Plomme

Startside Opp Bringebær Eple Hageblåbær Jordbær Mini Kiwi Plomme Søtkirsebær

 

Plommer
Av Olav Sørum, Indre Sogn Forsøksring

 

Artikkelen tek føre seg norske plommesortar, både handelssortar og sortar til privathagen. Også eldre sortar er tekne med, med tanke på dei  som framleis har sortane i eigne hagar.  Her er også oversyn over høvelege pollensortar. Dessutan omtalar artikkelen skadedyr, soppsjukdomar og andre viktige skadegjerarar, samt gjødsling og skjering

 

Innleiing

Plomme er den viktigaste fruktarten i Noreg etter eple. I medel produserast det omlag 15 000 tonn kvart år. Omlag tre fjerdedeler av dette vert produsert i privathager. Ei årsak til at dyrking av plomme er så populært i privathagane, er at plomme er lite utsette for sjukdomar og skadedyr.

 

Eit av dei største problema med plommedyrkinga er at mange sortar er lite vinterherdige, noko som kan føre til omfattande vinterskadar, sjølv i det som normalt vert rekna som gode fruktstrok. Dette er nok hovudårsaka til at ein finn heile 75 % av handelsdyrkinga av plomme i dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

 

Sortsgrupper

Til vanleg vert plommesortane delt inn i grupper, der det mest vanlege er inndeling etter botanisk opphav, men også på grunnlag av andre kriterier. Dei seinare åra er det skjedd mykje innblanding gruppene imellom, slik at det no ofte er vanskeleg å finne fram til kva gruppe ein sort høyrer til.

 

Domestica-gruppa (oppkalla etter Prunus domestica) vert rekna som den mest vanlege, og dei fleste finn vi i denne gruppa. Mange reknar at opphavet til denne gruppa kan ha vore artskrysning (hybridisering) mellom slåpetorn (Prunus spinosa) og kirsebær-plomme (Prunus cerasifera).

Kirsebærplomme
(P. cerasifera) har fått namnet etter forma på plommene, som liknar på kirse-bær. Stundom vert dei og omtala under namnet Myrobalan (av enkelte feilaktig kalla mirabellar). Dei blømer normalt svært tidleg, men er lite dyrka hos oss, vesentleg p.g.a. dårleg kvalitet. Dei mest kjende sortane er "Magda Jensen" og "Extra Early Cherry".

 

 Magda Jenssen

Extra Early Cherry

Mirabellar
høyrer til gruppa Prunus insititia. Fruktene er sterkt gule eller gulgrøne og små, under 10 gram for dei fleste sortane. Dei slepp steinen lett, har ein svært god kvalitet, og høver godt til hermetisering, syltetøy og friskkonsum.

"Mirabelle Precoce" er av dei tidlegaste. " Mirabelle Petite" er noko seinare og er ein av dei


Mirabelle Precoce

 

  Mirabelle de Nancy

beste sortane vi har prøvd her i landet. Trea blir medels store og ber rikt. "Mirabelle de Nancy" er også aktuell, men modnar relativt seint


Salicina-plommer
(Prunus salicina) har kraftigveksande tre med karakteristiske lange, smale blad. Fruktkjøtet er svært saftig, laust og ofte lite aromatisk, og det losnar ikkje frå steinen.

 

Ingen av dei 4 sortane som er presentert her slepp steinen.


"First"
er sjølvsteril, gulgrøn og tidleg



 


"Methley"

har blåraude frukter, ofte med ein del dogg og fruktkjøtet er godt gjennomfarga. Dei er delvis sjølvfertile, blømer svært tidleg og er dei mest aktuelle av salicina-plommene. Svært populær ved torgsal og liknande.


"Beauty" er lys raud til mørkraud, sjølvsteril og blømer tidleg.

 


"Shiro" er den største av desse sortane og har ei middelvekt på 42 gram. Dei største fruktene kan bli over 100 gram. "Shiro" ikkje reknast ikkje for å vera særleg aktuell.

 


Reine Claude-sortane, ofte rekna som ei eiga gruppe
, og ein meiner desse har sitt utspring etter krysning av P. domestica x P. insititia.


