My family-file



picture
Ole Halvorson Søndenå and Marta Jonsdotter




Husband Ole Halvorson Søndenå

           Born: 1705 - Stølsmark, Vikedal, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1775 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 12. nov 1775 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway


         Father: Halvor Jensson Stølsmarken
         Mother: Cari Jonsdotter


       Marriage: Cir 1730 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway



Wife Marta Jonsdotter

           Born: 1709
     Christened: 
           Died: 1782 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 13. jan 1782 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway


Children
1 M Halver Olson Stople

           Born: 1730 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1789 - Stople, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 1. jun 1789 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
         Spouse: Kristi Tolleivsdotter
           Marr: 11. jul 1756 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway


2 M Endre Olson Søndenå

           Born: 1733 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1791 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 24. jul 1791 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway



3 F Cari Olsdotter

           Born: 1736 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 1763 - Opsal, Vikedal, Rogaland, Norway
         Buried: 15. feb 1763 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway 18
         Spouse: Lars Johannesson Opsal
           Marr: 22. oct 1761 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 18


4 M Jon Olson Helland

           Born: 1738 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 1. oct 1738 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
           Died: dec 1791 - Helland, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 1. jan 1792 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 17
         Spouse: Anna Toresdotter d.e.
           Marr: 2. jul 1769 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 18


5 F Malena Olsdotter

            AKA: Malene, Mallene
           Born: 1740 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway 8278
     Christened: 13. may 1740 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 18
           Died:  - Lien (vestre), Ølen, Hordaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Gunder Andersson Lunde 3027
           Marr: 4. jul 1779 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 17,8278
         Spouse: Lars Torbjørnson Lien 26290
           Marr: 9. jul 1797 - Fjelberg kyrkje, Fjelberg, Hordaland, Norway 736,28921


6 M Omund Olson

           Born: 1743 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 27. jan 1743 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 75
           Died: 
         Buried: 



7 M Ole Olson Stumo

           Born: 1746 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway 26197
     Christened: 23. mar 1746 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
           Died: 1786 - Stumo søre, Ølen, Hordaland, Norway 26197
         Buried: 
         Spouse: Martha Nilsdotter d.e.
           Marr: (Unmarried)
         Spouse: Helga Larsdotter 26196
           Marr: 10. jul 1774 - Ølen kyrkje, Ølen, Hordaland, Norway 649,26197


8 F Marta Olsdotter

           Born: 1750 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway 7010
     Christened: 16. sep 1750 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
           Died:  - Homletveit, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Endre Jonson Homletveit 18680
           Marr: 30. sep 1781 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway 7010
         Spouse: Paul Kristenson Homletveit 9453
           Marr: 1. jul 1792 - Vikedal kyrkje, Vikedal, Rogaland, Norway


9 M Jens Olson Søndenå

           Born: 1752 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 6. apr 1752 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
           Died: 1758 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 3. dec 1758 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway



10 M Anders Olson Søndenå

           Born: 1756 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
     Christened: 18. jul 1756 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway
           Died: 1758 - Sønnanå, Sandeid, Rogaland, Norway
         Buried: 3. dec 1758 - Sandeid kyrkje, Sandeid, Rogaland, Norway




General Notes: Wife - Marta Jonsdotter

Ola Halvorson har ein son Endre som er 25 år i 1758. Kona er kalla Jonsdotter i 1743, men i 1746 vert det fødd ein Ola, faren er Ola Søndenå og mora Marta Endresdotter, i 1750 derimot når dottera Marta vert fødd, heiter kona som i sjelemanntalet for 1758 Marta Jonsdotter.
picture

Niels Knudson Kåda and Marta Jonsdotter




Husband Niels Knudson Kåda 15819

            AKA: Nils
           Born: 1739 - Litladal, Rennesøy, Rogaland, Norway 10593
     Christened: 
           Died: 27. mar 1829 - Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway 1426
         Buried: 3. apr 1829 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 1426


         Father: Knud Bjørnson Lilledal 13275
         Mother: Ingebor Nilsdotter 14527


       Marriage: 19. jun 1763 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 1258,12247

Events

• Censuses: 1758, Litladal, Rennesøy, Rogaland, Norway.

• Censuses: 1801, Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway.




Wife Marta Jonsdotter 13562

            AKA: Marith
           Born: 1738 - Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway 12247
     Christened: 
           Died: 1799 - Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway
         Buried: 2. jun 1799 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 12247


         Father: Jon Sjurson Kåda 25154
         Mother: Ingeborg Torgersdotter 13562


Events

• Censuses: 1758, Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway.

Marriage Events

• Engagement: 31. dec 1762, Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway.


