Jordbær

Startside Opp Bringebær Eple Hageblåbær Jordbær Mini Kiwi Plomme Søtkirsebær

Me har nokre jordbær i hagen. Hausten 2002 byrja nokre av plantene å blomstra på nytt.

Her er bilete teke 3. september 2002:               

Og 26. september same år var eit jordbær modent:            

1. oktober 2004 kom det også nye blomar på jordbæra:     

 

Jordbær

 

Nils Eldar Linge, Indre Sunnmøre forsøksring

 

Innanfor området frukt og bær er jordbær utan samanlikning den største kulturen i Noreg i dag. Dette gjeld både med omsyn til areal, avling og omsetning. På Vestlandet har dei fleste bygder område med gode vilkår for jordbærdyrking.

 

Jordbær blir dyrka på friland, i plasttunnelar og i veksthus. Vi vil her berre ta for oss frilandsdyrking.

 

Jordbær blir dyrka både med tanke på friskkonsum og som råstoff til industrien. Leveranse til industrien har dei siste åra fått stadig meir preg av spesialproduksjon, sidan den sorten industrien etterspør, Senga Sengana, stort sett er utkonkurrert av andre sortar når det gjeld butikk- og torgsal.

 

Økonomien i jordbærproduksjonen er svært avhengig av avlingsnivået, og mykje av grunnlaget for eit godt avlingsresultat vert lagt før planting. Dette vil seie at lokalisering, forkultur og ugraskamp før planting er avgjerande for resultatet.

 

Dyrkingsvilkår

 

Jord og lokalisering

Jordbærplanten stiller ikkje spesielle krav til jordsmonnet, men både skarp sandjord og tung leirjord bør unngåast. Ei lett, godt drenert moldjord er best.

Svakt hallande terreng er ein fordel, då jordbærplanten er utsett for isbrann eller drukning om vinteren.

 

Vinterdekking

Jordbær er utsett for overvintringsskadar av ymse slag. Er det fare for berrfrost, kan det vere ei god hjelp å dekke åkrane med fiberduk gjennom vinteren. Dekking frå ca. 10. september vil også betre blomsterdanninga. Ulempen med tidleg dekking er at det også betrar vilkåra for veksthusspinnmidd. Er middproblemet stort, bør ikkje duken leggjast før seinare, dvs. helst like før fyrste frost.

Det beste vinterdekket er likevel eit stabilt snødekke.

 

Pollinering

Jordbæret er ei falsk frukt der alle frøa ligg som nøttefrukter på utsida av den saftige delen. For å få fint forma og velutvikla bær, må alle desse frøemna pollinerast. Mange ”ville” insekt hjelper til med dette, men i forsøk har det stadig synt seg at bikuber i nærleiken av åkrane betrar resultatet. Så mykje som ei kube pr. daa har synt seg gunstig. Det er såleis svært aktuelt å ta kontakt med birøktarar for å leige inn kuber i blomstringstida.

 

Vekstskifte

Jordbærplanta er utsett for det som upresist blir kalla jordtrøyttleik. I praksis vil dette seie at det ikkje må plantast jordbær på same stykket utan minst 3-4 års opphald. Ein av årsakene til jordtrøyttleik er jordbuande nematodar. Desse har eit breitt spekter av vertsplanter som må haldast borte dersom det skal plantast jordbær seinare. Det beste valet er truleg eng utan kløver eller raigras som grønfôr. Med tanke på vertsplanter for skadelege organismar, er sjølvsagt ugrasreinhald også viktig i mellomkulturane.

 

Val av kulturmåte

Jordbær kan dyrkast på fleire måtar, og dyrkingsmetoden må tilpassast lokale tilhøve.

Ved dyrking til friskkonsum er det krav om store bær med jamn og fin form. Når jordbærplanten eldest, vil talet på sidekroner auke. Dette fører igjen til aukande tal og minkande storleik på bæra. Unge planter vil altså gje det beste sorteringsresultatet. Til friskkonsum er konklusjonen at kvalitetskravet tilseier korte omløp dvs. tre hausteår. For å kunne kombinere gode avlingar og gode kvalitet er det såleis aktuelt å plante etter måten mange planter pr daa. Dette reknestykket vert annleis dersom det ikkje vert betalt ekstra for store bær, dvs. ved produksjon av bær til industrien.