Reine Claude d’Oullins (Oullins)

 


Reine Claude Noir

 


Reine Claude Grøn

 


Svisker

vert også rekna som ei eiga gruppe, men er kanskje like naturleg å rekna med til domestica-gruppa. Desse plommene er veleigna til tørking, og var tidlegare ei aktuell gruppe i Norge. Det er for tida svært lita interesse for desse hos oss.


Dei mest aktuelle sortane var :

 



Eksperimentalfeltets sviske

 



Ungarsk sviske

 

Sortoversyn andre plomesortar

Mange av desse sortane, særleg av dei medels seine og seine, har god til svært god etekvalitet. Problem med avlingsmengd, ujamn kvalitet i kjølege somrar, eller at dei vert lett skadde under sal og transport, gjer at mange av desse sortane ikkje eignar seg i handelsplantingar. I privathagen er mange av dei framleis svært aktuelle. Eit problem som gjeld mange av dei, er at det er vanskeleg å skaffe reint, virusfritt materiale.

 


Magda Jensen:

Framkomen i Danmark. Høyrer til gruppa "Kirsebærplommer" (Prunus cerasifera).
Svært tidleg, med mørkeraude, små frukter med relativ svak etekvalitet.

Ruth Gerstetter:
Tysk sort (Czar x Bonne de Bry). Medels sterktveksande tre. Toler lite frost. Sjølvsteril. Er planta fordi den er tidleg, og ikkje fordi den er god. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet. Plommene er grovfibra med syrleg smak og relativt lite aroma. Ofte sjukelege tre som har hatt kort levealder. Til vanleg små avlingar med ujamn modning på frukta og dermed lang haustetid. Sorten har lett for å rotne. For mange dårlege eigenskapar.

 

Extra Early Cherry:
Stammar truleg frå Amerika.
Dei fyrste plommene modnar tidleg, men ein stor del modnar medels tidleg og nokre til dels seint. Små, blodraude plommer med svak kvalitet. Sorten har større verdi som prydplomme enn som matplomme. Blømer svært tidleg og rikt. ("Kirsebærplomme").

 

Herman:
Svensk sort (Czar x Ruth Gerstetter). Medels stort tre, lite herdig. Medels tidleg bløming. Godt pollen og sjølvfertil. Modnar omlag samstundes med "Ruth Gerstetter". Treet er friskt og er lite utsett for sjukdomar. Treet har svært gode vinklar på greinene og frukta modnar jamt. Frukta losnar lett frå steinen, er saftig, nesten blaut, ofte med lite smak og aroma. Tydeleg mindre sukkerinnhald enn andre tidlege sortar. Fleire gode eigenskapar, men er lite aktuell bortsett frå på dei aller tidlegaste stadane.

 

Gilbert:
Frå Balsgård i Sverige (Ontario x Ruth Gersetter). Medels stort tre, lite herdig, blømer tidleg. Blå plomme med godt pollen, og er sjølvfertil. Skalet er svært seigt medan fruktkjøtet blir blautt. Kjøtet losnar ikkje frå steinen. Fruktene fell lett av trea, ofte før dei er modne (svært mykje nedfall). Etekvaliteten er god, men sorten er likevel lite aktuell.

 

Sanctus Hubertus:
Belgisk sort, til NLH i 1978. Blå plommer, modnar ca. 15. august. Ujamn modning, og krev hausting 2-3 gongar. Oftast (altfor) store avlingar. Plommene fell lett av trea. Kan vera aktuell p.g.a. jamne og gode avlingar. Brukbar kvalitet om ein tynnar godt.

 

Rivers Early Prolific:
Frå planteskulen T. Rivers i England i 1834 (Precoce de Tours x ?). Tidleg og svært fruktbar sort. Treet er lite til medels stort og stagnerar ofte tidleg i veksten p.g.a. store avlingar. Frukta er lita til middels, mørkeblå, men sterkt blådogga som gjer at den verkar lyseblå. Kvaliteten sterkt nedsett om den vert hausta for tidleg. Mykje problem med plommepung, litt med monilia. Bra kvalitet og slepp steinen lett dersom den får modne ut, og  må haustast i fleire omgangar. Blir lite angripen av dompap. Tidlegare ein av våre mest dyrka handelssortar, men er no i sterk tilbakegang p.g.a. manglande storleik og kvalitet. Framleis aktuell som privathagesort.