Children
1 M Jon Nilsson Kåda

            AKA: Joen
           Born: 1774 - Kåda, Mosterøy, Rogaland, Norway
     Christened: 27. apr 1774 - Askje (Mosterøy) kyrkje, Mosterøy, Rogaland, Norway 296
           Died: 
         Buried: 




picture
Svend Jonson Vikshåland and Marta Jonsdotter




Husband Svend Jonson Vikshåland

           Born: 1614 8352
     Christened: 
           Died: 1674 - Vikshåland, Torvastad, Rogaland, Norway 8352
         Buried: 
       Marriage: Cir 1639 - Avaldsnes kyrkje, Avaldsnes, Rogaland, Norway 8352

Events

• Probate: 3. oct 1674, Vikshåland, Torvastad, Rogaland, Norway.




Wife Marta Jonsdotter 8566

           Born: Cir 1619 - Landa, Avaldsnes, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Vikshåland, Torvastad, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Hansson Landa
         Mother: Malena Hansdotter 8349


Events

• Residence: 1656, Vikshåland, Torvastad, Rogaland, Norway.


Children
1 M Tollef Svendson Snørteland 885

            AKA: Tollak
           Born: 1640 - Vikshåland, Torvastad, Rogaland, Norway 886
     Christened: 
           Died: After 1706 - Snørteland, Skudenes, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Olsdotter
           Marr: Cir 1660 - Avaldsnes kyrkje, Avaldsnes, Rogaland, Norway 886



General Notes: Husband - Svend Jonson Vikshåland

Svein Jonson var gift med Marta Jonsdotter og det vert nemnt sju barn etter dei. Det vert i bygdebøkene for Avaldsnes og Torvastad nemnt at Svein var son til Jon Håland, men samstundes vert det i boka for Avaldsnes nemnt at Marta var dotter til Jon Hansson og kona. Skiftet etter Svein var 03.10.1674. Ved skiftet vert det opplyst at to av sønene og ei dotter var gifte, og at kvar av dei hadde fått to kyr i heimafølgje samt og fire tønner øl til bryllaupsgjerd. Av buet var det ved skiftet ikkje meir att enn til heimafølgje for dei ugifte barna. Etter odelsmanntalet for 1670/1671 åtter Jon Bårdson Lande bruket som var på 18 spann korn, men før 1674 hadde Svein løyst inn dei 18 spann for 19 riskdalar. 8352


picture

Isak Eilivson Sporaland and Marta Jonsdotter




Husband Isak Eilivson Sporaland 7873

           Born: Cir 1617 - Sporaland, Høyland, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1690 - Sporaland, Høyland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Ellef Tormodson Levang 7874
         Mother: 


       Marriage: Cir 1654 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway

   Other Spouse: Karen Andersdotter 7876 - Cir 1680 - Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway



Wife Marta Jonsdotter 7875

           Born: Cir 1630 - Sviland, Høyland, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: Cir 1680 - Sporaland, Høyland, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Olson Sviland 7448
         Mother: 




Children
1 F Ragnhild Isaksdotter 7877

           Born: 1655 - Sporaland, Høyland, Rogaland, Norway 7451
     Christened: 
           Died: 26. feb 1729 - Fossvatne, Høyland, Rogaland, Norway 7451
         Buried: 
         Spouse: Johannes Andersson Fossvatne 1731
           Marr: Høyland kyrkje, Høyland, Rogaland, Norway 7451



picture
Omund Osmundson Nes and Marta Jonsdotter




Husband Omund Osmundson Nes 16782

           Born: 1725 - Liland, Sirdal, Vest-Agder, Norway 16783
     Christened: 16. sep 1725 - Tonstad kyrkje, Sirdal, Vest-Agder, Norway
           Died:  - Nes, Strand, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Osmund Hoskuldson Strand 22300
         Mother: Ingeborg Ommundsdotter 13651


       Marriage: 1747 - Strand kyrkje, Strand, Rogaland, Norway 16783



Wife Marta Jonsdotter

           Born: Cir 1725
     Christened: 
           Died:  - Nes, Strand, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children
1 M Jon Ommundson Nes 16782

           Born: 1748 - Nes, Strand, Rogaland, Norway 16783
     Christened: 
           Died:  - Nes, Strand, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Status: Dead as a child



2 M Jon Ommundson 16782

           Born: 1750 - Nes, Strand, Rogaland, Norway 16783
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 




picture
Knud Nilsson Veka and Marta Jonsdotter




Husband Knud Nilsson Veka 14425

           Born: 1652 - Veka, Suldal, Rogaland, Norway 33504
     Christened: 
           Died:  - Veka, Suldal, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Niels Narveson Veka 2845
         Mother: 


       Marriage: Cir 1690 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 33504

Events

• Censuses: 1701, Veka, Suldal, Rogaland, Norway.




