Lendermann Arne Ivarson and Ingrid Ragnvaldsdotter
Husband Lendermann Arne Ivarson
Born: Cir 1090 Christened: Died: After 1155 - Stårheim, Eid, Sogn og Fjordane, Norway Buried:Marriage: Cir 1140 - , , Västra Götaland, Sweden
Wife Ingrid Ragnvaldsdotter
Born: Cir 1105 - , , Västra Götaland, Sweden Christened: Died: Cir 1170 - Stårheim, Eid, Sogn og Fjordane, Norway Buried:
Father: Kong Ragnvald Ingeson Mother:
Children
1 F Margrete Arnesdotter
AKA: Margrethe Born: 1146 - Stårheim, Eid, Sogn og Fjordane, Norway Christened: Died: Buried:Spouse: Simon Kåreson Orre Marr: Cir 1180 - , Eid, Sogn og Fjordane, Norway
2 M Biskop Nikolas Arneson
Born: Cir 1150 - Stårheim, Eid, Sogn og Fjordane, Norway Christened: Died: 7. nov 1225 - Kristiania, Kristiania, Akershus, Norway Buried:Spouse: Munansdotter
General Notes: Husband - Lendermann Arne Ivarson
Arne Ivarson Stovreim vart kalla Arne kongsmåg og var lendermann hjå kong Inge Bårdson i 1155.
Kjelder:
Anna: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1968 side 6
Anna: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1990 side 189
Ættesambandet Stårheim \endash Orre på Jæren i mellomalderen
Arne (Kongsmåg) Ivarson på Stårheim vert rekna å væra stamfar til Stårheimsætta. Han var lendmann hos kong Inge Krokrygg i 1155 og seinare hos kong Magnus Erlingson i 1162.
Arne Ivarson var av Thjotta-ætta, son til Ivar Suneson, son til Sune Ivarson, svensk høvding, gift med Astrid Agmundsd. Far hennar Agmund Ormson rømte til Sverige. Han var son av Orm Eivilvson,d. ca 1060, jarl på Opplandene, gift med Sigrid, Finn Arneson si dotter.
Arne Kongsmåg var stor jordeigar i Sogn og Fjordane på den tida. Våpenmerket hans var ei oppreist løve med fuglekropp til frampart, den såkalla griffen. Kring 1147 vart Arne Kongsmåg gift med dronning Ingrid, f. ca 1115 i Vestergøtland i Sverige. Ho var dotter til Ragnvald Ingeson, underkonge i Vestergøtland. Systera Margretha Ingesd. var gift med kong Magnus Barfot.
Dronning Ingrid hadde ætteband attende til dei gamle svenske og norske kongerekker, i rett line til Harald Hårfagre og Astrid Dagsdotter, dotter til Dag Ringson på Ringriket på 800-talet. Ho var gift heile fire gonger.
1. gong gift med Heinrek Skatelår, d. 1134.
2. gong gift med kong Harald Gille, konge 1130-1136. Med han hadde ho sonen kong Inge Krokrygg, 1136-1159, d. 1161.
3. gong gift med lendmann Ottar Birting.
4. gong gift med Arne Ivarson (Arne Kongsmåg), Stårheim.
Med Arne Ivarson hadde dronning Ingrid desse borna:
a) Filippus Arneson i Herdla, gift med Rannveig Munansd.
b) Nikolas Arneson, biskop i Oslo, baglerhøvding, d.1225.
c) Margretha Arnesdotter, gift 1. gong med Bjørn Bukk, systerson til Erling Skakke, Etne. Bjørn Bukk falt i 1179, slaget på Kalvskinnet ved Nidaros. Margretha vart oppattgift med kuvlung- og varbelghøvdingen Simon Kåreson, son av Kåre frå Orre på Jæren (Olru-Kåre). I fylgje ei dansk kjelde var han ein særs rik og høgætta mann. Orre er nabogard til Reve på Jæren. Med Simon Kåreson hadde Margretha Arnesdotter desse borna:
a) Filippus Simonson (Filippus Baglerkonge), d.1217. b) Andres Simonson, d.1218.