 

Prune Peche:
(”Papp-plomme”) Usikkert opphav, mest truleg frå Frankrike eller England. Stor og fin plomme, med ein gyllen og tiltalande farge. Gult fruktkjøt, grovt og fast, men med ein syrleg, litt snerpande smak og lite aroma. I gode somrar vert dei største fruktene gode, men jamt over er kvaliteten for dårleg.

 

Magna Glauca:
Frå Max Planck-instituttet i Tyskland. Skulle vera ei lovande tidlegplomme, men modnar om lag samstundes med d’Oullins. Frukta modnar ujamt og avlingane har vore middels til små. Brukbar sort, men har neppe nokon framtid hos oss.

 

Czar:
(Prince Engelbert x Rivers E. Prolific).  Namngitt i 1875 til ære for tsar Aleksander II som besøkte England. Svært riktberande, årviss og ganske hardfør. Sjølvfertil. God tynning er nødvendig. Problem med dårleg kvalitet ved for tidleg hausting. Plomma må vere heilt blå ved hausting for å få brukbar kvalitet. For tidleg hausta og utynna Czar har på det næraste øydelagt marknaden for den. Mykje utsett for soppsjukdomar m.a. monilia, noko som er ein av hovudgrunnane til at ho er på veg ut. Middels sterktveksande.

 

Blue Rock:
Frå Rivers i England, og vart rekna som ein erstattar for R.E. Prolific då dei m.a. er noko større enn desse. Brukbar kvalitet, sjølv i kjølege og våte år. Treet har vist seg serleg hardført og er kanskje ein sort for litt høgareliggjande dalstrok. Sjølvfertil. Plommene sprekk lett i regn. Ikkje av dei mest lønsame i handelsdyrkinga, og vart aldri den ”arvtagaren” etter R.E. Prolific som mange hadde forventa, men som privathagesort kan den nyttast i staden for denne.

 

Sigrid:
Lokalsort frå Ytre Ryfylke. Modnar omlag på same tid som Opal. Velforma, friske tre med gode greinvinklar. Moderat vekst. Gul plomme med raud dekkfarge. Frukta vert noko syrleg, særleg etter dårlege somrar. Etter gode somrar med god uttynning er kvaliteten svært god. Frukta er litt mindre enn Opal og trea er ikkje fullt så yterike som denne, men treng også god tynning dei fleste år. Skinnet er tynt og løyser seg lett opp om det vert vått etter hausting. Sigrid er av den grunn lite eigna som handelssort. Dette er absolutt ei kvalitetsplomme som bør dyrkast meir av som privathagesort.

 

Reine Claude d’Oullins (Oullins):
Av mange rekna som vår beste eteplomme. Frøavkom av vanleg Reine Claude frå Coligny i Frankrike. Kjem relativt seint i bering og har kraftig og opprett vekst. Med forming og nedbinding (lite skjering) kan ein få trea noko tidlegare i bering, særleg der ein har godt klima. Sorten blømer relativt seint. På lett jord får ein den finaste fargen og her kan ein også få litt losning av steinen. Meir blass farge og dårleg losning av steinen på tyngre jord og i gråver. Tidlegare ein av hovudsortane i Noreg, men får lett flekkar og skade under vanleg omsetning. Godt utvikla Oullins er svært gode plommer, og for desse vil der alltid vera ein marknad. Dårleg utvikla/utynna Oullins har lett for å gjere sorten upopulær ("vassplomme"). Sorten må som regel tynnast for å gi god kvalitet. Krev god lystilgang. Raude mutasjonar finst, men har ikkje "slege gjennom".