Wife Marta Jonsdotter 5837

           Born: Cir 1658 - Sukka, Suldal, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Veka, Suldal, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Larsson Sukka 2648
         Mother: Brita Ormsdotter 2649




Children
1 M Lars Knudson Veka 14425

           Born: 1691 - Veka, Suldal, Rogaland, Norway 33504
     Christened: 
           Died: 1726 - Veka, Suldal, Rogaland, Norway 33504
         Buried: 
         Spouse: Eldri Nilsdotter 10244
           Marr: Cir 1712 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 33504


2 F Bodil Knudsdotter 14425

            AKA: Boel
           Born: 1692 - Veka, Suldal, Rogaland, Norway 33504
     Christened: 
           Died: 1781 - Vasshus, Suldal, Rogaland, Norway 33517
         Buried: 
         Spouse: Tormod Osmundson Vasshus 4332
           Marr: Cir 1713 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 33517



General Notes: Husband - Knud Nilsson Veka

Knut Nilsson løyste inn bruket på Veka av medarvingane i 1694 og 1705. Knut var gift med Marta Jonsdotter Sukka og dei hadde to barn. 33504
picture

Peder Jonson Sand and Marta Jonsdotter




Husband Peder Jonson Sand 4190

           Born: 1666 - Hauge øvre, Hjelmeland, Rogaland, Norway 7333
     Christened: 
           Died:  - Ur, Årdal, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Ormson Hauge 26897
         Mother: Marta Pedersdotter


       Marriage: 29. oct 1702 - Jelsa kyrkje, Jelsa, Rogaland, Norway 24390

   Other Spouse: Siri? Hansdotter 23973 - Cir 1690 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 24390

   Other Spouse: Berte Håvardsdotter 28685 -  (Unmarried)

Events

• Censuses: 1701, Sand, Sand, Rogaland, Norway.




Wife Marta Jonsdotter 4336

           Born: Cir 1675 - Tveita, Jelsa, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died:  - Ur, Årdal, Rogaland, Norway
         Buried: 


         Father: Jon Pederson Tveita 6159
         Mother: Marta Steinsdotter 4423




Children
1 M Jone Pederson Ur d.y. 2927

            AKA: Jon
           Born: 1703 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 15. sep 1703 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
           Died: Cir 1752 - Ur, Årdal, Rogaland, Norway 35324
         Buried: 
         Spouse: Birthe Ommundsdotter 1472
           Marr: 1720 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 28005


2 F Magnele Pedersdotter 2927

           Born: 1706 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 26. sep 1706 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
           Died: 
         Buried: 



3 F Marita Pedersdotter 2927

            AKA: Magla
           Born: 1709 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 21. may 1709 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
           Died: 1779 - Vårvik, Suldal, Rogaland, Norway 18910
         Buried: 
         Spouse: Johannes Sømjoson Vårvik 16386
           Marr: Cir 1745 - Suldal kyrkje, Suldal, Rogaland, Norway 18910,33584


4 M Peder Pederson Ur 2927

           Born: 1712 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 25. jun 1712 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
           Died:  - Ur, Årdal, Rogaland, Norway
         Buried: 
         Spouse: Berta Ivarsdotter d.e. 18445
           Marr: Cir 1730 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 28005
         Spouse: Ingeborg Oddsdotter 3260
           Marr: 1743 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 28005


5 F Anna Pedersdotter 2927

           Born: 1715 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 15. oct 1715 - Sand kyrkje, Sand, Rogaland, Norway
           Died: 1715 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
         Buried: 
         Status: Twin



6 F Pedersdotter? 2927

           Born: 1715 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 
           Died: 1715 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
         Buried: 
         Status: Twin - Stillborn



7 M Tosten Pederson Skiftun 2927

           Born: 1717 - Sand, Sand, Rogaland, Norway 35324
     Christened: 
           Died: 1767 - Skiftun, Hjelmeland, Rogaland, Norway 41089
         Buried: 17. may 1767 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829
         Status: Challenged
         Spouse: Astri Helgesdotter
           Marr: Cir 1744 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 41089



