, Buskerud, Norway Buried: 21. apr 1743 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 7517Spouse: Gertru Sebjørnsdotter Marr: 7. jul 1709 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 23144,35490
Erich Svendson Tveit and Brita Kollsdotter
Husband Erich Svendson Tveit 12542
Born: 1703 - Grønsdal, Odda, Hordaland, Norway 17884 Christened: Died: 1741 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 17884 Buried:
Father: Svend Ommundson Grønsdal 22224 Mother: Ingeborg Bårdsdotter 12542
Marriage: Cir 1736 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 26314
Wife Brita Kollsdotter 17885
Born: 1710 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 26314 Christened: Died: 1786 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 17884 Buried:
Father: Koll Sjurson Tveit 34774 Mother: Marta Sjursdotter
Other Spouse: Viar Hugneson Tveit 4097 - 14. nov 1742 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,17884Events
• Probate: 1. apr 1786, Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway.
Children
1 F Ingeborg Eriksdotter 17827
Born: 1739 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 17884 Christened: Died: 1821 - Berge søra, Ølen, Hordaland, Norway 5480 Buried:Spouse: Endre Sjurson Berge 3369 Marr: 2. jul 1767 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,5480
2 M Erich Erikson Dreganes 17885
Born: 1741 - Tveit (søndre), Ølen, Hordaland, Norway 17884 Christened: Died: 1816 - Dreganes, Ølen, Hordaland, Norway 27655 Buried:Spouse: Brite Taraldsdotter 27657 Marr: 2. jul 1768 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,27655,27656
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)