 

Reine Claude Noir:
Kjent i Noreg frå omkring 1914, men opphavet er ukjent. Treet er relativt småvakse med litt hangande greiner. Mørke, brunraude plommer, modnar først i september. Litt grovt kjøtt, ikkje heilt saftig men bra aromatisk. Plomma har ein særeigen smak, noko som gjer at ein likar eller ikkje likar frukta. Frukta duftar sterkt. Sorten gir jamne og gode avlingar, og relativt store plommer.

 

Emil:
Frå Alnarp i Sverige (Jefferson x Althanns). Middels stort tre som blømer middels tidleg, truleg delvis sjølvkompatibel. Normal hausting ca 10.september. Berre aktuell i privathagen i dei beste fruktstroka på Vestlandet. Får lett noko svak kvalitet, og slepp då steinen dårleg. Ein noko dyster og gulgrøn grunnfarge med ein ”tung”, blåraud dekkfarge i flekkar og punkt. Fast, nesten litt ”sprøtt” fruktkjøt. Emil er ved god utvikling ei svært god eteplomme, men skalet er svakt og toler lite handtering. Plommene har lett for å falle av når dei nærmar seg modning. Aktuell i privathagen i dei beste fruktstroka.

 

Ive:
Frå Balsgård i Sverige. Avkom etter Althanns, fritt pollinert. Herdige tre, blømer tidleg. Normal modning ca. 10.september. Sannsynlegvis sjølvsteril. Kvaliteten kan bli brukbar i dei beste fruktstroka på Vestlandet, men når ikkje opp mot dei beste på denne tida. Viktig at frukta ikkje vert hausta for tidleg. Avlingane ser ut til å vere svært bra. Frukta er raudfiolett med gulbrune skalpunkt. Skalet er tjukt og fast og toler svært godt transport. Haustetid mellom Oullins og Althanns.

 

Althanns: Frå Bøhmen ca 1860, etter frø av Reine Claude. Relativt sterktveksande tre med opprett vekst. Ber jamt og årvisst ved godt stell og god skjering. Frukta er stor, rund og har ein vakker utsjånad og ein svært god kvalitet. Svært avgrensa dyrkingsområde. Sorten sprekk svært lett i regn når det nærmar seg hausting. Dette er nok viktigaste årsaka til at sorten har gått ein del tilbake i dyrkingsomfang dei seinare åra. Smaksmessig ein av dei aller beste, og framleis svært aktuell i privathagen.

 

Yakima: Frå ei frøplante som vart funne tilfeldig i Washington i 1902. Svært store, litt syrlege frukter, som slepp steinen lett ved god utvikling. Skalet er seigt og litt beiskt, fruktkjøtet er saftig og svært velsmakande. Frukta har ein tiltalande raud-orange farge. Middels til små avlingar. Framleis litt aktuell i privathagen i gode fruktstrok for dei som ønskjer litt store plommer.

 

Prinlew:
Gamal amerikansk sort frå Portland, Oregon. Avkom etter Italian Prune x Bradshaw, og vart frigitt i 1923. Også (feilaktig) ein periode omtala som Printlou. Sorten har svært store frukter, men smak og konsistens er ikkje god nok. Vert noko nytta i foredlinga på grunn av dei store fruktene.

 

Reine Claude Grøn:
Ein av dei eldste sortane i fruktdyrkinga (før 1650). Har svært god smak, men usikker avkastning. Lite lønsam i dyrking. Mange variantar som liknar, men av dårlegare kvalitet. Sorten sprekk lett i regnver. Best eigna i privathagen i gode fruktstrok.

 

Cox`s Emperor:
Gamal engelsk sort kjend frå kring 1785. Kvaliteten kan vera bra, men er som regel meir medels. Modnar omlag samstundes med våre kvalitativt betre sortar. Toler haustregnet utan å sprekke. Lite aktuell, for dårleg fruktkvalitet.

 

Washington:
Framkomen i Amerika, truleg frå frø av Reine Claude. Ei av dei beste kvalitetsplommene våre. Storfrukta, rund, grøngul - litt raudflamma plomme. Noko blaut fruktkjøt. Toler dårleg transport. Sjølvsteril. Framleis aktuell i privathagen i gode fruktstrok for dei som ønskjer litt store plommer.