Normalt vil tal planter pr. daa variere mellom 2500 og 4300.

 

Enkeltrad – dobbelrad

Med tanke på mikroklima og gråskimmel, er det viktig å få god utlufting og opptørking etter regn. Med eit fuktig vérlag, som er det vanlege på Vestlandet, tilseier dette at enkeltrader høver best. Dobbeltrader er berre aktuelt ved kortvarige kulturar i klimatisk gode område.

 

Rad- og planteavstand

Radavstanden skal kort sagt tilpassast hjulavstanden på den traktoren som skal brukast i feltet. Skal det ikkje brukast traktor, bør likevel ikkje radavstanden vere særleg mindre enn 1,2 m mellom anna med tanke på eit rasjonelt haustearbeid.

Blir det planta på doble rader, vil vanlegvis ein avstand på 50-60 cm mellom parradene vere høveleg. Med 4-5 planter pr. m enkeltrad og ein senteravstand mellom dobbelradene på 160-180 cm, vil plantetalet pr. daa ligge mellom 3300 og 4200.

Som nemnt over er planting på enkeltrader mest tilrådeleg i eit fuktig klima. Med ein vanleg traktor vil det då høve med ein radavstand på 140 cm. Plantar ein så 4 planter pr. m, vil dette gje 2880 planter pr. daa.

 

Plastdekking

Dekking av jorda i radene med svart plast har store fordelar:

bullet

ugrasreinhaldet vert enklare

bullet

jordtemperaturen går opp, tidlegare modning

bullet

bæra kjem i liten grad i kontakt med jord, og held seg reinare.

Særleg argumentet med forenkla ugrasreinhald er viktig.

 Men systemet har også ulemper, fyrst og fremst hemmar det ”sjølvfornyinga” i feltet, utløparane får ikkje høve til å røte seg i radene, noko som gjer plast mindre aktuelt dersom det vert planta med tanke på lange omløp og t.d. levering av industriråstoff. Viktigare er det kanskje at plasten gjev svært gode tilhøve for rotsnutebillene, som set pris på den forbetringa av mikroklimaet som jorddekking gjev.

 Tiltak før planting

Jordarbeiding

Av planteverngrunnar (ugras og rotsnutebiller) bør jordbær ikkje plantast etter ompløying av gammal eng. Eitt, eller helst fleire år med åkerkulturar før planting av jordbær er ein fordel.

For å redusere talet på snutebillelarver i jorda, har det vist seg gunstig med horving eller fresing av jorda i juni månad, då mange aktuelle snutebilleartar har puppestadiet på denne tida. Puppene toler mindre mekanisk påverknad, og er meir utsette for uttørking enn larvar og vaksne biller.

Ugraskamp

Som nemnt vert grunnlaget for eit godt økonomisk resultat lagt før planting. Særleg gjeld dette ugraskampen. Rotugras må tynast i god tid før planting, gjerne med bruk av fenoksysyrer i tillegg til glyfosat før pløying

Når åkeren er ferdig til planting, er det viktig å gje ugraset tid til å spire før planting. Dersom ugraset spirer før planting, har vi eit stort utval av ugrasmiddel å velje i, utan at vi treng å stresse jordbærplantene. Som regel vil det vere mest aktuelt å nytte glyfosat til ei slik siste sprøyting før planting. Vent minst ei til to veker mellom sprøyting og planting, lengst tid på skarpaste jord.

Plantetid og plantetypar

Jordbær kan plantast i heile vekstsesongen, men planting i juli er det minst gunstige. Sein planting vil ikkje gje full avling året etter, men kan sjåast som ei overvintring i feltet av planter som elles kunne plantast tidleg neste vår. Å lukkast med ei sein planting er avhengig av stabil vinter og gunstige overvintringsvilkår. Dekking med fiberduk er her eit viktig tiltak for best mogeleg resultat.

 Jordbærplanter vert leverte i to hovudtypar: barrotplanter og pluggplanter. Ver merksam på at pluggplanter som har stått så lenge i pluggen at røtene dekker utsida av pluggen, som regel vil ha store problem med etablering på friland.

Bruk berre statskontrollerte planter eller planter av eigen oppal frå statskontrollerte morplanter.

