Halvor Simonson Grekvar and Ingeborg Pedersdotter
Husband Halvor Simonson Grekvar 14045
Born: 1695 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1755 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: feb 1755 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36927
Father: Simon Halvorson Grekvar 36921 Mother: Anna Olsdotter
Marriage: 15. oct 1754 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Wife Ingeborg Pedersdotter 36874
Born: 1703 - Sønsterud vestre, Nore, Buskerud, Norway 36875 Christened: Died: 1777 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: may 1777 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Father: Peder Aslakson Sønsterud Mother: Gunvor Gregardsdotter 20821
Other Spouse: Halvor Danielson Grekvar d.e. 36877 - 14. oct 1729 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36878
Other Spouse: Torstein Halvorson Grekvar - 11. mar 1757 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Children
Had no children
General Notes: Husband - Halvor Simonson Grekvar
Gift 25.06.1722 med Birgit Nilsdotter Søre Eide (1692-27.12.1732), så 27.12.1733 med Eli Pedersdotter Haugen (dpt. 12.12.1712 - jf. 20.03.1746), så 15.10.1754 med enka Ingeborg Pedersdotter (f. 1703 - jf. mai 1777).
Kjøstolv Torsteinson Grekvar
Husband Kjøstolv Torsteinson Grekvar 36920
Born: 1637 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36928 Christened: Died: 1709 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 31. mar 1709 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36918
Father: Torstein Magnusson Grekvar 36929 Mother:
Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Magnus Kjøstolvson Grekvar 36917
Born: 1662 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36918 Christened: Died: dec 1720 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 1. jan 1721 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36930Spouse: Tora Halvorsdotter Marr: 26. oct 1709 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36930
2 M Daniel Kjøstolvson Grekvar 36917
Born: 1666 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36918 Christened: Died: 1735 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 20. mar 1735 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36919Spouse: Angjerd Halvorsdotter 36921 Marr: 14. jan 1697 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36919
General Notes: Husband - Kjøstolv Torsteinson Grekvar
Dette er garden som i dag blir kalla Søre Grekvard. Ei tid bar denne garden namnet Mellom-Grekvard. Det var før og i den tida Kjørn gjekk under namnet Søre Grekvard.
Etter at Torstein Magnusson Søre Grekvard døydde, sto fyrst "Enchen och Anders" som brukarar av garden. Det var i 1677. Men det var nok fleire enn Anders som ville vera med å arve jordegods etter faren. I skattemanntalet til futen frå 1681 står Anders, Syver og Kiøstol som brukarar av Grekvard med Ljotegard. Samla skyld 2½ hud. Den samdrifta var naturleg nok berre ein overgang. Det må ha enda med at Søre Grekvard vart delt. Syver overtok søre delen som då kom til å bera det gamle namnet vidare. Kiøstol fekk sin del mot Nord-Grekvard, og garden hans fekk då namnet Mellom-Grekvard.
Kva tid det nye delet vart fastlagt og gardane skyldsette, har me ikkje registrert, men avtala mellom Syver og Kiøstol vart fyrst lese på tinget 6. oktober 1690.
Matrikkelen for 1683 har desse opplysningane om den nyutskilde garden: "Grequar mellem - 1 hud. Tiøstell Tosteensøn eyer och bruger med bøxel of.r ald Gaarden 11 skind, och Tosten Grequars bom 1 skind."
Kjøstolv Torsteinson si kone er ukjent men det er nemnt 6 barn:
1) Magnus Kjøstolvson, f. ca. 1662 - jf. 01.01.1721 g.m. Tora Halvorsdotter den 26.10.1709.
2) Daniel Kjøstolvson, f. ca. 1666 - jf. 20.03.1735 g.m. Angjerd Halvorsdotter den 14.01.1697.
3) Ingeborg Kjøstolvsdotter - d. 1710. Ho hadde eit barn dpt. 1698 med Torgeir Bjørnson Lien. Sidan vart ho gift med enkemann Gulbrand Torsteinson Rennehvammen den 27.12.1706.
4) Birgit Kjøstolvsdotter, f. ca. 1667 - jf. 08.06.1726.
5) Torstein Kjøstolvson, f. ca. 1674 - jf. 1704.