 

Hackman:
Sorten har namnet frå Sverige etter presten Gustav Hackman, men opphavet er uvisst. Kraftigveksande tre, opprett vekst dei fyrste åra. Sein bløming. Treet er hardført, riktberande og årvisst. Stor stripa gulgrøn frukt med eit sterkt skal. Litt grov i kjøtet, saftig med ein viss aroma. Tidlegare ein av dei beste og sikraste sortane etter Victoria i dei beste plommedistrikta, men det er no minimal dyrking av sorten.

 

Kirke:
Framkomen i England kring 1830, og har namn etter han som spreidde den. Opphav ukjent. Viktig sort i Danmark, men vert stort sett for sein hos oss, sjølv i dei beste fruktstroka.

 

Jefferson:
Frå Albany, New York. Ala fram av ein domar ved namn Buel. Kan nå bra kvalitet i gode år i dei beste fruktstroka våre, men må som handelssort normalt reknast som altfor sein hos oss. Sidan den har god etekvalitet i gode år, kan den nyttast i privathagen i gode fruktstrok.

 

 

Dei einskilde sortane (Etter modningstid)

 

Hovudsortar

Edda: (Czar x Prune Peche?)
Kryssa fram på SFL Njøs og har gitt avling frå slutten på 50-talet. Blømer omlag samstundes med Opal. Sjølvsteril, men har godt pollen. Treet veks sterkt dei fyrste åra, og forming av trea på eit tidleg stadium er viktig. Trea får lett snaue greinparti dersom ein ikkje skjer godt tilbake. Dette er viktig å passe på, særleg etter åtak av dompap. Frukta er medels til stor, brunraud til mørk blå. Steinen losnar lett frå fruktkjøtet som er gult og fast, med ein søt, aromatisk smak.

Fruktene heng godt på treet (også etter at dei er modne). Svært god kvalitet, og er ein av dei få sortane som gir god kvalitet ved ettermodning. Vert rekna som lite vinterherdig. Utsett for åtak av dompap, som plukkar vekk blomsterknoppane. Veleigna både til handelsdyrking og til privathagen. Hovudsort: Tidleg


Edda

 

Opal: Svensk sort frå Alnarp (d’Oullins x Rivers E. Favourite?)
Treet er middels kraftigveksande. Treet blomstrar relativt tidleg, har godt pollen og er sjølvfertil. Frukta er middels stor og fargen varierer mykje med avlingsmengd og fruktutvikling. Sorten kjem tidleg i bering og ber årvisst. Tynning er nødvendig dei fleste år dersom kvaliteten skal bli god. Sorten er raskt blitt ein av våre 4 hovudsortar. Opal er ein av våre mest hardføre plommesortar, og er også ein av dei beste pollensortane.

 


Opal

Mallard:
Frå planteskulen T. Rivers i England. Opphavet til sorten er ukjend. Treet er middels kraftigveksande med ei opprett og samantrengd kroneform. Vanskeleg å skjera og forma. Sjølvsteril, men har godt pollen. Frukta er av medels storleik, litt oval, oftast med ein blåraud dekkfarge i striper og flekkar. Kvalitet god - svært god. Trea ber jamt og årsikkert. Plommene kan haustast relativt lite modne og likevel utvikle bra kvalitet. Svært viktig eigenskap ved lang transport.

 


Mallard

Victoria:
Framkomen i England kring 1840. Ein av hovudsortane i Noreg. God tynning heilt avgjerande for eit godt resultat, og frukta bør ikkje haustast for tidleg. Stor, vakker og god plomme i god utvikling men mykje av det som blir marknadsført i dag er for dårleg utvikla og lite tiltalande. Særleg gjeld dette ein del privat omsetning. Relativt små tre, men veks bra dei fyrste åra. Sjølvfertil, godt pollen. Sterk skjering ynskjeleg, m.a. for å få god storleik på plommene. Greinene er møyre, og med store fruktmengder har dei lett for å brotne. Dei siste åra har det vore ein del problem med gummiflod på sorten, utan at ein har funne hovudårsaka til dette. Det er funne nokre mutantar med rundare form, og desse ser ut til å vera noko mindre utsett enn Victoria. Victoria ”Nå” vart funne på garden Måkestad i Hardanger tidleg på –80 talet. Avlingane er noko mindre enn Victoria, men dei modnar om lag samstundes. Sorten har og noko meir hangande greiner. Victoria ”Oma” er ein annan variant, også med rundare frukter og mindre gummiflod enn Victoria.