General Notes: Husband - Peder Jonson Sand

Peder Jonson og Ola Kristenson let i 1690 lesa bygselsetel på 1 laup smør i Lagarhus frå Hartvig Godtzen, "predikant" (sokneprest) til domkyrkja i Stavanger. På same tida må dei ha fått bygsla kvar sine halvpartar i garden Sand av Jelsa prestebol. Dermed skulle dei to sitja kvar med 1 3/4 laupar smør i Sand og Lagarhus.
Det var to karar frå Hjelmeland dette, som no på eit vis starta eit nytt kapittel i garden Sand si soga. Peder var frå garden Øvre Haua i Jøsenfjorden. Ola var frå Laugaland. Han var gift med Peder si syster, Ingeborg Jonsdotter, slik at dei altså var svograr.
Ola Laugaland fekk ei heller kort tid på Sand. Han tykkjest ha hatt problem med økonomien. Alt i 1694 vart han stemna for 3 års landskyld av Lagarhus-parten. Og i 1697 flytta familien til plasset Sillaliå under Vatland i Jelsa. Det må ha vore på Ola sin part at noko åker var usådd i 1695. Det får vi nemleg opplyst då. Såleis mang-la det 3 spann på den årlege kongekorntienda på 8 spann korn dette året. Så seint som i 1698 vart Ola Sand-Sillali stemna for resterande landskyld av prestebolet sin part, 1 laup 18 merker smør. I saka om Sandsstølen 1721 går han under namnet Ola sagmeister, så då har han drive i dette faget attåt Sillaliå. Det forklarar og kan hende kvifor det var han og Anders Vela som i 1694 vitna at Hustveit-sagjå hadde rotna ned.
Den Daniel Jonson som bygsla etter Ola Sand (Sillali) var truleg identisk med Daniel Hylen, ein kar som i staden valde å bu i Fattnes. Så då kom Ola Jensson Kjølvik inn i hans stad. Denne Ola var gift to gonger, andre gongen med Anna Nilsdotter frå Rosseid i Imsland.
Ola Kjølvik og hjelmelandsbuen Peder Haua var no grannar på Sand i fleire år. Peder var første gong gift med ei kvinne frå Skiftun i Hjelmeland. Ho døydde 1700, og Peder gifta seg opp att 1702 med Marta Jonsdotter frå Tveita i Jelsa, av godt folk der. Men i mellomtida, som enkjemann, fekk Peder eit barn med Berta Håvardsdotter, ei strand-sitjardotter i Sandsvikjå. Peder baud seg betala bøtene både for seg sjølv og "kvinnfolket", og skulle såleis ha kome seg ut av saka med eit betre rykte enn mange andre. I alt 18 dalar gjekk det inn i kongen sin kasse ved dette høvet. Men i bøte-lista heiter det at Peder ikkje hadde stått skrifte i kyrkja "for haardnakkethet og ulydighets skyld" (normalisert).
Vi les i hovudteksta at slekta til den nye kona til Peder Sand - på Tveita i Jelsa - var misnøgd med at kvinna Berta Håvardsdotter, som Peder hadde fått barn med, framleis budde på Sand. Folket på Tveita, som var velståande folk, gjekk til presten Hr. Niels Tiurholm på Jelsa og kravde at han måtte få vekk kvinn-folket "som Peder Sand i hans Enchemandssæde hafde besofued, og endnu er mistencht for". Det var altså mistankar om at Peder framleis heldt seg til kvinna. Dette - og meir til - kjem fram i ei sak i 1704 der presten stemna sin "landbonde" og "sognemand" Peder Jonson Sand for retten. Tveita-folket truga med at om ikkje presten vart kvitt kvinnfolket på Sand, ville dei gå til høgare styresmakter. Presten sa då at det slett ikkje var naudsynt å gå til annan øvrigheit. "Hand schulle rette det som hans Embede vedkommer".
Sommaren 1703, 3. pinsedag etter preika(!), kalla presten Peder Sand til seg i sin "egen stue paa Sand" (altså til prestastovå i Sandsvikjå). Han formante Peder om å skaffa kvinnfolket vekk, og dermed "vagte sig for slig mistanche". Peder Sand si kona møtte og, saman med mora Marta Tveita, broren Stein Tveita og systera Birgitta Kyle. På førespurnad frå presten om ho hadde noko å klaga mannen for, sa ho: "Jeg har intet andet at klage, end at det quindfolch Birgite Houersdatter maatte schaffes af landet".
Peder Sand refererte frå same møte i prestastovå på Sand at svigermora "trappet med føderne i gulfuet", trampa altså med føtene i golvet, då ho sa til han: "Du har noch med alle at bestelle och schaffe. Nu har du och giort din kone fuld". No hadde det altså og vorte nok for kona. Peder stakk då fingrane i øyro - ville ikkje høyra snakk frå svigermora - spente døra opp med knea sine og gjekk ut av stova. Det var såleis eit heftig møte.