Etter slaget ved Tristein (Hvaler) i ytre Oslofjorden sumaren 1190, der baglerleidaren Simon Kåreson falt, vart Margretha enkje for andre gong. Ho satt att med to mindreårige søner, Filippus og Andres. Gutane levde dei fyrste barneåra i dagleg samvær med morbroren Nikolas på Stårheim. Han sat nemleg med Stårheimsgodset til han døydde i 1225. Det var i denne tida han tok til seg Arnbjørn Jonson, son til lendmann Jon Gautson av Ænes, og gjorde guten til fostersonen sin. Arnbjørn Jonson var bror til Askel Jonson som var biskop i Stavanger frå 1226-1254.
Då bispesetet i Stavanger vart ledig i 1189, innstilte domkapitlet Nikolas Arneson til biskop. Men kong Sverre som no etter slaget ved Fimreite i juni 1184, der kong Magnus Erlingson falt, vart einekonge, nekta plent å godkjenna valet.
I staden vart Nikolas utnemnd til biskop i Oslo. Truleg tok han alle tre gutane med seg til Oslo, då han hadde teke over bispedømet der i 1190. Krigen gjekk sin gong med skiftande lukke for båe partane. Oppreistflokk sto mot oppreistflokk, kongsemne mot kongsemne i strid om trona. Det var ein av fleire borgarkrigar som øyda landet på denne tida, og vara inn på 70 år. Fyrst i 1240 fekk landet endeleg fred.
Oslobispen Nikolas stifta i 1196 baglerpartiet (av latin baculus, bispestav). Bispepartiet vil vel vera det rette namnet no til dags. Kong Sverre måtte kjempa heile resten av sitt liv mot baglerpartiet. I juni 1204 kom kong Valdemar (Seier) frå Danmark til Tunsberg med ein flåte på 360 skip. Med seg hadde han Filippus Simonsen, systerson til bisp Nikolas. Valdemar gjekk med på at Filippus skulle verta førar for baglane. Den gamle avtalen med danskekongen om lensherrerett over jarledømet på Austlandet (Viken) vart fornya med Filippus til jarl. Avtalen hadde same innhald som tilsvarande avtale med Erling Skakke i 1170. Valdemar reiste så heim att til Danmark. Han let etter seg 35 skip og noko krigsutstyr. Til pant for at avtalen vart halden tok Valdemar med nokre gode menn til gislar. Ein av dei var Andres til Stårheim, bror til Filippus.
Filippus fekk kongsnamn av baglane (Filippus Baglerkonge) på Borgarting (Sarpsborg) våren 1207. Han gjorde forlik med kong Inge Bårdson (1204-1217) på Kvitsøy i 1208, og vart godkjent som underkonge på Austlandet. Grensa for jarledømet hans vart sett på forliksmøtet på Kvitsøy. Den gjekk til Rygjarbit (Gjernestangen) i vest og til Svinesund i sør. Båhuslen (Ranrike) var ikkje med. Filippus nekta samtidig å gje frå seg kongsegelet og held fast på kongenamnet all si tid. Eldste originalbrev som enno er funne etter kongar her i landet er frå Filippus til bøndene i Mossedalen. Der kallar han seg konge.
Framtidsvonene for Stårheim-Orreætta måtte no synast svært lyse. I 1209 vart Filippus gift med Kristin, dotter til kong Sverre og dronning Margreta frå Sverige. Bryllaupet stod med stor stas i Oslo, men lukka vart kortvarig. Kristin døydde på barselseng alt i 1213, og barnet kort tid etter mora. Filippus døydde på sotteseng i Tunsberg i juli 1217, barnlaus. Same år døydde kong Inge Bårdson.
Andres Simonson laut som sagt fylgja med kong Valdemar som gissel for semja i Tunsberg i 1204. Han hadde halde seg i Danmark heilt til Valdemar godkjende fredsavtalen på Kvitsøy (1208). No kom Andres heim att og fekk Tunsbergsysla under bror sin. Andres drog no straks fram minnet om at byfolket i Tunsberg i 1190 hadde drepe far hans ved Tristein. Han reiste sak mot førarane for Tunsbergmennene den gongen og kravde bøter for far sin. Filippus var og son til Simon Kåreson, men hadde aldri tenkt på noko slikt sjølv.