6) Helga Kjøstolvsdotter, f. ca. 1680 - jf. 27.02.1718 g.m. Knut Egilson/Igelson Kjemhus den 27.12.1701.
Kjøstolv står i skattemanntalet til futen som brukar frå 1683-1694. Frå 1689 har futen også oversyn over eigarar. Det året åtte Kjøstolv 8 4 /5 skinn, men frå 1690 sit han med heile garden, 1 hud.
Til tinget 20. februar 1686 hadde Jøran Fønstelien teke ut stemning mot Kjøstolv, fordi Kjøstolv ikkje hadde kjørt fram veden hans til Kongsberg. Kjøstolv hadde for ei tid sidan fått 2 dalar for å gjera dette arbeidet.
Men Kjøstolv hadde ei anna forklaring på saka. Kjøstolv sa han hadde køyrt veden, men det hadde ikkje vore råd å få bevis eller setel frå siktmeisteren for leveringa.
Retten kom til følgjande: Kjøstolv måtte innan 4 veker skaffe det nødvendige bevis, og viss ikkje skulle han betale Jøran attende 2 dalar og i tillegg 2 mark i omkostningar.
Dersom det var slik som Kjøstolv sa, syner det vanskar bøndene kunne få i møte med tenestemennene ved Sølvverket.
Ved utgangen av året 1689 var det i alt 15 av bøndene i Uvdal som sto til rest med skatt. På tinget 5. august 1690 fekk dei krav om innbetaling innan "15 dage under nams tvang og 3 lod sølv av hver sikt". Kjøstolv hadde ei skattegjeld på 22 skilling. Om det ikkje var mykje, var det sikkert nok.
Det var mangel på lagrettemenn, og fleire måtte veljast ut. På tinget 15. september 1694 vart i alt 13 mann tekne ut til å gjera lagrettesed til neste Hellig Tre Kongers lagting. Mellom desse var Kjøstolv.
Me kan ikkje sjå at Kjøstolv vart ein mykje nytta lagrettemann. Berre to gonger, i 1700 og 1701, er han registrert.
Etter skattemanntalet til futen tok Daniel over som brukar i 1695 og kom til å sitja med garden like fram til 1726. I 1695 hadde Daniel 9½ skinn og Rønnoug Torsteinsdotter 2½ skinn. 36931
Magnus Grekvar
Husband Magnus Grekvar
Born: Christened: Died: - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Marriage:
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Torstein Magnusson Grekvar 36929
Born: 1610 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36932 Christened: Died: Cir 1676 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36928 Buried:
General Notes: Husband - Magnus Grekvar
Når Grekvard vart delt i to gardar, veit ein lite om. Men sikkert er det at då bygningsskatten til Akershus Festning vart betalt på slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet, var det to menn frå Grekvard som betalte slik skatt. Det må vera fullgodt bevis for to gardar når opplysningar som seinare kjem fram, slår fast det same.
Truleg var det ein og same mannen som betalte bygningsskatten for Søre Gre-kvard i dei åra sjølv om skrivemåten på namnet hans er noko forskjellig. Det står slik: 1593 Eidsteenn, 1594: Edstenn, 1600: Ørstenn og 1604: Østenn. Både Ørstein-Årstein og Østen-Øystein er former me har møtt på 1600-talet, sjølv om dei har vore lite bruka namn i Øvre Numedal.
Magnus Grekvard står i Enevold Kruse si jordbok frå 1615-1616 som eigar og brukar av 1½ hud i Grekvard.
Skattelistene til futen syner at Magnus betalte ulike skattar i åra frå 1618 og fram til 1645. Magnus hadde såleis ei lang styringstid som bonde på Søre Grekvard. Som kommentar står delvis leiglending, men for det meste halvgard. I 1637 var skylda 1½ hud, men for åra 1641-1645 står 1 hud 4 skinn i eigarlistene til futen. Då Magnus betalte skatt til rossteneste i 1643, var det berre for ½ hud. Som me kan sjå, er det ikkje fullt samsvar mellom dei ulike kjeldene.
I 1620 hadde dei på Grekvard ein dreng som heitte Arne. Han betalte skatt av full løn. Kva for ein av gardane han var på, er usikkert.
I 1645-1646 vart det kravd inn ein personskatt som fekk namnet koppskatten. Maugens Grepuar betalte for ein son, si "Quinde" og seg sjølv. Dermed kan ein slå fast at Magnus var gift og hadde familie, men ein kjenner berre til sonen Torstein.