Seinare på hausten ein gong var svoger til Peder Sand, Ola Sillali (som ei tid hadde hatt gard på Sand), med og rodde presten til Sandskyrkjå. I prestastovå etter preikå - då presten og Peder Sand igjen var i tot-tane på kvarandre - slo Ola Sillali begge hendene om halsen på svogeren og bad han, med gråtande røyst og tårer: "Broder, for død og pine skyld, betenk baade hvad du siger og giør". Men Peder sto med hendene i lomma og sa til presten i sinne: "Vil I ikke annamme mig til Guds bord, jeg skal nu ikke tjære gaa til eder derom. Vil I ikke giøre ende der paa, da skal jeg giøre det" (normalisert). Presten nekta han nattverden, slik han for åt, men Peder ville ikkje be presten meir om dette, han skulle sjølv sjå til å få ein ende på det. Peder hadde elles heller ikkje stått offentleg skrifte endå for å ha fatt barn med Berta Håvardsdotter.
Då presten etter dette ville gå ut av døra, sa Peder til han at han skulle venta, nekta han jamvel med makt å gå ut. Presten opna då eit vindauga - "lochte vinduet op" - og ropte om hjelp hos klokkaren og rorsfolket, slik at han kunne få koma seg ut på sin vidare ferd i soknebod. Dette føregjekk altså i eit hus midt i gata på Sand i dag, rett ovom handelslaget. Idet Peder Sand nekta presten å gå ut av huset, tok han eit bibelsitat i bruk: "Jeg slipper eder iche, førend I velsigner mig".
Klokkaren Thomas Gierner - med to vitne (Hans Bårdson og Daniel Stenson) - reiste rett før jul i 1703 til Sand for å forkynna prosten sin dom over Peder Sand og kvinnfolket Berta Håvardsdotter. Det må ha vore ein dom som både inneheldt påbod om offentleg skrifte og om å nekta Peder nattverden, dersom han ikkje sanna syndene sine. Klokkaren og mennene hans møtte først kona i døra. Dei bad henne henta man-nen. Då han ikkje kom, sende dei bod med drengen og tenestejenta. Då kom Peder Sand ut, tok klokka-ren med begge hender, om hans høgre hand, og drog han med makt inn i stova. Det hjelpte ikkje at klok-karen sette foten sin mot dørterskelen. Då han hadde fått klokkaren inn i stova, sa Peder Sand: "Les no det Djevelen har lagt i deg". Men så sa han: "Hadde du hatt to kyrkjeverjer eller to lagrettesmenn frå Jelsa sokn med deg, då skulle eg ha høyrt på dommen". Dette var altså ei formell innvending i saka. Dei to vitna kom elles ikkje inn i stova i det heile teke, og dei reiste alle tre heim att med uforretta sak. Då dei kom att rett over nyttår, og klokkaren leste dommen for bustaden til Peder Sand, gjekk Peder ut og jaga sauene i marka. Klokkaren ropte etter han, nemleg at han måtte koma heim og høyra på dommen, men han kom ikkje.
Klokkaren og dei to vitna gjekk då "ned til Birgete Hofuersdatter, som da var i hendes faders hus, och læste dommen for hende". Men då Peder Sand såg kvar dei tok vegen, kom han "som et Rasende Menneske" løpande ned til dei med ein stav i handa og reiv dommen or hendene til klokkaren med makt, nett medan han heldt på å lesa.
Presten var og på Sand då dette hende, nemleg i prestastovå. Peder Sand løp i raseri frå huset til Håvar Sand og rett til presten med dommen i eine handa og ein "Prøygel" (prylestokk) i den andre. Presten trekte seg då straks attende og ut i vengbåten sin. Peder, som sto på land - "lige for baaden som laa ved bryggen" - og stakk i vreide stokken sin i stronnå, sa då: "Kom på land, eg skal betala deg. Eg skal setja livet mitt på kappa di". Og: "Kjem ikkje du til meg, så skal eg koma til deg". Presten hadde på si sida fått tak i ei børse som han heldt på armen og sa: " Eg skal halda deg vekke med denne". "Skyt", sa Peder Sand då. Men presten svarte: "Rør du ikkje meg, eg skal ikkje røra deg".
Midt på natta hadde Peder Sand lagt seg i vengen på prestabåten for å passa på at han ikkje for sin veg. Fleire på Sand var då hos han for å få han til å avslutta okkupasjonen. Men Peder ville passa på presten og slå fingrane i han "førind hand kom fra landet" (det vil seie Sandslandet). Ein Lars Pedersen, som vi elles ikkje veit kven var, fylgde med Peder Sand heile natta for å passa på at han ikkje gjorde noko som kunne skada både han sjølv og andre. Dette var altså tidleg i januar 1704. Noko tid etter vart Peder Sand sett i fengsel for åtferda si. Rettssaka kom opp 21. februar 1704, og gjekk over fleire dagar.