Planting

Jordbærplanta er svært var for djup planting. Blir vekstpunktet dekt med jord kan planta lett daude.

Jordreaksjon

For å unngå problem med manglande opptak av mikronæringsemne, bør pH i jord til jordbær helst ligge mellom 5,5 og 6,0. Ligg jordreaksjonen over dette området bør det vurderast å gjødsle ekstra med mikronæringsemne som mangan og sink. Jordanalysar vil gje svar på om dette trengst.

Nitrogen

Jordbær har generelt låge nitrogenkrav. For sterk N-gjødsling fører til stor bladvekst og redusert avling, både fordi eit for kraftig bladverk fører til meir gråskimmel, og fordi tal blomster også kan bli redusert. Kvaliteten blir også skadelidande dersom det blir tilført for mykje nitrogen, særleg ved at bæra blir blaute.

Nitrogenbehovet er størst i to separate periodar: på vårparten når røter og bladverk skal vekse, og etter hausting når nye blomsteranlegg skal dannast.

Dette vil seie at gjødslinga bør delast på minst to: ei om våren og ei etter avhausting. Gjødsling før hausting kan også delast opp i fleire porsjonar.

Total mengde nitrogengjødsling til jordbær vil normalt ligge i området 6-10 kg pr. daa og år. Er det brukt husdyrgjødsel i planteåret kan det vere aktuelt å gå lågare enn dette og året etter planting.

Senga Sengana  er særleg var for sterk N-gjødsling. Tilførsel utover 6 kg N pr. daa og år er sjeldan aktuelt. Det same gjeld truleg for sorten Polka.

Korona og andre har eit behov på 8-10 kg N pr. daa og år.

Fosfor

Fosfor er sjeldan eit problem i jordbær. Det vil truleg alltid svare seg å gjødsle litt, men mengder utover 2 kg P pr. daa og år er som regel bortkasta.

Kalium

Kalium er svært viktig for kvaliteten på bæra. God tilførsel under kartutviklinga er med på å sikre faste bær og god smak. Det er uvisst kor stor evne jordbær har til å utnytte store reservar i jorda, men ein tilførsel på 6-10 kg K pr. daa og år vil på normalt oppgjødsla jord vere tilstrekkeleg.

Optimal kaliumforsyning er viktig for god overvintring. I jord med små kaliumreservar kan det vere ein fordel å bruke kaliumhaldig gjødsel til haustgjødslinga. Det aktuelle gjødselslaget er då  UniKa™  som inneheld 14% N, 20% K og 9,5% CA

Bor

Bor er viktig både i oppbygginga av celleveggane, og i pollenspiringa. Det er såleis særleg viktig med borforsyning i blomstringstida og kartutviklinga. Bruk av Bor-Kalksalpeter™ til halve nitrogenmengda + borgjødsling før planting vil normalt gje nok tilførsel i eit omløp. Bladgjødsling med t.d. HydroPlus™ Bortrac er eit anna alternativ. Denne bladgjødslinga må i tilfelle skje i god tid før bløming.

 

Gjødslingsråd før planting

Jordbær skal ha klorfattig gjødsel. Vanleg gjødselnorm i planteåret er 6-8 kg N, 2 kg P og 8-10 kg K pr. daa. Senga Sengana og Polka skal ha den svakaste N-gjødslinga, Korona og andre den høgaste. 6-8 kg N pr. daa gjeld planting i mai-juni. Ved seinare planting skal N-nivået reduserast til ned mot 0 ved sein haustplanting. Dette fordi for mykje nitrogentilførsel om hausten reduserer overvintringsevna.

Fullgjødsel® 11-5-18 mikro vil som regel vere ei høveleg gjødsel før planting. Tilfør 0,5 kg Solubor pr. daa i tillegg.

Er husdyrgjødsel tilgjengeleg, kan dette med fordel brukast.

Gjødsling i bereår

Døme:

Senga Sengana på moldhaldig sandjord med høgt kaliuminnhald:

Tidleg vår:                     30 kg Fullgjødsel® 11-5-18 mikro pr. daa

To veker etter hausting:  20 kg Bor-Kalksalpeter™ pr. daa

Korona på jord med lågt kaliuminnhald:

Fire gjødslingar: 1. Tidleg vår, før voksteren har starta, 2. når blomeknoppane er synlege nede i planta, 3. ca. to veker før haustestart, 4. 1-2 veker etter avslutta hausting.