Magnus gav frå seg garden kring 1646-1648. I brukarlistene til futen kjem eit nytt namn opp i 1646. Sewaldt eller Sevat hadde 1½ hud i garden, kommentert med at Grekvard er halvgard.
Matrikkelen frå 1647 har dei same opplysningane. Om dette er ein son av Magnus eller ein som har prøvd å få hand om garden, har me ikkje funne noko sikkert svar på. 36933
Magnus Kjøstolvson Grekvar and Tora Halvorsdotter
Husband Magnus Kjøstolvson Grekvar 36917
Born: 1662 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36918 Christened: Died: dec 1720 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 1. jan 1721 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36930
Father: Kjøstolv Torsteinson Grekvar 36920 Mother:
Marriage: 26. oct 1709 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36930
Wife Tora Halvorsdotter
Born: Christened: Died: - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:
Children
1 F Guri Magnusdotter 22454
Born: 1709 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36930 Christened: Died: 1788 - Presterud, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: may 1788 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 22452Spouse: Daniel Holgeson Presterud 22453 Marr: 2. feb 1733 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 22452
General Notes: Husband - Magnus Kjøstolvson Grekvar
Magnus Kjøstolvson var gift med Tora Halvorsdotter og dei er nemnde med barna:
1) Guri Magnusdotter, f. ca. 1709 - jf. mai 1788 g.m. Daniel Holgeson den 02.02.1733.
2) Nils Magnusson, dpt. 25.09.1713 g.m. Ingeborg Tollevsdotter Bjerkeflåta den 26.05.1747.
I 1711 betalte dei på Mellom-Grekvard skoskatt:
Daniel "af sig og Hustrue og 4 Børn 1 ort 12 s.
En Huusmand Moguns af sig og Hustrue for skoe 12 s."
Etter dette kan det sjå ut som det var ein husmann under Mellom- Grekvard. Det kan det ha vore. Gammal muntleg tradisjon fortel at det skal ha vore ein plass ovanfor tunet oppover mot Lunda, men kven som kan ha budd der, har me ikkje funne svar på. Kanskje var det Moguns eller Magnus? Han må ha vore bror til Daniel. Elles kan ein minne om at på denne tida vart også husmann nytta om ein kårmand, ein som leigde seg hus.
Ole Torsteinson Grekvar and Anna Olsdotter
Husband Ole Torsteinson Grekvar
Born: 1676 14046 Christened: Died: 1714 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 22. may 1714 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046Marriage: Cir 1700 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Wife Anna Olsdotter
Born: 1668 - Husebø, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1728 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 8. aug 1728 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Other Spouse: Simon Halvorson Grekvar 36921 - Cir 1694 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Children
1 F Gunhild Olsdotter 14045
Born: 1701 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 30. jan 1701 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Died: 1762 - Bakke, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: dec 1762 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16454Spouse: Tolleiv Larsson Bakke 16453 Marr: 11. jul 1721 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 16454
General Notes: Wife - Anna Olsdotter
Anne Olsdotter må ha gifta seg opp att straks etter med Ole Torsteinson (f. oml. 1676 - jf. 22.05.1714).
Deira barn var:
a Gunhild Olsdotter, dpt. 30.01.1701 - jf. desember 1763 g.m. Tollev Larsson Bakke den 11.07.1721.
b Tora Olsdotter, dpt. 04.06.1702 - jf. februar 1772 g.m. Torbjørn Torbjørnsson Fønstelien den 24.03.1725.
c Kristi Olsdotter, dpt. 29.09.1703 - d. i tida 1762-1801 g.m. 1) Peder Tovsson Røisland den 21.03.1728. 2) Gunbjørn Gulbrandsson den 25.03.1738.
d Barbro Olsdotter, dpt. 11.10.1705 - jf. 1714.
e Lisbet Olsdotter, dpt. 29.09.1707 - jf. oktober 1756 g.m. Ole Hansson Nørstebø den 26.12.1735.
f Tønni Olsdotter, dpt. 12.01.1710.
g Astrid Olsdotter, dpt. 23.10.1712 - jf. 1714.