Peder Sand hadde då fått ein månad å tenkja over kva veg han hadde slått inn på, og var passe audmjuk. Og saman med kona, den gamle mor hans og svigermora, pårørande svograr "och Venners Indstendige bøn og begiering" bad Peder om forlik med presten. Presten var for sin del ikkje oppteken av si eiga æra - "huad hans ringe Person angaar" - men at Peder Sand måtte bekjenna si grove åtferd og store vondskap mot Gud og stå offentleg skrifte ("public Absolution"). Peder måtte elles finna seg i å stå til rettes for presteembetet og kyrkja sin orden. Det kunne ikkje presten gjera noko med, og det var det futen som måtte påtala. Men Peder måtte betala presten sine sakskostnader.
4 menn gjekk skriftleg god for Peder Sand si vidare åtferd og lova at han i framtida skulle opptre skikkeleg mot presten og kyrkja. Det var Peder Haug, Stein Tveita, Ola Føljesvoll og Åge Hedland. Ved at desse 4 gjekk i borgen for han, vart han òg fridømd frå fengselet. Men i sakskostnader til rettsapparatet måtte Peder Sand ut med 12 dalar. Til Hr. Tiurholm måtte han betala heile 30 dalar og dessutan be offentleg om forlating. Dei 30 dalar var det svograne hans som betalte. Dermed var denne saka ute av verda. Men Peder Sand var på mange måtar ein slagen mann. 11 år seinare vart han sagt ut frå garden og Jelsa-presten fekk eit endeleg oppgjer med den stridige leiglendingen sin på.
Berta Håvardsdotter vart dømd til å reisa frå fogderiet. Om ho reiste, kom ho snart attende til Sand, der ho selde øl, tobakk og brennevin til reisande. Ho nekta vel heller ikkje ein tørst sambygding ein tår, om han var på reis.
Kort kan det seiast at i 1704 finn vi at soknepresten til Jelsa, Hr. Nils Tiurholm, stemna sin landbonde og soknemann Peder Jonson på Sand for heile 9 punkt. Det heitte at Peder "sig imod velbemelte hans husbond og sjelesørger, udi hans hæderlige embede, og paa hans kirkevei, meget groveligen og dumdristig skal have forsedd". Det vil gå fram at Peder Sand ikkje sto tilbake for prestebrørne på 1650-talet i sin sjikane av presten i 1703/04. Saka enda med forlik, der fire karar gjekk god for at Peder Sand skulle halda seg til forliket. Og sjølv bad han sin sokneprest om forlating, for alt han hadde gjort imot han.
Før denne saka kom opp hadde presten Tiurholm og Peder Sand, på "Præstens Annex gaard" Sand, vore vel forlikte. Peder hadde for sin del ei tid vore kyrkjeverja. Og så seint som i 1703 finn vi at Peder og den nye kona Marta lånte pengar av presten Tiurholm med pant i Øvre Haua i Jøsenfjorden, som mor til Peder brukte. Peder kjøpte dette godset i 1699 av ein Stavanger-borgar, Jørgen Tomassen, og sat med det til 1707, då han selde til broren Orm på Øvra Haua.
Peder Sand må ha virka som hustømmermann attåt gardsbruket. I alle høve vart han i 1700 stemna for eit hus han skulle ha bygd for Stavanger-borgaren og bakaren Isak Isakson, i lag med Haldor Eide. Huset skulle vera 13 x 9 alen i flate og "4 Sellands alne høyt med spærer och bielcher" og var kostnadsrekna til 6 dalar. Men det vart aldri levert og dei to sandbuane måtte betala pengane attende. I 1711 vart Peder Sand stemna av Sr. Mathis Tanche for eit anna hus som skulle vera 6 alen langt "roden Noves", med sperr og brystved. Han svarte at huset sto ferdig når Sr. Tanche berre "det vil lade afhente". Det var altså ei form for ferdighus som vart produsert inne på Sand på denne måten.
I 1703 måtte Peder Sand betala 3½ dalar i skadeverk etter å ha slege til ein Osmund Ingvaldson med ein stein i munnen. Det hadde skjedd ein søndag då Osmund (og andre) hadde teke bær frå eit kirsebærtre etter kyrkjetid. Osmund kom gåande frå kyrkja og i det same han gjekk forbi nokre kirsebærtre som sto utan innhegning på "wild mark", tok han eit halvmoge kirsebær, kunne to vitne fortelja. Då han sto og såg på bæret, var det Peder Sand tok ein stein og slo til han like i munnen "saa blod løb der effter". Osmund sa då at han "ramte den beste, og at han skulle ha det som en hund havde bit ham" (normalisert). Vitna i saka var ein Torger Olson og ein Ola Sjurson. Peder sa for sin del at det var 20 mann ved treet og han ville advara dei alle ved å kasta denne steinen. Han tenkte såleis ikkje å ramma Osmund spesielt. Både denne soga og saka med presten Tiurholm kan fortelja at Peder var noko "hastig" av seg.