Han sette seg imot slik framferd. Andres laut gje seg på det. Byfolket i Tunsberg vart svært glad i Filippus etter dette. Andres Simonson gifte seg etter heimkomsten frå Danmark med Gudrun Gregoriusdotter, dotter til lendmann Gregorius Jonson av Blindheimsætta på Sunnmøre. Gregorius var son av lendmann Jon Hallkellson, som var gift med Margreta, dotter til Harald Gille. Andres kom seinare i stor venskap med Skule Bårdson, samfedre halvbror til Inge Bårdson, etter at broren Filippus Baglerkonge fall frå i 1217, og Skule fekk jarledømet etter han. Fosterbror Arnbjørn Jonson held seg trufast til kong Håkon Håkonson, og vart ein av dei fremste og mest tiltrudde lendmennene og hærførarane hans. Andres tok likevel teneste hjå Arnbjørn, og vart hardt såra i striden mot slittungane utfor Tunsberg i februar 1218, og døydde like etter. Før han slokna sende han eit venskapsbrev med gåver til Skule jarl. Sonen til Andres og Gudrun heitte Gregorius Andreson den eldre. Han var odelsarving til Stårheimsgodset etter Nikolas Arneson, og vart sveithøvding og sysselmann under kong Håkon Håkonson (1217-1263).
Gregorius gifte seg våren 1242 i Nidaros med sjølveste kongsdottera fru Cecile Håkonsdotter, dotter til Håkon Håkonson og Kanga den unge. Det var dotter deira som kring 1260 vart gift med Ryfylkets mektigaste mann på den tida, lendmann og baron Gaute Erlingson på Sør-Talgje (Gaute Tolga), og vart mor til Håkon Gauteson på Reve (Haquinus prelatus de Rifue), bisp Arne i Stavanger sin ombodsmann. Han døydde 4/9 1304, og vart gravlagt i Stavanger domkirke. Gravsteinen til Håkon på Reve, truleg den styrste mellomaldergravsteinen som er funne i Noreg, er å sjå festa til venstre vegg rett innanfor inngongsdøra til Stavanger domkirke. Teksten på gravsteinen til Håkon på Reve er på latin. Oversatt til norsk lyd den:Han døyde 4 september i det Herrens år 1304. Her skal berre til slutt nemnas at Reve er nabogarden til Orre på Jæren. Ein kan i sanning seie at ringen Stårheim-Orre er slutta.
Tillegg
Håkon Gauteson på Reve (1265-1304) var gift med Holmfrid Erlingsdotter, dotter til lendmann Erling Åmundson i Hildugard, rådmann i Bergen, n. 1324-1325, gift med Margreta Erlingsdotter, død før 1309, dotter til lendmann Erling Ivarson, Bjarkøy-ætta i Troms, n. 1263.
Bror til Håkon på Reve var Isak Gauteson på Tolga (S-Talgje), f. ca 1262. Han var gift med ei dotter til Jakob av Nørre-Halland. Etter Gaute Isakson følgte Gaute Håkonson, som er nemnd i S-Talgje i 1331. Systera Eyvor Gautesdotter, n.1328, var gift med Ogmund Sigurdson av Hesby, Finnøy.
Deira søner er:
a) Finn Ogmundson, d.1343, gift med fru Gudrun Sæbjørnsdotter. Randa. Dotter til Sæbjørn Helgeson, frå Hordaland, riddar i 1299, 1302 baron og riksråd, gift med Ragnhild (Ragna) Jonsdotter. Sonen deira var Ogmund Finnson, f. ca 1320, d. 1388, drottsete, gift med Katarina Knutsdotter (Lejon), dotterdotter av den hellige Birgitta i Vadstena. Katarina døydde i 1407 barnlaus.
b) Ivar Ogmundson Rova, d.1350, drottsete.
Ei anna syster var NN. Gautesdotter, Tolga, ca 1288 gift med riddaren Hr. Peter Gudleikson på Eide i Stryn.
Kjelder
Artikkelen er opphavleg skreve av John Thysse på Voll, som oppgjer følgjande kjelder:
Høst, Sigurd: Norges historie : med viktigere avsnitt av Danmarks og Sveriges historie.. Utg. Gyldendal. Oslo. 1930. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Bugge, Alexander: Smaa bidrag til Norges historie paa 1000-tallet. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Munch, P.A.: Det norske folks Sprog og Historie.
Heimskringla.
Sverresoga.
Håkon Håkonssons soge.
(https://lokalhistoriewiki.no/wiki/%C3%86ttesambandet_St%C3%A5rheim_%E2%80%93_Orre_p%C3%A5_J%C3%A6ren_i_mellomalderen)
General Notes: Wife - Ingrid Ragnvaldsdotter
Ho var fyrst gift med kong Harald Gille og var mor til kong Inge krokrygg.