Som ein ser, var det berre jenter i denne barneflokken. 36934
Simon Halvorson Grekvar and Anna Olsdotter
Husband Simon Halvorson Grekvar 36921
AKA: Simen Born: 1657 - Mykkestu søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36870 Christened: Died: 1698 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Buried:
Father: Halvor Gisleson Grekvar 36868 Mother:
Marriage: Cir 1694 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Wife Anna Olsdotter
Born: 1668 - Husebø, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1728 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 8. aug 1728 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Other Spouse: Ole Torsteinson Grekvar - Cir 1700 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
Children
1 F Astrid Simonsdotter 14045
Born: Cir 1694 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1730 - Flåta, Nore, Buskerud, Norway Buried: 24. mar 1730 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 14046
2 M Halvor Simonson Grekvar 14045
Born: 1695 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1755 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: feb 1755 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36927Spouse: Ingeborg Pedersdotter 36874 Marr: 15. oct 1754 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
3 M Gunnulf Simonson Grekvar 14045
AKA: Gunulv Born: 1696 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Christened: Died: 1697 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 25. sep 1697 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
4 M Gisle Simonson Ro 14045
Born: 1698 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Christened: 22. may 1698 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046 Died: 1741 - Ro, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 28. mar 1741 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 34383Spouse: Gro Knudsdotter 14039 Marr: 28. sep 1726 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 14046
General Notes: Husband - Simon Halvorson Grekvar
På nytt var det strid om beiteretten "nord på marken". Tore Asbjørnsson som no var brukar på Prestegarden, hadde stemnt Simon, Syver og Kjøstel på Grekvar for tinget 8. april 1689 fordi desse hadde nekta Tore seterbeite. Tore la fram ein 6-mannsdom avsagt på Haranger 12. juni 1628 der det var slege fast: Eigarane på Huseby og presten skulle ha fri drift nordover til seters, inntil dei kunne koma over Lågen til Vestmarken. Dommen hadde vore lese på same ting 22. september 1671. Retten slo nok ein gong fast at partane hadde å rette seg etter den dommen.
Det var ikkje lenger Halvor som representerte Grekvar i striden med Prestegar Det viser at sonen Simen har teke over drifta. Halvor står framleis ført opp i eigarlistene med 2 huder. I brukarlistene 1691-1694 står 1 hud 5 3/4 skinn. Om resten opp til 2 huder står ingenting.
Simen/Simon Halvorson fekk meir å svara for 8. april 1689. Tordis Olsdotter hadde teke ut stemning mot ham, "fordi han hadde besovet hende og lovet hende ekteskap." Etterpå hadde han tydelegvis kome på andre tankar.
Retten dømde slik: Anten skulle Simon gifte seg med henne med det første, eller gje henne ei heiderleg heimgift som vart sett til 100 riksdalar Då skulle han vera fri både henne og underhald til barnet. Men Kongen skulle og ha sitt. Simon vart dømd til 12 riksdalar i sikt, og Tordis fekk 6 riksdalar Me har ikkje funne at Simon gifta seg med Tordis. Han måtte nok ut med 100 riksdalar
Simen Halvorson sitt barn med Tordis Olsdotter:
Ulvhild Simensdotter, f. oml. 1689 - jf. 22.05.1698.
I 1690 tok Simon Halvorson ut stemning for retten i Nore mot Torbjørn Steinson Omdalen frå Videsjorden, for Torbjørn hadde teke i bruk ein plass under Mehus som heitte "Giedschere" (Gjeskoro). Simon påsto plassen skulle tilhøyre borna etter avdøde Halvor Gisleson som pantegods med heimel i eit pantebrev frå 1672. Det vart åstadsak om plassen, men utfallet er ikkje kjent.
Ein av Grekvar-gardane hadde dreng i 1691. Me held på, utan å ha noko bevis, at det var Nord-Grekvar. Drengen heitte Gjermund og er å finne i skatterekneskapen til futen.