 20 kg Fullgjødsel® 11-5-18 mikro pr. daa

25 kg Bor-Kalksalpeter™ pr. daa

20 kg UniKa™ pr. daa*

25 kg OPTI VEKST™ 6-5-20 pr. daa

 

* UniKa™ inneheld 14% N, 20% K og 9,5% CA

Bladgjødsling

Råd om dette finst i plantevernplanen. Bladgjødsling kan vere aktuelt for å reparere mangel som er oppstått t.d. på grunn av for høg pH. Dersom bladgjødsel må tilførast, er det vanlegvis aktuelt å blande preparata i sprøytingar mot sopp og skadedyr. Det er viktig å vite kva slags preparat som kan blandast utan at det går utover verknaden.

Vatning

Jordbærplanter stiller krav om jamn vasstilgang, og det bør alltid haldast auge med fordamping og vatningsbehov. Problemet med gråskimmel gjer at spreiarvatning så langt som mogeleg bør skje når plantene likevel er våte, t.d. om natta ved doggfall. Gråskimmelsoppen treng minst 11 timar fukt i blomen for å spire. Såleis er korte vatningsbolkar best.

Ver også merksam på at lerrote smittar med jordsprut på karten Står det fritt vatn i tomfåra, skjer denne smittinga lett. Høgt trykk i høve til dyseopning på spreiarane gjev mindre dropar og redusert fare for sprut.

Dryppvatning høver godt i jordbær, men prisen er såpass høg at det er mest aktuelt på doble rader. Redusert fare for gråskimmelåtak og høve til nøyaktig gjødselspreiing med vatningsvatnet er faktorar som talar for dryppvatning.

Sortsval i jordbær

Utvalet av jordbærsortar er svært stort, og omtalen under tek berre med dei mest aktuelle.

Honeoye

Amerikansk tidlegsort som er teken inn i sortsutvalet frå 1997 på bakgrunn av gode resultat i Sverige og Danmark. Kraftig, opprett vekst, bæra er faste med mørk farge og litt syrleg smak. Held bærstorleiken bra utover sesongen. Sorten er sterk mot gråskimmel og mange andre sjukdommar, men har i mange høve synt seg å overvintre dårleg.

Pga. god fargestabilitet kan sorten i framtida verte akseptert som industriråstoff.

Honeoye er i dag den mest aktuelle sorten til økologisk dyrking.

Korona

Sorten er hovudsorten til konsummarknaden. Store bær med god kvalitet som er lette å plukke. Vanskeleg å avhamse og er ikkje godkjent til konserves. Sorten er svak for mjøldogg og gråskimmel.

Polka

Hollandsk sort som Gartnerhallen starta planteproduksjon av i 1997. Sorten har god kvalitet både når det gjeld farge, smak og fastleik. Industrien er ikkje viljug til å ta mot store mengder av Polka då fargestoffet taper seg etter koking og lagring i butikktemperatur. Det ser ut til at sorten er meir utsett for lerrote enn mange andre.

Frida

Dette er ein ny norsk sort som ser lovande ut, men som enno ikkje er ferdig utprøvd. Sorten har skåra høgt på både avling og kvalitet, og ser heller ikkje ut til å vere spesielt svak for sjukdommar.

Senga Sengana

Framleis hovudsort til industrien. Dei store mottakarane av konsumbær vil ikkje lenger ta mot Senga Sengana. Sorten er svak mot gråskimmel, men sterk mot mjøldogg og har til no ikkje lete seg smitte med rotstokkrote i motsetnad til dei fleste andre kjende sortar.

Plantevern i jordbær

Vi skal her ikkje ta med aktuelle tiltak innanfor plantevern. Heftet «Plantevern i frukt og bær» vert oppdatert kvart år av FMLA i Sogn og Fjordane og dekkjer heile Vestlandet pluss Agder. Alle forsøksringar og landbrukskontor skal ha heftet tilgjengeleg. Her finst det også råd om bruk av bladgjødslingspreparat.

Henta frå: Handbok i plantedyrking, Vestlandet

 

horizontal rule

Send meg e-post ved å trykkje på namnet mitt:                                                                                   Sist endra: 05.05.2015


Joh 17:3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.