Ingrid Ragnvaldsdotter var ei lettliva kvinne og var gift 4 gonger. Arne var
den 4.
Ho var av svensk kongeætt, Ragnvald den gamle, svensk hovding er blandt
ættefedrene hennar. Han var gift med Astrid Njålsdotter, dottera til Njål
Finnson. Finn Skjålge var gift med Gunnhild Halvdansdotter, dotter til Halvdan
Jarl som styrte Finnmark. Kona til Halvdan var frilledotter, Ingeborg, til
Harald Hårfagre. harald Hårfagre hadde 9-10 koner og enda fleire friller.
Kjelder:
Anna: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1968 side 13
Anna: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1990 side 189
Erik Ivarson
Husband Erik Ivarson
AKA: Erik Nordal Born: Cir 1591 - Nordal, Aker, Akershus, Norway Christened: Died: 1658 - Leikanger prestegard, Leikanger, Sogn og Fjordane, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Ivar Erikson Hove
Born: 1629 - Leikanger prestegard, Leikanger, Sogn og Fjordane, Norway Christened: Died: 1702 - Hove, Vik, Sogn og Fjordane, Norway Buried:
2 M Peder Erikson Leganger
Born: 1638 - Leikanger prestegard, Leikanger, Sogn og Fjordane, Norway 39834 Christened: Died: 11. jun 1706 - Hå Prestegard, Nærbø, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Karen Larsdotter 134 Marr: Cir 1670 - Nærbø kyrkje, Nærbø, Rogaland, Norway 39834
General Notes: Husband - Erik Ivarson
Grønrussen "reiste" steinen
Det var den sterkt sogeinteresserte Sverre Daae, sokneprest i Leikanger 1923-1960, som fekk laga Prestesteinen. Han hadde nok sett at steinen blei reist i hans embetstid, og helst ein stad i prestegardshagen, men soknerådet greidde ikkje å samla seg om kvar steinen skulle stå. I mellomtida blei han liggjande på utsida av huset som no er bårehus. Men så var det at grønrussen på Leikanger ordna opp. Natta til 17. mai 1961 grov dei hol og sette steinen midt på det vesle feltet som nå er parkeringsplass for handikappa.
Gamal bautastein
Leiv Slinde (1913-1998) fortel i eit stykke i bladet Sogn og Fjordane, 4.8.1986, at Prestesteinen opphavleg var ein gamal bautastein som stod i ein hekk i prestehagen. Sokneprest Daae kom på at steinen ville gjera seg godt som minnesmerke over prestane i bygda. Like før han slutta, fekk han ein steinhoggar til å hogga inn namna og årstala til alle yrkesbrørne sine frå reformasjonen i 1536.
I stykket sitt tek Slinde og til orde for at Prestesteinen bør flyttast til ein annan stad. Han må setjast på sokkel og det må pyntast kring han med blomster.
Ein av prestane
Det er 24 namn på Prestesteinen. Nokre prestar var i embetet mange år, andre berre nokre få. Presten med lengst tenestetid - i alt 40 år - var Erik Ivarson Nordal (1591-1658) frå Sunnmøre. Han kom til Leikanger i 1618 saman kona Karen Werner. Ho var då berre 20 år gamal, han var 27. Det er truleg det yngste paret i prestegarden nokon gong. Karen Werner døydde i 1634 etter sin åttande fødsel. Med den andre kona si, Lene Splidsdotter (1615-1670), fekk han 10 born. Erik Nordal døydde i 1658, og etterlet seg m.a. eit stort jordegods av gardar i fleire bygder i Sogn.
Stamfar til Legangerslekta
Sokneprest og prost Erik Nordal fekk 18 born med dei to konene sine. Borna hans tok Leganger som etternamn etter fødestaden Leikanger. Av dei som vaks opp og stifta familie vart det etter kvart ei stor slekt, Leganger-slekta. Den nest eldste sonen, Ivar Leganger, f. 1629, vart den seinare vidgjetne presten i Vik frå 1657 til 1702. Peder Leganger, f. 1638, blei prest i Hå på Jæren. Karen, f. 1643, blei gift med kjøpmann Jochum Lange i Stavanger. Nils, f. 1645, vart borgar i Bergen.