Simen må ha gifta seg omlag 1694 med Anne Olsdotter Husebø (?) og dei hadde barna:
a Astrid Simensdotter, f. oml. 1694 - jf. 24.03.1730 g.m. 1) Erik Toreson Bringsrud den 03.01.1717. 2) Gisle Knutsson Flåta i Nore den 18.10.1720.
b Halvor Simenson f. oml. 1695 - jf. februar 1755 g.m. 1) Birgit Nilsdotter Søre Eide den 25.06.1722. 2) Eli Pedersdotter Haugen den 27.12.1733. 3) Ingeborg Pedersdotter, E., den 15.10.1754.
c Gunulv Simenson, f. oml. 1696 - jf. 25.09.1697.
d Gisle Simenson, dpt. 22.05.1698 - jf. 28.03.1741 g.m. Gro Knutsdotter, E., den 28.09.1726.
Simen Halvorson står i åra 1695-1698 som brukar av 2 huder, og sjølv åtte han 1 hud 6 skinn. Angjerd Halvorsdotter åtte 3 skinn. Det same hadde Gunder Åsen. Matrik frå 1698 har dei same opplysningane.
Eit makeskiftebrev frå 11.09.1696, tinglyst 31.01.1698, fortel: Simen Halvorson gjev frå seg 8 skinn i Mykkestu og får att det som syskena hans, Gisle og ei syster, namn er ikkje nemnd, åtte i Nord-Grekvar.
Kven denne søstera var, meiner me å ha svar på. Eit skøyte datert 11. september 1696 frå Daniel Kiøstolvsson til Simon Halvorsson på det jordegodset kona til Daniel hadde i Nord-Grekvar, vart lese på tinget 31. januar 1698. Frå andre kjelder veit me at Daniel var gift med Angjerd, syster til Halvor. Det var såleis arvegods Simen var ute og kjøpte inn att.
I 1699 og 1700 er tala frå eigar- og brukarmanntalet slik: Simen åtte 1 hud 8 2/3 skinn, og Gunder Åsen hadde 3 1/3 skinn.
Ser ein grundig på desse oppgåvene frå 1691-1699, finn ein variasjonar som det er svært vanskeleg å tru har noko med faktiske hendingar å gjera. Det må vera futen som ikkje har vore godt nok orientert til ei kvar tid.
På tinget 22. september 1698 vart det lese eit skøyte datert 6. september 1688 frå Gunder Holden til Gisle Halvorsson på 4 skinn i Nord-Mykkestu og 2 13/14 skinn (må vera 2 3/4 skinn) utan bygsel i Nord-Grekvar. Pris 102 riksdalar
Simen Halvorsson vart ikkje gamal på Nord-Grekvar. Han vart jordfesta i 1698, og det var skifte etter Simen 3. april 1699. Dette er referert i ei sak 3. oktober 1736. 36935
General Notes: Wife - Anna Olsdotter
Anne Olsdotter må ha gifta seg opp att straks etter med Ole Torsteinson (f. oml. 1676 - jf. 22.05.1714).
Deira barn var:
a Gunhild Olsdotter, dpt. 30.01.1701 - jf. desember 1763 g.m. Tollev Larsson Bakke den 11.07.1721.
b Tora Olsdotter, dpt. 04.06.1702 - jf. februar 1772 g.m. Torbjørn Torbjørnsson Fønstelien den 24.03.1725.
c Kristi Olsdotter, dpt. 29.09.1703 - d. i tida 1762-1801 g.m. 1) Peder Tovsson Røisland den 21.03.1728. 2) Gunbjørn Gulbrandsson den 25.03.1738.
d Barbro Olsdotter, dpt. 11.10.1705 - jf. 1714.
e Lisbet Olsdotter, dpt. 29.09.1707 - jf. oktober 1756 g.m. Ole Hansson Nørstebø den 26.12.1735.
f Tønni Olsdotter, dpt. 12.01.1710.
g Astrid Olsdotter, dpt. 23.10.1712 - jf. 1714.
Som ein ser, var det berre jenter i denne barneflokken. 36934
Siul Olson Grekvar and Sønnev Knudsdotter
Husband Siul Olson Grekvar
AKA: Siuel, Siver Born: 1758 - Megarden i Tunhovd, Nore, Buskerud, Norway 36936 Christened: Died: 22. may 1817 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway 36937 Buried: 31. may 1817 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36937Marriage: 31. mar 1792 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36936,36938
Wife Sønnev Knudsdotter
AKA: Synev Born: 1775 - Åsen, Nore, Buskerud, Norway 36936 Christened: Died: Bef 1817 - Grekvar nordre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Events
• Christening confirmation (in church): 3. jan 1775, Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway.