Victoria

Reeves:
Modnar om lag som Victoria eller litt etter. Sorten vart introdusert i Canada kring 1940, og er avkom etter fritt pollinert Prune Peche. Sorten kom til Noreg kring 1980 og har fleire positive eigenskapar. Plommene er raudorange, nesten runde og svært store, nesten som små nektarinar. Dei er svært tiltalande å sjå på og er svært lett å selja. Ho slepp steinen lett og sprekk lite i regn. Smaken er god, nokre år kanskje litt i svakaste laget, særleg i år med store avlingar. Nokre år har det vore små avlingar, truleg på grunn av manglande pollinering. Noko av årsaka er at sorten blømer seint, gjerne seinare enn andre sortar dei åra blømingstida dreg litt ut. Reeves er sjølvsteril, og Victoria, Excalibur og Opal kan høve som pollensortar (samt Althanns eller Oullins?). Treet ser ut til å vera herdig, er velforma med medels til sterk vekst. Treet har ei tett krune og dannar lett fruktgreiner. På kraftig jord vert det gjerne vel mykje vekst og lite avling, særleg dei fyrste åra. Av denne grunn bør noko skrinnare jord nyttast der dette er mogleg. Sorten er normalt lite utsett for åtak av dompap. Dei som får til dyrkinga av sorten (avling, storleik og kvalitet) bør kanskje ha denne som ein av dei seine hovudsortane.

 


Reeves

Jubileum:
Sorten modnar 3 – 5 dagar etter Victoria. Plommene er raudfiolette og ovale. Sorten er yterik, men det er viktig å tynne for å få god storleik og kvalitet, men også for å unngå sjukdomen gul monilia, som Jubileum er noko utsett for. Det er vanskeleg å finne rette haustetida for denne sorten. Ein bør la frukta henge lenge nok på til å oppnå storleik og smak. Heng dei for lenge på, vert dei lett brune inni under transport/omsetning. Jubileum vert rekna som delvis sjølvfertil, men det vil vera ein fordel med Opal eller Victoria som pollensort.

Veksten på trea er noko sterkare enn hos Victoria, og trea er lett å forme. Sorten har fått noko innpass som ein sein hovudsort ved sidan av Victoria, men ein bør kontakte fruktlageret sitt før ein plantar meir av denne sorten.

 


Jubileum

 

Skjering
Ein finn mykje som er felles i grunnreglane for skjering av dei ulike fruktartane. For fruktdyrkaren er det viktig å kjenne reaksjonsmåten på sortane han dyrkar for å velge rett skjerings- og formingsmåte. Felles for alle er at det skal godt med lys til for å få fram sterke blomsterknoppar, derfor er det viktig å tilpasse skjeringa etter tilvekst. Dette gjer at ein på sterktveksande tre bør vurdere om hovudskjeringa kanskje bør skje i vekstsesongen, frå avblomstring eller seinare, medan ein på svaktveksande tre kanskje bør skjere mest i vinterhalvåret, på dei yngste trea gjerne fram mot knoppsprett.

 

For skotvekst reknar ein gjerne med nokre viktige reglar:

1.       Like store greiner plassert i same høgd og med same vinkel til midtstamma, vert normalt jamnsterke i veksekraft.

2.       Dess meir opprett veksten er på ei grein (spissare vinkel til grunnstamma) jo sterkare vekst får ho.

3.       Av to greiner som er like store, vil greina som sit øvst oppe på stammen ha sterkaste vekstkraft.

4.       Av to greiner plassert i om lag same høgd på midtstamma, vil den kraftigaste/tjukkaste ha sterkast veksekraft.

5.       På to greiner som er like store, vil sidegreina som sit nærast stamma ha sterkast veksekraft.

 

For å oppnå eit godt resultat av skjerings- og formingsarbeidet hjelper det godt å vite korleis treet reagerer på ulike inngrep, og tidspunktet for desse. Ikkje alle greiner og knoppar vil reagere likt med omsyn til bryting og vekst. Ein vil få ulike effektar etter kva inngrep ein gjer.