To portrett i Leikangerkyrkja
På Prestesteinen står namnet til sokneprest Erik Nordal. Inne i Leikanger-kyrkja heng det eit oljemåleri av han og eit av den andre kona hans, Lene Splidsdotter. På slutten av 1800-talet blei begge måleria sende til Oslo i byte for ein omn. Dei kom attende til Leikanger i 1957 etter at mannen bak Prestesteinen, Sverre Daae, i årevis hadde streva med å spora dei opp og forhandla seg fram til avtale om å få dei tilbake på sin rette plass. Begge er måla av bergenskunstnaren Elias Fiigenschoug i 1641.
Jan Ivarson and Britha Johannesdotter
Husband Jan Ivarson
Born: 1714 - Teigland, Åsane, Hordaland, Norway Christened: Died: 1779 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Buried: 13. jan 1779 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6092
Father: Ivar Johannesson Mother:
Marriage: 4. jun 1741 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 1032
Wife Britha Johannesdotter
AKA: Brite Born: 1722 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Christened: Died: 1797 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Buried: 22. oct 1797 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6092
Children
1 M Ivar Janson
AKA: Iver Born: 1742 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Christened: Died: 1769 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Buried: 10. sep 1769 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6092
2 M Erik Janson
AKA: Erich Born: 1747 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Christened: Died: 1815 - Melingen, Åsane, Hordaland, Norway Buried: 1. oct 1815 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6092Spouse: Elen Olsdotter Marr: 30. jun 1776 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 1032Spouse: Berthe Andersdotter Marr: 23. jun 1781 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 1032Spouse: Gjertrud Monsdotter Marr: 5. jan 1783 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 1032
3 F Marta Jansdotter
Born: 1753 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Christened: 13. jan 1753 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6093 Died: - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Buried:
4 F Anna Jansdotter
Born: 1757 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Christened: 21. aug 1757 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6093 Died: dec 1757 - Eikås, Åsane, Hordaland, Norway Buried: 1. jan 1758 - Åsane kyrkje, Åsane, Hordaland, Norway 6092
John Ivarson and Siri Olsdotter
Husband John Ivarson 6181
AKA: Jon Born: 1771 - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway 5991 Christened: 17. feb 1771 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 5624 Died: - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ivar Bjørnson Kalvøy 6178 Mother: Birthe Andersdotter 6181
Marriage: 5. mar 1793 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 1261Events
• Censuses: 1801, Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway.
Wife Siri Olsdotter 6191
Born: 1762 - Hetland, Hetland, Rogaland, Norway 3702 Christened: 19. sep 1762 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 5624 Died: - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Jonson Hetland d.e. 9136 Mother: Ragnild Hansdotter 8709
Events
• Censuses: 1801, Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway.
Marriage Events
• Engagement: 29. jan 1793, Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway.
Children
1 F Bertha Jorina Jonsdotter
AKA: Birthe Born: 1794 - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway Christened: 9. mar 1794 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 5633 Died: Buried:
2 M Ivar Jonson Kalvøy
AKA: Iver Born: 1797 - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway Christened: 16. jul 1797 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 5633 Died: - Kalvøy, Hetland, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Berthe Ivarsdotter Marr: 28. dec 1826 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 3675
Jone Ivarson and Brithe Olsdotter
Husband Jone Ivarson 6307
Born: 1772 - Ladstein indre, Finnøy, Rogaland, Norway 17893 Christened: Died: - , Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ivar Jonson Ladstein Mother: Siri Rasmusdotter 662
Marriage: 16. jul 1809 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 1077Events
• Moved: frå Indre Ladstein, 17. jul 1810, , Nedstrand, Rogaland, Norway.
Wife Brithe Olsdotter 6804
AKA: Berthe, Britha Born: 1774 - Mjølsnes øvre, Finnøy, Rogaland, Norway 6656 Christened: Died: - , Nedstrand, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ole Osmundson Hesby 6794 Mother: Gjøa Andersdotter 6752
Events
• Censuses: 1801, Hesby, Finnøy, Rogaland, Norway.
Children
1 F Sirine Jonsdotter 6307
Born: 1810 - Ladstein indre, Finnøy, Rogaland, Norway 17893 Christened: 20. apr 1810 - Hesby kyrkje, Finnøy, Rogaland, Norway 1077 Died: Buried:
Jørgen Ivarson and Torborg Torkelsdotter
Husband Jørgen Ivarson
Born: Cir 1651 - Egersund stranden, Eigersund, Rogaland, Norway Christened: Died: - Egersund stranden, Eigersund, Rogaland, Norway Buried:
Father: Ivar Stranden Mother:
Marriage: 29. jun 1684 - Egersund kyrkje, Eigersund, Rogaland, Norway
Other Spouse: Gjertrud Andersdotter - 30. dec 1708 - Egersund kyrkje, Eigersund, Rogaland, NorwayEvents
• Censuses: 1701, Egersund stranden, Eigersund, Rogaland, Norway.