Marriage Events
• Engagement: 9. oct 1791, Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway.
Children
1 F Ragnild Siversdotter 36939
Born: 1800 - Megarden i Tunhovd, Nore, Buskerud, Norway Christened: 9. aug 1800 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36940 Died: - , , , USA Buried:Spouse: Ole Olson Qveta 36152 Marr: 24. jul 1825 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36941,36942
General Notes: Husband - Siul Olson Grekvar
Den 22. mai 1817 døydde "Siul Olsen, Enkemand og Gaardmand paa Nordre Grekvar" 60 år gamal, og vart gravlagd den 31. mai 1817 ved Opdal (Uvdal) kyrkje.
General Notes: Wife - Sønnev Knudsdotter
Den 3. januar 1775 i Opdahl (Uvdal kyrkje) "Confirmered Knud Ejnersen Aasen Datter Synev. "
(Ho var frå Åsen i Dagali.)
Torstein Halvorson Grekvar and Ingeborg Pedersdotter
Husband Torstein Halvorson Grekvar
Born: 1695 36943 Christened: Died: - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried:Marriage: 11. mar 1757 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Wife Ingeborg Pedersdotter 36874
Born: 1703 - Sønsterud vestre, Nore, Buskerud, Norway 36875 Christened: Died: 1777 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: may 1777 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Father: Peder Aslakson Sønsterud Mother: Gunvor Gregardsdotter 20821
Other Spouse: Halvor Danielson Grekvar d.e. 36877 - 14. oct 1729 - Nore kyrkje, Nore, Buskerud, Norway 36878
Other Spouse: Halvor Simonson Grekvar 14045 - 15. oct 1754 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36876
Children
Had no children
Torstein Magnusson Grekvar
Husband Torstein Magnusson Grekvar 36929
Born: 1610 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36932 Christened: Died: Cir 1676 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36928 Buried:
Father: Magnus Grekvar Mother:
Marriage:Events
• Probate: 21. apr 1664, Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway.
Wife
Born: Christened: Died: Buried:
Children
1 M Kjøstolv Torsteinson Grekvar 36920
Born: 1637 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway 36928 Christened: Died: 1709 - Grekvar søre, Uvdal, Buskerud, Norway Buried: 31. mar 1709 - Uvdal kyrkje, Uvdal, Buskerud, Norway 36918
General Notes: Husband - Torstein Magnusson Grekvar
Frå 1649 står Torstein Magnusson både som eigar og brukar av 1½ hud. Like fram til 1672 betaler han fyrst kontribusjonsskatt og seinare landskatt. Spør nokon kvar Torstein var dei åra Sevat sat med garden, er svaret på kyrkjegodset Krossgar-den. Der var han brukar i 1647.
Frå året 1657 har me ei oppgåve over husdyrtalet rundt om på gardane. Kveg-skatten som vart rekna ut etter kor mange dyr bøndene hadde, gjorde ei dyretelling nødvendig. Det førte faktisk til at ein fekk dyretelling før ein fekk folketelling her i landet. Torstein Grekvard med Krossgarden hadde 1 hest, 13 storfe, 3 geiter og 12 sauer. Ein gild buskap.
I 1657 betalte Torstein skatt til rossteneste for 1½ hud i Grekvard og ½ hud i Vikan. For 1659 var tala 11 skinn i Grekvard og 1 hud i Vikan. På desse to åra har Torstein minka skylda si i Grekvard, men auka henne i Vikan.
Frå 1661 har me relativt sett gode opplysningar over alt jordegods i landet gjennom ei registrering gjennomført av den kongleg oppnemnde landkommisjo-nen. Om Grekvard halvgard står: "Tosten paaboer, schylder 1½ h. 4 skind. Der aff sielff eigende 11 skind med bøxel. Hans Moder 8 skind och Hald Kield Killingsdahl 3 skind. Til fields vden herlighed. Bonden bøxel."
Hald Kield må vera Halkjell. Når han hadde 3 skinn i Grekvard, ligg det opp i dagen å tru at han hadde fått dette som arvegods med kona si, anten ved at ho var der ifrå, eller ved at ho hadde fått det som arvegods frå velståande foreldre. Mor til Torstein hadde 8 skinn. Det er opp mot halve skylda på garden. Torstein har meir enn ein brorlut, noko som tyder på at han har løyst inn gods frå søsken.