 

På ei grein vil aukande vinkel i høve til vertikalplanet redusera skotveksten og dermed auka blomsterknoppdanninga og dermed også fruktmengda. Ein må vera merksam på at på mange plommesortar vil greinene søke rett tilvers etter nedbindinga, evt. at skot som bryt inne ved stamma eller ute på greina veks rett opp. Å bøye ned greiner på plomme må skje med varsemd då desse har lett for å flakne av. Har ein mange greiner med spisse vinklar øvst på dei unge trea bør ein vurdere nedbinding mot stamma og over på motsett side. Dette gir sterke greiner der belastninga vert på greina og ikkje ved greinfestet. Ein kan sjølvsagt også skjera vekk nokre av greinene, men det kan ofte gje altfor sterk nyvekst i toppen. Dette gir for tette tre, kraftigare vegetativ vekst, og dermed mindre avling.

 

Er det mange kraftige greiner på plommetrea, kan ein skjera desse skota tilbake om sommaren når dei er blitt 50 – 70 cm. Dette vil redusere den vegetative vekst og auke blomsterknoppdanninga.

 

Skal ein oppnå store avlingar og store frukter, er det viktig at ein prøvar å utnytte kraftige greiner med god lystilgang. Små, svake og tette greiner med dårleg lystilgang gir ikkje kvalitetsfrukt. Ved å fjerne ein del av slike greiner, kan ein redusere litt på tynninga.

 

Andre viktige ting ved skjeringa:

1. Byggja opp spesielle kroneformer.

2. Stimulera skotvekst

3. Betre lystilhøva i krona.

4. Regulera fruktmengda.

5. Auka fruktstorleiken.

6. Halda treet innanfor den tildelte plassen.

7. Fjerne sjuke og skadde greiner. 

 

Moderne formingsmåtar som t.d. V- eller Y- forming har synt seg å gi store avlingar samanlikna med spindel. Det kostar noko meir ved anlegg, men utbytet vert normalt ein god del høgre.

 

 

 

Moderne formingsmåtar (Y-forma hekk og hekkplanting).

 

Bileta syner forming av frukttre der ein tek ut fleire hovudgreiner langt nede på stammen og bind desse opp i ei eller to rekkjer, men der lystilgangen vert optimal.

 

Ein annan skjeringsmåte, som no er iferd med å breia seg, er den sokalla ”vaseforma”,  ein formingsmåte som er veleigna for dei fleste sortane med unntak av  Victoria og Jubileum (vanskjeleg å få vaseform på desse sortane). I første omgang er metoden tilrådd på Mallard og Edda (samt Oullins og Althanns for dei som har litt av desse?). Metoden bør også prøvast på Avalon.

 

Ein toppar piskene på ca 50 cm’s høgd, og tek vare på dei 3 – 4 beste skota. Året etter skjer ein desse ned til 15 – 20 cm’s høgd, (3 – 4 knoppar pr ”stubb”). Dei kraftigaste greinene skjer ein mest ned, slik at ein får 2 – 3 litt mindre kraftige greiner her. For å få til ei god ”vaseform” treng ein 8 – 10 jamne, kraftige greiner. Deretter vert ein viktig del av skjeringsjobben å fjerne årsveksten inne i ”vasene”. Når trea har full høgde, knekker ein toppen, helst i febr./mars, altså unngår ein skjering  av toppen i vinterhalvåret. Tilrådd treavstand med denne metoden er  2 (Mallard) – 2,5 m (Reeves).

 

 Informasjonen er henta frå: Handbok i plantedyrking, Vestlandet

Her kan du laste ned "Plommesortar for økologisk dyrking" (Ein rapport utarbeidd av Dag Røen - Leikanger 2007 funne på Internett hjå Gartnerhallen)

Se også: http://snl.no/plomme

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 28.09.2018


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.