Wife Torborg Torkelsdotter
Born: Cir 1660 - , Eigersund, Rogaland, Norway Christened: Died: Cir 1708 - Egersund stranden, Eigersund, Rogaland, Norway Buried:
Father: Torkel Mother:
Events
• Probate: 26. nov 1708, Egersund stranden, Eigersund, Rogaland, Norway.
Children
Knud Ivarson and Åse Olsdotter
Husband Knud Ivarson
Born: 1720 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 22. mar 1720 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780 Died: 1785 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 19. aug 1785 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780
Father: Ivar Knudson Mother: Maren Mikkelsdotter
Marriage: 8. apr 1745 - Lyngdal kyrkje, Lyngdal, Vest-Agder, Norway 35714
Other Spouse: Sissel Markusdotter - 5. apr 1770 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780
Wife Åse Olsdotter 27216
Born: 1725 - Bringsjord, Lyngdal, Vest-Agder, Norway 35708 Christened: Died: 1769 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 20. jun 1769 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 35714
Father: Ole Ommundson Årnes 35710 Mother: Malena Gabrielsdotter 35709
Children
1 M Ivar Knudson
Born: 1747 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 26. feb 1747 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
2 M Ole Knudson
Born: 1748 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 3. jun 1748 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
3 M Ole Knudson
Born: 1749 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 21. sep 1749 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
4 F Maren Knudsdotter
Born: 1751 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 10. sep 1751 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
5 M Gabriel Knudson
Born: 1754 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 17. feb 1754 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
6 M Mikal Knudson
AKA: Michael Born: 1756 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 8. oct 1756 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
7 M Gabriel Knudson Hidle
Born: 1758 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 17. sep 1758 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: 1822 - Hidle, Strand, Rogaland, Norway 7890 Buried:Spouse: Mette Danielsdotter Marr: 1785 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 7890
8 M Ole Andreas Knudson
Born: 1760 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 1. jan 1761 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: - Forstaden, Stavanger, Rogaland, Norway Buried:Spouse: Berta Knudsdotter 20019 Marr: 6. jun 1793 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 20183
9 F Malena Knudsdotter
Born: 1763 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 18. dec 1763 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
10 M Samuel Knudson
Born: 1765 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 25. jan 1765 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: Buried:
Knud Ivarson and Sissel Markusdotter
Husband Knud Ivarson
Born: 1720 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 22. mar 1720 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780 Died: 1785 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 19. aug 1785 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780
Father: Ivar Knudson Mother: Maren Mikkelsdotter
Marriage: 5. apr 1770 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 9780
Other Spouse: Åse Olsdotter 27216 - 8. apr 1745 - Lyngdal kyrkje, Lyngdal, Vest-Agder, Norway 35714
Wife Sissel Markusdotter
AKA: Sidsel Born: 1724 Christened: Died: 1799 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 6. jun 1799 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 35714
Children
Had no children
Michel Ivarson and Berthe Olsdotter
Husband Michel Ivarson
Born: 1727 - , Stavanger, Rogaland, Norway Christened: 30. nov 1727 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway Died: 1804 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried: 9. feb 1804 - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, Norway 184
Father: Ivar Knudson Mother: Maren Mikkelsdotter
Marriage: - Stavanger domkyrkje, Stavanger, Rogaland, NorwayEvents
• Occupation: Snidker.
Wife Berthe Olsdotter
Born: 1725 Christened: Died: 25. nov 1814 - , Stavanger, Rogaland, Norway Buried:
Children
General Notes: Wife - Berthe Olsdotter
Kjelder:
Død: Stavanger Borgerbog 1436-1850 (Axel Kielland 1935) side 141
Mård Ivarson
Husband Mård Ivarson
Born: Christened: Died: - , , , Iceland Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Lagmann Bjarne Mårdson Bjarkøy
Born: Cir 1145 - , , , Iceland Christened: Died: After 1223 - , Bjarkøy, Troms, Norway Buried:Spouse: Ragna Erlingsdotter Marr: Cir 1175 - , Bjarkøy, Troms, Norway
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)