Jordregisteret frå 1661 syner også at Torstein hadde 1 hud med bygsel i Søre Vikan. Der hadde han brukar. I åra 1661-1663 betalte han odelsskatt av denne skylda i Søre Vikan. For 1661 betalte han også på vegner av mor si for 8 skinn. Kanskje har ho vore frå Vikan?
I 1668 betalte Torstein odelsskatt av 4 skinn frå Sønstebø. Halkjell Kyllesdal hadde sine 3 skinn i Grekvard frå 1661 og minst fram til 1672.
Torstein Magnusson hadde minst 5 barn og truleg med to koner:
1) Kjetil Torsteinson, f. ca. 1634 g.m. Torgund Olsdotter 1655-60.
2) Anders Torsteinson, f. ca. 1643
3) Oluf Torsteinson, d. på Kongsberg 1663.
4) Kjøstolv Torsteinson
5) Syver Torsteinson, f. ca. 1649 - jf. 29.09.1714 g.m. Gro, enke etter Svein Gunderson Holden før 1684.
Anders må ha vore i arbeid heime på garden i 1663. Det året betalte han drenges-katt. Åra etter, frå 1664-1667 betalte Kiøstolv slik skatt.
Ein stad står det at Oluf Torsteinson var halvbror til Syver.
Sannsynlegvis i slutten av 1663 eller straks på nyåret 1664 døydde den fyrste kona til Torstein, og han held skifte med barna sine 21. april 1664. Tinglyst 15. februar 1668.
Frå skattemanntala til futen i 1664 og presten i 1664 og 1665 får me fram desse opplysningane: I 1664 står Grekvard med Ljotegard. Skylda er 1 hud 10 skinn og 8 skinn. Torstein er oppsittar, alderen varierar frå 50 til 59 år. Av søner står Anders 20 år og Kjøstol 19 år. Anders står som brukar av Ljotegard.
I 1665 står Ljotegard for seg, og då med Kjøstolv som brukar.
Frå 1668 har me ein matrikkel med desse opplysningane: "Grequar Søndre, schyld 1 hud 10 schind. Taxeret for 15 lpd. Thiende och leding 20 s. Ligger til fields, och haffer ingen nøttig Lacte Schouff. Bønderne Eyer med Bøxell."
På denne tida budde i Nord-Mykkestu ein mann som heitte Nils Kittilson, noko av ein villstyring og vanskeleg kar. På tinget 9. februar 1667 kom det fleire klager på Nils, blant andre frå Torstein. Hausten før hadde Nils truga til seg ei kyr frå kona hans Torstein, ho Rønnoug Olufsdotter. Om dette vart det slutta forlik. Til neste haust skulle Nils levere kyra attende og betale ei høveleg leige.
Dette må bety at Torstein hadde gifta seg att med Rønnoug Olufsdotter, kanskje frå Sønstebø. Det er uklart om dei hadde barn.
Det har på 1600-talet vore strid mellom Grekvard og gardane nedanfor, både Lien, Huseby og Prestegarden. På tinget 22. september 1671 let lensmann Ole Huseby lesa eit arveskiftebrev og ein 6-mannsdom, datert 17. juli 1628, som galdt "gressgange og sommerbeite" mellom hr. Nils og Grekvard-gardane. Det var rett til drifteveg og hamn i utmarka for gardane nedanfor det sto om.
Til tinget 14. januar 1673 hadde futen teke ut stemning mot Torstein Grekvard fordi han i 4 år ikkje hadde betalt odelsskatt av 4 skinn i Mellom-Sønstebø. Futen la ned påstand om at godset "skulde være forbrudt mot kronen", men dette fråfalt han då det enno ikkje hadde vore skifte. "Dessuten beveget dertil på grunn av innstevntes fattigdom og godtfolks forbønn." Slik står det i adv. Heber sitt samandrag om Sønstebø. Dette høver godt med at Rønnoug var frå Mellom-Sønstebø eller Øvre Nore.
I futen sitt skattemanntal for 1677 står som brukarar av garden: "Enchen och Anders". Det vil seia at Torstein Grekvard må ha gått bort seinast i 1677.