Det budde fleire strandsitjarar nede i Sands-vikjå i Peder Sand si tid, eller som det heiter: "paa Sands leiemaal". Håvard Tolleivson frå Røldal var ein av dei, far til Berta, ho som Peder fekk barn med. Berta skulle forresten sidan driva kro på Sand, med sal av øl, tobakk og brennevin. Peder Pedersen skreddar, fødd i Stavanger, var ein av dei andre strandsitjarane på Sand kring 1700. Skreddaren vart i 1698 stemna for utilbørleg handling mot namnebroren på Sands-garden og hans hus, som det heitte. Skreddaren møtte ikkje, og saka vart utsett i første omgong.
Vi finn at Peder Sand vart stemna for skuld og gjeld til diverse personar frametter. I 1705 var det Peder sjølv som stemna svigermor si, Marta Tveita, for heimanfylgje "lige imod hindes
søschinde". Dette kravet gjekk inn som trygd for eit krav som Peder Haug hadde mot svogeren Peder Sand, nemleg 15 dalar. Dei to Peder'ane var gifte med kvar si syster.
Peder Sand hadde det gjerne ikkje så lett. Han gifta seg inn i ei velstandsslekt på Ropeid-halvøynå, men det var ei krokvinne på Sand han elska. På Jelsa-tinget i november 1711 vart Peder sett fast for fylla. Og då han kom ut att, skulda han sorenskrivaren for å ha teke 8 dalar av han på skifte etter kona, altså fleire år attende i tida, og like eins for å ha teke 3 dalar no då han vart sett fast. Dette kunne ha brygt seg opp til ei større sak, men Peder møtte ein av dei siste dagane for retten og både "beklaget sin druchenschabsforse-else", og bad sorenskrivaren om forlating for det han hadde sagt om han. Både allmuge og soren-skrivar gav etter for bøna om forlating, for "hans kone och smaa børns schyld".
Åra 1710-20 var vanskelege krigsår og bøndene på Sand, Ola og Peder, strevde som så mange andre. Ola greidde seg likevel nokolunde. I 1710 finn vi at han og Nils Nilsson på Vatland selde gods til svoger og bror på Rosseid, Ola på vegner av kona, nemleg hennar odelsgods, på 4½ merker smør. Elles var Ola Sand ein god del nytta som lagrettemann 1712-1728. Sjølv var han lite framme i retten elles, men vart i 1709 stemna av Dortea Skimling for tausaløn han skulda dotter hennar.
I 1715 sto begge leiglendingane på Sand til rest med landskyld, både til Hartvig Godtzen i Stavanger for Lagarhus-parten og til Hr. Nils Tiurholm for Sand elles. Peder Sand skulda i alt landskyld og anna for kring 25 dalar, Ola Sand skulda 11 dalar Peder skulda dessutan for ei kviga og ein kalv. Dei to møtte begge og nekta ikkje for krava, men meinte dei hadde rett på avkorting. Peder sa såleis at han hadde fødd 8 naut for presten. Det eine var forulukka, men huda hang hos han og kjøtet var selt. Ola Sand sa seg å ha fødd 3 naut og eit føl, og så hadde han krav på 1 dalar i avgift av Midvik.
I 1716 kom saka opp att med ny rekning og nye ankepunkt. Peder Sand vart såleis no stemna både for landskyld, for ulovleg skoghogst både på Sand og i Midvik, for at husa hadde rotna ned og dessutan for å ha lete halve garden liggja øyde. Peder vart dessutan påtala for å halda eit ukriste-leg grannelag og levemåte. Dette vart presten sitt kardinaloppgjer med den stridige og sjølvgode leiglendingen på anneksgarden. Og Peder vart dømd til å vika garden.
Sakene 1715-1716 har underlege opplysningar om ein øydegard "Laeløben" på Sand. Det er underleg fordi dette er einaste gongen ein slik gardpart er funnen omtala. Det er ein detalj som kjem fram i samband med at Peder berre hadde sådd til ein del av garden i 1715. Han meinte presten hadde forbode han å så til garden. Men presten svarte at han "hafde forbødet ham at hand iche schulle saae den ½ Løb i Laløben uden hand saaede dend halfue part i Sand". I dommen heitte det at Peder Sand ulovleg hadde lete garden Sand liggja øyde og udyrka "og derimod tilsaaed dend halve part i øde gaarden som schal brugis under Sand, nemlig Laeløben, og der henkiørt ald hefden fra hovedgaarden". Det er ikkje det same som Lagarhus, for ½ laup smør i "Laurhus" vert omtala i same kjelda som noko anna enn "dend halve løb udi Laeløben".
Peder Sand og familien flytta frå soknet. Vi finn to av sønene busette i Årdal sidan, og det var kan hende dit dei reiste, Peder og kona òg.
Marta Jonsdotter og Peder er nemnde med 6 barn, men ein Torstein fødd i 1717 og død i 1767 som husmann i Kalhagen under Skiftun i Hjelmeland, er også nemnd som son, men dette er det ingen kjelder i Sand som fortel noko om. 39952
picture