Frå 1679 har me eit godt oversyn over dei ulike skattane som bøndene måtte betale. Der står for Grekvar med Liøttegaard ødegaard, 2½ hud:
"Gaardeskatt3-0-12 (dir. ort sk.)
Smør og Kiødskatt0-1-01
Rosstieneste0-3-18
Veimesterpenge0-0-04
I alt4-1-11
Kiøstel Grequar hafr betalt ved sit arbeide til Sølfverket 2 rdlr. 17 s. Siul Grequar Rester den halfue skat, er betalt i Sølfverks arbeide 2 rdlr. 18 s. Ydermeere betalt høe og karnskatt 1 rdl. 1 ort 12 s."
Etter kvart vart det nok fleire av brørne til Anders som ville ha eit ord med i laget. Det syner skattemanntalet til futen frå 1681 der Anders, Syver og Kiøstol står som brukarar av Grekvard med Ljotegard, skyld 2½ hud.
Syver betalte odelsskatt av 3½ skinn i Søre Grekvard, og Torkild Sønstebø vart likna for 2 skinn. Dette må vera teikn på at skifte har skjedd utan at me har funne det registrert.
Fleire gonger i åra 1682-1690 kan ein sjå at Tosten Grequars Børn betalte odelsskatt av jordegods i S. Grequar. I 1686 står 4 skinn, før og etter er talet 2.
Som me no veit, hadde Torstein både Søre Grekvard og Ljotegard. Men han hadde også mange søner. Då Torstein gjekk bort, må Søre Grekvard ha blitt delt. Syver overtok "søre" delen av Søre Grekvard, og Kiøstolv fekk sin del lengst "nord". Garden til Kiøstol fekk namnet Mellom-Grekvard. Dette kjem fram i ma-trikkelen frå 1683 som no har 3 gardar under Grekvard. Om søre garden finn me: "Grequar So. -1 hud. Siuer Tostensøn eyer och tiruger med bøxell af. ald Gaarden 11 skind og Tosten Grequars børn 1 skind."
Når det står Tosten Grequars børn, må det vera meint dei av barna som ikkje fekk jord med bygsel, det same som med bruksrett. 36944
Hans Ivarson Grette and Mari Ingebretsdotter
Husband Hans Ivarson Grette
Born: 1716 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 12. jan 1716 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 437 Died: 1772 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 3. nov 1772 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
Father: Iver Jonson Grette Mother: Anna Hansdotter
Marriage: 15. nov 1742 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 438
Wife Mari Ingebretsdotter
AKA: Marj Born: 1721 - Flater, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 12. oct 1721 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway Died: 1771 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 29. dec 1771 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
Father: Engebreth Jonson Mother: Live Toresdotter
Marriage Events
• Engagement: 14. oct 1742, Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway.
Children
1 F Anna Hansdotter
Born: 1744 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 27. sep 1744 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1744 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 11. nov 1744 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
2 F Anna Hansdotter
Born: 1745 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 28. nov 1745 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1754 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 3. oct 1754 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
3 M Ivar Hansson
AKA: Iver Born: 1747 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 15. oct 1747 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: Buried:
4 F Maria Hansdotter
Born: 1749 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 23. nov 1749 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: Buried:
5 M Lars Hansson Grette
Born: 1752 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 30. apr 1752 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1752 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 24. jun 1752 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969 Status: Twin
6 M Hans Hansson Grette
Born: 1752 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 30. apr 1752 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1753 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 6. jan 1753 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969 Status: Twin
7 M Thore Hansson Grette
Born: 1754 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 23. jun 1754 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1755 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 14. sep 1755 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
8 F Anna Hansdotter
Born: 1756 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 29. sep 1756 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: Buried:
9 M Hans Hansson
Born: 1758 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 19. nov 1758 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: Buried:
10 F Liva Hansdotter
AKA: Live Born: 1761 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 21. jun 1761 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: Buried:
11 M Ingebret Hansson Grette
AKA: Jngebreth Born: 1762 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 21. nov 1762 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1791 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 4. dec 1791 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway
12 F Karj Hansdotter
Born: 1765 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Christened: 21. jul 1765 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3968 Died: 1765 - Grette, Røyken, Buskerud, Norway Buried: 16. oct 1765 - Røyken kyrkje, Røyken, Buskerud, Norway 3969
Home | Table of Contents | Surnames | Name List
This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)