Rasmus Halvardson Tuntland and Marta Jonsdotter




Husband Rasmus Halvardson Tuntland 11414

           Born: 1720 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 9578
     Christened: 
           Died: 1785 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 9578
         Buried: 28. may 1785 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829


         Father: Halvard Olson Tuntland 2933
         Mother: Anna Rasmusdotter


       Marriage: Cir 1749 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 9578



Wife Marta Jonsdotter

           Born: Cir 1725
     Christened: 
           Died:  - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway
         Buried: 


Children
1 M Johne Rasmusson Tuntland 11414

           Born: 1750 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 9578
     Christened: 
           Died: 17. dec 1819 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Buried: 28. dec 1819 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Spouse: Anna Olsdotter 13141
           Marr: 1785 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415


2 M Halvard Rasmusson 11414

           Born: Cir 1754 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway
     Christened: 
           Died: 
         Buried: 



3 F Marta Rasmusdotter 11414

           Born: 1758 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
     Christened: 
           Died: 1760 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
         Buried: 



4 F Anna Rasmusdotter 11414

           Born: 1759 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
     Christened: 
           Died: 1784 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
         Buried: 



5 F Martha Rasmusdotter 11414

            AKA: Marthe
           Born: 1762 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
     Christened: 
           Died: 19. nov 1831 - Steinsland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Buried: 25. nov 1831 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Spouse: Christopher Hoskuldson Steinsland 6877
           Marr: 19. oct 1786 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 829,7618


6 M Ole Rasmusson Tuntland 11414

           Born: 1765 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
     Christened: 
           Died: 2. may 1834 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Buried: 9. may 1834 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 2911
         Spouse: Gjertrud Arnesdotter 6934
           Marr: 1794 - Hjelmeland kyrkje, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11416


7 F Gunhild Rasmusdotter 11414

           Born: 1768 - Tuntland, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
     Christened: 
           Died: 1795 - Sande, Hjelmeland, Rogaland, Norway 11415
         Buried: 
         Spouse: This person had no known marriage and no known children



General Notes: Husband - Rasmus Halvardson Tuntland

Rasmus Hallvardson Tuntland var gift med Marta Jonsdotter og dei er nemnde med sju barn.
Rasmus fekk skøyte frå mora og systrene på jordegods i Tuntland i 1740. Med det han sjølv hadde arva etter faren i 1727, vart han dermed eigar av 1½ laup smør i garden. Den resterande parten på ½ laup smør bygsla han i 1740. 45872
picture

Salomon Torgerson Sola and Marta Jonsdotter




Husband Salomon Torgerson Sola 22282

            AKA: Salmund
           Born: 1803 - Sola, Sola, Rogaland, Norway
     Christened: 9. jan 1803 - Sola kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 22283
           Died: 5. nov 1876 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 45873
         Buried: 


         Father: Torger Torgerson Sola 22282
         Mother: Anna Larsdotter 16128


       Marriage: 10. dec 1829 - Tjora kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 45873



Wife Marta Jonsdotter 1448

           Born: 1792 - Tjora, Sola, Rogaland, Norway
     Christened: 15. apr 1792 - Tjora kyrkje, Sola, Rogaland, Norway 1449
           Died: 3. apr 1869 - Sola, Sola, Rogaland, Norway 45873
         Buried: 


         Father: Jon Svendson Tjora 1450
         Mother: Marta Rasmusdotter 1451




Children
Had no children
picture
Eivind Jonson Soppeland and Marta Jonsdotter




Husband Eivind Jonson Soppeland 45139

            AKA: Even
           Born: 1772 - Ytrevoll, Årdal, Rogaland, Norway 9371
     Christened: 26. apr 1772 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 829
           Died: 7. jun 1828 - Soppeland, Årdal, Rogaland, Norway 5195
         Buried: 14. jun 1828 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 5195


         Father: John Eivindson Riskedal 8391
         Mother: Anna Knudsdotter 5219


       Marriage: 1792 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 45138



Wife Marta Jonsdotter 23498

           Born: 1777 - Soppeland, Årdal, Rogaland, Norway 45138
     Christened: 
           Died: 1843 - Soppeland, Årdal, Rogaland, Norway 45138
         Buried: 


         Father: John Halvardson Soppeland
         Mother: Siri Jonsdotter 23492




Children
1 M Johne Eivindson Riskedal 23498

           Born: 1794 - Soppeland, Årdal, Rogaland, Norway 45138
     Christened: 
           Died: 25. mar 1824 - Riskedal, Årdal, Rogaland, Norway 5195
         Buried: 4. apr 1824 - Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, Norway 5195
         Spouse: Ingebor Johannesdotter 23496
           Marr: 1819 - Fister kyrkje, Fister, Rogaland, Norway 23497




Home | Table of Contents | Surnames | Name List

This website was created 31. may 2023 with Legacy 9.0, a division of MyHeritage.com; content copyrighted and maintained by E-mal (see my homepage)